Ja til vidare vern av Raundalselva
Raudt Voss reagerer med vantru ovanfor planane om utbygging av Raundalselva. Raundalselvi er ikkje berre verneverdig utifrå miljøomsyn, men også eit sjeldant godt eksempel på korleis miljøinteresser og fritidsaktivitetar kan gå hand i hand.
15. april publiserte Voss kommune planane om utbygging av dette "varig verna" vassdraget på nettsidene sine. Raundalselvi er i dag ved siden av å vera ein viktig brikke i eit større økosystem også eit bevis på at fritidsaktivitetar og miljøinteresser kan gå hand i hand. I dag vert Raundalselva sett på som ei av dei beste elvene me har for rafting og kajakk paddling her i landet, og ei utbygging vil også gå utover desse aktivitetane.
I dei siste åra har me sett ein stadig større saksbunke presentert for kommunestyret der hovudinteressene har vore kapital mot miljø. I dei aller fleste sakene har kapitalinteressene vunne fram mot 2 røyster frå Raudt. Raudt Voss ynskjer å utfordra dei andre partia til å gå offentleg ut med sine syn i denne saka, og ikkje gjera slik dei ofte gjer med å gjøyma seg bak fleirtalet i kommunestyret. For å fjerna all tvil ein gong for alle, - Raudt Voss vil gjera alt som står i vår makt for å forhindra utbygging av Raundalselvi!
Publisert: , oppdatert:







