Interpellasjon om funksjonshemmas tilgjenge i kulturhuset
1.1.2009
trådte ei ny lov om diskriminering og tilgjenge i kraft. Lova skal
sikre menneske med nedsett funksjonsemne tilgjenge og deltaking på
alle arenaer. Nye bygg skal utformast slik at det er tilgjenge for
flest mogeleg. I lovas forarbeid står det mellom anna at det
innføres ein plikt til universell utforming, og at dersom det er
mogeleg ikkje skal lagast eigne ordningar som medfører ulemper for
personar med nedsett funksjonsemne. Lova som tek utgangspunkt mellom
anna i grunnlovas §110 c om plikt til å sikre menneskerettar gjev
kommunar og andre byggherrer eit forbud mot diskriminering og ein
plikt til tilrettelegging.
Raudt Voss er blitt kontakta av fleire individ utan tilknyting til kvarandre som har reagert på det dei meiner er eit brot på denne lova i høve utføringa av det nye kulturhusbygget. Mellom anna vert det peika på at det fleire stader er oppført dørstokkar som medfører store ulemper for personar som av ulike årsaker sit i rullestol. Det har også vorte peika på tilkomsten til biblioteket der det av ein eller annan grunn er lagt inn 3-4 trappetrinn for å koma ned på dette planet. Vidare har fleire personar peika på manglande teleslyngeannlegg, og ikkje minst vanskelege parkeringstilhøve og tilgjenge utanfor huset for personar med ulike funksjonshemmingar.
Spørsmåla til ordføraren vert såleis:
Meiner ordføraren at kulturhuset per i dag er utforma på ein slik måte at det per i dag er i samsvar med «Lov om forbud mot diskriminering på grunn av nedsatt funksjonsevne»?
Vil det koma endringar for å lette tilhøva for personar med nedsett funksjonsemne?
Bjarte Kaldestad
Raudt Voss







