Arbeidsprogram
Arbeidsprogrammet som pdf-fil på nynorsk
Arbeidsprogram for Raudt 2010–2012
Gjennom heile den moderne historia har folk flest, i arbeidarrørsla og andre folkelege rørsler, tilkjempa seg rettar, innverknad på og sosiale ordningar for liva sine. Den marknadsliberalistiske offensiven dei siste tiåra har ført til omfordeling av verdiskapinga, rasering av fellesskapsløysingar og auka klasseskilje. Samstundes har det vakse fram internasjonale rørsler som står opp mot denne utviklinga og reiser kampen for eit anna samfunn. Raudt ser seg som ein del av denne rørsla.
Klimatrugsmålet gjer at det hastar! Kapitalismen må avskaffast og i staden må det kome eit demokratisk, sosialistisk samfunn. Berre eit samfunn som avskaffar profitten som drivkraft og som vert styrt av behova til menneskja og toleevna til naturen, kan hindre ei øydelegging av jorda. Gjennom ein sosialistisk revolusjon, med oppslutnad frå eit fleirtal i folket, må folk sjølv ta makta og styre utviklinga i retning av eit framtidig klasselaust samfunn.
Kapittelinndeling
- 1. Økonomi
- 2. Kvinnefrigjering
- 3. Velferd og solidaritet
- 4. Fattigdom
- 5. Eldreomsorg
- 6. Kommuneøkonomi
- 7. Lokaldemokrati
- 8. Demokratiske rettar
- 9. EU og EØS
- 10. Skatt
- 11. Energi
- 12. Fisk
- 13. Klima og miljø
- 14. Landbruk
- 15. Dyrevern
- 16. Næringsliv
- 17. Distriktspolitikk
- 18. Sjukehus
- 19. Psykisk helse
- 20. Samferdsel
- 21. Faglege rettar
- 22. Arbeidsliv
- 23. Pensjon
- 24. Rasisme og islamofobi
- 25. Internasjonal solidaritet
- 26. Krig og fred
- 27. Samepolitikk
- 28. Oppvekstvilkår
- 29. Skole
- 30. Høgare utdanning
- 31. Informasjonsteknologi
- 32. Kultur, kulturarv og medium
- 33. Idrett
- 34. Bustad
- 35. Funksjonshemma
- 36. Lesbiske, homofile, bifile og transpersonar
- 37. Kriminalitet
- 38. Rusmiddel
Kapittel 1: Økonomi
Målet med Raudt sin økonomiske politikk er å bryte ned klasseskilja, skape sosial likskap og medverke til miljøretta ressursforvalting. I dette ligg også å bryte ned den djupe økonomiske skilnaden mellom landa i nord og sør. Kapitalismen har som mål å oppnå størst mogleg profitt, og produksjonen vert styrt ut frå dette. Dette fører til sløsing med naturressursar og menneskjeleg arbeidskraft. Produkta er berre eit middel for å oppnå profitt. Jaget etter profitt skaper også krig. Det siste tiåret har vi gjentekne gonger sett at USA er viljug til å gå i krig for å sikre olje- og gassressursane. Vi må vekk frå eit økonomisk system som fører til unyttige og spekulative investeringar. Det nødvendige alternativet til kapitalismen er eit demokratisk, sosialistisk samfunn, der folk sjølv aktivt styrer økonomien og utviklinga av samfunnet. På den måten kan ein sikre at produksjonen av varer og tenester vert retta inn mot det folk treng og det miljøet toler.
Den sterke norske økonomien er skapt av arbeidsfolk, utnytting av naturressursane og ei hundreårig lang utteketing av den tredje verda. Dei norske fleirnasjonale selskapa går med store overskot, som i aukande grad vert investert utanlands og styrkjer norsk imperialisme. Også den norske staten går med enorme overskot, og oljefondet har vakse valdsamt kvart einaste år. Undersøkingar viser at eit stort fleirtal i befolkninga vil at det skal satsast meir på fellesskapsløysingar, men det er det motsette som skjer. Statlege selskap som Telenor og Statoil er vortne delprivatiserte, og hjørnesteinar i den norske velferdsstaten vert angripne og svekte. Grunnlaget for arbeidarklassen si organisering og kamp, solidaritetstankegangen, er kraftig svekt og erstatta med individuell tenking og ideologien om at "einkvar er sin eigen lukkes smed". Dette vert forsterka gjennom statleg stimulering av privat forbruk og eit forbruksmønster som er sterkt ressurs- og miljøfiendtleg og som står i vegen for satsing på offentleg velferd. Næringslivs- og samfunnstoppane har sikra seg eit luksusliv, klasseskilja veks og stadig fleire vert fattige.
Dette er ikkje eit særnorsk fenomen, men eit resultat av ein internasjonal marknadsliberalisme, som vil leggje alle sider av samfunnet ope for profittjakt. Den sterke globaliseringa av økonomien krev størst mogleg marknadstilgang og fridom i høve til landa i den tredje verda. I tillegg ser vi eit stadig aukande press for privatisering og nedbygging av offentleg sektor over heile verda.
WTO – internasjonale handelsorganisasjonar
World Trade Organisation (Verdas handelsorganisasjon) er i dag det viktigaste organet for dei store fleirnasjonale selskapa. Dåverande RV, ein av forløparane til Raudt, var det einaste partiet som røysta mot, da Stortinget vedtok norsk tilslutnad til WTO 30. november 1994. Gjennom denne organisasjonen, og særleg Gats-forhandlingane, vert det særleg øvd press på landa i sør for at dei skal gje opp den nasjonale kontrollen over næringsliv og naturressursar. Dei fleirnasjonale selskapa krev at landa må opne opp for stadig nye marknader.
Raudt tek aktivt del i kampen mot marknadsliberalismen både internasjonalt og nasjonalt gjennom deltaking i organisasjonar som Nettverk mot marknadsmakt, For velferdsstaten og Nei til EU. Raudt stør aksjonar som rettar seg mot WTO, IMF (Det internasjonale pengefondet) og Verdsbanken.
Offentleg styring og kontroll av økonomien
Raudt går inn for at staten skal føre ein aktiv økonomisk politikk for å hindre arbeidsløyse, sikre næringsutvikling også i distrikts-Noreg og fremme den nødvendige omlegginga som klimautfordringa krev. Raudt vil kjempe for å oppretthalde viktige velferdsordningar som ein god offentleg skole, folketrygda og ein god offentleg helse- og sosialsektor. Raudt vil gjeninnføre både sterk offentleg kontroll med kreditt- og rentepolitikken, valutarestriksjonar og styring av finansinstitusjonane. Dei siste tiåra har Noregs Bank fått ei stadig meir lausriven stilling, inspirert av EU sin heilt sjølvstendige sentralbank. Det å halde arbeidsfolk si kjøpekraft i sjakk er blitt viktigare enn omsynet til sysselsetting og næringsutvikling. Raudt meiner at både Noregs Bank og rentepolitikken skal styrast av folkevalde for å oppnå arbeid til alle og forhindre auka skilnader mellom rike og fattige i Noreg.
Skattlegg dei rike
Raudt vil skattleggje dei rike og fjerne skatten frå dei fattige. Raudt går inn for skattlegging av aksje-, finans- og valutatransaksjonar og stør kravet om ei såkalla tobin-avgift. Raudt vil samarbeide med og stø Attac, For velferdsstaten og andre aksjonar som slåst for å endre delar av den økonomiske politikken til fordel for folk flest. Raudt vil gjeninnføre tidlegare konsesjonslovgjeving som sikra norske bedrifter mot oppkjøp frå utlandet. Raudt ønskjer å oppretthalde og utvikle arbeidsplassar i Noreg og stø alle folk sin rett til å utvikle eigne land økonomisk og sosialt.
Raudt arbeider for:
- ein sterk offentleg sektor som tek ansvar for og som kan sikre velferdsbehova til barn, eldre, uføre, sjuke og funksjonshemma på lik linje med arbeidsføre sine behov
- å stoppe marknadsrettinga av offentleg sektor
- at offentleg forbruk skal prioriterast framfor privat forbruk
- seks timers normalarbeidsdag.
- reell rett til lønt arbeid for alle arbeidsføre
- statlege bustadbanklån med fast låg rente og nedbetaling over minst 50 år
- å seie opp EØS-avtalen og skjerme strategisk viktig produksjon (mat, energi)
- full openskap rundt norske krav og standpunkt i dei pågåande WTO- og Gats-forhandlingane
Kapittel 2: Kvinnefrigjering
Raudt har som mål full kvinnefrigjering. Likestilling mellom kjønna er ikkje nok. Vi ønskjer å sprenge rammene for dei tronge kjønnsrollene og fjerne alle former for kvinneundertrykking. Kapitalismen er avhengig av at kvinner er underordna i familien og arbeidslivet. For å oppnå full kvinnefrigjering er det naudsynt med eit totalt brot med det kapitalistiske systemet. Raudt går inn for tiltak som kan styrkje kvinner si stilling økonomisk, juridisk og ideologisk, og går mot alle endringar som kan undergrave dei rettane kvinner har oppnådd.
For økonomisk sjølvstende
Raudt ser på kvinners økonomiske sjølvstende som ein føresetnad for kvinnefrigjering. Familien er i dag ei økonomisk grunneining og ein del av samfunnet sin økonomiske basis. Framleis har kvinnene hovudansvar for omsorgsarbeidet i familien. Dyre barnehageplassar, kontantstøtta og for høge prisar på SFO er døme på dette. Kvinner tilpassar ofte tilknytinga si til arbeidslivet til rolla dei har i familien. Samfunnet sitt fokus på kjernefamilien er redusert, men framleis vert eineforsytarar usynleggjort og diskriminert; det same gjeld homofile og lesbiske familiar og dei som vel å bu aleine.
Raudt arbeider for:
- kvinners økonomiske sjølvstende
- samfunnsmessig ansvar for barn, sjuke og gamle
- lovfesta rett til barnehage frå fødselen av
- gratis barnehagar og SFO
- å fjerne kontantstøtta
- å leggje til rette for kollektive buformer
- å styrkje rettane til eineforsytarar
- å gå mot tvungen delt bustad og omsorg ved samlivsbrot
- å heve overgangsstønaden til eineforsytarar og utvide stønadsperioden
- å endre bidragsreglar som skaper fattige kvinner og barn
Kvinners løn og inntekt
Kvinnedominerte yrke vert lønte dårlegare enn mannsdominerte yrke, både i offentleg og privat sektor. Sjølv innan same yrkesgruppa tener menn ofte meir enn kvinner. Kvinner vert lønte lågare enn menn fordi dei er kvinner. Dette er uttrykk for makttilhøva mellom kjønna, og er vove inn i det kapitalistiske økonomiske systemet, der kvinner si arbeidskraft har mindre verdi.
Raudt arbeider for:
- seks timars normalarbeidsdag med full lønskompensasjon
- å fjerne all lønsdiskriminering knytt til kjønn
- å kjempe mot lønssystem som fører til individuelle personlege tillegg
- ein eigen kvinnepott frå regjering/storting for å utjamne lønsulikskapar
- å sikre at gravide ikkje vert diskriminerte i arbeidslivet
- at trygde- og pensjonsreglar ikkje skal verke diskriminerande for kvinner
- åttande mars som offentleg fridag
Fødselspermisjon
Raudt ønskjer å utvide fødselspermisjonen til 52 veker med full løn. Mora skal sikrast tre veker før fødselen og åtte veker etter fødselen av helseårsaker. Den andre forelderen får rett til åtte veker. Resten av permisjonen kan nyttast av mora, den andre forelderen eller ein annan omsorgsperson.
Raudt arbeider for:
- å utvide fødselspermisjonen til 52 veker med full løn
- sjølvstendig opptening av fødselsstønad for begge foreldra
- at retten til foreldrepengar ved fødsel og adopsjon også skal gjelde for mødrer på attføring
Fridom til å velje
Sidan 1978 har kvinner sjølv kunna avgjere om dei vil fullføre ein påbegynt graviditet eller ikkje. Abortlova har stor oppslutnad, men likevel er ho utsett for stadige åtak. Kvinner vert forsøkt påført skyld og skam, helsepersonell kan reservere seg mot å gjere abortinngrep, og abortmotstandarane Amathea er faste rådgjevarar på mange sjukehus. I tillegg må kvinner som ønskjer abort etter tolvte veke, framleis møte for ei nemnd, som skal avgjere om kvinna får lov til å ta abort eller ikkje. Retten til sjølvbestemt abort er sentral i kvinners rett til å bestemme over eigen kropp og eige liv. Abort er ikkje eit problem; det er dei uønskte svangerskapa som utgjer problemet.
Raudt arbeider for:
- at jordmødrer og helsesøstrer skal ha same rett som legar til å skrive ut p-piller
- løyvingar til forsking på trygg og sikker prevensjon
- å overføre den offentlege støtta frå Amathea til helsestasjonar for ungdom
- at eigendelen på sterilisering vert fjerna
- rett til medisinsk abort ved helsestasjon/lokalt legesenter med oppfølging av primærhelsetenesta
- rett til sjølvbestemt abort mellom 12. og 18. svangerskapsveke. Vekk med nemndene.
- å oppheve reservasjonsretten for helsepersonell
- tidsavgrensa rett til farskapstest
Slepp glede og kjærleik laus!
Seksuell frigjering er fridom til seksuell utfalding utan skyld og skam, og utan frykt for vald og tvang. Gratis og lett tilgjengeleg prevensjon og retten til sjølvbestemt abort er grunnleggjande føresetnader. Raudt vil vere med på å fremme mellommenneskjelege og samfunnsmessige tilhøve, der seksualitet verken er tabubelagt, syndig eller kommersialisert, men vert sett på som ein viktig del av tilvere. Eit aktivt seksualliv med andre er ikkje ein menneskjerett. Ingen skal kunne krevje at andre skal tilfredsstille deira seksuelle lyster gjennom betaling eller avløning.
Raudt arbeider for:
- å kjempe mot makttilhøva mellom kjønna og andre maktstrukturar som gjer seksualisert undertrykking mogleg
- å knuse puritanismen si makt, tabu og moralisme i debatten om seksualitet
- å kjempe mot pornoliberalismen
- kurs i skolen etter modell av «Sett grenser!». Kursa skal gjere ungdom medvitne om seksuell trakassering og setje jenter i stand til å setje grenser.
Knus venleikstyranniet!
Venleiksideal stel kvinner si tid, deira tankar og pengar. Raudt går mot propaganda som viser at berre kvinner som liknar reklamebilete er verdifulle, og avviser presset på kvinner om å forandre utsjånad for å tilfredsstille kommersielle ideal. Media må gjerast ansvarleg for den viktige rolla dei speler i å oppretthalde tronge kjønnsroller og eit umenneskjeleg kroppsideal. Raudt vil påpeike media sitt ansvar for kvinners sjølvbilete og helse. Media må unngå å fremme venleiksindustrien sine interesser og ikkje medverke til å skape behov for venleiksprodukt.
Raudt arbeider for:
- å anmelde kvinnediskriminerande reklame
- haldningskampanjar i skolen om ungdom sitt tilhøve til kjønn, kropp og seksualitet
- førebyggjande tiltak mot eteforstyrringar
- å krevje oppretting av avdelingar med spesialkompetanse på handsaming av eteforstyrringar i sjukehus over heile landet
- at media ikkje omtaler overgrep som sex
- at media ikkje reduserer kvinner til kropp, og ikkje bruker avkledde kroppar som illustrasjonar
- at media tek ansvar for dei venleiksideala som vert presenterte. Alle manipulerte bilete, også i annonsar, må merkast.
Kjemp mot menns vald mot kvinner
Menns vald mot kvinner er uttrykk for den maktubalansen som finst mellom kjønna i samfunnet, og er eit alvorleg samfunnsproblem. Valden set grenser i og øydelegg kvinners liv, og hindrar kvinner si fulle deltaking i samfunnet. Arbeidet mot menns vald mot kvinner må ha fleire perspektiv: rettsleg, sosialt, økonomisk, helserelatert og likestillingsmessig. Raudt skal ha nulltoleranse overfor menns vald mot kvinner. Menn må involvere seg og ta ansvar for menns vald mot kvinner.
Berre ein liten del av valds- og valdtektssaker mot kvinner vert anmeldt. Blant dei sakene som blir meldt er det ein høg prosenten som vert lagt til side og berre 10 prosent vert domfelte. Politiet og rettsvesenet manglar kompetanse på og kunnskap om vald mot kvinner. Rettstryggleiken til kvinner og barn i valds- og overgrepssaker er for dårleg.
Raudt arbeider for:
- auka støtte og fullt vern til valdsutsette kvinner og barn
- tilgang til valdsalarmar som verkar og effektive besøksforbod
- at valdsutøvarar skal forlate heimen, ikkje kvinner og barn
- full statleg finansiering av krisesentra
- at politi, rettsvesen, sosialkontor og politikarar aukar kunnskapen sin om vald mot kvinner og om konsekvensane for barn som er vitne til vald
- at regjeringa må kartleggje menns vald mot kvinner og rekne på omkostningane av valden
- eit nasjonalt kunnskapssenter i spørsmål om menns vald mot kvinner
- at «Alternativ til vold» vert bygd ut over heile landet
- at utlendingslova vert handheva slik at kjønnsbasert forfølging gir rett til asyl
- å fjerne treårsregelen og gebyra for innvandrarkvinner som skal søke opphaldsløyve
- å fjerne reglar om flytteforbod for mora
Kampen mot kjønnslemlesting
Kampen mot kjønnslemlesting er sentral i kampen for kvinners rett til eigen seksualitet og kontroll over eigen kropp. I dette arbeidet er Inter African Comittee (IAC) ei drivkraft, og Raudt stør arbeidet i IAC og andre organisasjonar som jobbar mot kjønnslemlesting. Raudt ønskjer at fokus må vere ei varig haldningsendring, og at samarbeid med kvinner som har vore utsetne for kjønnslemlesting, er sentralt for å oppnå dette. Raudt ønskjer ikkje tvangsundersøking av jenter, men auka løyvingar til førebyggjande arbeid.
Raudt arbeider for:
- tiltak for personar som er kjønnslemlesta eller vert utsetne for kjønnslemlesting i Noreg. Det skal vere tiltak som omfattar tilbod om medisinsk, sosial og psykologisk oppfølging både til offer og familie.
- styrking av kompetanse til tilsette i skole-, helse- og sosialsektoren, slik at dei kan tilby kvalifisert hjelp til personar som er utsetne for kjønnslemlesting
Mot sal av kjønn og kropp
Porno og prostitusjon er vald mot kvinner. Raudts mål er eit samfunn utan seksualisert undertrykking, og dermed utan porno og prostitusjon. Den internasjonale handelen med kvinner og barn er ein av verdas mest lønsame industriar. Prostitusjon gir kvinner alvorlege helseskadar og hindrar likestilling og utvikling. Menn som kjøper kvinner i prostitusjon, er ansvarlege for at kvinner vert påført skade, og er støttespelarar for porno- og prostitusjonsindustrien. Hallikar og bakmenn etablerer prostitusjon i land der høvet til forteneste er størst, der styresmaktene ikkje hindrar etablering, og der det er liberale haldningar til porno og prostitusjon. Kjøp av seksuelle tenester må difor vere forbode, og kvinner i prostitusjon må hjelpast ut.
Porno er ikkje fiksjon, det er verkelege menneske som er avbilda. Raudt ønskjer ei lov mot porno som ikkje råkar seksuelle skildringar, men kvinneundertrykkande framstillingar. Raudt meiner Noreg må etterleve internasjonale plikter til å kjempe mot handel med kvinner og barn, for å hindre at stadig fleire fattige kvinner hamnar i porno- og prostitusjonsindustrien.
Raudt arbeider for:
- å kjempe mot porno- og prostitusjonsindustrien
- ei pornolov som rettar seg mot kvinneundertrykkande framstillingar, og som vert handheva
- lovforbod mot kjøp av seksuelle tenester
- at kvinner i prostitusjon får hjelp til å slutte, at utanlandske kvinner i prostitusjon får opphaldsløyve eller hjelp til trygg retur og reetablering i heimlandet
- auka medvit om skadane frå prostitusjon gjennom haldningskampanjar og opplæring i skolen
- at tilsette i forsvaret og i organisasjonar og bedrifter med oppdrag i utlandet skal skolerast i spørsmål knytt til skadane frå prostitusjon
Kapittel 3: Velferd og solidaritet
Den norske velferdsstaten er eit resultat av arbeidarklassen sin kamp og sosialdemokratiet sine forsøk på å skape sosiale velferdsordningar innanfor ramma av ein kapitalistisk økonomi. Viktige velferdsordningar er vedtekne med støtte også frå delar av næringslivet, av di dette samsvarte med deira interesser i ein periode av kapitalismen si utvikling. Den norske velferdsstaten vert kjenneteikna av ein sterk offentleg sektor med ordningar som skal gjelde for alle. For kvinner har fellesskapsløysingar innan omsorg for barn og eldre gitt høve til utdanning og arbeid, noko som igjen har ført til at mannen er blitt meir delaktig i privat omsorg for eigne barn.
Dårlegare eller dyrare fellesløysingar vil tvinge den som er dårlegast lønt i familien til å slutte i jobb og overta omsorga for barn eller sjuke familiemedlemer. Nedbygging av fellesskapsløysingar vil difor særleg ramme kvinnene.
Privatisering, EØS-avtalen og Gats
For at kapitalismen skal kunne utvikle seg, har han stadig behov for nye marknader. Selskap, aksjeeigarar og andre har eit stadig behov for auka profitt. Offentleg sektor forvaltar store verdiar som kapitaleigarane no vil ha tak i. Difor vert offentleg sektor stadig oftare truga av privatiseringsframstøytar. EØS-avtalen og Gats-avtalen (WTO sin avtale om handel med tenester) vert brukt som brekkstong for privatisering og marknadsstyring av attverande offentlege tenester.
Stadige effektiviseringskrav og den økonomiske utarminga av offentleg sektor dei seinare åra har gitt folk eit dårlegare tilbod. Utviklinga fører til at ein auka mengd private tenesteleverandørar rettar seg mot ein kjøpekraftig marknad. Dette skaper samstundes eit utarma offentleg tilbod for dei som ikkje har råd til private løysingar. Utviklinga er ein medviten strategi for å få folk til å distansere seg frå det offentlege tilbodet og bane veg for eit privat tilbod med kvalitet etter betalingsevne, ei utvikling som står i valdsam kontrast til folk sine rettmessige krav om høg kvalitet på velferdsgoda og til krava om demokratisk styring av omfanget og fordelinga av velferdstilboda. Skilnadene mellom folk vert større og klasseskilja aukar.
Kamp for velferdsgode og eit sosialistisk samfunn
Skal vi hindre at velferdsstaten vert øydelagt, meiner Raudt at det er nødvendig med mobilisering på grunnplanet. Dette må skje gjennom lokale initiativ og på tvers av tradisjonelle organisasjonsskilje. Kampen for velferdsstaten er viktig for medvitet om fellesskap og solidarisk ansvar. Det finst alternativ til kapitalstyring av velferd. Folk må gjevast høve til å sjå for seg eit sosialistisk samfunn med velferdsgode som ein sjølvsagt del av menneskjas omsorg for kvarandre. Difor stør Raudt einskildkrav som vil gi folk betre velferdsgode. Samstundes meiner Raudt at den optimale velferdsstaten berre kan få gode livsvilkår i eit sosialistisk samfunn.
Raudt arbeider for:
- ein sterk, demokratisk styrt offentleg sektor, som møter folk respektfullt og lydhøyrt
- offentleg eigarskap og styring av kollektivtransport, posttenester, telenett, kraft og vatn
- at tenester som er privatiserte, skal tilbakeførast til offentleg eige og folkevald kontroll
- å overføre meir av den samfunnsnyttige tenesteproduksjonen til offentleg sektor
- gratis tenester innan helse, omsorg og utdanning
- å utvide helseomgrepet til også å gjelde auge og tenner – gratis tannlege og gratis briller
- at eigendelar på høyreapparat vert fjerna, slik at dette blir gratis
- statleg minstesats for sosialhjelp i tråd med tilrådingane frå SIFO (Statens institutt for forbruksforsking), og statleg dekking av sosialhjelpsutgiftene
- å forsvare og styrkje folketrygda
Kapittel 4: Fattigdom
Eit samfunn er aldri betre enn slik som det handsamar dei svakaste. Skilnadene mellom rik og fattig aukar i Noreg i dag, og stadig fleire opplever på kroppen korleis det er å vere fattig. Raudt vil arbeide for å jamne ut skilnadene mellom fattig og rik i Noreg.
I dag er sosialhjelpssatsane altfor låge og varierer i stor grad frå kommune til kommune. Særleg er variasjonen stor når det gjeld barnetillegga. Raudt vil foreslå ein nasjonal standard på sosialhjelpssatsane på nivå med SIFO sitt standardbudsjett for hushald. Finansieringa av sosialhjelpssatsar på SIFO-nivå må skje ved øyremerking av statlege løyvingar.
Raudt arbeider for:
at sosialhjelpsatsane skal opp på SIFO-nivå (Statens institutt for forbruksforsking)
at barnetillegget for mottakarar av arbeidsavklaringspengar må opp på same nivå og regulerast i samsvar med barnetillegget for varig uføretrygd
Betring av dagpengeordninga
Ordninga der det var mogleg å få utbetalt dagpengar i tre år, må gjeninnførast, slik tilfellet var fram til 2003. Med dagens ordning er du berre sikra dagpengar i to år. Dette fører til at mange blir tvinga over på sosialhjelp og ut i unødig fattigdom.
Ferietillegget på dagpengane må gjeninnførast. Å reise på ferie er i dag eit gode som ikkje alle kan nytte. Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at 25 % ikkje hadde råd til å reise på ferie sommaren 2005. Raudt meiner alle skal ha rett til å kunne reise på ferie minst ein gong i året, og kome seg vekk frå heimen sin dersom ein ønskjer dette.
Raudt arbeider for:
at utbetaling av dagpengar i tre år vert gjeninnført og at ferietillegg vert utbetalt
Barnetillegget i trygdeytingane må aukast
Barnetillegget for mottakarar av attføringspengar, rehabiliteringspengar og mellombels uføretrygd skal opp på same nivå og regulerast i samsvar med barnetillegget for varig uføretrygda. I dag får ikkje foreldre som går på attføring eller rehabiliteringspengar, like mykje i barnetillegg som varig uføretrygda.
Overgangsstønaden til eineforsytarar
Fram til 1998 fekk ein overgangsstønad i ti år. Raudt meiner at eit godt tiltak for at eineforsytarar skal kome seg ut av fattigdom, er høvet til å ta høgare utdanning. Eineforsytarar er i dag ei av dei fattigaste gruppene i Noreg. Stønadsnivået må aukast.
Raudt arbeider for:
at overgangsstønaden må aukast og at stønadsperioden vert forlenga frå tre til ti år
Gratis barnehagar
Barnehagen er ein del av utdanningssystemet og ein viktig faktor for at alle barn skal sikrast likeverdige, gode oppvekstvilkår og ein god barndom. Gratis, offentlege barnehagar for alle barn er ein viktig rett for å bekjempe eit klassedelt samfunn.
Gratis SFO
Prisen på SFO-plassar varierer enormt. Det skal ikkje vere bustad og storleiken på foreldra si lommebok som avgjer kva for oppvekstvilkår barn får. Raudt vil arbeide for at gratis SFO-plass vert innført.
Sosial bustadbygging
Noreg treng ei storstilt sosial bustadbygging, der staten og kommunane byggjer utleigebustader med låg husleige. I liberaliseringa av bustadmarknaden har ein teke omsyn til kapitalen framfor menneskjelege behov. Talet på bustadlause aukar, og dei fattige vert viste ut på ein kynisk leigemarknad.
Raudt arbeider for:
- at husbankrenta skal tilbake til 2 prosent, og at låna får minst 50 års avdragstid
- at Husbanken sine lånerammer skal styrkjast, slik at han vert ein bank for folk flest
- statleg finansiering av storstilt kommunal bustadbygging
- at offentlege bustader skal vere vesentleg billegare enn "gjengs leige"
Like rettar for nordmenn, flyktningar, asylsøkjarar og innvandrarar
Dagens regelverk for stønader og trygder vart til i ein periode da det stort sett ikkje fanst asylsøkjarar, flyktningar eller innvandrarar i Noreg. Den norske staten har ikkje greidd å forandre lover og reglar slik at ein tek omsyn til at Noreg er ein del av ei globalisert verd. Raudt vil ha harmonisering av regelverk og lover for å fjerne alle diskriminerande reglar mot asylsøkjarar, flyktningar og innvandrarar.
Ingen med fast opphald i Noreg skal ha mindre enn minstepensjon som alderspensjonist. Om ein pensjonist buset seg utanfor Noreg, får vedkomande med seg pensjon i høve til reell opptening og det talet år vedkomande har vore busett i Noreg.
Raudt arbeider for:
- at asylsøkjarar må få økonomisk hjelp som tilsvarer minst staten sine rettleiande satsar for sosialhjelp, også om asylsøkjaren har fått avslag
- at asylsøkjarar skal ha arbeidsløyve i heile sakshandsamingsperioden
- at dei same trygderettane som gjeld for nordmenn, skal gjelde for flyktningar og innvandrarar
- at innvandrarar må ha rett til vanleg alderspensjon på minstepensjonsnivå frå folketrygda, sjølv om dei ikkje oppfyller krava om butid
Eigendelar i helsesektoren
Raudt vil fjerne alle eigendelar i helsesektoren og innføre gratis tannlege . For at alle skal ha høve til å nytte velferdsgode som lege, medisinar, heimehjelp og liknande, må dette finansierast over skattesetelen, ikkje ved hjelp av eigendelar.
Raudt arbeider for:
- at alle særskattar i form av eigendelar på funksjonshemming, uførleik og sjukdom vert fjerna
- gratis tannhelseteneste
Gebyr og byråkrati
Det er dyrt å vere fattig. Staten er sjølv ein av dei verste til å auke rekningane med purre- og inkassogebyr og går ofte aggressivt laus på dei fattige si lønsinntekt, barnetrygd og kontantstøtte for å få dekkja sine krav. Det er komplisert å vere fattig. Du vert sendt frå kontor til kontor, og du må brette ut stadig fleire sider av livet ditt. Raudt ønskjer ei avbyråkratisering og menneskjeleggjering av det offentlege si førstelinjeteneste.
Raudt arbeider for:
- reglar som avskjer det offentlege sitt høve til å auke sine krav mot einskildpersonar med eigne gebyr og tilleggsbeløp
- lågare tak for gebyr for privat innkreving
- plikt for offentlege kontor til å informere den einskilde brukaren om rettar og plikter som ein må tru har noko å seie for brukaren
Kapittel 5: Eldreomsorg
Eldreomsorg handlar om å gi gamle menneske best moglege føresetnader for å kunne leve eit fullverdig liv. Det dreier seg om å gi nødvendig hjelp, slik at fysisk og psykisk slitasje ikkje hindrar dei i å utfalde seg som verdfulle, skapande menneske. Eldre menneske må sikrast materiell tryggleik etter kvart som jobb og delar av deira vanlege sosiale miljø forsvinn. Dei gamle må få tilfredsstillande helsebehandling, rehabilitering og pleie for å redusere og helst fjerne helseplagene deira. Framfor alt dreier eldreomsorg seg om å sikre menneskjeleg kontakt og leggje til rette for sosial utfalding i ei livsfase der mange etter kvart mistar store delar av sitt vanlege sosiale nettverk. Eldre er ein stor ressurs. Dei har kunnskapar og røynsler som er verdfulle for samfunnet.
Raudt arbeider for:
- å byggje ut eldresenter, kultur- og undervisingstilbod for eldre og sosialt arbeid for eldre
- dagsentertilbod for aldersdemente i alle kommunar, slik at det vert lagt til rette for at dei som ønskjer det, kan bu lenger heime
- gratis tekniske og praktiske hjelpemiddel til eldre, også gratis tryggleiksalarm til dei som treng dette
- auka transportstønad, fleire gratis drosjeturar
- å forsvare folketrygda mot alle kuttforslaga i pensjonsreforma. Minstepensjonen må hevast til 3G (G = grunnbeløpet i folketrygda), og pensjonane må kvart år justerast i takt med lønsutviklinga. For innvandrarar og flyktningar må det inngåast pensjonsavtalar med landet dei kjem frå.
- å byggje ut systemet med reduserte prisar for pensjonistar på reiser og kulturtilbod
- å stø eldre sine interesseorganisasjonar med ressursar
- at det vert oppretta ambulerande team i alle kommunar for å lære opp tilsette på sjukeheimane og i heimetenesta og heimesjukepleia i innsetting og vedlikehald av høyreapparat og andre hjelpemiddel.
Offentleg utbygd eldreomsorg
Raudt tek avstand frå det rådande politiske synet som framstiller eldre menneske først og fremst som ein utgiftspost. Det er eit mål å utvikle samfunnet slik at helsestandarden og levekåra vert betre for alle. Ein konsekvens av dette er at folk lever lenger. For at dette skal bli noko alle har glede av, må ressursbruken i samfunnet planleggjast slik at eldre får eit trygt og innhaldsrikt liv. Ei godt utbygd offentleg eldreomsorg er ein føresetnad for dette.
Offentleg omsorg er i ferd med å verte privatisert pga. kommuneøkonomien. Det at kommunane har dårleg økonomi, tvinger dei til å leggje ned sjukeheimar, skjere ned spesielt på praktisk bistand i heimen og stoppe med alt som ikkje er lovpålagt, t.d. rehabilitering.
Dei som treng omsorg, kjenner at tryggleik er viktigast: dei vil vere trygge på at dei får den omsorga dei treng når dei treng ho.
Det er i dag i heile landet ein tendens til å framstille "omsorgsbustader med heildøgns tilsyn" som likeverdig med sjukeheimar, fordi kommunane då slepp utgifter, som dei veltar over på dei omsorgstrengjande sjølv og noko på staten.
Også innan eldreomsorga vert "innsatsstyrt finansiering" til eit plussord, som gjer den nødvendige omsorga til ein marknadsstyrt storleik, klar for konkurranseutsetting.
I dag må pleiarane springe fortare og gå av jobb full av dårleg samvit for alt dei ikkje har makta å gjere i løpet av arbeidsdagen.
Raudt arbeider for:
- at det skal vere eit offentleg ansvar for å utføre nødvendig omsorg av eldre i éi kjede
- at eldre skal kunne kjenne seg trygge på at dei vil få den omsorga dei til eikvar tid har behov for
- at faglege, ikkje økonomiske, grunnar skal ligge til grunn også for sjukeheimstilbod når det er påkravd
- å styrkje den offentlege eldreomsorga – nei til all privatisering og eigendelar
- å sikre eit differensiert pleie- og omsorgstilbod, der det finst både sjukeheim, aldersheim og omsorgsbustader, samt særskilt innretta tilbod til demente.
- at omsorgsbustader ikkje skal kome i staden for sjukeheimsplassar
- at talet på sjukeheimsplassar må aukast kraftig, slik at dekningsgraden tilsvarer det statlege minstekravet på 25 prosent av talet på eldre over 80 år i alle kommunar.
- at god dekning av behovet for legar, pleiepersonell, aktivitørar, ergoterapeutar og fysioterapeutar til den eldre delen av befolkninga vert sikra
- tilrettelegging for eldre med innvandrarbakgrunn både på institusjonar og i heimebasert omsorg
- at dei eldre vert sikra varm, nylaga, næringsrik middag kvar dag, og at det vert sett av tid til at den einskilde kan ete måltida sine på ein tilfredsstillande måte. Nei til fabrikkmat i eldreomsorga.
- at eldre heimebuande må få tilbod om å leige tilpassa omsorgsbustader.
- at Husbanken har eigne middel for å sikre bygging av omsorgsbustader og refinansiering av marknadsfinansierte omsorgsbustader
- at Stortinget sin lovnad om å finansiere ¾-del av nye sjukeheimar og omsorgsbustader over statsbudsjettet vert innfridd
- at kommunane vert tilført kraftig auka statlege tilskott for å dekkje drifta av eldreomsorga
- lovfesta rett til sjukeheimsplass
Helsetenester
Det er ei sentral oppgåve for kommunen å syte for at alle innbyggjarane får dei helsetenestene og omsorgstenestene dei har behov for. Eigen eller familien sin økonomi skal ikkje avgjere om funksjonshemma, sjuke og gamle får den hjelpa dei har krav på. Den kommunale heimetenesta skal styrast ut frå kva folk har behov for. Dette gjeld også legetenester, sjukeheimsplassar og tilbod om rehabilitering.
Raudt arbeider for:
- styrking av den kommunale ikkje-kommersielle heimetenesta. Hjelpa til eldre i heimen må stå i høve til dei eldre sine allsidige behov. Stans stoppeklokkeomsorga og samlebandstenkinga.
- å avvise stykkprisfinansiering i helsesektoren av di det fører til at eldre sine behov vert nedprioriterte
- at auka i forventa tal på eldre pleietrengande vert møtt med planar for sterk ressursauke til den offentlege helsesektoren
- å avvikle tingar-utførar-modellen for omsorgstenester
Kvinner
Eldreomsorga har mykje å seie for kvinnene i Noreg. Av dei 605 000 som er 67 år og eldre, er nesten 60 prosent kvinner. Dette stig til 75 prosent hos dei som er 90 år og eldre. Dei aller fleste som jobbar innanfor eldreomsorga, er lågtlønte kvinner. Bare innan heimebaserte tenester jobbar ca. 90 000 tilsette.
Av landets 250 000 minstepensjonistar er 89 prosent kvinner.
Raudt arbeider for:
- at dei tilsette i eldreomsorga må gjevast tid til å ivareta behovet for menneskjeleg kontakt og utfalding
- å sikre behovet for fagfolk. I framtidas eldreomsorg må løns- og arbeidstilhøva betrast drastisk.
- at arbeidslivet må ta omsyn til at yteevna vert redusert med alderen. Folk skal ha rett til redusert arbeidstid når kreftene vert mindre.
Kapittel 6: Kommuneøkonomi
Kommunane har det daglege ansvaret for dei fleste offentlege velferdstenestene. Gjennom mange år har stadig fleire oppgåver blitt overførte frå statleg nivå til kommunane. Samstundes har kommunane gjort store og nødvendige investeringar i barnehagar, sjukeheimar, omsorgsbustader og skolar. Dette har medført svært stor gjeldslast, utan at staten har kompensert for dette eller gitt tilstrekkjelege driftsløyvingar.
Kommunane må få ein større del av kaka
Raudt krev at kommunane og fylka får ein større del av verdiskapinga i samfunnet til offentleg velferd. Den mangeårige reduksjonen av bruttonasjonalproduktet (BNP) sin del til offentleg velferd må snuast. Når lokalpolitikarane gjennomfører nedskjæringsvedtaka som partifellane deira på Stortinget har gjort, er det uansvarleg overfor befolkninga.
Folkestyre
Raudt sine politikarar ser det som si viktigaste oppgåve å arbeide for vanlege folk sine interesser. Vi vil vere talsmenn og -kvinner, som ikkje gløymer valprogrammet dagen etter valet. Raudt jobbar aktivt for å mobilisere til og delta i lokal aktivitet og motstand. Dette skjer gjennom mange ulike typar samarbeid med einskildpersonar, lag, interesseorganisasjonar, andre parti og fagorganisasjonar.
Raudt arbeider for:
- at statlege overføringar skal aukast, slik at dei dekkjer kommunane og fylka sine kostnader til ei fullverdig velferdsteneste
- at kommunane og fylka får ein større del av skatteinntektene
- at kommunane vedtek budsjett basert på befolkninga sine behov for tenestetilbod
- å stanse privatisering og marknadsretting av kommunal forvalting
- at tingar-utførar-modellen vert utelukka i kommunane
- tilbakeføring av kommunal verksemd som er privatisert
- ei demokratisering av kommunal verksemd bygd på brukarane sine behov og deltaking frå dei tilsette
- opne budsjetthøyringar i kommunane
- at politikarløner i kommunane vert fastsett ut frå gjennomsnittsløn i KS-området
- å leggje til rette for representasjon for innvandrarar i folkevalde organa
- at lovfesta krav om generelt tilgjenge/universell utforming ifølgje diskriminerings- og tilgjengelova raskt må verte innfridde i alle kommunale og fylkeskommunale bygg
Kapittel 7: Lokaldemokrati
For å få eit levande lokaldemokrati trengst lokal handlefridom frå statleg styring og kontroll. Det er nødvendig med statleg fullfinansiering av oppgåver som vert lagt til kommunane.
Raudt arbeider for:
- at staten fullt ut skal dekkje kostnadene for lovpålagte oppgåver som er gitt til kommunane
- at staten skal slette gjelda kommunane og fylkeskommunane har pådrege seg gjennom fleire år med sveltefôring og stadig fleire tildelte oppgåver frå staten
- større grad av frie inntekter som kan gi rom for lokale prioriteringar og redusere det at dei lokale styresmaktene er avhengige av og har eit klienttilhøve til sentralmakta
- nøklar for fordeling av statlege løyvingar til kommunane, som mykje betre enn i dag tek omsyn til dei lokale tilhøva og dei reelle kostnadene som kommunane har
Levande lokaldemokrati
Demokratiske prosessar som leier fram mot politiske vedtak, skal gå føre seg med og blant folk i alle aldrar, som må gjevast høve til å påverke vedtak som vedkjem kvardagen deira. Målet bør vere lokale løysingar tilpassa lokale behov. Dette inneber fokus på retten til likeverdige tenestetilbod over heile landet med reelt rom for lokale variasjonar, som befolkninga sjølv aktivt deltek i utviklinga av. Dei gode initiativa til forbetring av samfunnet kjem frå innbyggjarane i lokalsamfunnet. Dei verken oppstår i eller vert løyste i eit isolert politisk vakuum. Folk må difor gjevast høve til å engasjere seg, kjempe for saker og ikkje gi opp krav som peiker mot ei meir solidarisk og rettferdig verd.
Raudt arbeider for:
- at det vert etablert aktive lokaldemokratiske organ kor barn og unge får rett og høve til reell innverknad på saker som vert handsama
- tiltak som gjer politiske vedtaksprosessar meir tilgjengelege og opne for alle innbyggjarar
- tiltak som involverer innbyggjarar, tillitsvalde, organisasjonar, brukarar og pårørande i utvikling av kommunale tenester, og at dei vert gitt meir direkte innverknad på sakshandsamingsprosessar fram mot lokalpolitiske vedtak
- å leggje til rette for at lag og organisasjonar som samarbeider med kommunen om tenesteutvikling, vert gitt vilkår som gjer det mogleg å vere reelle deltakarar
- at 16-åringar får røysterett i kommuneval
Dei tilsette i kommunen
Raudt ser på kommunen og eventuelle kommunale selskap som eigedomen til innbyggjarane og som verktøy for å kunne yte gode og likeverdige tenester til alle som treng det. Operatørane av dette verktøyet er kommunens eigne tilsette. Tilsette i norske kommunar er avgjerande viktig for å sikre tilboda som vert vedtekne av lokaldemokratiet, samstundes som dei folkevalde har ei kollektiv arbeidsgjevarrolle i denne samanhengen.
Raudt arbeider for:
- at organisasjonsutvikling i kommunen skjer i samarbeid med tilsette på alle nivå
- tiltak som forkortar vegen frå ide til vedtak, når det gjeld framlegg frå tilsette som kan føre til forbetringar av arbeidsmiljø og arbeidsrutinar på den enkelte arbeidsplassen
- at deltidsstillingar vert erstatta med heile stillingar i kommunane ut frå prinsippet om at ein skal ha rett til full tid og høve til deltid
- at det vert sett i gang forsøk med sekstimarsdag i kommunane
Stat, fylkeskommunar og kommunar (styringsnivå)
Oppgåver og ansvar bør desentraliserast, slik at dei vert løyste nærast mogleg brukarane av velferdstenestene. Oppgåver som krev stor grad av samordning mellom fleire kommunar, bør løysast gjennom interkommunalt samarbeid utan at dette må gå på kostnad av folkevald styring. Statlege oppgåver som i dag ligg hos fylkesmannen, bør ein vurdere overflytta til fylkeskommunen eller til kommunen, med unntak av oppgåver som handlar om tilsyn og kontroll.
Fylkeskommunen bør styrkjast til å verte ein reell regional utviklingsaktør. Framtida for fylkeskommunen vert avgjort no. Raudt ønskjer ein direkte vald fylkeskommune, som har fleire og tydelegare oppgåver. Det er behov for tre styringsnivå; ei utvikling mot ein tonivåmodell med kommunar kombinert med statlege regionar vil etter Raudt sitt syn svekkje demokratiet og den folkevalde styringa.
Raudt arbeider for:
- desentraliserte oppgåver og overføring av ansvar frå stat til kommune/fylkeskommune
- utviding av fylkeskommunen sine arbeidsoppgåver
- å forhindre tvangssamanslåing av kommunar og fylke
- å oppretthalde talet på folkevalde representantar i kommunestyre og fylkesting
Kommunale selskap
Det er innbyggjarane sine behov som skal ligge til grunn for drifta av all kommunalt eigd verksemd. Debattar og diskusjonar bak lukka dører blir snevre og hindrar utvikling med fokus på kva som er viktig for innbyggjarane i lokalsamfunnet. For å sikre demokratisk og deltakande utvikling av dei kommunale tenestene må difor vedtaka lyftast ut av lukka styrerom og inn i kommunestyre og fylkesting.
I kommunar der kommunale føretak og aksjeselskap er etablert, arbeider Raudt for tiltak som sikrar openskap, ryddige tilhøve og folkevald kontroll og styring, samstundes som vi arbeider for avvikling av slike selskap.
Raudt arbeider for:
- avvikling av alle kommunale føretak (KF) og aksjeselskap
- at kommunestyre/fylkesting evt. formannskap skal vere generalforsamling for heileigde kommunale aksjeselskap
- at folkevalde skal utøve aktiv eigarskapsstyring gjennom generalforsamling
- at kommunestyre/fylkesting etablerer retningslinjer for god verksemdstyring av selskapa
- at det vert etablert etiske retningslinjer for selskapa, også retningslinjer som vedkjem miljø
- at det vert etablert skriftlege rapporteringsrutinar mellom generalforsamling og kommunestyre/fylkesting, der desse ikkje utgjer generalforsamling
- at det vert etablert retningslinjer for innkjøp for selskapa
- at det vert gjennomført regelmessige eigarskapskontrollar av selskapa
Kapittel 8: Demokratiske rettar
Raudt ser på kampen for demokratiske rettar som svært viktig i eit samfunn. Raudt stør organisasjonar som kjemper for demokrati og mot byråkratisering, t.d. fagrørsla, kvinnerørsla, miljørørsla og andre interesseorganisasjonar.
I den norske lovgjevinga er det nedfelt ei rekke lover og reglar som uttrykker rett til å motverke makttilhøva. Det omfattar tale-, trykke- og organisasjonsfridom og røysterett i hemmelege val, der ein kan velje mellom fleire parti. Også prinsippa i offentlegheitslova, forvaltingslova, streikeretten og rettstryggleiken er grunnleggjande demokratiske rettar. Dette er lover og forskrifter som må forsvarast. Det sterkaste åtaket på folks demokratiske rettar i Noreg er forsøket på å få landet inn i EU. Eit anna åtak er nye og vagt formulerte lover mot terror, som opnar for auka overvaking og forfølging av folk. EU sitt datalagringsdirektiv er ein lekk i dette, og Stortinget må difor nytte reservasjonsretten i EØS-avtalen og leggje ned veto.
Om val vert gjennomførde i ukontrollerte omgjevingar, til dømes over internettet, kan ein ikkje garantere at dei er frie og hemmelege. Val over internettet vil også gjere valprosessen mindre gjennomsiktig for veljarar flest.
Raudt arbeider for:
- fullt innsyn i politiet og forsvaret si politiske overvaking etter 1945 og avskaffing av dagens overvakingspoliti. Dei ansvarlege for overvakinga må stillast til ansvar. Personar som dette vedkjem, må få ei unnskylding.
- at det vert vedteke ei permanent innsynslov
- at lovgjevinga for arbeidsmiljø og streikerett ikkje vert uthola
- at alle tilsette har full ytringsfridom om arbeidstilhøve og innsynsrett i alle tilhøve som vedkjem arbeidsplassen, bortsett frå slikt som kjem inn under vanleg teieplikt
- ei lov om arbeidarkontroll i både offentlege og private bedrifter
- at tillitsvalde skal ha rett til å undersøke alt som gjeld økonomi og rekneskap hos arbeidsgjevaren
- det skal vere straffbart for ein arbeidsgjevar å mobbe eller trakassere dei som gjer bruk av denne retten
- veto mot EU sitt datalagringsdirektiv
- at val i Noreg ikkje skal gjennomførast over internettet
Privatisering
Omdanning av offentleg verksemd til føretak og aksjeselskap, samt privatisering og sal av offentleg eigedom og ressursar, er innskrenkingar av demokratiet. Vedtak vert overførte frå politiske organ til lukka styrerom. Raudt meiner at den omfattande liberaliseringa og privatiseringa av statlege selskap og kommunale tenester er eit grunnleggjande demokratisk problem. Privatisering inneber at kontrollen forsvinn frå folkevalde organ.
Korrupsjon
Korrupsjon i forvaltinga har i dag i hovudsak karakter av at høgtlønte byråkratar og topp-politikarar utviklar eit tett samarbeid med lobbyistar og utgreiings- og konsulentfirma, som kjøper seg fordelaktige vedtak og medverking til vedtak. Dei siste åra har vi også sett fleire døme på at folk i høge offentlege stillingar har misbrukt stillingane sine til å oppnå eigen rikdom.
Raudt arbeider for:
- opne møte i alle offentlege styringsorgan og utval med unntak for handsaming av personsaker
- full offentlegheit om alle styreverv, aksjepostar, økonomiske godtgjersler og organisasjonsverv for alle politikarar i kommunestyre, fylkesting, storting og regjering.
Monopolisering av media
Medium og kulturelle institusjonar vert kjøpte opp gjennom omdanning til aksjeselskap, reklamefinansiering og sponsing. Størst fare for ytringsfridomen og ytringstilhøva er monopoliseringa av eigarskapen i massemedia og åtaka på produksjonsstøtta til aviser. Også krava til lønsemd og forretningsdrift for kulturelle institusjonar er ein overhengande fare.
Raudt arbeider for:
- auka pressestøtte som sikrar mangfaldet
- offentleg støtte til nærradiostasjonar
- alle landsomfattande parti som stiller lister i stortings-, kommune- og fylkestingsval, må sikrast god dekning i riksdekkjande radio og tv
Statleg rasisme og politimakt
Innvandrings- og asylpolitikken norske styresmakter fører, er ei sterk innskrenking av dei demokratiske rettane. Politiet sine aksjonar mot innvandrarar for å kontrollere om dei har opphalds- og arbeidsløyve, er – i tillegg til å vere grove rasistiske overgrep – også eit trugsmål mot dei demokratiske rettane i heile samfunnet. Politiet sine brutale aksjonar mot demonstrantar og høge bøter for ulovlege demonstrasjonar er angrep på ytringsfridomen og vil få alvorlege følgjer om dei får halde fram.
Raudt arbeider for:
utvida rett til demonstrasjonar. Inga avgrensingar av kor mange demonstrantar som er tillete. Bøteterroren mot demonstrantar må stoppast.
Religions- og livssynsfridom
Noreg er i dag eit fleirkulturelt og fleirreligiøst samfunn. Raudt er for full religions- og livssynsfridom. Dette står i motsetnad til å ha ein offentleg statsreligion. Vi går difor inn for skilje mellom stat og kyrkje. Staten skal vere religiøst og livssynsmessig nøytral og vernande. Det er ikkje eit spesielt statleg ansvar at trus- og livssynssamfunn skal ha eit økonomisk grunnlag for si verksemd. Dei må handsamast på lik linje med andre friviljuge organisasjonar som søker støtte til verksemda si. Raudt meiner det er ein rett for eitkvart trus- og livssynssamfunn å etablere seg, men vi kan ikkje akseptere aktivitetar som bryt med norsk lov, slik som f.eks. likestillingslova.
Raudt vil ha eit filosofi-, livssyns- og religionsfag som ikkje favoriserer enkelte trusretningar. Elevane i grunnskolen må få ei nøytral opplæring om ulike ideologiar og religionar. Inntil eit slikt fag er etablert, må det innførast full fritaksrett. Raudt vil ha ein religions- og livssynsnøytral skole.
Likehandsaming
Det må bli reell likestilling når det gjeld tilgang til religiøs og livssynsmessig omsorg ved store ulukker, på sjukehus, i fengsel og i forsvaret. Kommunane må disponere lokale der det er mogleg å leggje til rette for seremoniar tilpassa dei ulike trus- og livssynssamfunna sine behov. Raudt meiner at Samarbeidsrådet for trus- og livssynssamfunn, som representerer dei fleste trus- og livssynssamfunna i Noreg, er ein viktig samarbeidspartnar, ikkje berre for Kyrkje- og kulturdepartementet, men også for Utanriksdepartementet i religiøse spørsmål.
Raudt arbeider for:
- å innføre ein livssynsnøytral formålsparagraf i skolen
- å skilje stat og kyrkje
Innfør republikk
Raudt meiner at kongedømmet er ei forhistorisk attlevning og er difor for å avskaffe kongedømmet og innføre republikk.
Kapittel 9: EU og EØS
Dei siste tiåra har det vakse fram regionale frihandelsområde i alle delar av verda som ledd i den kapitalistiske globaliseringa. Utviklinga blir støtta opp av eit overnasjonalt nettverk og mektige internasjonale institusjonar, som Verdas handelsorganisasjon (WTO), Verdsbanken og Det internasjonale pengefondet (IMF). I praksis er det eit regelverk basert på nyliberalisme, dvs. frie kapital- og varerørsler og minst mogleg folkevald styring. I Europa er det Europaunionen (EU) som er det viktigaste uttrykket for dette.
Raudt arbeider for:
at Noreg ikkje vert medlem av EU
EØS-avtalen
EU arbeider for å skape ein grenselaus marknad og å gjennomføre regionalt det dei andre institusjonane gjer globalt. EU si utviding til Aust-Europa er viktig for å nå dette målet. EØS-avtalen blei vedteken av Stortinget i mai 1993, utan at avtalen vart lagt fram i stortingsval. EØS-avtalen er ein avtale med ein dynamikk som innfører stadig meir av EU si lovgjeving i Noreg og bryt ned folk sine rettar på alle nivå i forfatninga.
Som følgje av EØS-avtalen er også Noreg tvinga til å innføre alle lover som gjeld EU sin indre marknad. Skiftande norske regjeringar stør aktivt opp om nyliberalisme og kapitalistisk globalisering, ikkje minst gjennom EØS-avtalen. Dei stør også den same politikken gjennom WTO, likt med andre land i Europa. Den norske storkoalisjonen i EU-saka, Arbeidarpartiet og Høgre, stør interessene til dei største kapitalgruppene. Utmelding av EØS er nødvendig for å ta tilbake nasjonal styring på viktige område og for å forsvare den nasjonale sjølvråderetten.
Raudt arbeider for:
å få sagt opp EØS-avtalen
Sjølvråderetten
I tillegg til å vere eit frihandelsområde tek EU stadig meir form av ein superstat med eigen domstol, regjering og militærvesen. Dei handhevar dei økonomiske og politiske interessene sine i skarp konkurranse med alle andre økonomiske stormakter, ikkje minst USA og Japan. Dette er eit trugsmål mot sjølvråderetten til alle EU sine medlemsland som er mindre enn dei tre store: Tyskland, Frankrike og Storbritannia. Privatisering og angrep på faglege rettar vert gjennomført med bakgrunn i EU-vedtak. Høvet til å slå tilbake desse åtaka gjennom å leggje press på nasjonale politikarar vert mindre og mindre. Raudt vil samarbeide med alle som vil gjenerobre og forsvare den norske sjølvråderetten.
Raudt arbeider for:
- å gjenerobre og forsvare norsk sjølvråderett
- å kjempe mot angrep på faglege rettar med bakgrunn i EU-vedtak
- å hindre norsk tilknyting til euroen
Schengen
Gjennom Schengen og andre tilsluttingsavtalar er Noreg underlagt store deler av EU sin felles justispolitikk. I Schengen finst ingen vetorett, her må Noreg godta alt EU bestemmer, elles blir avtalen oppsagt. Dette har ført til ei skremmande togn om Schengen, både på Stortinget og i den offentlege debatten. Schengen sine personregister tener både til å overvake og kontrollere politisk opposisjon innanlands og til å stenge flyktningar ute. SIS-registeret inneheld millionar av personopplysingar. Det overveldande fleirtalet av dei som er registrerte, er det EU kallar uønskte utlendingar, og ikkje kriminelle, slik Schengen-tilhengarane vil ha det til. Schengen-registra vert brukte mellom anna til å kontrollere politiske aktivistar som kryssar grenser til EU- og Schengen-land. Raudt vil difor vere med på å setje søkjelys på dei demokrati- og rettstryggleiksproblema som Schengen inneber.
Raudt arbeider for:
å si opp Schengen-avtalen
Europol
Noreg sluttar seg stadig til nye delar av justispolitikken til EU, utan debatt. I 2001 gikk Stortinget samrøystes inn for norsk tilslutnad til EU-politiet Europol. Gjennom tilslutnad til Dublin-konvensjonen legg også EU sterke føringar på den norske asylpolitikken. Prinsippa her er at avslag i eitt land betyr at asylsøknaden ikkje skal vurderast i andre land.
Dei nye rørslene
Raudt ser også på kampen mot EU som ein del av kampen mot den internasjonale kapitalismen, inkludert kapitalismen i Noreg. Ved inngangen til det 21. hundreåret har det vakse fram ei global og grenseoverskridande rørsle mot nyliberalismen. Raudt ser det som ei viktig oppgåve å knyte denne rørsla opp til kampen mot EU og EØS-avtalen for å få nye grupper med i nei-fronten. Samtidig vil vi kombinere aktivt arbeid i Nei til EU med kritikk av kapitalisme og imperialisme.
Nei til EU
Nei til EU er det organiserte uttrykket for EU-motstanden i Noreg. Raudt stør og deltek aktivt i Nei til EU og meiner det er viktig å styrkje denne organisasjonen. Samstundes vil vi delta i organisasjonar som reiser motstand mot nyliberalismen meir generelt, og knyte dette arbeidet opp til kampen mot EU. Å melde Noreg inn i EU er i strid med Grunnlova. I tråd med dette vil Raudt på Stortinget stemme nei til medlemskap uavhengig av resultatet av ei folkerøysting.
Lisboatraktaten
Lisboatraktaten er eit avgjerande steg for å danne eit føderalistisk EU og ein ny superstat. Markedsliberalismen vert traktatfesta og gjev Brussel enda større makt framføre nasjonalstaten. Lisboatraktaten styrkar argumenta for at Noreg bør stå utanfor EU.
Raudt arbeider for:
- å hindre norsk tilknyting til den europeiske tryggleiks- og forsvarspolitikken gjennom ESDP (European Security and Defence Policy)
- å styrkje organisasjonen Nei til EU
- å byggje alliansar med andre nei-organisasjonar i Noreg
- å delta i Team-samarbeidet (The alliance of EU-critical movements)
- å utvikle faglege og andre kontaktar med EU-motstandarar i EU og i dei nye søkjarlanda
- å ta opp EU og EØS i valkampar
- at EU sitt grunnlovsutkast vert omsett til norsk
Kapittel 10: Skatt
Dagens byråkratiske og innfløkte skattesystem er skreddarsydd for det rikaste mindretalet. For å sikre at dei slepp billeg unna, er det innført ordningar som er ekstremt kompliserte og kostbare å administrere og som opnar tallause smetthol. Eit nytt døme på dette er dei nye skattereglane for aksjonærar og aksjeselskap, som m.a. omfattar ordninga der alle aksjeselskap er fritekne for skatt på aksjeinntekter.
Formueskatten er lagt opp slik at lønstakarar og pensjonistar med nokre sparekroner i banken vert kontrollerte til siste krone, medan dei med høge formuar og gode skatterådgjevarar i praksis kan sjå på han som ein friviljug skatt.
Raudt vil i staden ha eit enkelt og progressivt skattesystem, med hovudvekt på direkte skatt på inntekt og formue. Inntektsskatten bør senkast for låge inntekter, samstundes som dei med svært høge inntekter bør betale høgare skatt enn i dag. Aksjeutbyte må skattleggjast fullt ut. Kapitalistane sine ulike inntekter frå det arbeidet andre har utført, vert kalla kapitalinntekt. Raudt meiner at slike inntekter bør skattleggjast hardare enn inntekt frå eige arbeid. Skattesystemet må utformast slik at det ikkje lenger løner seg å drive med finans- og eigedomsspekulasjon framfor å investere i nyttig produksjon og tenesteyting.
Som eit første steg vil Raudt endre skattelovgjevinga slik at aksjeutbyte og andre former for kapitalinntekt må skattleggjast etter same regler som gjeld for lønsinntekt frå eige arbeid. Det tyder at alle former for skattefrie "skjermingsfrådrag" på kapitalinntekt vert fjerna frå skattelovgjevinga, og at det vert progressiv skattlegging også av kapitalinntekt. Skattereglane i Noreg er særleg innretta på å favorisere dei passivt snyltande kapitalistane. Blant anna har Ap og Høgre bokstaveleg talt konkurrert om å skreddarsy dei beste opplegga for at norske skipsreiarar skal sleppe å betale skatt.
Innrettinga av skattesystemet avspeglar klasseinteressene til den herskande klassen. Gjennom mange år har det skjedd ei omlegging frå skatt på inntekt og formue til ein skatt på forbruk. Skatt på forbruk råkar spesielt hardt dei som har dårleg råd, fordi dei må forbruke heile inntekta – og meir til. Sjølv med stort personleg forbruk vil dei fleste rike berre forbruke ein liten del av inntekta si, og difor er det gunstig for dei å skattleggje forbruk i staden for inntekt. Skattesystemet bør først og fremst baserast på skatt på inntekt og formue. Raudt vil avskaffe meirverdiavgifta på tenester og vanlege hushaldsvarar. Raudt er for avgifter på reklame. Avgifter kan også vurderast brukt for å fremme miljø- og helsepolitikk.
Eigedomsskatt er ei passande skatteform når han vert retta inn mot rikfolk sine eigedommar. Samstundes er det viktig å hindre at eigedomsskatt vert ein bustadskatt som først og fremst gir folk flest høgare bukostnader. Å innføre slik bustadskatt er eit gale svar på ein dårleg kommuneøkonomi, som i staden må sikrast gjennom større overføringar. Ein riktig profil på eigedomsskatten kan ein oppnå om ein legg inn eit stort botnfrådrag, slik at bustader av vanleg standard fell utanfor eigedomsskattlegginga.
Raudt ser på eigendelane på heimetenester, legehjelp m.m. som særskatt på sjukdom, alderdom og funksjonshemming. Raudt vil difor fjerne alle slike særskattar.
Dei etatane som krev inn skatt, må styrkjast, og innsatsen deira må rettast mot dei rike sitt skattesnyteri.
Raudt arbeider for:
- at folk som tener under 3G (ca 210 000 kroner i 2008), ikkje skal betale skatt. Da vert også frikortgrensa auka til 210 000 kroner.
- at også kapitalinntekt skal skattleggjast med toppskatt og trygdeavgift
- at alle former for "skjermingsfrådrag" vert fjerna på aksjeutbyte og anna kapitalinntekt
- at høgaste trinn på toppskatten skal ramme inntekt over 600 000 kroner, og at satsen vert auka frå 12 prosent til 25 prosent
- at fagforeiningskontingent skal ha frådragsrett fullt ut, utan beløpsgrense
- å fjerne reglar og praksis som gir rikfolk høve til å sno seg unna formueskatt, og å heve nedre grense slik av vanlege arbeidsfolk si formue ikkje vert skattlagt
- å innføre (eller skjerpe) eigedomsskatt på luksusbustader og på næringsbygg, og innføre botnfrådrag som fjernar eigedomsskatten på bustader med vanleg standard.
- å skattleggje aksje-, finans- og valutatransaksjonar, blant anna med såkalla tobin-avgift, som er foreslått til 0,1 % av alle valutahandlar
- å fjerne meirverdiavgifta på tenester og vanlige hushaldsvarar
- å fjerne all særskatt på funksjonshemming, uførleik og sjukdom (såkalla "eigendelar")
Kapittel 11: Energi
Den relative rikdommen og velferda vi har i Noreg, har hatt som ein viktig føresetnad at dei store energiressursane har blitt forvalta ut frå eit ønske om å byggje landet, og ikkje berre gjere raske pengar. Dette har vore basert på ei sterk nasjonal, politisk styring av utviklinga av først vasskrafta, og så dei store petroleumsressursane.
Det er Raudt sitt prinsipielle syn at dei enorme energiressursane er menneskja sitt felleseige, og at dei skal forvaltast til fellesskapens beste. Dei ressursane som tilfeldigvis finst i landet vårt, er det vårt ansvar å sikre at vert forvalta med sikte på økologisk berekraft, og å sikre utvikling og velferdsgode for folk flest. Dette står i klar kontrast til å sikre maksimal profitt for storselskap. I tillegg har vi eit ansvar for å sikre også den samiske nasjonen sin rett til innverknad på forvaltinga av naturressursane.
Mot marknadsstyring
I dag er den folkevalde kontrollen med både vasskrafta og olje- og gassførekomstane under åtak. Vasskrafta vert selt på europeiske kraftbørsar, og Statoil har blitt delprivatisert. Konsesjonslover er avvikla eller svekte, og den nasjonale kontrollen over energiressursane er under hardt press. For Raudt er det ei sentral oppgåve å jobbe for folkeleg kontroll og mot privatisering og marknadsstyring av energisektoren. Liberaliseringa får også alvorlege følgjer for forbrukarane, gjennom auka og meir ustabile prisar, også på heilt nødvendig energibruk.
Raudt arbeider for:
- Nasjonal, demokratisk kontroll av energiressursar, inkludert vasskraft og petroleumsproduksjon
- Stans i store nye utbyggingar av vasskraft, i staden ei nasjonal satsing på opprusting av eksisterande kraftverk og linjenett
- Tilbakekjøp av selte kraftverk og energiselskap. Vi vil leggje StatoilHydro under nasjonal kontroll.
- At inntil EØS-avtalen er sagt opp, må Noreg krevje unntak for heile energisektoren. Freistnader på å undergrave heimfallsretten må avvisast.
Slutt å brenne opp olja!
Noreg framstår som ein miljøversting i og med oljeproduksjonen som norske selskap driv i utlandet, og ved det høge utvinningstempoet på norsk sokkel. Profitthugen kjenner ingen grenser. Denne utviklinga må verte stoppa.
No kastar oljekapitalen inn store ressursar for å få starta utvinning i områda utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja. Desse områda er spesielt sårbare og svært viktige for fiskerinæringa. Difor er den viktigaste miljøsaka for Raudt no å stoppe seismikkskyting og hindre oljeboring i desse områda. Gjennom eit breitt, tverrpolitisk samarbeid i m.a. ”Folkeaksjonen oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja” kan denne kampen vinnast.
Energiproduksjon fører til store miljøproblem, både i form av inngrep og i form av utslepp, både direkte i produksjonen, og gjennom klimagassutslipp som følgje av olje- og gassproduksjon. Raudt meiner økologiske omsyn må ha forrang framfor reine økonomiske omsyn i forvaltinga av energiressursane. For å møte klimatrugsmålet er det avgjerande å satse på utvikling av miljøvenleg, fornybar energiproduksjon. Raudt vil ha ei storsatsing på dette, og vi går inn for at det vert sett av 100 milliardar kroner til forsking, utvikling og bygging av kraftverk, vindkraft og andre kraftproduserande einingar innan ulike former for fornybar energiproduksjon.
Raudt krev vidare ei opprusting av linjenettet og utvida kraftproduksjon i eksisterande regulerte vassdrag, ved bygging av nye kraftstasjonar og modernisering av eksisterande. Raudt meiner gasskraftverk er unødvendig og miljøskadelig, og vi går mot bygging av slike verk. Dersom dei likevel vert bygde, må det vere eit ufråvikeleg krav om fullskala CO2-reinsing og deponering.
Bruk av agro- og biodrivstoff skal ikkje fortrenge andre land sin matproduksjon. Det må lagast langsiktige risikoanalysar som heilskapleg miljørekneskap, om inngrep i naturen og urfolksrettar.
Brenning av agrodrivstoff fører ikkje til omfattande auke av CO2 i atmosfæren, men klimagassutslipp kan førekome i verre grad når bruken av eit landområde vert endra. For eksempel blir det frigjort store mengder CO2 når ein høgg skog og erstattar området med dyrka mark.
Rødt arbeider for:
- at Noreg må redusere olje- og gassproduksjonen vesentleg. Ingen nye leite- og utvinningsløyve.
- ein langsiktig plan for utvinning av olje og gass i Nordsjøen med mål å redusere utvinningstempoet og likevel sikre stabile leveransar til fastlandsindustrien
- å elektrifisere plattformene på norsk sokkel.
- petroleumsfrie område utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja, i Barentshavet, på Mørekysten og i Farsundsbassenget
- at TFO-ordninga (tildeling i førehandsdefinerte område) vert avvikla
- inga seismikkskyting eller oljeboring utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja
- å overføre forskingsmiddel frå atomkraft til miljøvenleg energi og avvise alle planar om å byggje atomkraftverk i Noreg
- auka statlege tilskot til enøk-tiltak som varmepumper og betre isolering
- auka statlege tilskot med mål å bruke vassboren varme i nye bustadfelt og offentlege bygg
- ingen store nyutbyggingar av vasskraft
- offentleg utbygging av mini- og mikrokraftverk, der dette ikkje er i strid mednasjonale og lokale interesser
- utvikling av bølgjekraftverk, samt flo- og fjærekraftverk
- toprissystem for straumleveransar til hushalda, med rimeleg straum til basisforbruk og dyr straum til overforbruk
- ei helhetleg omlegging av norsk industri, for å sikre at utfasing av petroleumsverksemd og stadig strengare krav til utslippskutt ikkje går ut over sysselsetting og verdiskaping
Kapittel 12: Klima og miljø
Kortsiktig økonomisk tenking og planlegging pregar dagens samfunn. Med ein produksjon basert på maksimal profitt kjem omsynet til miljø og berekraftig utvikling aldri i første rekkje. Internasjonale miljøavtalar vert ikkje følgde opp, føre-var-prinsippet vert sett til side, og ikkje-fornybare ressursar vert brukte opp utan tanke for framtidige generasjonar. Raudt meiner klimaendringane viser kor nødvendig det er med ei djuptgripande samfunnsendring, ein revolusjon, for å tryggje livsgrunnlaget på jorda. Ein slik revolusjon er mogleg og vil vere den mest omfattande i menneskja si historie. Det hastar med å bringe forbruket av naturressursar og energi i balanse med bereevna til det globale økosystemet.
Den rike delen av verda må redusere sitt ressursforbruk, samstundes som den fattige delen av befolkninga i den tredje verda aukar sitt. Rike land, som har hovudansvaret for miljøproblema vi i dag står ovanfor, må satse tungt på utvikling av ny miljøteknologi og omlegging til fornybare og alternative energikjelder. Denne miljøvenlege teknologien må delast fritt og utan vederlag, slik at det blir mogleg for oss å leve på jorda utan å øydeleggje ho.
Energi og miljø
Raudt meiner at Noreg, med den rike tilgangen vi har på naturressursar, har ei internasjonal plikt til å satse på forsking og utvikling innan energi- og miljøteknologi. Det høge norske energiforbruket er verken berekraftig eller solidarisk, og det påfører oss store framtidskostnader. Eit høgt og aukande energiforbruk medfører for stor forureining og skadelege naturinngrep. Fossil brensel som olje medverkar til klimaendringar og sur nedbør.
Norge er verdsleiande på kraftintensiv industri basert på vasskraft. Denne verksemda og den kompetansen som er knytta til ho, er det viktig å vidareutvikle som eitt av midla til å nå ei verd basert på fornybar energi.
Raudt arbeider for:
- at norsk kunnskap om miljøproblem og miljøteknologi må stillast vederlagsfritt til rådvelde for land i den tredje verda
- at miljøaspekta skal inn i all teknisk forsking
- at forsøka med atomkraft i Noreg må stoppast
- å stoppe bygginga av forureinande gasskraftverk
- forsking på og vidare utvikling av gasskraftteknologi med CO2-reining
- at det norske energiforbruket må reduserast vesentleg, elektrisk kraft og stasjonær oppvarming må dekkjast av fornybare kjelder
- at det må stillast strengare krav til energibruk for nybygg, vedlikehald av bygningar og utbygging av nye bustadfelt
- ei kraftig styrking av statlege økonomiske støtteordningar og stimuleringstiltak til kommunane for bruk av vassboren varme og annan alternativ energi
Internasjonale avtalar og forhandlingar
Verda står overfor dramatiske, menneskeskapte klimaendringar. Dette er eit problem som råkar menneske og miljø, og dei fattige vert råka hardast. Noreg ratifiserte Kyoto-avtalen i 2002, og Raudt meiner det er på høg tid med konkrete planar for å kutte utsleppa i Noreg. I staden for at norske utslepp har blitt trappa ned, har dei auka drastisk, samstundes som vi kjem nærare uopprettelege klimaendringar. Raudt meiner at Noreg må ta klimaendringane på alvor og forplikte oss til reduksjon i norske klimagassutslepp tilsvarande det nivået forskarane meiner er nødvendig. Raudt meiner at norske utsleppskutt skal skje i Noreg, og at eventuelle tiltak i utlandet – som kvotekjøp eller skogvern – må kome i tillegg til kutt i Noreg, ikkje i staden for. Raudt er mot kvotekjøp i utviklingsplan, fordi dette fungerer både usolidarisk og nyimperialistisk.
Raudt meiner Noreg bør gå fremst for å få redusert klimagassutsleppa, både fordi økonomien vår tilseier det, og på grunn av dei store utsleppa frå norsk olje og gass. Utsleppskutt i Noreg treng ikkje vente på at internasjonale forhandlingar fører fram til ein ny forpliktande avtale, men kan derimot bidra til at ein slik avtale vert mogleg.
Raudt arbeider for:
- at Noreg skal redusere klimagassutslepp tilsvarande det nivået FN sitt klimapanel meiner er nødvendig, per 2010 inneber det 40 % kutt frå 1990-nivået innan 2020
- at Noreg skal gå i fremste rekkje i internasjonal klimaforsking ved å gjennomføre konkrete utsleppskutt i Noreg
- auka satsing på forsking og utvikling av energisparande teknologi og nye fornybare energikjelder, som også vert stilte til disposisjon for utvikling og klimatilpassing i fattige land
Avfallshandtering
Raudt arbeider for:
- reduksjon av avfallsmengder gjennom krav til emballasjereduksjon og avgifter på produkt med unødig og miljøfarleg emballasje
- tilrettelagt sortering og innsamling av avfall i alle kommunar
- haldningsendrande tiltak mot forsøpling av det offentlege rom, tilstrekkjeleg mengde arbeidskraft og effektive straffetiltak, som bøter.
Miljøgifter
Raudt arbeider for at føre-var-prinsippet må leggjast til grunn for om det kan gjevast løyve til bruk av nye kjemikalie i forbruksvarar. Vi vert dagleg eksponert for stoff som kan vere skadelege både for menneske og miljø, aleine eller i samspel med andre stoff. Raudt arbeider for at det skal gjevast nok ressursar til ei forsvarleg opprydding av både nytt og gamalt miljøgift-avfall.
Raudt arbeider for:
- at ingen nye kjemiske stoff vert godkjende før det er dokumentert at dei ikkje kan skade menneske eller miljø
- at det vert løyva pengar til å overvake og rydde opp i gamle giftdeponi, til lands og langs kysten
Biologisk mangfald
Raudt arbeider for:
- å sikre levedyktige norske bestandar av dei store rovdyra, som er ein del av det biologiske mangfaldet
- at norske naturressursar må forvaltast slik at artsmangfaldet og evna til oppretthalding ikkje vert redusert
Verneinteresser
Raudt arbeider for:
- at norske naturressursar og det biologiske mangfaldet må forvaltast på ein bærekraftig måte som gjer det mogleg å oppretthalde og utvikle nærings- og livsgrunnlaget i lokalsamfunn i distrikts-Noreg
- at norske villmarksområde må vernast mot storstilt hyttebygging utanfor allereie utbygde område
- å sikre vern av viktige område langs kysten ved å utarbeide plan over område som bør vernast mot utbygging av vindkraft, bølgjekraft, saltkraft og andre energikjelder, tilsvarande samla plan for vassdrag
- full etableringsstopp for golfbanar inntil det er utarbeidd eit nasjonalt planverk, som forviser golf til areal som tyder lite for matproduksjon og naturvern
Kapittel 12: Fisk
Fiskeressursane utanfor kysten vår er ein av verdas viktigaste maritime matressursar. Dei skapar den største eksportnæring vårt basert på ein fornybar ressurs. Noreg forvaltar eit av verdas beste oppvekstområde for fisk. Difor har vi eit internasjonalt ansvar for å ta vare på fleire av dei viktigaste matfiskane i verda. Dette føreset full nasjonal kontroll over fiskeressursane i havområda våre. Den internasjonale havfiskeflåten vil fiske uhemma på alle hav. Difor må Noreg i samarbeid med andre kyststatar gå til utviding av den økonomiske sona, slik at smetthav og smetthol vert tetta att og underlagt full kontroll.
Regulert fiske
Raudt vil tryggje eit økologisk forsvarleg fangstnivå for å bevare villfisken. Det fiskeripolitiske målet til Raudt er å oppretthalde kystflåten som ryggraden i norsk fiskerinæring og sikre ei desentralisert vidareforedling av fisken langs heile kysten. Fabrikkskipa skal bort frå våre farvatn. Havfiskeflåten skal byggjast ned, men samtidig ha leveringsplikt til dei næraste fiskemottaka. Raudt vil strengt regulere oppdrett og akvakultur, slik at desse ikkje fortrenger eller svekkjer dei ville fiskebestandane. Oppdrettsnæringa har ein svært sterk kapitalkonsentrasjon, og nokre få konsern kontrollerer no heile næringa. Det er ikkje lenger kysten si næring, men vert styrt frå børsen og Aker bryggje.
Raudt går mot omsetting av fiskekvotar, men fisket må regulerast for å sikre bærekraftige ressursar. For båtar over 15 meter krev Raudt at regulering også skjer gjennom konsesjonstildeling.
Kampen mot privatisering av fiskeressursane
Det største trugsmålet mot fiskeressursane er investeringspresset og høge krav til kapitalistisk avkasting, og ikkje at det er for mange fiskarar eller sjarkar. Raudt slåst mot den rådande fiskeripolitikken, som går ut på å rane ressursane frå kyst- og fjordbefolkninga. Profittjaget trugar både naturressursane, kystfiskarane, distrikta og miljøet. Framover utgjer olje- og gassverksemda i Barentshavet eit aukande trugsmål mot fiskeressursane.
Raudt gir full støtte til kystfiskeutvalet sitt framlegg for fiskeria i Finnmark.
Raudt arbeider for:
- full nasjonal kontroll over fiskeressursane
- at allemannsretten på havet må sikrast mot utholing og sal/kjøp av haustingsretten
- at konsesjonar og kvoteordningar må fordelast etter distrikt og forankrast der
- å stoppe alt fiske i vernesona rundt Svalbard for å sikre oppvekstområda for fisk
- å styrkje kystvakta, auke talet på seglingsdøgn i Barentshavet
- å styrkje flyovervaking av havområda
- at tildelte kvotar vert tilbakeførte til fellesskapet om fartøyet vert selt eller kondemnert
- ei streng regulering av trålarflåten. Kvotar må overførast til kystfiskeflåten.
- å stanse all eksport av rundfrosen fisk frå fryselagra
- at staten må ta del i oppbygging, fornying og sikring av mottaksanlegg i kyst- og fjordområda
- større samisk representasjon i Reguleringsrådet
- at Sametinget må delta som part når fjordfisket vert regulert
Kapittel 14: Landbruk
Raudt er for eit sterkt landbruk som baserer seg på lokale ressursar i distrikts-Noreg og som driv innanfor økologisk forsvarlege rammer. Eit slikt landbruk er ein føresetnad for å brødfø alle som bur på jorda. Det er også nødvendig for å unngå ressursøydelegging og dei helse- og dyrevernproblema som systematisk følgjer i kjølvatnet av industrijordbruk og frihandel med mat. Landbruket må i større grad enn i dag baserast på lokale ressursar. Dette er også nødvendig for å tryggje busetting i distrikta og nasjonal sjølvråderett. Bruk av kunstgjødsel, kraftfôr, antibiotika og biocid må reduserast. Innanfor økologisk forsvarlege rammer bør dyrka areal og talet på bruk aukast. Den norske utmarka er ein ressurs og ein nøkkel for å kunne ha lokal kjøttproduksjon i distrikta. Målet om å verne det biologiske mangfaldet må ikkje fortrenge lokale saue- og geitebønder, men kan stille krav til endra driftsformer.
Raudt arbeider for:
- å stoppe nedskjeringane i overføringane til landbruket
- at landbruksoverføringane over landbruksavtalen må vere for arbeidet bonden gjer, og ikkje gå til profitt for landbruksmonopol, maskinbedrifter og gjødselgiganten Yara
- at støtteordningane bør fremme kombinasjonsdrift – landbruk i kombinasjon med andre næringar
- at økologisk jordbruk, skogbruk og reindrift må bli oppmuntra gjennom særskilde støtteordningar
- at kjøttproduksjonen i større grad må bygge på lokale ressursar og mindre kraftfôr
Konsesjonslova
Ein stor del av det norske arealet er landbrukseigedom. Lovene som regulerer eigedomsretten i landbruket, er for tida under press. Formålet med konsesjonslova og andre lover som regulerer jordeigedom, er å sikre at ressursane skal vere tilgjengelege for dei som bur på staden og utnyttar ressursane. Eit allsidig jordbruk er nøkkelen til lokal ressursforvalting. Raudt vil gå mot at lokal eigedomsrett og bruksrett vert fortrengt til fordel for fritids- og ferieformål, og vi vil arbeide for å styrkje lovverket som regulerer jord- og skogeigedom.
Raudt arbeider for:
- å styrkje lovverket som regulerer eigedomsrett til jord, slik at lokal eigarskap og ressursutnytting vert sikra
- å sikre statlege støttetiltak som kompenserer for bøndene sitt tap ved å oppretthalde levedyktige rovdyrbestandar
- at sjølvbergingsgraden vert oppretthalden
- at Sametinget fastset eit øvre tal på reinsdyr per distrikt per driftseining – ut frå bereevna til naturen
Samyrka
Tradisjonelt har landbruks- og skogbruksnæringane i Noreg vore styrte som ein planøkonomi, med monopolstilling til sterke, produsenteigde samyrkeverksemder. Raudt vil arbeide for rammevilkår som i størst mogleg grad sikrar samyrka makt i marknaden og like vilkår for primærprodusentane i jord- og skogbruk.
Raudt arbeider for:
- å sikre primærprodusentane si marknadsmakt gjennom samyrke
- å hindre sentralisering av meieri og slakteri – for å ta vare på arbeidsplassane i distrikta og redusere langtransporten
- å fjerne moms på norsk mat
Trygg mat
Gjennom veterinæravtalen har EU-tilhengarane sikra at norsk landbruk heilt unødvendig vert utsett for sjukdommar eit grensevern enkelt vil førebyggje. Raudt vil arbeide for gjeninnføring av grensevernet for mat og levande dyr, sidan dette er den einaste løysinga som gir forsvarleg tryggleik på sikt.
Raudt arbeider for:
- å stoppe nedbygginga av importvernet på matvarer – nei til WTO- og EU-tilpassing
- å seie opp veterinæravtalen med EU og gjeninnføre grensevernet for mat og levande dyr
Kapittel 15: Dyrevern
Pelsdyroppdrett
Det finst om lag 600 pelsdyrfarmar i Noreg og rundt 700.000 pelsdyr innanfor pelsdyrindustrien. Desse lever under tilhøve som fører til stor plage for dyra og har i mange land blitt kategorisert som dyremishandling.
Farmane fører til store forureiningar frå avrenningar (ekskrement) og dumping av dyreskrottar. Næringa mottek ca. 70 millionar frå staten kvart år, sjølv om ho har få arbeidsplassar. Raudt vil fjerne all statleg støtte til pelsdyrindustrien og jobbe for ei kraftig forbetring av tilhøva på farmane, av omsyn til både dyra og miljøet. I dagens samfunn finst det gode og også betre alternativ enn pels.
Dyremishandling
Raudt er for at rettssystemet skal slå hardare ned på dyremishandling både privat og i industriell samanheng.
Forsøk på dyr i kosmetikkindustrien
Raudt er mot kosmetikkindustrien sine forsøk på dyr.
Kapittel 16: Næringsliv
Norsk næringsliv er av historiske årsaker prega av industri bygd rundt vasskraft og foredling av råvarer frå land og hav. Dette er ikkje tilstrekkjeleg grunnlag for å vidareutvikle Noreg som industrinasjon. Ei styrking av industrien avheng av ein overordna nasjonal plan for ein allsidig, økologisk vareproduksjon og industriutvikling, som byggjer både på dei menneskjelege og dei naturgitte føresetnadene vi har i landet.
Forsking og utvikling
Raudt ønskjer å satse på forsking og produktutvikling. Den kunnskapen arbeidsfolk har om produkt og produksjonsprosessar, må takast i bruk. Moderne teknologi må nyttast for å fjerne einsformig og tungt arbeid, for å minimalisere forureining, og for å gi arbeidarane innsyn i og makt over produksjonsprosessen. Noreg vil i mange år vere leverandør av olje og gass. Det er difor viktig å ha fleire underleverandørar for teknologi og tenester til oljeverksemda i Noreg, for å oppretthalde og vidareutvikle kompetanse og arbeidsplassar.
Raudt arbeider for:
kraftig utbygging av infrastruktur innan miljøvenleg transport, forsking og utdanning
Konsesjonslovgjeving
Med tilslutninga til EØS-avtalen er norske konsesjonslover blitt undergravne. Konsesjonslovene var ein reiskap som kunne nyttast politisk, både til kontroll med kven som kjøpte industrien og for å setje vilkår for eit eventuelt oppkjøp. Med fjerning av desse lovene er viktige styringsreiskapar øydelagde og høvet til folkevald kontroll undergrave. Norsk industri er dermed open for oppkjøp frå utanlandske selskap. I staden for å ha offentleg kontroll og styring for å sikre kunnskap og arbeidsplassar i Noreg let styresmaktene marknaden styre. Raudt ønskjer offentleg eigarskap i og styring med norsk industri.
Raudt arbeider for:
- offentleg eigarskap underlagt politisk styring av norsk industri
- statleg investering i industrien for å sikre arbeidsplassar og ei god samfunnsutvikling i Noreg
Kraftkrevjande industri
Raudt er for ei vidare satsing på kraftkrevjande industri i Noreg. Vasskraft har vore og må framleis vere grunnlaget for denne industrien. Industrien må jobbe aktivt med energisparande tiltak. Raudt meiner prinsipielt at konkurransevilkåra i Noreg ikkje må forverrast.
Raudt arbeider for:
- at norske styresmakter skal stå mot presset frå ESA om at denne industrien skal betale el-avgift
- at norske styresmakter sikrar at rimeleg elektrisk kraft skal vere eit industripolitisk verkemiddel for å oppretthalde og utvikle denne industrien
Verkstadindustrien
Raudt stør krava som no vert reist for å ta vare på og vidareutvikle verkstadsindustrien. Det er heilt nødvendig at regjeringa nyttar den økonomiske politikken til å skape gode rammevilkår og trygge arbeidsplassar.
Store delar av norsk verkstadindustri er offshoreretta. Fleire av desse bedriftene har begynt å legge planar for tida etter olja. I planane har fornybar energi fått ein sentral plass. Denne omstillinga kan ikkje vente til dei norske petroleumsressursane tar slutt, men må ta til allereie i dag. Mange av desse bedriftene har klart store omstillingar før. Dei gjekk frå reparasjon og bygging av skip og fiskefartøy til offshoreaktivitetar innanfor olje- og gass-sektoren. Omstillinga var i det vesentlege marknadsdriven, av di petroleumsnæringa kunne lokke med høg lønsemd. Klimautfordringa kan ikkje det, og difor er omstilling til klimaretta verksemd heilt avhengig av statleg stimulering.
Statleg investeringsfond
Raudt stør kravet om eit statleg investeringsfond knytt til oljefondet. Investeringsfondet skal med hjelp av konsesjonslovgjeving nyttast til oppkjøp og utvikling av lønsam norsk industri- og næringsverksemd. Dette skal sikre eit allsidig industri- og næringsgrunnlag, nyinvesteringar og vidareføring av norske eigarskap i industrien.
Raudt arbeider for:
at oljefondet må nyttast til forsking og utvikling av norsk industri, samt utbygging av infrastruktur som høgfartstog, breiband og oppgradering av kraftproduksjon og distribusjon
Kapittel 17: Distriktspolitikk
Primærnæringar og industri, basert i hovudsak på lokale naturressursar, har vore grunnlaget for ein desentralisert busetnad i Noreg. Sterke lokalsamfunn, der folk har kontroll over ressursane og verdiskapinga, er den beste garantien mot miljøskadeleg verksemd og sentralisering. Skilnadene mellom by og land aukar i dag. Storbyane veks, og med det fattigdomsproblemet knytt til dei. Byar og større tettstader vert sterkare, medan distrikta vert utarma, av di dei vert tappa for arbeidskraft og menneskjelege ressursar. Med auka press på byane aukar energibruk og forureining – stikk i strid med offisielle mål. Samfunnsmessig styring av energi og prisar, som vil gjere det mogleg med miljøvenleg industriproduksjon og verdiskaping, er eit nøkkelspørsmål mange plassar i distrikts-Noreg i dag.
Raudt arbeider for:
- at lokale ressursar i hovudsak skal danne grunnlag for arbeid og produksjon i den delen av landet ressursane finst
- at energilova vert oppheva og at all energiproduksjon og -distribusjon vert underlagd samfunnsmessig styring
- at ressursane i utmark vert forvalta i eit samarbeid mellom staten og lokalsamfunnet som utnyttar dei
- at samiske interesser må høyrast og ivaretakast når statleg, fylkeskommunal og kommunal planlegging får verknad for samiske område
Arbeidsplassar og infrastruktur
Å oppretthalde livskraftige distrikt, der folk kan halde fram å byggje og bu, krev at nokre føresetnader er på plass: Infrastruktur med gode transporttilhøve, offentlege tilbod og post-, tele- og datatenester med same prisar over heile landet for å oppretthalde og utvikle ulike typar arbeidsplassar. Desse tenestene må vere underlagd samfunnsmessig styring, og staten må sikre at utbygging av breiband vert fullført over heile landet. Raudt stør også interkommunal og fylkeskommunal satsing på dette området.
Raudt arbeider for:
- at post-, tele- og datatenester skal underleggjast samfunnsmessig styring
- at folk skal ha skole- og utdanningstilbod der dei bur. Nei til nedlegging av skolar.
- at det framleis skal finnast postkontor og andre offentlege etatar i distrikta
- at nye statlege institusjonar og forvaltingsorgan vert plassert utanfor dei store byane
- at ingen statlege arbeidsplassar i distrikta skal leggjast ned utan at det vert etablert alternativ
EU-tilpassing
EU-tilpassing og marknadsliberalisme råkar distrikts-Noreg og Nord-Noreg spesielt. Gjennom mange år har EU-tilhengarane i NHO, statsapparatet og media kjørt ein kampanje for å kutte overføringane til jordbruket, byggje ned kystflåten, leggje ned eller flytte industriproduksjon og generelt byggje ned velferda i distrikta. Kystbefolkninga har vore og er sterkt truga av den langvarige rovdrifta på fiskeressursane som den norske og internasjonale trålarflåten står bak. EØS-avtalen og tilpassing til WTO-reglane for fri omsetnad av jordbruksprodukt vil akselerere denne utviklinga. Difor er det ein føresetnad for eit livskraftig distrikts-Noreg at vi framleis held oss utanfor EU og melder oss ut av EØS.
Kapittel 18: Sjukehus
Alle skal ha rett til gratis handsaming på sjukehus når dei treng det. Sjukehusa skal vere ein del av det offentlege velferdstilbodet, og dei skal regulerast og styrast gjennom lover som set krav til m.a. tilgjenge, likeverd, kvalitet og tryggleik. Med dagens bedriftsøkonomiske føretaksmodell er det umogleg å oppfylle desse krava. Nedskjeringar, reduserte tilbod, rovdrift på dei tilsette og utarming av fagmiljøet trugar eksistensen til mange lokalsjukehus. Mange lokalsamfunn har mista eller kan miste tilgang til fødeavdeling og kirurgisk akuttvernebuing. Det er berre tverrpolitiske forsvarsaksjonar som har hindra, og kan hindre, kutt i tilbod og at lokalsjukehus vert nedbygde eller nedlagde.
Sjukehusreforma, som vart innført i 2002, erstatta folkevald styring med såkalla profesjonelle styre og bedriftsøkonomiske prinsipp. Hovudmålet var å leggje til rette for sentralisering, auka konkurranse og privatisering. Raudt arbeider for å stoppe denne utviklinga, bl.a. gjennom å delta i lokale sjukehusaksjonar. Vi stør også arbeidet til den landsomfattande Folkerørsla for lokalsjukehusa. Hovudoppgåva no er å fjerne føretaksmodellen. Sjukehusa må igjen bli ein del av den offentlege forvaltinga med tradisjonell offentleg regnskapsførsel, og må styrast av folkevalde politikarar. Sjukehusa er bygde opp av det norske folket og tilhøyrer folket gjennom deira folkevalde, ingen andre!
Raudt arbeider for:
å avvikle føretaksmodellen og ta sjukehusa tilbake til offentleg forvalting og demokratisk styring
Sjukehusreforma
Sjukehusreforma, som Arbeidarpartiet gjennomførde raskt og brutalt med støtte frå Høgre og Framstegspartiet, var eit langt steg på vegen til å omdanne sjukehusa til marknadsstyrte bedrifter. Eit marknadsstyrt helsevesen fører til at det på nokre fagfelt veks fram kostbare, men gode private tilbod til dei som kan betale. Andre må vente i kø på dei offentlege sjukehusa. Marknadskreftene samlar ut frå sin eigen innebygde logikk ressursane rundt fagfelt og sjukdomstilstandar som er relativt enkle å handsame og prissetje, medan sjukdommar som er vanskelegare å diagnostisere, vert nedprioriterte.
Stykkprisfinansiering (ISF, innsatsstyrt finansiering) fører til at tenestetilbodet vert dreidd mot det som er mest lønsamt i staden for mot det som bør ha helsefagleg prioritet. Sjukehus er ikkje butikk, difor kan ikkje marknaden styre helsesektoren. Vi er imot alle tiltak som gjer sjukehus og andre helseinstitusjonar meir marknadsstyrte, anten det blir kalla privatisering, konkurranseutsetting, offentleg-privat samarbeid eller det dukkar opp andre ord og omgrep.
Raudt arbeider for:
at marknadsstyring og konkurranse i sjukehussektoren vert avskaffa
Ny sjukehuslov
Raudt vil oppheve lova om helseføretak og erstatte ho med ei ny lov som slår fast at kvar einskilt innbyggjar har rett til gratis sjukehushandsaming. Det er staten si plikt å sørgje for dei sjukehusa og tilboda som befolkninga har behov for, og statsfinansiering må dekkje dette. Vi vil ha ein finansieringsmodell som i all hovudsak er rammebasert, og der fordelinga av midla skjer på grunnlag av ein nasjonal helseplan med politisk vedtekne planar om m.a. sjukehusstruktur og funksjonsfordeling.
Raudt arbeider for:
- ei rammebasert finansieringsordning utan stykkpris
- at rekneskapslova vert erstatta med budsjett- og rekneskapssystem tilpassa offentleg drift
Lokalsjukehus
Lokalsjukehusa er ein hjørnestein i norsk helsevesen og i infrastrukturen i mange lokalsamfunn i distrikts-Noreg. Dei er svært viktige for folks tryggleik, og dei betyr mykje for busettinga og for å oppretthalde og etablere næringsliv og arbeidsplassar. I tillegg er dei viktige kvinnearbeidsplassar i distrikta.
Det beste for alle er at ein pasient vert handsama på lågaste effektive omsorgsnivå – det såkalla leon-prinsippet i norsk helsevesen. Undersøkingar syner at 50–70 % av alle tilfelle av strakshjelp kan handsamast på lokalsjukehus. Å handsame vanlege lidingar med å legge pasienten inn på eit spesialisert sjukehus eller på ei spesialisert eining er eit dårlegare og dyrare tilbod.
Kampen for å oppretthalde fullverdige lokalsjukehus krev ei omlegging av legeutdanninga, slik at utdanninga av generalistar, særleg innanfor kirurgi, vert styrkt og at ein del av spesialistutdanninga går føre seg på lokalsjukehus. Det er også nødvendig å betre bemanninga og lønsvilkåra i dei underordna stillingane.
Raudt arbeider for:
- å forsvare lokalsjukehus og sjukestuer mot nedlegging
- å avvikle klinikkorganiseringa
- utbygging av jordmortenesta og desentralisering av sjukehustenester
- medisinsk og kirurgisk akuttvernebuing heile døgnet og gode fødetilbod på alle lokalsjukehus
- å få omgjort vedtak som har fjerna kirurgisk akuttvernebuing og redusert fødeavdelingar til fødestuer
- økonomiske rammer som opprettheld og styrkjer lokalsjukehusa
- å byggje og styrkje faglege nettverk mellom små og store sjukehus for å sikre kvalitet og bemanning – lage hospiteringsordningar
- omfordele oppgåver og la små sjukehus gi nye handsamingstilbod
- styrkje generalistutdanninga av legar
- å krevje to års praksis i lokalsjukehus for å få godkjent spesialistutdanning
- at gjestepasientordninga og utgiftene til pasientane sitt frie sjukehusval skal betalast av staten, ikkje av sjukehusa
Samhandlingsreforma
Denne reforma er steg to i marknadsrettinga av helsesektoren. Ho har henta mykje av tankegodset frå ein rapport i 2006 laga av tankesmia Visjon helse 2015, som hadde sterke innslag av private økonomiske interesser i helsesektoren.
Raudt er samd i at auken i diabetes, kols og rus/psykiatri krev betre førebygging, behandlingstilbod og oppfølging. Også auken i talet på eldre, med fleire demenspasientar, krev at helse- og omsorgstilbodet vert styrkt på fleire nivå.
Samhandlingsreforma er ikkje ein reiskap for å løyse desse utfordringane.
Raudt arbeider for:
- inga nedbygging/nedlegging av kirurgisk eller medisinsk akuttberedskap, fødetilbod eller andre tenester på lokalsjukehusa
- øyremerkte tilskot og nok tid, som gjer at kommunane kan byggje opp tilbod som supplement til lokalsjukehusa
- pilotprosjekt i utvalde kommunar for å hauste røynsler
- ein forpliktande plan med statleg finansiering, som sikrar nødvendig rekruttering og kompetanse i kommunane
Kapittel 19: Psykisk helse
Alle har ei psykisk helse
og haldningane i samfunnet og psykiatrien må endrast, slik at ikkje menneske med psykiske helseproblem vert diskriminerte. Som for alle andre menneske må menneske med psykiske helseproblem ha avgjerande innverknad på si eiga behandling. Behandlingsfilosofien må byggje på dialog og respekt, og ikkje "ovanfrå og ned"-behandling. Det er menneska som har dei psykiske helseproblema, som er ekspertar på eigne liv, og Raudt krev at kompetansen til brukar- og pårørandeorganisasjonane og til einskildpersonar vert teken på alvor. Ein aksept av denne røynslebaserte kunnskapen som desse sit med, er ein føresetnad for ei vellukka behandling. Manglande forståing for dette, saman med psykiatrien si makt til å bestemme kva som er riktig behandling (psykiatriens definisjonsmakt), har fått tragiske konsekvensar opp gjennom historia.
Vaksenpsykiatrien
Raudt meiner at det viktigaste for å løyse krisa i det psykiske helsetilbodet for vaksne er at ein ser det lokale hjelpeapparatet i kommunane, distriktspsykiatriske senter (DPS) og sjukehustilbodet i samanheng. Raudt vil arbeide mot all nedbygging av døgnplassar på dei psykiatriske sjukehusa, før ein har gjennomført ei tilstrekkjeleg oppbygging og kvalitetssikring av kommunane sitt psykiske helsevern. For å bli kvitt køane i psykiatrien treng ein både ei styrking av det førebyggjande arbeidet, ulike typar lågterskeltilbod, fleire akuttdøgnplassar og betre oppfølging etter utskriving. Det trengst også fleire bustadtilbod for menneske med psykiske helseproblem, som i dag må bli verande på institusjonar i påvente av å få ein tilrettelagt bustad.
Tilrettelagte bustader
Menneske med psykiske helseproblem har same retten som alle andre til å bu i eige husvære og til å ha same hjelp og tilrettelegging som fysisk funksjonshemma og eldre. Raudt ønskjer at flest mogleg skal ha høve til å bu i eigen bustad, men som eit supplement må det opprettast fleire bukollektiv med ulik grad av tilrettelegging for menneske med psykiske problem i kommunane. Ein trygg og førutseibar bustadsituasjon er ein viktig føresetnad både for integrering i lokalsamfunnet og for å kunne verte yrkesaktiv. Bukollektiv bør brukast som ein mellominstans for menneske som har vore innlagte, slik at overgangen til å kome seg ut att i samfunnet vert mjukare, og dermed minskar ein sjansen for å få tilbakefall. I tillegg er slike kollektiv eit alternativ for menneske som treng oppfølging permanent, men det er viktig at bustadene ikkje skal vere eit "mini-asyl". Raudt vil foreslå øyremerkte middel frå staten til kommunane til bustadbygging, styrking av kompetansen i kommunane si førstelinjeteneste og utbygging av fleire og sterkare distriktspsykiatriske senter. Det kan også vere eit alternativ å opprette psykiatriske krisesenter.
Menneske i krise
Raudt meiner at ein av de viktigaste jobbane ein kan gjere for å hindre langvarige psykiske helseproblem hos menneske, er å følgje opp dei som er i ei livskrise eller som har opplevd traume, på eit mykje tidlegare tidspunkt. Det gjeld blant anna flyktningar og asylsøkjarar og menneske som har vore mishandla eller utsetne for seksuelle overgrep. Det gjeld soldatar som har vore i krig, og menneske som har fått livssituasjonen sin snudd på hovudet ved samlivsbrot eller tap av inntekt som følgje av arbeidsløyse, og ikkje minst rusmisbrukarar. Dette gjeld også menneske som har vore utsetne for krenkingar og overgrep som pasientar i psykiatrien. Medisinering, ofte med store og skadelege biverknader, er ei dominerande behandlingsform i dagens psykiatri. Raudt meiner at det må kome eit paradigmeskifte innanfor psykiatrien, som førebyggjer og tek utgangspunkt i traumebehandling på eit tidlegare tidspunkt enn i dag. Det må difor opprettast kriseteam og krisesenter, der menneske kan få hjelp til å arbeide med traume dei har, på eit friviljug grunnlag og med utgangspunkt i dei trauma dei har opplevd, og der hovudregelen er at pasienten sjølv vel om han/ho skal ta medisin.
Tvang
Raudt meiner at samanblandinga mellom tvangsbruk og behandling er problematisk for menneske i livskrise. Psykiatrien sine behandlingsmetodar og omfattande bruk av tvang og fridomsfrårøving er ei krenking av integriteten og menneskjeverdet. Tvangsbruk bør berre nyttast mot menneske som er ei openbar fare for seg sjølv eller andre, men slik er det ikkje i dag. Tvangsbruk vert grunngitt hovudsakleg med behandlingskriteriet (tapte høve til betring). Ein slutt på samanblandinga av tvang og behandling vil krevje lovendring.
