Torstein Dahle er ny leiar i Raudt Hordaland.

Raudt Hordaland har hatt årsmøte der det er valt distriktsleiing og vedteke ei rekkje politiske fråsegner. Sjå hvem som er vald, og les om dei viktigaste fråsegnene frå møtet.

Raudt Hordaland har hatt årsmøte. Torstein Dahle er ny leiar.

Raudt Hordaland har hatt årsmøte der det er valt distriktsleiing og vedteke ei rekkje politiske fråsegner. Desse er valde til arbeidsutval i den nye distriktsleiinga:

Leiar Torstein Dahle, Møhlenpris

Organisatorisk nestleiar Jorunn Birkeland, Fana

Politisk nestleiar Stian N. Berntsen, Arna/Åsane

Økonomiansvarleg Dag Hovland, Sandviken

Vara til arbeidsutvalet Bridget Penny, Voss

Stortingsrepresentant Sofie Marhaug hadde ei innleiing om den politiske situasjonen og utfordringane no og fram mot stortingsvalet i 2025. Fleire av dei sakene ho tok opp, vart òg markerte i politiske fråsegner frå årsmøtet.

Årsmøtet vedtok full støtte til den store pensjonsprotesten som fann stad framfor Stortinget torsdag 14. mars, der meir enn 100 fagforeiningsfaner og delegasjonar frå ei rekkje forbund i og utanfor LO var på plass for å protestera mot pensjonsforliket. Dette var den største fanemarkeringa i nyare tid. Pensjonsforliket tek ikkje omsyn til at det i mange yrke er langt lågare forventa levealder enn i akademiske yrke og høgare funksjonærstillingar. Raudt er no det einaste stortingspartiet som fremjar denne protesten, under mottoet "Det er arbeidslivet som må endrast, ikkje pensjonsalderen".

I den komande høyringsrunden om Nasjonal Transportplan vil Raudt Hordaland sine tillitsvalde på alle plan prioritera ras- og trafikksikring som det aller viktigaste. Då må store, nye samferdsleprosjekt som ikkje har ras- og trafikksikring og miljøgevinst bli skrinlagde eller utsetjast i tid. Det viktigaste dømet på dette er Hordfast og gigantbrua over Bjørnafjorden.

Distriktsårsmøtet vedtok òg ei uttale mot monstermastane som Statnett planlegg frå Samnanger til Øygarden. Nye kraftlinjer må i kablar i jord eller fjord.

Under overskrifta "Stopp Israels drap på palestinarar – ja til ein verdig fred for alle og for eit fritt Palestina" vedtok årsmøtet også ei fråsegn som kravde at den norske staten og det internasjonale samfunnet må gjennomføra sanksjonar mot Israel så lenge Israel held fram med krigshandlingane sine og dei ulovlege busetjingane. Verken Israel eller andre har rett til å driva folkemord.

Årsmøtet hadde ein samlande karakter med god tone og stor politisk semje i alle dei viktigaste politiske spørsmåla.