Nyhende
Voss Krisesenter i krise
Det har vore krisesenter på Voss sidan 1984, men mykje tyder no på at administrativ leiing i Voss kommune ser på krisenteret som ein mogeleg salderingspost i neste kommunebudsjett. Mykje av bakgrunnen til dette er å finna i nye retningslinjer frå statleg hald som seier at kommunane skal ta over det økonomiske ansvaret i høve drift av krisentera frå år 2011.
Etegilde i Vaksdal
Tradisjonen tru skal no eit utvida formannskap med representantar for alle partia som er representert i kommunestyret ut på tur. I fjor var Vik i Sogn staden for møteverksemd, etegilde og overnatting for skattebetalaranes peng. I år går turen til Dale i Vaksdal kommune der det utvida formannskapet skal nytta BKK sitt kurssenter. Raudt Voss sin gruppeleiar er også invitert.
Nominasjonsmøte
Raudt Voss har på nominasjonsmøte 13.10 nominert og bestemt 1. og 2.dre plass til neste års kommuneval på Voss. Fyrstekandidat på vallista frå Raudt Voss vert Ida Nordli-Kaldestad.
Sats på dei svakaste!
I avisa Hordaland, tysdag 21. august,
var det ein artikkel om sosialavdelinga og kor dårleg denne
statistisk kjem ut i høve andre kommunar. Det syner seg at Voss har
færre tilsette enn andre kommunar, og dessutan ligg sosialsatsane
lågare og gjennomsnittleg stønadslengde over «normalen».
Monstermastar i Hardanger
Etter ein 5 års periode med sakleg informasjon og protest, måtte Folkeaksjonen i Hardanger innsjå at regjeringa framleis meiner at kortsiktig profitt er eit mål i seg sjølv. Terje Riis-Johansen kunne på ein pressekonferanse i går , fredag 02.07.2010, redegjera for at det ikkje fantes alternativ til monstermastane, og at utbygginga måtte finne stad av hensyn til Bergens regionen.
Støtt opp om Hagahaugen
Tilsette ved Voss Rehabiliteringssenter inviterer til markering mot
Helse Vest si avgjerd mot vidare drift. Markeringa finn stad på torget 22.06. kl 18:00. Raudt Voss vil oppmoda alle medlemmar og sympatisørar om å møta opp.
Raudt Voss vil ha Gaza-debatt
Gruppeleiar for Raudt sine representantar i Voss kommunestyre har sendt inn ein interpellasjon/privat framlegg addresert til ordførar Gunn Berit Lunde Aarvik. Bakgrunnen for interpellasjonen er at måndag 31.mai vart skip fra den internasjonale naudhjelpsflåta "Freedom Flotilla" borda i internasjonalt farvatn av israelske soldatar. Det tragiske resultatet vart 9 drepte og mange hundre personar vart fengsla og ikkje sluppe ut før dei skreiv under på at det dei hadde gjort var eit brotsverk mot staten Israel.
Ja til fortsatt varig vern av Raundalselva
I perioden 27- 30 mai avheldt Raudt sitt 2. ordinære landsmøte. På landsmøtet, der Bjarte Kaldestad var delegat frå Voss, vedtok me mellom anna denne fråsegna:







