Raudt

«Vårt arbeid – vår velferd»
Kart over Norge

Lokallag

Ekstraløyving til VM i Freestyle

Foto: Bjarte Håkon Kaldestad
Navngivelse-Ikkekommersiell-Ingen Bearbeidelse (by-nc-nd)

På onsdagens ekstraordinære kommunestyremøte vart det mellom anna handsama ein sak om ekstra løyving til bygging av anlegg til Freestyle VM på Voss i 2013. Pengane skulle takast frå potten "Fyrtårnsmidlar", ein liten sum pengar (700 000 kr.) kommunen sette av under budsjetthandsaminga til diverse arrangement.  Diverre er status per i dag at det endå ikkje er utarbeida ein plan for korleis desse pengane skal brukast.

Manglande planarbeid var mellom momenta Raudt sine representantar, Bjarte Kaldestad og Elisabeth Daae Kaldestad trakk fram. "Raudt er på ingen måte imot å støtta iddrettsarrangement, men når me ikkje har ein plan eller total oversikt over kven ein løyving til i dag går utover i morgon er det uansvarleg utifrå eit likebehandlingsprinsipp å gå inn for løyving no" sa Bjarte Kaldestad under debatten. Representanten Ringkjøp frå AP hevda derimot at det fantes ein plan og synte til at det i ei bisetning i budsjettet står at fyrtårnsmidlar kan nyttast til iddrettsarrangement som VM i freestyle. Etter å ha hevda dette fremja AP representanten framlegg om å 1. gje tilskot på 500 000, og 2. utarbeide ein plan for fyrtårnsmidlane (Den same planen som han tidlegare meinte kommunen hadde).

Når ein i tillegg veit at arrangementet allereide har motteke tilskot frå kommunen på 2,5 millioner kroner under forutsetning av at kostnader til annlegg må dei ta sjølv, og at selskapet som står bak søknaden om fyrtårnsmidlane (eit AS) ikkje er registrert i Brønnøysundsregisteret, er det berettiga med eit kritisk blikk på søknaden. Enden på visa var at kommunen løyva 500 000,- mot Raudt, Høgre, FrP og 2 SV røyster.

Publisert: , oppdatert: