Budsjett 2024: Auka stillingsressurser innan helse og redusert ordførarlønn

12. desember 2023 er det kommunestyremøte i Stryn. Raudt Stryn har komme med eit alternativt budsjettframlegg, der vi mellom anna går inn for auka stillingsressurser i eldreomsorga, løyvingar til utbetring av uteområda til Tonning barnehage og Nordsida oppvekstsenter, førebuing av eit pilotprosjekt med 6 timars normalarbeidsdag med full lønnskompensasjon for reinhaldsarbeidarane i kommunen, samt ei redusering av ordførarlønna og alle godtgjerslene som regulerast ut i frå ordførarlønna.

Her er Raudt sitt alternative budsjettframlegg for 2024 med verbalframlegg:

RAUDT STRYN SITT ALTERNATIVE BUDSJETTFRAMLEGG FOR 2024

DRIFT OG TILTAK

Tiltak: Utbetring av uteområdet til Tonning barnehage 200 000

Tiltak: Utbetring uteområdet til Nordsida oppvekstsenter 100 000

Auke i driftsbudsjettet til Barnehagebussen 100 000

Tilskot til Coop Fjelli for utføring av tenester som Kommunalt servicepunkt 50 000

Tilskot til Joker Hjelledalen for utføring av tenester som Kommunalt servicepunkt 50 000

Kommunalt tilskot til setersdrift til dei to aktuelle bruka i Stryn, i same storleik til begge (40 000 til kvar) 80 000

Kommunalt tilskot til forprosjekt for varmtvassbasseng 200 000

Auke i stillingsressursar til Stryn omsorgssenter/heimehjelpa 500 000


Sum: 1 280 000

.......................................................................................................................................................

KUTT I DRIFT OG TILTAK

Redusere potten for Språkassistent for oppfølging oppstart skule/barnehage - 700 000

Redusere potten for Midlar til kommunalt næringsfond - 480 000

Redusere potten for Behov for vedlikehald av kommunale bustadar - 100 000

Sum:- 1 280 000

........................................................................................................................................................

INVESTERINGAR

Omgjering av det tidlegare Stryn Energi-bygget til eldrebudstadar 3 125 000


Omgjering av Bøagrenda til ein funksjonell kommunal utleigebustad, med leigepris på 50 % av det noverande gjennomsnittlege
marknadsnivået for leigebustadar i Stryn 3 125 000

Utbetring av universell utforming for rullestolbrukarar på fotgjengarovergangen mellom Skogstad og Bankplasseni Stryn sentrum 100 000

Sum:6 350 000

.........................................................................................................................................................

KUTT I INVESTERINGAR

Utsetjing av Dam Langesetvatnet (utsetjast på ubestemt tid) - 6 250 000

Reduksjon i Opprustning og sikringstiltak Kommunale vegar - 100 000

Sum:- 6 350 000

.........................................

VERBALFRAMLEGG

  1. Utrekninga av ordførarlønna i 'Forskrift Godtgjersle Tapt arbeidsforteneste» skal endrast frå dagens regulering på 86,5 % av stortingsrepresentantars lønn til 67,8 av stortingsrepresentantars lønn. Slik skal alle andre godtgjersler som no regulerast som ein prosentdel av ordførarlønna òg nedjusterast.
  2. Reglementet for permisjonar i Stryn kommune vert endra slik at kommunalt tilsette får rett til inntil ein heil arbeidsdag med betalt permisjon for å få tatt ein mammografiundersøking.
  3. Stryn kommune skal søke om å få vere pilotkommune for utprøving av kommunal turistskatt.
  4. Stryn kommune skal setje ned ei arbeidsgruppe som skal utgreie eit pilotprosjekt med 6 timars normalarbeidsdag med full lønnskompensasjon for reinhaldsarbeidarane i kommunen, med oppstart i 2025.
  5. Stryn kommune skal sende ein henvending via ordførar til stortingsgruppene til Ap, Sp og SV med følgjande ordlyd:
    «Til stortingsgruppene til Ap, Sp og SV. Dei økonomiske rammene som statsbudsjettet for 2024 set for Stryn kommune gjer at Stryn kommune korkje kan drive med lovpålagde tenester på eit godt nok nivå eller drive nødvendig lokalsamfunnsutvikling. Det må gjerast endringar slik at alle kommunar har råd til å ta seg av innbygjarar over 60 år og samstundes utføre alle andre nødvendige oppgåver. Alderssnittet vil variere frå kommune til kommune, men det tyder ikkje at kommunar som opplever ei auke i gjennomsnittleg alder skal straffast økonomisk for dette. Stryn kommune oppmodar på det sterkaste til at det i Revidert nasjonalbudsjett 2024 kjem meir midlar til Stryn kommune og andre kommunar med liknande demografi, utan at dette går utover kommunar med lågare alderssnitt.»

.........................................................................................

Under kommunestyremøtet skal òg den kommunale eigedomsskatten handsamast, og Raudt Stryn kjem med følgjande framlegg:
* Det skal innførast eit fritak frå eigedomsskatten for bygg ved gardsbruk frå tidlegare tider som ikkje lenger har økonomisk avkastning, som stølshus, stabbur, naust og liknande.

* Det skal innførast ein praksis for handheving av den kommunale eigedomsskatten der alle husstandar som tener under 3G (tre gongar grunnbeløpet i Folketrygda) og som søker om fritak frå eigedomsskatten, skal få eit slikt fritak..

Raudt Stryn har dessutan komme med framlegg om å svare IMDi at Stryn kommune kan ta imot 60 flyktningar, som er 15 fleire enn det som ligg i innstillinga.