Budsjett 06
Kommunebudsjettet
for 2006
er vedteke, som
vanleg mot RV's eine
røyst. Her finn du eit
utdrag av RV's bidrag I budsjettdebatten:
I
fjor stod eg på denne talerstolen og sukka over nok eit
budsjettframlegg
med
nedskjeringar. Mange av Dykk nikka då med hovudet og var
einige i at dette var
fælt, SV gjekk endåtil so langt at dei trua
med å stø RV’s
linje til neste år om ikkje situasjonen betra seg.
No
har
situasjonen betra seg noko. Kommunen får større statlege
overføringar,
og nedskjeringane i budsjettet er kkje like store som før. Men RV
jublar ikkje av den grunn.
Me har fått ei ny regjering som har
uttala at det ikkje skal vera grunn til å
skjera ned korkje
innan
helse og omsorg eller skule. Det denne regjeringa ikkje heilt har
forstått
endå er kor ille det har stått
til i kommuneøkonomien kring i landet
vårt.
Så dei skarve 5,5 milliardane dei har gjeve
ekstra til kommunane er
langt
ifrå nok. LO og RV fremja krav om 10 milliardar ekstra under
valkampen,
dette
meinte regjeringspartia var urimeleg mykje. Men for at me
skulle
fått i hop eit
budsjett i dag utan nedskjeringar, og
samstundes starta på ei
naudsynt opprustning
i kommuneavdelingane
hadde 10 milliardar vore eit minimum av kva
kommune norge
hadde
trengt. Mange
trur at me no kan slappa av, me har fått ei ny og meir
sosial
regjering. Men
det å bytta ut folka i kapitalforvaltninga
vil ikkje
åleine skapa eit betre og
meir rettferdig samfunn.
Kapitalens interesser vil framleis styra
utviklinga.
Og så lenge
det er kapitalen som styrer samfunnsutviklinga
vil ikkje
demokratiet
fungera demokratisk. Kapitalismen er ein multinasjonal
kraft
som
den norske regjering ikkje åleine
kan bekjempa. Kapitalismen fører
til dei evige runddansar av
typen: grunna høg
lønsvekst settest
avgifter opp, og grunna avgiftsaukane lyt
lønningane opp endå
meir.
Det er kapitalismen som er årsaken til nedskjeringane i
budsjetta
våre.
Kapitalavkastarane krev sitt og dette går utover det
offentlege
altså folket.
Over til
budsjettet:
I år har
me
nedskjeringar innan ein rekke felt. Helse og omsorg.,
Vaksenopplæring,
kursmidlar
etc…etc.. Men endå verre er det nesten
at det ikkje er rom for
opprustning
i kommunalavdelingane. Eit stort pluss er det at
barnehagane skal
opp
igjen på 2005 nivå. Eit av
dei verste punkta eg vil framheva er
sosialstønaden som i
1998 vart sett til 1G
som då var kroner
42500. I år 2006 ligg
sosialsatsane våre framleis på same kronetal,
medan
1G er oppjustert til over 60 000 kroner. For RV er det
eit krav at
sosialsatsane
må tilbake til 1998 nivå,
altså 1G. Eit anna
framlegg frå RV i år
er å auka
reserveposten til kommunestyret. Me veit alle at
det
vil komma uforutsette utgifter, det gjer det kvart år. Og
når me no
veit at
den famøse vassmålarsaka skal opp att på
nytt, må me vera
budde på
erstatningskrav. Her bør det elles nemnast at eg
sjølv
ikkje var med å vedtok
denne skampletten. Eg vonar kommunestyret i
dag skjønar kor
i uttakt med folket
dei var då dei i 2003 vedtok å
gjera det mogeleg
å kommersialisera vatnet vårt.
Dessutan syner
tal frå ei rekkje kommunar at kommunane
får tapte inntekter
grunna
vassmålarsystemet. Så på mange
måtar har dette vorte ei tap-tap
situasjon.
