Raudt

«Vårt arbeid – vår velferd»
Kart over Norge

Lokallag

Eigedomsskatt innført i Voss kommune

Foto: Bjarte Håkon Kaldestad
Navngivelse-Ikkekommersiell-Ingen Bearbeidelse (by-nc-nd)

  «Det er fullt mogeleg at sosialdemokratane trur me lever i eit sosialistisk paradis der alle har like stor betalingsemne, desverre så stemmer ikkje dette. Og desverre er det ikkje slik at det går ann å sjå på eit hus sin størrelse om dei som bur der er rike eller fattige slik skravleklassen og byråkratane ser ut til å meina. Innføring av eigedomsskatt vil uansett korleis ein ser på det ramma dei svakaste hardast.» - Dette var mellom poenga Raudt sin representant Bjarte Kaldestad trakk fram under debatten om innføring av eigedomsskatt i heile kommunen. Resultatet av saka vart ein overveldande fleirtal for ein flat skattesats på 2,1 promille utan nokon form for frådrag. Partia som røysta imot var Raudt, Høgre og FrP.

Raudt sin representant Arne Andersen forsøkte å argumentere for eit framlegg om å i det minste gjera vedtak om å frysa skattesatsen i 10 år framover for å unngå at eigedomsskatten skulle verte ei mjølkeku for kommunen frametter. Også dette framlegget som fyrst var fremja av Høgre vart nedstemt mot Raudt, Høgre og FrP sine røyster.

Raudt sin hovedargumentasjon for å gå imot innføringa av skatten er at me meiner at årsaka bak innføring av denne skatteformen er kommuneøkonomien, dette bunner sjølvsagt ut i dei manglande overføringane kommunen får frå staten. Om kommunen hadde fått refundert alle ekstrakostnader i høve nye reguleringar frå statleg hald ville innføringa av denne skatten ikkje vera aktuell i det heile. Stortingsmelding nr 1 – Nasjonalbudsjett 2010 – side 220. har ein tabell som viser Kommuneforvaltningas inntekter og utgifter. Denne tabellen syner eit anslått underskot innan kommunesektoren i 2009 på 19 076 millioner, altså 19 milliarder og 76 millioner. Då er det feigt av oss som kommunalt folkevalgte å sparka nedover mot velgarane våre, når det heilt tydeleg er dei over oss som gjer noko riv ruskande gale.

Publisert: , oppdatert: