Kommunal sakshansaming
INTERPELLASJON FRå RAUD VALALLIANSE.
18.03.2006
Kommunal sakshandsaming m.m.
Biblioteksaka:
På førre kommunestyremøte var det i sak 1/06 vedlagt mellom anna ei kontrakt: Avtale om avslutning av leigetilhøve i Kyrkjebø. På denne kontrakten var det fleire manglar, og mange ting som verka merkeleg med nærare ettersyn.
Det står i papiret at saka var unnateke offentlegheit, kvifor det?
Det står at saka hadde ei forseinka offentlegheit, kven gjorde vedtak om dette? Når? Og med kva grunngjeving?
Kvifor var summen 700 000 kroner, korleis kom dei ansvarlege fram til denne summen?
Kva var årsaka til at saka hasta slik, kvifor måtte leigetilhøve avsluttast 01.04.06?
Kvifor er ikkje kontrakta datert? Underskrive?
Kor tid vart denne avtalen inngått?
Kvifor var ikkje dei tilsette halde løpande orientert i saka (jmf. Hovudavtalen), men sjokk informert den 27/1.
Første orientering i saka vart gjeve 24/1, kvifor vart ikkje saka offentleggjort før 30/1?
Eigarane av gnr. 49 bnr. 306 på Hjellane, har motteke eit underskrive brev frå voss kommune, der dei vert bedne om å kjøpa attende eigedom frå kommunen. Voss kommune har i dette skrivet kalla dette for spegelvend oreigning.
Er spegelvend oreigning ein vanleg praksis?Har denne praksisen vorte brukt før i Voss kommune?
Er spegelvend oreigning ein ordning som kan forsvarast juridisk?






