Raudt

«Vårt arbeid – vår velferd»
Kart over Norge

Lokallag

Monstermastar i Hardanger

Foto: Bjarte Håkon Kaldestad
Navngivelse-Ikkekommersiell-Ingen Bearbeidelse (by-nc-nd)

Etter ein 5 års periode med sakleg informasjon og protest, måtte Folkeaksjonen i Hardanger innsjå at regjeringa framleis meiner at kortsiktig profitt er eit mål i seg sjølv. Terje Riis-Johansen kunne på ein pressekonferanse i går , fredag 02.07.2010, redegjera for at det ikkje fantes alternativ til monstermastane, og at utbygginga måtte finne stad av hensyn til Bergens regionen.


 Det han derimot ikkje nemnde var kva som var alternativa til utbygging, eller kva som er årsaka til den auka straumbruken. Som dei  gode kapitalistane han og regjeringa han representerar er, ser dei på det som naudsynt med ekspansjon for å få til utvikling. At utvikling kan ha med andre ting å gjera enn materialisme og kapitalavkasting virker som element desse folka ikkje ein gong har tenkt igjennom. Som eit interesant appropos kan det vera verdt å nemna at regjeringspartiet (kamelpartiet)  SV seier i sine programerklæringar at det er nettop slik utbyggingar dei skal kjempe imot.

Heldigvis er motstanden mot kraftlinene ikkje basert på dei same prinsippa. Noko mellom anna Facebook gruppa som oppmodar om sivil ulydnad er eit godt bevis på, Raudt Voss stør sivil ulydnad i denne saka. Regjeringa har no sagt sitt, men kampen mot monstermastane er ikkje over endå.

Publisert: