Rødt

Ledelsen i Rødt
Kart over Norge

Lokallag

Prinsipprogram

Vedteke på Raudts 3. landsmøte 27. - 30. mai 2010

Kapittel 1: Kvifor vil vi ha ei ny verd?

Kapittel 2: Kvifor sosialisme?

Kapittel 3: Kapitalismen må avskaffast

Kapittel 4: Kreftene for forandring

English // Bokmål

Kapittel 1: Kvifor vil vi ha ei ny verd?

Opp gjennom historia har makthavarane sett på samfunnssystemet sitt som det endelege, det menneska skal leve med til evig tid. I dag framstiller dei kapitalismen som det avsluttande høgdepunktet i menneska si utvikling.

For Raudt er kapitalismen berre ein bestemt epoke i menneska si historie. Då kapitalismen feia føydalsamfunnet til side, representerte den ei progressiv kraft som har ført menneskesamfunnet eit langt steg framover. Den har ført til ei enorm utvikling av menneska sine produktive evner, og den har, spesielt i enkelte deler av verda, ført til store materielle og sosiale framsteg. Men no blir det stadig tydelegare at kapitalismen som system har blitt ein trussel mot menneska og naturen.

Vi kan ikkje lenger leve med at eit lite mindretal eig produksjonsmidla, utbytar dei som skaper verdiane og øydelegg livsgrunnlaget for framtidige generasjonar for å byggje opp sin eigen rikdom og makt. Det er ein meiningslauskontrast mellom den kolossale produksjonsevna og det faktum at fleire enn nokosinne lever i svolt og naud - at det kvart sjette sekund døyr eit barn av svolt eller feilernæring. Kapitalismen har overlevd seg sjølv. No hastar det å bli kvitt den. Det tener interessene til eit stort fleirtal av befolkninga i verda.

Arbeidarklassen, - kvinner og menn - som gjennom sitt arbeid skaper dei verdiane som kapitalen utnyttar, må vere den drivande og avgjerande krafta i det opprøret som skal føre menneska ut av kapitalismen og inn i det nye samfunnet: sosialismen. Den må stå i spissen for organiseringa og styringa av dette nye samfunnet.

Vi lever i ei tid der mykje forandrar seg fort og overraskande. Vi ønskjer å bidra til at dei store omveltingane går i rett retning: At dei fører til likeverd, frigjering av menneska og bevaring av naturgrunnlaget for menneska, slik at våre etterkomarar kan oppleve eit samfunn utan naud og fattigdom.

Kapittel 2: Kvifor sosialisme?

Sosialismen er eit samfunn der arbeidarklassen, fleirtalet av folket, sjølv tek over styringa av samfunnet ut ifrå sine interesser. Sosialismen inneber demokratisk kontroll over produksjon og verdiskaping. Dei menneskelege behova og naturen sine tålegrenser, ikkje profitten, skal bestemme produksjon av varer og tenester og fordelinga av desse.

Eit anna økonomisk system

Under kapitalismen blir varer og tenester produsert og seld i marknaden til høgast mogleg profitt. Kapitalistane, dei som eig eller kontrollerer kapital, tileigner seg det overskotet som arbeidsfolk skaper gjennom produksjonsprosessen. Ei vare har to eigenskapar: Den er nyttig for kjøparen (bruksverdi), og den blir seld i marknaden gir pengar (bytteverdi) til kapitalisten. Ein del av desse pengane går inn igjen i produksjonsprosessen. Målet for kapitalisten er å få kapitalen til å vekse for kvar ny runde.

Konkurransen mellom kapitalistane gjer at kapitalen heile tida flytter seg dit profitten er størst. Kva for behov som blir dekka gjennom produksjonen, blir styrt av kva som tener dette målet. Kva folk flest verkelig har bruk for eller som naturen har bereevne til å tåle, blir ikkje lagt vesentleg vekt på.

Dette systemet gir eit lite mindretal av befolkninga stor makt og gjer dei stadig rikare. Det er deira interesser, profittjakta og kapitalismen sine innebygde behov for stadig vekst som styrer utviklinga av samfunnet.

Raudt si framtidsvisjon er i staden eit samfunn der enkeltmennesket har fridom til å utvikle seg sjølv allsidig og fritt, som produserer dei varer og tenester vi til ei kvar tid har bruk for og som naturen er berekraftig nok til å handtere. Det vil vere ein produksjon til beste for fellesskapen, og står i motsetning til produksjon for profitt og den private tileigninga av det økonomiske utbyttet. Profitt er ikkje lenger formålstenleg som drivkraft og målestokk. Skiljet mellom samfunnsmessig nødvendig arbeid, kulturaktivitetar og ulike former for aktivitetar som utfordrar og utviklar folk sine evner, vil etter kvart viskast bort. I eit slikt samfunn vil enkeltpersonar si moglegheit til å eige andre sine arbeidsplassar forsvinne. Dermed forsvinn utbyttinga; grunnlaget for klassar og klassemotsetningar, og moglegheita for likeverd mellom individa opnar seg. Det er dette Karl Marx kalla kommunisme, og som er Raudt sitt langsiktige mål.

Kommunismen føreset at alle menneske har eit trygt grunnlag for eit godt og verdig liv, og at samfunnet er styrt av menneska i fellesskap. For å gjere eit slikt samfunn mogleg, må alle strukturar som splittar og trakkar på folk kjempast mot, og kvart enkelt menneske må få høve til å delta direkte i styringa av samfunnet og over sitt eige liv.

Å komme fram til eit slikt fellesskap vil ta lang tid, men kimen til dette fellesskapet finst allereie i dag. Den norske allemannsretten med fri rett til ferdsel og ulike naturopplevingar er eit eksempel på dette. Det same gjeld lufta vi pustar i og vatnet vi drikk. Dette er fellesverdiar og rettar vi no tar meir eller mindre for gitt. Velferdsstaten, som er eit resultat av arbeidarklassen sin kamp gjennom hundre år, har i utgangspunktet stilt ei rekkje tenester som bl.a. skule, helsevesen og vegar til gratis disposisjon for befolkninga.

I dag strir dette mot kapitalen sine behov for å utvide marknaden. Velferdsgoda blir privatiserte og eigendelane aukar. Motsett av dette vil Raudt at stadig fleire varer og tenester skal takast ut av den kapitalistiske marknaden og gjerast til gratis velferdstilbod: døme på dette er offentleg kollektivtransport, tannlegetenester, advokathjelp, kunst og kultur. I første omgang vil dette framleis bli finansiert av fellesskapet gjennom eit rettferdig skattesystem der alle bidreg etter evne. Gjennom utvikling av det sosialistiske samfunnet, vil ei slik omlegging av samfunnet si verdiskaping føre til både slutt på rovdrifta av naturressursane og auka fritid og livskvalitet, ei frigjering av menneska sine skapande evner.

Revolusjon er nødvendig

Arbeidarklassen kan ikkje styre samfunnet etter sine eigne interesser innafor rammene av kapitalismen og den private eigedomsretten. Derfor må det skje ein revolusjon der arbeidarklassen gjer staten til sin reiskap for grunnleggande systemendringar, og tar styringa over bankane, dei store selskapa og dei sentrale institusjonane i samfunnet. Dette vil kunne skje som ei forlenging av politisk kamp om reformer eller under ei grunnleggande krise i kapitalismen.

Eit slikt radikalt brot med dagens økonomiske og politiske system, krev at fleirtalet av befolkninga ønskjer ei slik endring. Dette føreset store folkerørsler som set spørsmålet om samfunnsmakta på dagsorden. Historisk har makthavarane brukt alle tilgjengelege middel for å halde på sine privilegium. Ein sosialistisk revolusjon vil ikkje kunne sigre utan at borgarskapet blir avvæpna og folket tar kontroll over militærmakta. Raudt vil arbeide for at maktovertakinga skal skje fredeleg, og med demokratiske middel.

Samfunnsstyring under sosialismen

Historia viser at dei gamle makthavarane vil prøve å ta tilbake makta si ved bruk av udemokratiske middel. Derfor er det avgjerande med sterk folkeleg organisering og representative, demokratiske organ som har kontroll over staten og byråkratiet for å hindre dette.

Raudt meiner at ytringsfridom, organisasjonsfridom, frie val, frie medium og uavhengige domstolar som garanterer rettssikkerheita for det enkelte individet er grunnleggande for eit sosialistisk samfunn. Eit eventuelt mindretal må sikrast mot overgrep frå den sosialistiske staten, og sosialismens framtid er tent med at interessemotsetningar blir diskutert ope og at ulike politiske syn organiserer seg.

et må framleis vere ulike parti og frie val til representative organ. I motsetning til i dag, då kapitalinteresser bestemmer rammene for samfunnsutviklinga, vil oppgåva vere å styre samfunnsutvikling og økonomi i ei retning som kjem miljøet og fellesskapen til gode, både nasjonalt og internasjonalt.

Raudt meiner at sosialismen også må utvikle heilt nye former for deltaking og styring, som flyttar makt frå det representative statssystemet til direkte styring for dei avgjerdene angår. Dette føreset ei fri og uavhengig fagrørsle, og at arbeidarane organiserer seg for å ta kontrollen over og leiinga av produksjonen. Det føreset også rotasjon av valde verv både i arbeidsliv og politikk, slik at ikkje nokre få eller ein elite monopoliserer maktposisjonane. Gamle maktstrukturar forsvinn ikkje over natta. Også under sosialismen vil det til dømes vere nødvendig med eiga kvinneorganisering for å motarbeide patriarkalske strukturar.

Sosialisme betyr at produksjonen skal styrast gjennom planar som blir vedtatt etter demokratiske diskusjonar. Dette føreset direkte deltaking og reell innverknad på arbeidsplassen og i lokalmiljøet. Informasjonsteknologi gjer det enklare både med desentralisert styring og å lage sentralt fastsette planar for produksjonen gjennom slike demokratiske prosessar. Dermed får arbeidarane stadig større makt og høve til å ta avgjerder, det same vil gjelde folk i nærmiljø og lokalsamfunn.

Formålet med sosialismen er å bryte ned arbeidsdelinga og den ulike verdifastsettinga mellom manuelt og intellektuelt arbeid og å fjerne skiljet mellom styrande og styrte. Kortare arbeidstid vil vere ein føresetnad for dette, samtidig som det fremjar kvinnefrigjering, som er avgjerande for å vidareutvikle sosialismen.

Den sosialistiske staten må vere sekulær og samtidig garantere religionsfridom. Den må vidare også motarbeide alle former for diskriminering og rasisme.

Utanrikspolitisk byggjer den sosialistiske staten på respekt, gjensidigheit og likerett. Ei sosialistisk regjering må støtte andre folk og nasjonar som kjempar for å lausrive seg frå imperialismen og forsøker å byggje sosialistiske samfunn ut ifrå eigne føresetnadar. Men ei slik solidarisk haldning skal vere kritisk, og ikkje omfamne alle som kallar seg revolusjonære eller sosialistar utan ei vurdering av den politikken dei står for.

Historiske erfaringar med sosialismen

Det førre hundreåret sine forsøk på å byggje sosialisme, sprang ut av samfunnsforhold med langt svakare demokratiske tradisjonar og økonomisk basis enn vi har i Noreg, og kom i kjølvatnet av krigar og unntakstilstand. Desse forsøka blei isolerte internasjonalt og møtte med militær motstand innanfrå eller utanfrå, noko som gjorde det materielle grunnlaget for eit fungerande demokrati vanskeleg. Revolusjonane var ledd i den historiske kampen for å erstatte halvføydale og kapitalistiske forhold, sjølv om sosialismen gikk tapt.

Mange gode vi i Noreg kjenner som delar av velferdsstaten, som pensjon, sjukelønn, gratis utdanning og helsevesen, full barnehagedekning og sjølvbestemt abort er inspirert av liknande framgangar tidleg i dei sosialistiske forsøka si historie.

Men desse forsøka blei prega av feilaktige idear om at ein elite kan lede samfunnet fram til sosialismen på vegner av folket, og at den kunne spreiast med militærmakt. Dei enda opp som totalitære statar styrt av toppane i parti- og statsbyråkratiet, som skapte samfunn som undertrykte dei som dei var meint å skulle frigjere. Raudt tar sterk avstand frå dei brota på menneskerettar, politiske drap og folkemord som er gjennomført i sosialismen sitt namn.

Historia viser at nye herskarklassar kan vekse fram, eller at den gamle herskarklassen kan vinne tilbake makta under sosialismen. Kampen mellom klassane er ikkje over før klassane i seg sjølv er avskaffa.

Dei revolusjonære kreftene i dag prøver å utvikle ein strategi for ”ein sosialisme for det 21. hundreåret som trekkjer lærdom av dei feila som tidlegare har blitt gjort. Raudt ser på seg sjølv som en del av denne rørsla, men held fast på at den norske sosialismen ikkje kan vere ein kopi av andre sin. Den må byggje vidare på tradisjonane frå vår eiga historie med klassekamp og politisk kamp som bl.a. førte til samvirketanken, kooperasjonane og krava om ein godt utbygd velferdsstat. Den må vidareutvikle dei demokratiske rettane som arbeidarklassen har kjempa fram gjennom over hundre år, som organisasjonsfridom, stemmerett, ytringsfridom og rettssikkerheit.

Kapittel 3: Kapitalismen må avskaffast

Kapitalismen er eit klassesamfunn der ein økonomisk og politisk elite kontrollerer statsapparatet og eig og styrer bedrifter og selskap. Dette relativt låge talet på menneske – borgarskapet – har makt og rikdom som hevar dei skyhøgt over vanlege folk. På motsett side står arbeidarklassen. Raudt meiner motsetninga mellom borgarskap og arbeidarklasse er den grunnleggjande motsetninga i det norske samfunnet.

Vår tids kapitalisme er internasjonal. Kapitalen sine behov for kontinuerleg vekst fører til at dei nasjonale marknadene korkje klarer å ta unna alle varene som blir produserte eller å tilføre nok råvarer. Kapitaleigarane må derfor ut i den internasjonale marknaden. I tillegg til varehandel kjem kapitaltransaksjonar, som gjer at finanskapitalen blir dominerande i dette kapitalistiske verdssystemet vi kallar imperialismen.

Det internasjonale borgarskapet som eig dei store fleirnasjonale selskapa, har stor innverknad over både statar og internasjonale institusjonar og regelverket dei har etablert, og bruker dette til å kontrollere det meste av verdshandelen. Dei har delt verda mellom seg, samtidig som dei konkurrerer om å vekse på kostnad av kvarandre. Utbyttinga av dei som skapar verdiane aukar. Rikdommen blir samla på få hender, mens milliardar av fattige må nøye seg med smulane.

Dette økonomiske systemet, som utbytter menneska og driv rovdrift på naturressursane, inneber eit kontinuerleg press for å underleggje alle delar av samfunnet og naturressursane same marknadslogikk: helsetenester, utdanning, drikkevatn og genetisk arvemateriale – alt skal bli varer selskapa kan tene pengar på.

Menneska si framtid er truga

Jakta på profitt trugar no livet på jorda. Gjennom uhemma bruk av fossile brennstoff er vi i ferd med å endre klimaet på kloden. Naturen og miljøet blir rasert Dette fører til alvorlege kriser som trugar livsgrunnlaget for mange menneske, ikkje minst i fattige land. Vi driv rovfiske på hava, og vi øydelegg store mengder matjord og jakta etter tømmer og beitemarker raserer regnskogen og artsmangfaldet, samtidig som det fører til matvarekrise og svolt.

Raudt sitt syn på menneska - at vi er ein del av naturen - gjer at vi må organisere samfunnet etter berekraftige prinsipp. Vi kan ikkje påføre naturen større belastningar enn den er i stand til å bere, anten det dreier seg om bruk av naturressursar eller inngrep i urørte område. Skal menneska overleve, må derfor kapitalismen fjernast. Etter at kapitalismen er borte, må vi jobbe for å reparere skadane på miljøet og eit heilt anna forhold mellom menneske og natur.

Staten tener eigarinteressene

Staten blir gjerne framstilt som ein nøytral instans, men under kapitalismen er den kontrollert av borgarskapet (overklassen) og har ulike former: parlamentarisme, korporativt samarbeid mellom stat og næringsorganisasjonar eller autoritært diktatur og fascisme. Dei fleste rike og politisk stabile kapitalistiske landa har i dag allmenn stemmerett og val til representative forsamlingar. Store delar av samfunnsøkonomien er likevel unntatt den folkevalde styringa, og lovverket er utforma med den private eigedomsretten som grunnlag.

or å hindre opprør og klassekamp har eitkvart klassesamfunn etablert overvakings- og kontrollsystem som arbeider både ope og i det skjulte. Kontrollsystema aukar i dag dramatisk under dekke av ”krigen mot terror”. Formålet er å gjere opposisjonelt arbeid vanskelegare, og førebu tiltak i tilfelle større samfunnsmessige kriser skulle oppstå.

I bakre linje har staten eit politi og militærapparat, som ved behov kan setjast inn også mot dei makta ser på som sine indre fiendar.

Kvinneundertrykking er vevd inn i kapitalismen

Kapitalismen har overtatt kvinneundertrykkinga frå tidlegare samfunnssystem og vevd den inn i økonomien, i samfunnet sine institusjonar og organisasjonar, og i det daglege forholdet mellom kvinner og menn. Under kapitalismen er den ein del av dei herskande tankane. Borgarskapet tener på dette, men undertrykkinga gir også mennene ei rekkje materielle, sosiale og psykologiske fordeler. Samtidig fører kjønnsrollemønsteret vi blir sosialiserte inn i til at heller ikkje menn får vere heile menneske og leve ut sine ulike sider.

Kvinner har lågare lønn og inntekt enn menn, mange jobbar deltid og mange lever på låge trygder. Grunnlaget for den låge kvinnelønna er kapitalismen sitt forsørgjarsystem, der familien ikkje berre er ei samlivsform, men ei økonomisk eining med privat ansvar for forsørging og omsorg. Slik blir det oppretthalde at menn har forsørgjarlønn. Kvinner blir låste fast i deltid og ulikelønn, samtidig som det ulønna omsorgsarbeidet sparer utgifter for kapitalistane. Kvinner som lever åleine, med eller utan barn, blir dei fattigaste. Forsørgjarsystemet styrkar vidare menn sin makt over kvinner.

Å arbeide for at familien ikkje lenger skal vere ei økonomisk eining er derfor ein føresetnad for kvinnefrigjering. Dette krev bl.a. likelønn og økonomisk sjølvstende for kvinner, kortare normalarbeidsdag og gode og gratis offentlege tenester for barn og eldre. Utvikling av kollektive løysingar for husarbeid og omsorgsoppgåver, gir rom for nye og ulike former for organisering av forpliktande fellesskap, og dermed betre vilkår for personleg vekst og utvikling, ulike samlivsformer og et fritt kjærleiksliv basert på respekt og likeverd.

Menn sin vald mot kvinner i dagens samfunn er ei følgje av kvinneundertrykking og kvinneforakt. Prostitusjon, kvinnehandel og pornografi er ekstreme uttrykk for korleis kvinnekroppen blir gjort til ei vare som kapitaleigarar kan tene store pengar på. Mannsrolla må vidareutviklast slik at vald ikkje er akseptert i samfunnet.

Imperialismen fører til krig og undertrykking

I førre hundreåret førte imperialistiske statar sin rivalisering og trong til å utvide sine interesseområde til to verdskrigar. På lengre sikt er faren for nye storkrigar mellom imperialistiske stormakter ein vedvarande trussel mot folk i heile verda.

Etter andre verdskrig, har rivalisering mellom stormaktene oftast tatt form av indirekte krigar, gjennom alliansepartnarar, i og mot fattige land for å halde kontrollen over dei eller for å utvide angriparen sin innflytelsessfære. Dette har øydelagt fleire samfunn og skapt ufattelege lidingar for befolkninga.

Raudt støttar folk og nasjonar som slåst mot okkupasjon og undertrykking og anerkjenner nasjonane sin sjølvråderett. Samtidig tar vi avstand frå overgrep mot sivile, innskrenking av demokratiske rettar og undertrykking, uansett kor i verda det skjer eller kven som står bak.

Imperialismen skaper rasisme og sjåvinisme

Dei fleste av dagens flyktningar beveger seg innanfor eigne landegrenser eller til naboland i den fattige delen av verda. Dei flyktar blant anna frå problem skapt av kapitalismen: klimakrise, fattigdom, krig og undertrykking.

Ein liten del av flyktningar i verda greier å komme seg til dei rike, vestlege landa. Her går dei fleste inn i arbeidskraftreserven som billeg arbeidskraft og blir utsett for grov diskriminering og krav om assimilering. I dag er rasisme og sjåvinisme retta mot ulike minoritetsgrupper ein veksande tendens i landa i nord. Ei hovudårsak til auken av rasismen er den såkalla «krigen mot terror». Ikkje-vestlege innvandrarar og særleg muslimar blir forsøkt avhumanisert for å legitimere dei imperialistiske krigane.

Rasismen splittar arbeidarklassen. Med vår visjon om solidaritet over landegrensene, og i neste omgang ei verd fri for utbytting, arbeider vi for å skape einskap og gjensidig respekt mellom arbeidarar frå alle land. Ein slik einskap er ein føresetnad for å skape eit solidarisk og klasselaust samfunn.

Det kapitalistiske Noreg

Den norske velferdsstaten har vakse fram gjennom ein langvarig politisk og sosial kamp. Staten har også stått for utbygginga av infrastrukturen i Noreg. Det er ein historisk tradisjon for at våre rike råvareressursar blir brukte til å byggje ut landet. Heimfall, råfisklov, industrikraftkontraktane og den tidlege oljealderen er eksempel på dette. I tillegg står samvirkerørsla sterkt, spesielt blant bønder og fiskarar.

Framveksten av velferdsstatane både i Noreg og andre land er eit resultat av eit kompromiss mellom arbeidarklassen og borgarskapet. På tvers av grunnleggande interessemotsetningar har velferdsauke blitt bytta mot arbeidsfred. Toppane i LO og Arbeidarpartiet (og etter kvart andre organisasjonar) har vore garantistar for dette, og dei har veksla mellom statsrådspostar og styreverv i dei store selskapa.

Heilt fram til slutten av førre hundreåret, har staten og kommunane spelt ei sentral rolle i utviklinga av økonomien, både som eigarar og gjennom politisk styring. Frå 1980-tallet begynte oljeinvesteringane å hope opp profitt. Dette førte til ei rask utvikling der kapitalen blei sentralisert og eksportert, og næringsverksemd flagga ut.

Frå 1980-tallet og utover fekk marknadsliberalismen stadig sterkare fotfeste. Privatisering, konkurranseutsetting og oppsplitting av statlege monopol som Posten, NSB og Vegvesenet auka innslaget av marknadsøkonomi i offentleg sektor. Dette er likevel ikkje uttrykk for at staten spelar ei mindre rolle. Staten blir i stor grad brukt for å sikre utvidinga av marknadsøkonomien og opptrer også sjølv som aktør i marknaden. I Noreg kontrollerer framleis staten langt meir av næringsverksemda enn i dei fleste andre vesteuropeiske land.

Ein stor del av borgarskapet sit i posisjonar i statsapparatet. I Noreg dominerer borgarskapet media, delar av kulturlivet og mange interesseorganisasjonar. Deler av pampeveldet i fagrørsla og andre masseorganisasjonar høyrer også til borgarskapet.

Leiarane i Arbeidarpartiet og SV arbeider i kraft av sin posisjon for å få kapitalismen til å bestå. Dei gir krisepakkar til kapitalistane som har spekulert seg inn i eit uføre, investerer Noregs olje og gull på børsen, privatiserer og angrip fagforeiningane sin posisjon. Dei bruker partia som reiskap for å halde arbeidarklassen i ro. Fleirtalet av medlemmane og veljarane til desse partia ønskjer å styre kapitalkreftene gjennom statlege reguleringar og styring av marknaden og ein økonomisk omfordelingspolitikk. Trua på at folk flest kan halde oppe og betre sin levestandard og livskvalitet innanfor dagens klassesamfunn er stor.

Dei økonomiske krisene som no rir kapitalismen, vil svekke denne trua. Velferdsordningar og kollektive løysingar blir sett under press for nedbygging og privatisering. Sosial dumping skaper nye sjikt av fattige arbeidsfolk.

Tiltrua til sosialdemokratiske parti er eit viktig hinder for at arbeidarklassen skal søke politisk makt over samfunnsutviklinga.

Den norske imperialismen

Imperialisme føregår ikkje berre som på 1800-tallet med våpen, okkupasjon og kolonisering. Imperialisme kan også føregå gjennom at ein med økonomiske maktmiddel skaffar seg kontroll og dominans over andre land. Dei store olje- og gassressursane gjer at Noreg opptrer som ein stor kapitaleksportør med tunge investeringar i den internasjonale finansmarknaden. Store statlege fond og statskontrollerte selskap som Statoil og Telenor er viktige reiskapar for norsk imperialisme.

Det er ei viktig oppgåve for revolusjonære å motarbeide all norsk imperialisme. Raudt godtar ikkje at Noregs rikdom skal byggast på utbytting og undertrykking av andre folk.

Det norske militærapparatet blir sterkare knytt til dei imperialistiske stormaktene i takt med den økonomiske satsinga i utlandet. Forsvar av norsk territorium er blitt ei underordna sak. Det har blitt stadig viktigare å sikre borgarskapet sine investeringar i utlandet og forsvare imperialismen ved å opptre som leigesoldatar i USA og NATO sine krigar.

Den norske staten er grunnlagt på territoriet til to nasjonar, den samiske og den norske. Koloniseringa har delt den samiske nasjonen mellom fire statar. Den norske staten har systematisk rana til seg samisk land og undertrykt samisk økonomi, kultur og språk.

Raudt meiner samisk sjølvråderett i samiske område må garanterast, i tråd med ILO-konvensjon 169 og FNs urfolksdeklarasjon.

Også det norske storsamfunnet si undertrykking av kvenar, romfolket (sigøynarar), romanifolket (tatarar), jødar og skogfinnar har lange historiske tradisjonar. Dette har ført til ein inngrodd rasisme med djupe røter i det norske samfunnet.

Kapittel 4: Kreftene for forandring

Arbeidarklassen

Arbeidarklassen består av dei som ikkje eig eller har kontroll over produksjonsmiddel, men som er avhengige av å selje arbeidskrafta si. Dei har ikkje slike posisjonar i produksjons- eller samfunnshierarkiet som gir dei avgjerande makt over andre menneske.

Det er det store fleirtalet av lønnsarbeidarar og andre som lever av sitt eige arbeid som skaper og vidareutviklar samfunnet vi lever i. På denne måten skaffar dei seg erfaringar og kunnskapar på mange område. Samtidig blir arbeidarklassen heile tida tvinga til å gjere motstand mot arbeidskjøparane sine framstøyt, på den enkelte arbeidsplass og i samfunnet som heilskap. Dei utviklar derfor idear om alternative måtar å organisere arbeidet og samfunnet på. Arbeidarane har dermed ikkje berre interesse av revolusjon og sosialisme, dei har erfaringane, kunnskapane og ideane som trengst til å styre samfunnet til beste for fleirtalet.

Arbeidarklassen utgjer fleirtalet i den norske befolkninga og klassen aukar i omfang. Blant dei yrkesaktive utgjer dei 1,5 millionar, og 10-15 % av dei har innvandrarbakgrunn. Stadig fleire av dei som tidlegare blei rekna som sjølvstendige mellomlag (akademikarar, kulturarbeidarar, rådgjevarar osb) får ei stilling i samfunnet som nærmar seg arbeidarklassen. Fleirtalet av arbeidarklassen er kvinner.

Rundt ein million arbeidarar jobbar i privat sektor, dvs. i industri, bygg/anlegg og transport eller i privat tenesteyting (varehandel, hotell/restaurant, reingjering, bankvesen osb.) Medan fleirtalet her er menn, er meir enn 70 % av dei tilsette i stat og kommune kvinner, dei fleste av desse innanfor helse, omsorg og utdanning.

il arbeidarklassen må vi også rekne alle dei trygda som er avhengige av som oftast dårlege offentlege stønadar. Dette er dei arbeidslause, fleirtalet av pensjonistane og dei som lever av uføretrygd og sosialhjelp.

Arbeidarklassen er samansett og mangfaldig og treng eit felles klassemedvit på tvers av kulturelle og faglege skilje. Einskap og felles klassemedvit er avhengig av at ulike stemmer får rom, og at undertrykkingsforhold innetter i arbeidarklassen kan takast ope opp.

Menn må kjempe mot si rolle som undertrykkande kjønn for at arbeidarklassen skal kunne vinne fram i kampen for frigjering. Arbeidarar med norsk bakgrunn må kjempe mot undertrykking og marginalisering av arbeidsfolk med minoritetsbakgrunn. Fagrørsla må bli ei kraft i kampen mot rasisme.

Kvinnene i arbeidarklassen kan på si side opptre som eiga kraft fordi dei har erfaringar både som kvinner og arbeidarar. Derfor treng kvinnene i arbeidarklassen både klassemedvit og kvinnemedvit, både fagorganisering og kvinneorganisering.

Utover stemmerett og medlemskap i fagforeiningar og andre interesseorganisasjonar, har arbeidsfolk flest liten makt over sin eigen situasjon. Enkeltpersonar kan rettnok foreta ”klassereiser”, men føresetnaden for dette er at fleirtalet blir verande der dei er. Derfor har arbeidarklassen størst interesse av eit sosialistisk samfunn der fridomen og demokratiet blir utvida til å omfatte alle.

Arbeidarklassen må alliere seg med alle grupper og enkeltpersonar som har interesse av revolusjon og sosialisme. I norsk historie har særleg alliansen med fleirtalet av bøndene og fiskarane spelt ei viktig rolle i arbeidarklassen sin kamp. Vi såg dette tydeleg under kampen mot norsk EU-medlemskap.

Då arbeidarklassen var på offensiven, og klassemedvitet var høgt, hjelpte arbeidarkulturen fram ei solidarisk haldning og klasseidentitet. I dag er denne kulturen kraftig svekka. Det er strategisk viktig å bruke arbeidarrørsla sine erfaringar på dette området, og utvikle ein arbeidarkultur for vår tid som ei sjølvstendig og mangfaldig kulturell kraft.

Fagrørsla

Fagrørsla er i dag den viktigaste organisasjonsforma for arbeidarklassen sin kamp. Det er gjennom fagrørsla arbeidarklassen kjempar for betre lønns- og arbeidsvilkår og betre velferdsordningar. Men fagrørsla er også ein arena der toppleiinga i Arbeidarpartiet og eit hierarkisk maktapparat tradisjonelt har utøvd si passiviserande rolle. Fagrørsla har vore prega av lite grunnplansaktivitet utover dei tillitsvalde. Raudt ønskjer å arbeide for auka aktivisering av vanlege medlemmar i fagorganisasjonane.

Fagrørsla spelar ei viktig politisk rolle. Sidan Arbeidarpartiet har blitt stadig meir marknadsliberalistisk så har LO blitt tvinga til å køyre ei meir sjølvstendig linje. Raudt kjempar for ei ytterlegare politisk sjølvstendiggjering av fagrørsla som ein viktig strategisk aktør i arbeidarklassen sin kamp for eit anna samfunn.

Kapitalen sin offensiv har skapt stor uro i arbeidarklassen og auka motstand i fagrørsla. Dei tillitsvalde som framleis ønskjer å vere sosialdemokratar og kjempe for sine medlemmar sine interesser, blir tvinga inn i ein situasjon der dei må gå til venstre. Dette har skapt grunnlaget for ei ny aksjonseining i fagrørsla. Det medfører at Raudt kan samarbeide med grunnplanet i dei sosialdemokratiske partia. Samtidig som vi står saman mot offensiven frå kapitalen og høgrekreftene, arbeider Raudt for å reise rørsla for eit sosialistisk samfunn.

Eit mangfald av sosiale krefter

Det finst mange former for undertrykking som forsterkar den økonomiske utbyttinga under kapitalismen. Krig, rasisme, miljørasering, kvinneundertrykking og diskriminering av lesbiske og homofile er eksempel på dette. Raudt støttar mangfaldet av rørsler som kjempar mot dette.

Raudt ser på kvinnekampen som ei revolusjonær kraft. Full kvinnefrigjering er ikkje mogleg under kapitalismen, og kampen mot kvinneundertrykking vil derfor måtte rette seg både mot den kapitalistiske økonomien og mot samfunnet sine institusjonar og herskande tankar. Samtidig vil revolusjon og sosialisme ikkje vere mogleg utan at kvinner organiserer seg og reiser kamp mot kvinneundertrykkinga. Eigne, uavhengige kvinneorganisasjonar er avgjerande for å utforme strategi både for kampen i dag og for kampen for eit anna samfunn.

Alle desse undertrykkingsformene og konfliktane utløyser forskjellige rørsler som kan bidra til å spele ei rolle i arbeidet for eit anna samfunn. Oppgåva må vere å skape ei rørsle som samlar kreftene på ein måte som lar dei behalde sin eigenart, samtidig som ein står saman i den felles kampen.

Internasjonal solidaritet

Arbeidet for revolusjon og sosialisme i Noreg heng saman med den internasjonale kampen for sosial og nasjonal frigjering. I dag er det folka i Sør som ber dei tyngste børene og fører dei hardaste kampane mot det imperialistiske verdssystemet, sjølv om dei fleste i dag ikkje står på terskelen til å gjennomføre sosialistiske revolusjonar i sine land.

Raudt vil utvikle kontakt med arbeidarklassen og revolusjonære i andre land og støtte forsøka på revolusjon og sosialismebygging som blir gjort ut frå deira lokale føresetnadar, utan at vi dermed ukritisk omfamnar alle som kallar seg revolusjonære eller sosialistar.

Raudt si rolle

Raudt avviser alle idear om at arbeidarane kan frigjerast ovanfrå av ein sosialistisk elite. Arbeidarklassen må frigjere seg sjølv. Sosialismen er umogleg utan at fleirtalet i arbeidarklassen går inn for revolusjonære endringar av samfunnet.

Eit revolusjonært parti sitt formål og oppgåve er å fungere som reiskap i arbeidarklassen sin kamp. Raudt tar mål av seg til å bli eit slikt parti. Sjølve grunnlaget for partiet vårt er arbeidet for å oppheve dagens kapitalforhold – utbyttinga av arbeidarklassen. For å få politisk oppslutning må Raudt merkast på arbeidsplassane som eit parti som skaper diskusjonar, utviklar demokratiet og tar opp kampen mot urett og undertrykking. Vi treng eit parti som jobbar både i dei folkevalde organa, i folkelege rørsler og på heile den politiske arenaen i det norske samfunnet. Ikkje minst trengst det eit parti som jobbar for og organiserer folk for ei nødvendig sosialistisk omvelting.

Raudt baserer si forståing av samfunnet på marxistisk teori. Vår ideologi og politikk blir utvikla med bakgrunn i denne forståinga og våre eigne politiske erfaringar. Som andre teoriar må marxismen alltid prøvast mot praksis, slik at den blir eit stadig betre verktøy i den politiske kampen. Marxistisk teori må heile tida kritiserast og byggast ut i tråd med korleis samfunnet endrar seg. Kunnskapen om verda vil alltid vere i utvikling. Derfor vil studiar med diskusjon og usemje ikkje vere eit problem, men ei kjelde til utvikling og ny erkjenning som trengst i kampen for ei betre verd.

Bli medlem