Program


Politisk program for Raudt Indre Sunnfjord

Natur og miljø

  • Nei til vindkraft, fordi den øydelegg allemannsrett, miljø og natur
  • Ja til rein fjord – nei til sjødeponi
  • Nei til gondolbane i Kjøsnesfjorden
  • Miljøomsyn må takast også der det er i motstrid til næringsinteresser
  • Naturmangfald er arvegods til komande generasjonar
  • Utvikle/styrke lokal berekraftig næring

Landbruk

  • Matjord skal ikkje øydeleggjast utan at den blir brukbart erstatta
  • Kommunen må få støtteordningar til dei som tek over og set nedlagte bruk i produksjon
  • Kommunen skal arbeide for desentralisert og mangesidig produksjon
  • At løftet om inntekts-likestilling blir oppfylt
  • Eit årsverk i landbruket skal lønast som andre årsverk

Helse og omsorg

  • Tenestene skal vere i offentleg regi – ikkje for privat profitt
  • Auke talet på omsorgsbustadar og sjukeheimar i takt med behovet.
  • Auke grunnbemanninga i tråd med fagrørsla sine krav
  • Bygge leigehusvære til eldre og menneske med nedsett funksjonsevne som vil klare seg sjølve, men som kan trenge praktisk hjelp og tilsyn.
  • Styrke kulturtilbodet til eldre og unge som del av offentleg omsorg
  • Styrke skulehelsetenesta med fleire helsesjukepleiarar – ikkje minst med tanke på barn og unge si psykiske helse
  • Bygge ut lågterskeltilbodet innanfor psykisk helsevern

Skule, oppvekst, kultur og idrett

  • Desentraliserte barnehagar og skular fordi det styrkar busetting og næringsliv
  • Gratis SFO- og kulturskuletilbod for alle born. Fri barnehageplass til familiar som mottek sosialhjelp
  • Leksefri skule
  • Breiddeidrett framfor konkurranseidrett
  • Godt tilbod om fysisk aktivitet for innbyggjarane
  • Førdehuset som plass for allmennt og frivillig kulturarbeid og med fire hovudsøyler; kulturskule, bibliotek, kino og idrett
  • Hafstad-parken skal framleis vere park – utan idrettshall
  • Laksen – eit viktig monument som skal liggje i fred

Transport og veg

  • Gratis kollektivtransport og fleire og mindre bussar. Utviding av rutetilbod til og frå dei tidlegare kommunesentera
  • At det ved Hafstad-tunellen må lagast parkeringsplassar og gode bussamband til sentrum
  • Utarbeiding av hamneplan for Førde – flytte godstransport frå veg til sjø

Andre kommunale forhold

  • Gjennomføring av prøveordning med 6 timars arbeidsdag
  • Kommunale oppgåvar skal ikkje privatiserast til profittforetak
  • Kommunen opprettar eiga næringseining i staden for AS
  • Ein rettferdig og utjamnande kommunal lønspolitikk
  • Ta sterkt omsyn til fagrørsla sine krav og synspunkt
  • At kommunen unngår leverandørar og tenesteytarar som ikkje har tariffavtalar og held avtale-/lovverk
  • Innføre garantiordning for eigenkapital til førstegongs bustad-kjøparar