Budsjettkonsekvensar
Til Ordførar
Bjørn Christensen Voss 17.06.05
Interpellasjon om budsjettkonsekvensane.
I den siste tida har barnehagane vore i fokus her på Voss. Dette grunna budsjettet som vart snikra saman av dei såkalla raud-grøne kammeratane i voss kommune i desember i fjor. Rv peika alt den gong på dei enorme kvalitetsreduksjonane budsjettet ville føra med seg, og underteikna vart då skulda for å svartmala situasjonen.
I alle dei kommunale barnehagane på voss rissikerar ein no nedbemanningar. Dette fører til usikre kvardager både for ansatte, foreldre og born. I sin iver etter å spara pengar ser det ut til at fleirtalet av politikarane på voss heilt gløymer dei samfunnsmessige kostnadane ein rissikerar med slike nedbemanningar.
Spørsmåla mine til ordføraren blir då:
Trur ordføraren at voss kommune vil kunne tena på nedskjeringar i kommunal avdelingane i eit lengre perspektiv?
Meiner ordføraren det er innafor lova å lata 14 ungar vera åleine med 1. personale i ein barnehage i over 1 time?
Trur ordføraren at ein med å gjera offentlege arbeidsplassar meir usikre, vil arbeidarane utføra ein meir effektiv jobb?
Vil nedlegging av kjøkkentenestene på Evanger aldersheim føra til ein betre kvardag for dei som bur der?







