Sats på dei svakaste!
I avisa Hordaland, tysdag 21. august,
var det ein artikkel om sosialavdelinga og kor dårleg denne
statistisk kjem ut i høve andre kommunar. Det syner seg at Voss har
færre tilsette enn andre kommunar, og dessutan ligg sosialsatsane
lågare og gjennomsnittleg stønadslengde over «normalen».
No skal det seiast at stønadslengden i seg sjølv seier svært lite, ettersom dette vil vera avhengig av mange faktorar som hjelpebehov, kva metode ein jobbar etter osb. Lang stønadslengde kan derimot vera eit teikn på at dei tilsette sosialarbeidarane på Voss gjer ein veldig god jobb, og ikkje ynskjer å avslutta arbeidet før stønadsmottakaren er klar for å klara seg sjølv. Likevel er det ikkje tvil om at ein i kommunens sosialavdeling er underbemanna, og at mange fleire kunne fått ein endå betre og tettare oppfylgjing om Voss kommune hadde tilsett fleire sosialarbeidarar.
I 2003 og i alle åra sidan har Raudt (og RV) fremja framlegg om auka satsing innan sosialsektoren, me har kome med konkrete framlegg om auka bemanning og høgare sosialsatsar. Ikkje ein gong på alle desse åra har Raudt fått andre røyster enn sine eigne for desse framlegga, noko som får meg til å tru at det å gjera noko for dei svakaste i samfunnet kanskje ikkje er av høgste prioritet for dei leiande i kommunestyret.
Raudt vil ved neste budsjetthandsaming nok ein gong fremja framlegg som styrker sosialavdelinga, og vonar at andre parti også ser at dei svakaste i kommunen er verdt å satsa på.
Publisert: , oppdatert:







