klage frå Rogne Burettslag
Interpellasjon i høve klage frå Rogne
Burettslag
Kommunestyret handsama i møte 29.11.2007 ein sak om refusjon for ekstra kostnader med vassmålarmontering. Punkt 3 i avgjerda hadde ordlyden; «Rogne Burettslag får ikkje refusjon». Som alle vedtak etter medhald i forvaltningslova, var klagefristen på vedtaket 3 veker.
06.12.2007 vart det sendt klage på vedtaket frå styreleiiar i Rogne Burettslag. Denne klagen fekk aldri burettslaget svar på, og 05.06.2008 vart det sendt ein anke/klage på kommunal saksbehandling i Voss kommune til fylkesmannen i Hordaland. Klagen inneheldt informasjon om saka, samt det faktum at kommunen ikkje hadde gjeve svar på klagen frå burettslaget.
Svar frå Fylkesmannen vart sendt til Voss kommune, med kopi til Rogne Burettslag 25.06.2008. Her stod det at fylkesmannen ikkje hadde motteke klagesaken frå Voss kommune, og oversendte difor heile saka til Voss kommune.
17.10.2008 mottok Rogne Burettslag ved styreleiiar eit kort notat i brevform frå Voss kommune der dei beklaga at saka hadde tatt så lang tid, men at ankesaka «så snart som råd skal leggast fram for politisk handsaming.»
Etter dette brevet har ikkje Rogne Burettslag motteke noko meir informasjon frå Voss kommune.
Spørsmåla mine til ordføraren vert då:
Er vanleg sakshandsamingsprossedyre vorte fulgt i denne saka?
Når kan Rogne Burettslag forvente å få svar på klage dagsett 06.12.2007?
Har Voss kommune opptrådt klandreverdig i denne saka?