Raudt

«Vårt arbeid – vår velferd»
Kart over Norge

Lokallag

Budsjett 04

Budsjettkutt - Budsjett 2004

På bakgrunn av tertialrapporten og eit feilaktig skriv frå fylkesmannen vedtok kommunestyre 24.06 nye sparetiltak. RV peika på det feilaktige I Fylkesmannens skriv, men for døve øyrer. Fylkesmannen skriv: "Lågare pårekna skattevekst enn lagt til grunn i vedteke statsbudsjett har samanheng med at skattesvikten mot slutten av 2003 no er vidareført inn i 2004-overslaget"Men svikta skatten I fjor?Ikkje iflg. Årsmelding for 2003 for Voss. Her heiter det på s11 og 12: "Skatteinntektene for Voss har ein auke på 8,9% i høve til 2002. For Hordaland utanom Bergen var det ein auke på 7,4%, medan auken på landsbasis var på 6,2%, Dei totale skatteinntektene vart omlag 9,8 mill kr. betre enn revidert budsjett. Eigedomsskatten var omlag som budsjettert."Fylkesmannen har ikkje noko godt grunnlag, korkje empirisk eller teoretisk, for skattekutten på 2,7 mill kr.Det som derimot står på s. 5 i tertialrapporten har historisk og empirisk grunnlag- det er ingen grunn til å endra denne prognosen, tvert om. I så fall seier prognosen at budsjettet vert styrkt med 1,2 mill kr. i høve administrasjonen sitt samandrag når ein ser bort frå pkt. 6 og 8.

DET ER ALTSÅ INGEN GRUNN TIL BUDSJETTKUTT UT FRÅ TERTIALRAPPORTEN SLIK ADM. HEVDAR.

Bli medlem