Kommunedelplan for Myrkdalen vedteke
Voss kommunestyre røysta i dag for kommunedelplan
for Myrkdalen. I planen som vart vedteke mot Raudt sine to røyster vert det lagt til rette for utbyggingsområder for fleire føremål, slik som
alpinanlegg, fritidsbustadar, bustader, hotell, serveringsstadar og
ulike næringsføremål. Planforslaget syner om lag 3400 nye
fritidsbustadeiningar totalt, fordelt på fleire områder Vidare er det
lagt til rette for utviding av alpinanlegget med 5 nye skiheisar og
mange løyper. I kommunestyresamanheng er det berre Raudt som har ytra motstand mot
planane. Dei såkalla miljøpartia Venstre og SV har vore påfallande
stille i denne saka, også i dag var det berre Raudt som målbar dei kritiske røystene.
Raudt sine representantar trakk fram undersøkingar frå trafikkøkonomiskinstitutt, som peiker på at 97% av all utfart og heimfart av fritidsbolligbesøkande nyttar bil. Forsking frå Østlandsforsking har gjort vart også trukket fram for syna poenget om kor stor auke i biltrafikken det kan bli i området. Forskinga syner at hytter/fritidshus av den standard som er påtenkt i Myrkdalen vert nytta i omlag 154 persondøgn i året. Om desse tala stemmer kan ein gånga persondøger med antal fritidsbustader, redusera med 3% og få som svar ein skyhøg auke i biltrafikken. Raudt peika på at planen slik sett er på totalt vikande
front i høve regjeringas uttala ynskje om
ein offensiv miljøpolitikk, og nedgang i utslipp av co2.
Raudt sine representantar forsøkte og å syna til samanhengen mellom straumforbruk og auka hyttebygging, med talmateriale henta frå SSB.
I fylgje SSB auka Straumforbruket i hytter og fritidshus med over 12 prosent i perioden 2005 til 2007.
I den same perioden 2005 – 2007 vart det bygd ca 10 000 nye hytter på landsbasis.
Den kommunen i noreg med færrast hytter, Oslo, er også den kommunen med lågast energiforbruk pr. Innbyggjar.
Publisert: , oppdatert:







