Program
Lokalprogram-2011---2015
Raudt er eit parti som
vart stifta 11. mars 2007 av RV, RU, AKP og tidlegare partilause.
Yt etter evne – Få etter behov!
Det
viktigaste verktøyet for utføringa av Raudt sin politikk, er folk
sin eigen innsats. Difor må folk sjølv ta tak i saker. Me har ingen
tru på at byråkratiet og politikarane åleine kan snu
samfunnsutviklinga eller å laga ein politikk som er utforma for å
gagna folk flest. Raudt vil sloss for eit samfunn der folk aktivt er
med å styra sin eigen kvardag, eit samfunn der folk yt etter evne og
får etter behov!
Toppkandidatane:
1.
Ida Nordli-Kaldestad
Ida er 28 år gammal og er prosjektleiar for internasjonal kafè på Voss. Ho har vore styremedlem i Raudt Voss i 2 år. Ida sit også i styret i Røde Kors omsorg, og er frivillig vakt ved Voss Krisesenter.
2. Tore Eikeland
Tore har vore varamedlem til kommunestyret i fleire periodar. Han er ein erfaren lokalpolitikar, som også er leiar av Voss og omland Human-Etisk Forbund. Tore arbeider til dagleg ved lokalsjukehuset på Voss som bioingeniør.
Program
Raudt
Voss sitt valprogram for perioden er det mest demokratiske program
som nokon gong er vorte presentert i ein valkamp på Voss. Heile
programmet har i over eit år vore tilgjengeleg på ein wiki-basert
nettside der alle har hatt mogelegheit for å endra på
innhaldet.
Arbeids og
næringsliv
Raudt
ynskjer eit tett samarbeid med arbeidstakarorganisasjonane, og vil
lytte til desse i spørsmål som angår dei. Me er av den oppfatning
av at det er arbeidet som skaper dei store verdiane i samfunnet,
ikkje dei som sit på pengesekken. Det er ellers eit viktig mål for
Raudt å jobbe for eit betre miljø for skaping av nye arbeidsplassar
i kommunen.
Raudt Voss ynskjer:
- å redusere uynskja
deltidsstillingar
- at fagforeiningane involverast meir i drifta
av verksemdene
- å jobbe for at det vert enklare å skape sin
eigen arbeidsplass
- at Vangsgata vert gjort om til gågate -
arbeide for at det skal bli lettare å etablere lokale verksemder
-
at ingen skal trenge å jobbe meir enn 6 timar kvar
dag.
Kommuneøkonomi
Regjeringa
vår har svikta kommunane. I 2010 hadde regjeringa lagt opp til eit
planlagt underskot for kommunane på 19.1 mrd. (stortingsmelding nr 1
– Nasjonalbudsjett 2010 – side 220). - Har ei slik regjering krav
på budsjett-disiplin fra kommunene? Raudt meiner NEI! Som eit
resultat av dette røysta også *Raudt imot innføring av
eigedomsskatt. Det er feigt av oss som kommunalt folkevalgte å
sparka nedover mot velgarane våre, når det heilt tydeleg er dei
over oss som gjer noko riv ruskande gale. Me må ansvarlegjera dei
ansvarlege!
Raudt Voss vil:
• At dei Statlege
overføringane aukast slik at dei dekkjer kommunen sine kostnader til
lovpålagde oppgåver.
• At Staten slettar gjelda til kommunen.
• At kommunen sin del av skatteinntektene aukast kraftig
•
At kommunen vedtek budsjett utifrå befolkninga sine behov for
tenesteyting. Kravet til budsjettbalanse kan ikkje overordnast
behovet for gode velferdsordningar.
• Kjempe mot ei utvikling
med privatisering og markedsretting av kommunal forvaltning.
•
Ha innbyrdes samarbeid mellom kommunane for å hindre at staten sin
spare- og privatiseringspolitikk blir gjennomført.
• At
offentlege selskap skal drivast til det beste for folk flest, og
ikkje etter aksjeloven.
• gjennom undersøkjingar mellom
tilsette og brukarar i kommunen finna ut korleis tenestene kan bli
betre
• gå mot eigedomsskatt på vanlege bustader.
• at
kommunen skal vera ein aktiv eigar av eigedom og verksemder
•
redusera ordførarløna, for å minka avstanden mellom politikarar og
vanlege folk.
• Jobba for å reversera ålmenn
eigedomsskatt
Kultur
Raudt Voss ynskjer å utvida kulturbegrepet som vert nytta i Voss
kommune. Me er av den oppfatning at kultur
er eit samleomgrep for alt som omfatter menneskas åndelege og
materielle aktiviteter. Dette gjer at Raudt ynskjer større fokus på
dei gruppene som i dag dett utanfor kulturdefinisjonen i Voss
kommune. Med eit nytt kulturhus klart vert det å styrke kultur
som fell utanfor dagens definisjon endå viktigare.
Raudt
ynskjer auka satsing på kultur
gjennom
- styrking av kulturskulen
- støtte til uorganiserte
aktivitetar
- auka bevilningar til frivillige kulturinstitusjonar
og idrottslag
- fokus på førebygging gjennom kultur
-
arbeida for at kultuirhuset vert eit hus for alle typar kultur
- arbeida for at gamlekinoen vert konsertsal for akkustisk
musikk
Landbruk
Raudt
Voss er for eit sterkt landbruk som baserer seg på lokale ressursar
i distriktet, og som driv innanfor økologisk forsvarlege rammer. Me
meiner at jord- og skogbruk ikkje berre er viktig for dei som driv i
næringane, men for heile samfunnet.
Raudt Voss vil kjempa for:
-
Auka løyvingar frå staten til primærnæringane.
- At økologisk
jord- og skogbruk vert oppmuntra gjennom særskilde
stønadsordningar.
- At dyrka mark ikkje skal nyttast til andre
føremål.
- Statlege stønadstiltak som kompenserer det bøndene
tapar ved at ein opprettheld levedyktige bestandar av
rovdyr.
Miljø og
naturvern
Raudt
Voss er for eit lokalsamfunn i økologisk balanse, eit lokalsamfunn
der naturen sin eigenverdi skal proriterast framfor mogeleg
kortsiktig økonomisk gevinst.
Raudt Voss vil:
- Byggje
fjernvarmeanlegg i sentrum, basert på varme frå grunnvassanlegg
eller bioteknologi
- Jobba for omkamp om monstermastane i
Hardanger
- Arbeida aktivt mot utbygging av Raundalselva, også
gjennom sivil ulydnad.
- Lage lokale ordningar som stimulerar og
hjelper folk til energisparing og reduksjon av utslepp
- Arbeida
for at det vert utarbeid klimarekneskap for avdelingane i kommunen,
og at alle tiltak som kan redusera utsleppa vert vurderte.
- At
sentrum får fleire grøne områder med ein levande gågate i
Vangsgata.
Omsorg og helse
Raudt
Voss vil arbeida for ein heilskapeleg helse og omsorgspolitikk. Etter
vårt syn er heng helse og omsorgsarbeidarane sin trivsel saman med
tenestemottakarane sin trivsel og tryggleik.
Raudt vil
difor arbeida for:
- 6 timars normalarbeidsdag med full
lønskompensasjon
- Brukarstyrer med forslags og uttalerett i alle
saker som berører helse og omsorgsfeltet
- Ynskt stillingsbrøk
skal alltid takast omsyn til ved tilsetjing
- Auka bemanning
-
At brukarar syne ynskje vert teke til fylgje så langt det let seg
gjera.
OppvekstRaudt
meiner at alle born, uavhengig av foredras inntekt har krav på ein
trygg oppvekst. Raudt vil difor arbeide mot all form for
privatisering innan skuleverket.
Skule
Raudt
Voss er for ein skule som set kunnskap i høgsetet. Skulevesenet må
ha som mål å danna elevane til kritiske og handlingsdyktige
menneske. Det kan ein berre gjera ved å formidla kulturarven så
breitt og djupt som råd er, på tvers av alle ismar og ideologiar.
Dei tre siste tiåra har nyliberalismen prega samfunna i den rike
verda. Det har gjeve utdanningsreformer som i aukande grad øydelegg
kvaliteten på opplæring og
oppseding. Nyliberalisme reduserer
kunnskap til teknisk kompetanse,handling til manipulerbar åtferd,
elevar til økonomiske innsatsfaktorar og kultur
til kostnadstung ulempe. Raudt Voss er sterke motstandarar av denne
tendensen
Raudt Voss vil:
Forsvara einskapsskulen og
grendaskulane.
- Gå mot bruk av resultatløn for lærarar, av di
det øydelegg motivasjon og hindrar samarbeid.
- Krevja auka
lærartettleik og betre arbeidsmiljø for elevar og lærarar.
-
Slåst for løyvingar som gjer det mogeleg å følgje lovverket.
-
Ta del i dei masseaksjonane som er naudsynte for å forsvara
skuleverket
Barnehagar og SFO
Regjeringa meinar at
full barnehagedekning betyr at 80% av borna har eit tilbod. Raudt
meinar at full dekning er 100%. Alle som har behov for barnehage
eller plass i SFO må få lovfesta rett til dette.
Raudt Voss
krev:
- 100 prosent dekning for barnehage og SFO.
- Tilbod om
norskopplæring for innvandrarar i barnehagen.
- At alle tilsette
i barnehagar og SFO, uavhengig av utdanning må få tilbod om
tariffavtalar.
- Minimum ein tilsett per fire born i
barnehagen.
Samferdsel
Voss står ovanfor viktige samferdselpolitiske spørsmål
i tida som kjem. Tildømes må me ta inn over oss den nye situasjonen
me får med vossapakko. Raudt meiner at me no har ein unik sjanse til
å tenka kollektive alternativ innan samferdselsektoren.
Raudt
Voss vil jobba for:
-2 spors togbane mellom Voss og
Bergen
-samanhengande sykkelvegnett.
-betre kollektivtilbod i
heile kommunen
-betre rassikring og
trafikktryggleik
Sosialsektoren
Voss har ein
formidabel jobb å gjera i høve førebygging av
fattigdomsproblematikk. Tal frå SSB syner at Voss har over dobbelt
så mange sosialhjelpsmottakarar i høve folketalet som
gjennomsnittet i Noreg, dessutan er utdanningsnivå og lønsnivå
lågare på Voss enn i resten av landet. I tillegg til dette har Voss
færre sosialarbeidarar tilsett per sosialklient, lågare utbetaling
til sosialhjelpsmottakarar og færre såkalla lågterskel tilbod til
ungdom enn det landsgjennomsnittet har. Kanskje er funna i
ruskartlegginga frå 2007 eit resultat av dette, kartlegginga viser
at Vossaungdommen både rusar seg tidlegare, oftare og har eit
generellt meir liberalt syn på illegale rusmidlar enn
landsgjennomsnittet. I tillegg må flyktningar vente i opptil fleire
år før kommunen kan skaffe boligar, slik at dei kan starte med å
ta del i verdiskapinga i samfunnet.
Raudt Voss krev:
- At
sosialhjelpssatsane vert auka til Statens institutt for
forbruksforsking sine satsar
- At det vert bygd fleire billige
kommunale bueiningar
- At fleire stillingar vert oppretta i
sosialtenesta, barnevernet og dei førebyggande tenestene
- At det
vert lagt til rette for ungdomsaktivitetar på ungdommens premissar
-
At Voss får ein døgnopen utekontakt
- At Flyktningearbeidet i
kommunen skal verta eit prioritert området i den neste 4 års
perioden.
Kontakt oss:
www.raudt.no/raudt_voss voss@raudt.no