På inntektsida
finn RV pengar å spara i IT sektoren med å seie opp
microsoft
lisensane, og
heller gå over på Linux eller annan open
kjeldeldevare.
Bergen , Sarpsborg,
Larvik for ikkje å nemna eit land som venezuela
har gjort
dette. Ikkje berre
for å spara pengar, sjølv om det utan
tvil er peng
å spara. Men også for å vera
aktivt med på å
nedkjempa Microsoft si monopol
stilling i dag. Dessverre trur
me i
RV at det er svært få av representantane i
kommunestyre som veit kva
Linux
er for noko, og ser lite håp om å få i
gang eit slikt
prosjekt før til neste år.
RV foreslår difor fylgjande:
Kommunestyre
ber
administrasjonen om å koma attende til kommunestyre med
ei utgreiing
om kva
økonomiske fylgjer det vil få for
kommunen
å gå over
til open kjeldevare innan IT sektoren.
RV sitt
hovudframlegg
vil tradisjonen tru vera:
Alle
bør-tiltak frå alle
kommuneavdelingar må
arbeidast inn i budsjettet. Pengane
til desse
formåla finn me ved skattenekt til staten.
Dette
fordi me
gjennom skattenekt syner at me ikkje vil vera med på
kapitalismegaloppen
som sakte men sikkert fører samfunnet
vårt stadig nærare
avgrunnen.
Når
det
gjeld skulestrukturen, meiner RV det er heilt hol i hovudet å
bruka
peng på
konsulentverksemd, samstundes som ein ausar ut peng til
konsulentverksemd
angående
kommunestrukturen. Alle med litt iq bak pannebrasken
skjønar at det
vil
verte nye skulestrukturdebattar etter ei eventuell
kommunesamanslåing.
Posta
den 18-12-2005 at 16:26
Budsjett 07
Posta den
21-12-2006 at 10:21
Dette er dagen då rammene for neste år vert
lagt, og det som har vore mest smertefullt er å sjå korleis ein år etter
år har måtte skjæra ned på velferdsgode til dei som i utgangspunktet
har minst. RV ynskjer ein meir heilskapeleg økonomisk planlegging, der
det er behova som styrer økonomiens reglar og ikkje slik det er i dag
der det er dei frie marknadskreftene som styrer både politikarar og
andres folk sin kvardag.
Rammene for budsjettet som er
lagt fram i år er på mange måter eit betre utgangspunkt enn det ein har
sett dei siste åra. Men dette betyr ikkje at RV er fornøgd. Me ser at
statens inntekter veks i rekordfart... dei rikaste mellom oss vert
stadig rikare... og dei fattige? - Ja dei er framleis fattige. Med den
statlige og private rikdomen me har i dette landet er det ein skam at me
har fattigdom. Tilogmed på vesle voss har me fattigdom, medan
den jamne mann og dame handlar julegaver for tusenvis av kroner, er det
folk kring oss som kvir seg i fleire månader før jula kjem, for dei veit
ikkje korleis dei skal få endane til å møtast under den dyraste tida i
året..... Det er dette RV vil gjera noko med. Me trur ikkje at ein kan
få gjort noko med dette utan at alle bør tiltak i budsjettet vert
gjennomført. Først når behovet styrar trur me fattigdomen kan
bekjempast. No har ikkje me illusjonar om at maktkåte
stortingspolitikarar skal retta opp i skjeivfordelinga med det fyrste,
det er difor me år etter år fremjer det same primærframlegget i
budsjettdebatten i kommunestyret. Alle BØR tiltak frå alle
kommunalavdelingar arbeidast inn i budsjettet. Finansiering av dette
dekker me inn gjennom skattenekt til staten.
Som seg hør og
bør har RV fleire framlegg. No skal eg skissera eit sekundært framlegg
som bevegar seg innafor den fastsatte firkanta ramma sjefane våre
ynskjer at me så lojalt skal fylgja. Framlegget er basert på
formannskapets tilråding. 1. Kommunestyret reduserar ordførarlønning ned
til gjenomsnittleg industriarbeidar løn. (eg vil her pressisera at
dette utelukkande er eit politisk prinsipp frå RV si side, og ikkje på
nokon som helst slags måte er meint som eit teikn på mistillit ovanfor
ordførar.) 2. Politikergodjersla vert ført ned til eit absolutt null
nivå, dvs at ein kun kompenserar for dei faktiske tap politikarane har
ved møter. 3. Alle microsoft lisensar i skulesektoren vert sagt opp og Voss
kommune involverar seg i skuleinux prosjektet. (Dette er eit norsk open
kjelde produkt spessielt tilpassa det norske skuleverket. Dette er
gratis, det finnest i over 20 land, både høgskular og vidaregåande
skular og fleire barneskular er med i prosjektet. Og best av alt, all
programvare finst på nynorsk. Og om ikkje dette er nok , krever systemet
færre maskin resursar, noko som gjer det mogeleg å nytta kvar einskilde
datamaskin i eit lengre tidsperspektiv enn det som er mogeleg med
microsoft sine produkt.) 4. Voss kommune kuttar ut alle microsoft-office
lisensar i kommunen og innstallerar gratis kontorpakka open office.
(som no får stadig fleire av sine filformat registrerte som
internasjonale standarar. Dette betyr at alle andre kontorprogram må
støtta desse filformata, noko som gjer ein migrasjon til open office
mykje lettare enn for berre eit år sidan.) Berre desse små enkle grepa
vil føra til ein kostnadsreduksjonpå ca 1 million kroner (dette er
strengt tatt feil ettersom mykje av maskinparken innafor skulevesenet no
må bytast ut, noko som ikkje vert naudsynt om ein går over på eit
mindre resusrskrevjande system. Men det er alltid greit med litt ekstra
peng på slutten av året.) Denne millionen ynskjer RV å nytta på
fylgjande måte: 5. Kommunestyrets reservepost aukast med 1 million
kroner, kommunestyret ber samstundes alle kommunalavdelingar legge inn
søknad til kommunestyre om kva oppgåver dei ser på som mest presserande,
slik at kommunestyret kan vurdera kva pengane best kan nyttast til.
No
trur eg vel ikkje at dette framlegget heller vil få stort meir enn ein
røyst. Så eg vil difor også fremja nokre benkeframlegg, som ikkje vil
bety omrokkeringar i budsjettet.
Benke-Framlegg 1. Det vert
sett ned ein kommitè av politisk valde og representantar for
ungdomsorganisasjonane med tanke på å utarbeida ei skisse for etablering
av eit kommunalt ungdomshus i voss kommune.
Benke-Framlegg 2.
Kommunestyret ber administrasjonen undersøka kva reelle innsparingar
kommunen vil ha på å gå over til skulelinux innafor skulesektoren.
Litt
meir om det me mest sannsynleg vedtek i dag mot RV's stemme:
Ser ein
på sosialhjelpsatsane som ein no aukar, i forhold til samla pensjon i
perioden frå 98 til 06. Prosentvis har auken i pensjon vore 39% medan
auken i sosialhjelpsats for personar over 25 år etter dagens vedtak vil
vera på ca 4%. I 1998 utgjorde sosialhjelpssatsane for ein einsleg 75%
av samla pensjon, medan det etter dagens påplussing vil utgjera 47%. Eg
seier ikkje at det ikkje er gledeleg med auka sosialhjelpssatsar, eg
berre vil påpeika ei skeivfordeling. Her har me ein jobb å gjera!
Eg
vil òg setta fokus på omsorgs sektoren. I fylgje det ein vart
forespegla i regjeringas soria moria avtale, skulle atskillege fleire
hender i arbeid innafor omsorgs sektoren. Reelle tal dividert og rekna
ut utifrå folketal ville tilseie at Voss kommune innan
stortingsperioden skulle hatt 30 fleire tilsette innan området. Desverre
ser det ut i dag som om kommunen vil gå ut av stortingsperioden utan
fleire tilsette i sektoren. Her har me òg ein stor jobb foran oss.







