Skulestruktur
Her er eit knippe artiklar kring skulestrukturdebatten som pågjekk på Voss frå 2005-2008.
Arbeidarpartiets svik
22.juni
var den varsla d-dagen for avgjersle om skulestrukturen i Voss
kommune. Alle partia, og då spessielt skulenedleggingsforkjemparane i AP
hadde i lengre tid argumentert for kor viktig det var for elevar og
lærarar å ha ei fastsatt skulestruktur å forhalda seg til. RV er ikkje
ueinig i dette. Det er uhyre viktig å vita kva skular ein skal ha i
framtida, dette er viktig for både elevar, lærarar, foreldre, eventuelle
tilflyttarar, næringsliv, og ja stort sett heile kommunen.
Men
AP hadde etterkvart forstått at dei ikkje ville få igjennom
nedleggingsplanane sine. Dei satte seg då ned med venstre og lagde eit
nytt framlegg, som dei visste at høgre samt enkelte andre ville kunne
godta. På denne måten greidde AP med god hjelp frå Venstre å gjera heile
7 skular nedleggingstrua. Ap makta gjennom framlegget som vart vedteke å
redda skinnet sitt med å seia at noko skulle gjerast med
skulestrukturen. Medan dei på den andre sida makta det kunstykket det er
å bryta løftet sitt som var eit løftebrudd i fylgje det dei sa i
valkampen om å klargjera skulestrukturen før sommaren.
Utfallet
av saka vart nemleg at no er alle skulane i sentrum fritt vilt for
nedleggingstilhengjarane. Gjernes, Vangen, Gullfjordungen, Palmafossen,
Skulestad, Kløve og Bordalen skular ligg no alle i faresona for
nedlegging.
Alt me no kan håpa på er at saka ikkje kjem opp at
før etter neste val, slik at folket kan syna kva dei meiner gjennom
stemmesettelen sin
Posta den 30-06-2006 at 13:31
Den kortsiktige løysinga
I
Hordaland 16.03.06, kunne me lesa om arbeidsgruppa som har jobba med
alternative løysingar i skulestrukturen i kommunen. Eg vil ikkje gå inn
på dei forskjellige alternativa som her vert skissert, avdi heile
rapporten oser av ei ei so kortsiktig tenkningsform at alternativa ikkje
fortener å verta nemnt. Eg vil her pressisera at arbeidsgruppa ikkje
skal kritiserast for dette. Ettersom det er politikarane som har satt
kriteriane for arbeidet i gruppa.
Eg vil heller gå inn på
dei faktiske politiske, menneskelege og økonomiske konsekvensane av
skulesamanslåingar i Voss kommune i dag.
Men før ein går vidare
inn på desse spørsmåla er det viktig å ha i bakhovudet det arbeidet som
kommuneimperialistane i denne augenblinken held på med. Om me gløymer
ynskjane frå enkelte imperialistar om å gjera Voss kommune om til ei
stor-kommune, får ein heller ikkje med seg det heilskapelege politiske
og økonomiske bilete i skulestruktursaka. For kva vil skje den dagen
Granvin med fleir vert ein del av «stor-Voss». Kor lang tid vil det gå
før kalkulatorryttarane som styrer kommunen vil sjå det som teneleg med
endå ei ny skulestrukturdebatt? Nei, det einaste forsvarlege og
reiderlege kommuneimperialistane kan gjera i denne saka, er å venta på
resultata av kommunesamanslåingssamtalane før ein går vidare med ei
skulestrukturdebatt.
Men, tilbake til konsekvensar av
skulesamanslåingar. I Voss kommune har ein i lang tid hatt praksis for
at kvar grend har sin skule. Denne skulen har ikkje berre vore ei trygg
lærestad for born, men 'og ein samlingstad for grendafolk, lokalt
lagsliv og generell kos på kveldstid. Når skulen i grenda forsvinn, vil
òg ein del av grenda forsvinna. Men ikkje nok med det, eg vil påstå at
mykje av den daglege tryggleiken foreldre i dag føler når dei sender
ungane sine til skulen også vil forsvinna. Eg las nyleg ei
forskningsrapport om konsekvensar av store skular frå USA, som
konkluderte med at dess større skulane var dess meir valdseppisodar og
fleire sosiale taparar var det. Kor mykje vil ikkje ei slik utvikling
kosta samfunnet i lengden?
Trenden på 90-talet var at
stadig fleire grendaskular vart lagt ned kring i kommunane, og no i det
siste har det vorte stadig meir fokus på den aukande valdsbruken og
mobbingen i skulen. Skal verkeleg Voss kommune no når me byrjar å sjå
resultata frå andres feilsatsing satsa på det same? Fleire store
barneskular på austlandet har faktisk dei siste åra gått den andre
vegen og splitta opp skulane for å laga mindre skular med betre miljø.
Det viser seg at fleire og fleire høgreiste forskarar og forståsegpåarar
meiner at det er grendaskulen som er det ideelle, og ikkje storskulen
med alle dei problemene den fører med seg.
Økonomisk kan
det ved første augekast sjå ut som om det er pengar å spara med å gjera
endringar i kommunestrukturen på Voss. Men om ein ser nærare på tala i
rapporten frå arbeidsgruppa finn ein fylgjande tal:
*
Oppussing av dagens skular: 150 millionar kroner.
*
nye skular: frå 145 – 240 millionar kroner (her kjem det og inn ei
påplussing om ein skal riva eksisterande skulebygg, med andre ord kan
summane verte atskilleg høgare)
*
Med
skulenedleggingar kan ein årleg spara opp mot 12 millionar kroner. (men
her er det ikkje teke med i berekninga utgifter til ekstra personell.
Mellom anna er det vorte naudsynt mange plassar i landet å ansetja
ekstra personell i form av miljøarbeidarar og sosial arbeidarar ved
fleire store borne og ungdomskular som resultat av at skulane er vorte
for store.)
*
Og til slutt spørsmålet me ikkje
vil få svar på før om 12-15 år, kor mykje ekstra kostnader i form av
menneskelege lidingar og auka sosialøkonomiske kostnader får me som
resultat av storskulane.
Posta den 18-03-2006 at 18:20
Kommunestyret la føringar på seg sjølv
Posta av bjarte kaldestad 03-02-2008 kl 11:54
I kommunestyremøte
torsdag 31.01.08 la kommunestyret føringar for den vidare behandlinga
av skulestruktursaka. Dette vart gjort sjølv om saka ikkje er sendt ut
på høyring endå. Etter framlegg frå AP vart fylgjande vedteke:
1.
Avdelinga for pedagogiske tenester må spara 4,7 millionar kroner
gjennom generell effektivisering/ kvalitetsreduksjon.
2.
Omfanget av reduksjonen kan bli redusert i samband med vedtak om
framtidig skulestruktur i april 2008.
Raudt fremja fyrst
framlegg om å utsetja saka, fordi me meiner at saka må sjåast i
samanheng med sak om skulestruktur som no vert sendt ut på høyring. Då
dette fall mot 3 røyster (Raudt + 1 frå SV) fremja me eit framlegg om at
manglande dekning på budsjettet skulle hentast gjennom skattenekt til
staten. Pengane finst, og det er vår oppgåve som lokalpolitikarar å syta
for at innbyggjarane i kommunen får best mogeleg tenestenivå. Det er
innbyggjarane me skal vera lojale mot, ikkje stortingsfolka. Dette
framlegget fall mot Raudt sine 2 røyster.
Ope møte på gullfjordungen
Laurdag
3. juni kunne me lesa «hordalands» artikkel frå ope møte på gullfjordungen skule
om skulestrukturen. I artikkelen kunne ein lesa at SV, SP og KrF har
vore motstandarar av å leggja ned skular. Dette er forsåvidt nesten
korrekt. Men merkeleg er det at det eine partiet som har vore
konsekvente imot skulenedleggingar under heile prosessen RV, ikkje var
nemnt med eit ord. Det hadde ikkje vore nokon skulestrukturdebatt i dag
om ikkje kommunestyre mot RV si røyst gjekk inn for å få utarbeida ei
kostbar konsulentrapport om skulestrukturen på Voss. RV meiner at desse
pengane heller kunne vore nytta til opprustning i dagens skular. Men eg
skal ikkje dvela meir med denne beklagelege feilen frå
nyhendemonopolistane i bygda vår.
Det som var atskilleg
meir viktig under dette møte, og som «hordaland» diverre ikkje fekk med
seg i artikkelen, var ein del av innspela frå publikum. Fleire
publikummerar peika på feil i talmatterialet i rapporten om
skulestruktur på Voss, utan at kommunesjef eller
skulenedleggingstilhengjarar frå AP kunne tilbakevisa dette. Dette kan
tyda på at det faktisk er feil i talmatterialet. Og om det er slik er jo
dette ganske interesant.
Grendalaget heldt 'og eit
inlegg under dette opne møte. Her gjorde dei det klart ovanfor
politikarane at alternativet til å senda ungane ned på vangen, var å
starta opp privatskule. Eg skjønar frustrasjonen hjå foreldre og
grendalag, og det er ikkje utenkeleg at eg ville sendt mine eigne ungar
på privatskule
i ein slik situasjon. Men samfunnsmessig er dette svært uheldig.
Privatskular stikk diverre av med store summar kvart einaste år, som
burde gå til dei offentlege skulane. Om ein ser til storbyen Oslo har
det vore ein eksplosjon av såkalla private grendaskular dei siste åra,
avdi foreldre tykkjer dei offentlege skulane vert for store og
uoversiktlege. Som sagt så kan eg skjøna foreldra, for slik blir når
kommunepolitikarar ikkje maktar å sjå forbi neste års kommunebudsjett.
Posta
den 30-06-2006 at 13:30