Mange innleggingar av menneske i krise som sjølv bed om hjelp, skjer i dag med bruk av uniformert politi, politibil, handjern og fotlekkjer, noko som påfører pasient og pårørande store belastningar og traume. Denne praksisen er kritisert av den europeiske torturkomiteen, men held fram enda om dei nye retningslinjene for samarbeid mellom politi og helsevesen slår fast at politiet ikkje skal brukast til rein transportteneste. Ein slik bruk av samfunnet si ordensmakt inneber også ei kriminalisering av hjelpetrengande menneske.
Menneskjerettar må følgjast i psykisk helsevern
Alt tyder på at det skjer krenkingar og overgrep i psykisk helsevern, som er brot med menneskjerettskonvensjonar Noreg har skrive under. Dette er ulovlege handlingar, og menneskjerettane må no verte retningsgjevande for psykiatrisk praksis. Helsestyresmakter og politikarar er forplikta til å ta i bruk verkemiddel som sikrar pasientar i psykisk helsevern eit effektivt menneskjerettsvern.
Raudt stør krava frå brukarorganisasjonane:
- Sett menneskjerettar på dagsorden i psykiatrien
- Vurder grunnlaget for behandlingskriteriet
- Stans bruken av uniformert politi og handjern når ein transporterer menneske med psykiske lidingar
- Sprei kunnskap og diskusjon om krenkingar i tvunge psykisk helsevern
- Vi krev ei heilskapleg kritisk vurdering av tvunge psykisk helsevern i Noreg
- Lovfesta krav om generell tilgjenge/universell utforming etter diskriminerings- og tilgjengelova må innfriast raskt i alle helseinstitusjonar
Eteforstyrringar
Raudt vil på Stortinget foreslå ein særskild nasjonal tiltaksplan mot eteforstyrringar. Dette er ei psykisk plage som ikkje er teken alvorleg nok, og som Raudt ønskjer å lyfte fram. I tillegg til lettare tilgang på psykologhjelp/psykiatrisk behandling er det viktig å arbeide førebyggjande. Organisasjonar som arbeider med dette spørsmålet og med spørsmål knytt til psykisk helsevern, må sikrast finansiering gjennom statlege tilskott.
Barn og ungdom
Raudt krev at barn og ungdom i livskriser og med akutte psykiske lidingar vert behandla straks og i behandlingsinstitusjonar som er tilpassa barn og ungdom, ikkje på avdelingar for vaksne med psykiske helseproblem. Det må gjevast meir løyvingar til barn og ungdom med psykiske helseproblem, spesielt lågterskeltilbod. Raudt arbeider for at det på alle skolar skal vere helsesøster som har nært samarbeid med psykolog, både i vidaregåande og i grunnskolen. Det tverrfaglege samarbeidet må styrkjast mellom skole, PP-tenesta, barnevern og andre offentlege etatar.
Flyktningar og asylsøkjarar
Flyktningar og asylsøkjarar som har flykta frå krig, terror og overgrep, treng ofte skreddarsydd oppfølging. Raudt meiner at staten har eit særleg ansvar for denne oppfølginga og tilrettelegginga for at alle, uavhengig av opphaldsstatus, skal kunne leve eit fullverdig liv.
Raudt vil på Stortinget gjere framlegg om å avskaffe asylfengsel. Raudt seier nei til tvangsmiddel som ransaking, kverrsetting, pågriping, varetekt og deportasjonar utan rettssak. Vi vil arbeide for at asylmottak skal organiserast desentralisert i vanlege bustader i lokalmiljøet. Raudt vil at asylsøkjarar skal ha tilgang på tilpassa helsetenester, og arbeider for at kompetansen innanfor traume- og krisebehandling må styrkjast i kommunane si førstelinjeteneste.
Raudt arbeider for:
- ein ny nasjonal strategiplan for korleis ein skal kunne få bygd tilstrekkjeleg med sengeplassar innanfor psykiatrien, særleg er det talet på akuttsengeplassar ein treng å auke
- tilstrekkjeleg med behandlingsplassar innanfor psykiatrien
- ein ventelistegaranti på fire veker for vaksne
- ein ventelistegaranti på to veker for barn og ungdom for å få psykiatrisk hjelp. Dette betyr at alle skal få tilbod om tilrettelagt hjelp av kommunane eller av barne- og ungdomspsykiatriske poliklinikkar.
- at dei rettane som gjeld for nordmenn, også skal gjelde for flyktningar og asylsøkjarar. Det vil seie at dei skal ha dei same tilboda til hjelp som alle andre.
- at tvangsbruk berre vert nytta unntaksvis, og berre når ein er ei fare for seg sjølv og andre, og ikkje som i dag
- at menneskjerettane må følgjast i psykisk helsevern
- at det må etablerast fleire bustader og bukollektiv for menneske med psykiske lidingar
- auka utdanningskapasitet for psykiske helsearbeidarar i distrikta – det er stor mangel på kompetente menneskjelege ressursar
- program for oppfølging og oppgradering av det psykiske helsearbeidet i kommunane
- at finansiering gjennom øyremerkte løyvingar held fram
- samanhengen mellom psykisk helse og å setje søkjelys på samfunnsutviklinga
Kapittel 20: Samferdsel
Noreg er eit land med store variasjonar i geografi, klima, reiseavstandar og busetting. Ein framtidsretta og miljøvenleg samferdselspolitikk inneber at samfunnet må planleggje for mindre transport. Arbeidsplassar, butikkar, skolar og barnehagar i byar og tettstader må i størst mogleg grad leggjast i nærmiljøet der folk bur. I byane må kollektivtrafikk og gang-/sykkelvegar prioriterast. Nødvendig transport må leggje vekt på energiøkonomisering og miljøvenlege transportmiddel. Lastebiltrafikken må reduserast kraftig, og tog må bli det viktigaste transportmiddelet over lange avstandar, både for gods og personar.
Byar og tettstader
For å gi folk eit reelt alternativ og redusere bilbruken til eit minimum, må kollektivtransporten i byar og tettbygde strok verte gratis og vere offentleg eigd og driven. Rutenett og transportmiddel må vere meir fleksible enn i dag, slik at folk får reelle alternativ til bilen.
For å tryggje økonomien til utbygging av effektiv og miljøvenleg kollektivtransport i dei store byane, ønskjer vi å innføre ein kollektivskatt på arbeidskraft etter modell frå Frankrike. Vi vil også ta i bruk ny kunnskap og teknologi som gir eit meir klima- og miljøvenleg transporttilbod.
Raudt arbeider for:
- gratis kollektivtrafikk i dei store byane kombinert med restriksjonar på biltrafikken
- at rushtidsavgift vert innført og øyremerka utbygging av kollektivtrafikken
- at prisane på drivstoff vert differensierte, slik at drivstoff vert billegare i distrikta enn i dei store byane
- fleire bussavgangar og halvering av prisane i mindre byar og tettstader
- billege månadskort for ungdom og studentar, som gir rett til uavgrensa tal reiser med all kollektivtransport
- samanhengande sykkelvegnett i byar og tettstader
- ordningar med syklar til fri eller billeg bruk på haldeplassar og stasjonar
- satsing på skjenegåande transport i dei store byane
- å gjennomføre eit prøveprosjekt med Skytran
Trafikkulukker
Trafikkulukker på vegane er eit stort samfunnsproblem. Forsking viser at halvering av trafikken tyder halvering av talet på ulukker. Den auka godstransporten på vegane har, saman med mange dårlege og farlege vegstrekningar, ført til redusert trafikktryggleik og fleire ulukker. Raudt vil prioritere å utbetre farlege vegstrekningar og ulukkespunkt på E6, først og fremst i distrikts-Noreg. Ei slik opprusting og utbetring av E6 og andre nødvendige samferdselsprosjekt i distrikts-Noreg skal fullfinansierast av staten. Det er likevel ikkje mogleg å investere seg ut av trafikkulukkene. Den viktigaste faktoren i trafikken er same kva menneskjet. Det trengs difor også omfattande og varige tiltak mot høg fart, for gode haldningar og for betre opplæring.
Vegprising
Vegprising er eitt eksempel på ein "grøn skatt" som kan brukast for svært ulike formål. Det kan nyttast både som rein avgift for å skaffe pengar til vegbygging, som trafikkregulerande middel og for å skaffe pengar til kollektivtransport. Stat og kommune kan til dømes bruke det til å få høgast moglege skatteinntekter av nødvendige arbeidsreiser. Difor vil vi vurdere kvart prosjekt ut frå det samferdselspolitiske målet det tener. Raudt stør bruk av vegprising i store byar for å leggje skrankar på privatbilismen og fremme overgang til kollektive transportformer.
Jernbane
Gjennom mange år har jernbanen vore forsømd, og han har difor forfalle i store delar av landet. For Raudt er det eit viktig mål å få det meste av godstransporten over frå veg til jernbane. Utrekningar syner at investeringar på 4 milliardar på Dovre- og Nordlandsbana kan fjerne 300 000 vogntog frå norske vegar kvart år.
Raudt arbeider for:
- å forsterke og rette ut skjenegangen og elektrifisere Nordlandsbana
- å fjerne agendatoga og setje inn meir passasjervenlege tog på strekninga Bodø-Trondheim – sovevogna tilbake der ho er fjerna
- å byggje ut Nord-Noreg-bana til Tromsø og Kirkenes
- å byggje kryssingsspor, strekningar med parallelle spor og meir effektive terminalar både på Dovre- og Nordlandsbana
- å gå mot offentleg støtte til ekspressbussar som konkurrerer med tog
- å gjeninnføre 50 prosent studentrabatt på NSB og ekspressbussar der tog ikkje er noko alternativ
- å sikre jernbanesamband til dei to andre skandinaviske hovudstadene
Høgfartsbane
Bygging av høgfartsbaner er avgjerande for å fjerne det meste av flytrafikken. Vi må lære av til dømes Frankrike og Tyskland på dette området.
Raudt arbeider for:
- å byggje ut høgfartsbaner med dobbeltspor mellom dei store byane
- å realisere prosjektet Haukelibana (høgfartsbane aust-vest)
Transporttilbodet på kysten
Samferdselstilboda for kystbefolkninga har vorte nedbygd gjennom mange år. Det har blitt færre stopp med både ferjer og hurtigbåtar, og trafikken med Hurtigruta er stadig truga av reduksjonar. Utanlandske oppkjøp og anbodssystemet har gitt eit dårlegare og meir sårbart transportsystem. Vegane er dårlege og forfell på grunn av for lite pengar til vedlikehald. Fornuftige veg-, bru- eller tunnelprosjekt, som styrkjer sambandet mellom kysten og innlandet, blir berre gjennomført om ein stor del vert finansiert med bompengar.
Raudt arbeider for:
- fleire hurtigbåtar og gratis ferje med fleire stopp langs kysten og i fjordane
- å gjere slutt på bruk av anbod
- at lovfesta krav om generell tilgjenge/universell utforming etter diskriminerings- og tilgjengelova raskt må innfriast i alle former for persontransport
Kapittel 21: Faglege rettar
Dei mest grunnleggjande rettane arbeidsfolk har kjempa fram gjennom meir enn 100 år, er organisasjonsrett, forhandlingsrett og streikerett. Dette er igjen grunnlaget for at fagrørsla kan krevje, inngå og handheve tariffavtalar. Det er dei landsomfattande kollektive tariffavtalane som gir fagrørsla styrkje og evne til også å krevje og få gjennomført sosiale reformer. Utan dette grunnlaget ville vi ikkje hatt dagens velferdsstat.
Stans sosial dumping
Difor er kampen mot sosial dumping ein føresetnad for å bevare fagrørsla sin styrkje og dagens velferdsstat. EU sin frie teneste- og arbeidsmarknad er eit systematisk angrep på fagrørsla. Det er ikkje mogleg for noka fagrørsle å halde på styrkjen sin i ein heilt fri arbeidsmarknad med så store skilnader i løns- og arbeidsvilkår som det er i EU. EU sitt tenestedirektiv har som mål å auke flyten av tenester med 15 prosent og føre til flyt av tenester i nye bransjar, også innanfor det som vi i dag ser på som offentlege tenester, som utdanning og heimehjelp. Tenestedirektivet forbyr kampen mot kontraktørar og enkeltmannsføretak. Det er ikkje mogleg å oppretthalde heilt nødvendige tiltak mot sosial dumping med tenestedirektivet. Direktivet hindrar innføring av tiltak som fagrørsla meiner er heilt nødvendige.
Fleire EU-dommar syner korleis EF-domstolen vil fortolke dei uklare formuleringane i tenestedirektivet. Han set ILO-konvensjonen til side og trugar heile den nordiske avtalemodellen. Domstolen slår fast at både streikerett og retten til å krevje tariffavtaler er underordna fri flyt av tenester og fri etableringsrett. Det er forbode å innføre krav om tariffløn i offentlege oppdrag og anbod, og særleg dersom dette ikkje også gjeld i heile bransjen.
Det må innførast full innsynsrett utan restriksjonar for tillitsvalde for å avdekkje sosial dumping. Det må innførast ein anti-kontraktør-klausul i norske kommunar og fylkeskommunar. Det må innførast strenge reglar for autorisasjon og sertifisering for bemanningsbyrå. Arbeidstilsynet og Petroleumstilsynet må gjevast gode økonomiske vilkår. Norske bedrifter som etablerer seg i utlandet, må respektere og følgje menneskjerettar og faglege rettar.
Raudt krev:
- Oppretthald overgangsreglane
- Innsynsrett utan teieplikt
- Forby NUF (norskregistrerte utanlandske føretak)
- Noreg ut av EØS
Arbeid for alle
Raudt vil at dagens brutaliserte arbeidsliv vert erstatta med eit arbeidsliv der alle kan delta og få brukt sine evner. Eit arbeidsliv der det vert teke omsyn til at menneske har ulik yteevne. Eit arbeidsliv som ikkje er kjønnsdelt på ein slik måte at kvinneyrke systematisk har lågare løn, meir deltid og ofte meir ulagleg arbeidstid.
Det er høg arbeidsløyse blant innvandrarar, funksjonshemma og ungdom. Det same gjeld alle dei som har store problem som krev langvarige tiltak, både for å kunne delta i arbeidslivet og for å meistre kvardagen. Vi krev at det no vert løyvd nødvendige middel for å setje i verk tiltak som er retta spesielt inn på desse.
Seks timars normalarbeidsdag
Nesten halvparten av kvinnene jobbar deltid, og mange har ulagleg arbeidstid for å få kvardagslivet sitt til å henge saman. Sekstimarsdagen med full lønskompensasjon vil bety at fleire kvinner vil jobbe heiltid, og dei som jobbar deltid, vil få ei kraftig heving av løna si. Fleire kvinner vert økonomisk sjølvstendige.
Raudt arbeider for:
- eit arbeidsliv som er fritt for diskriminering, med plass til mangfald og høve for menneske til å yte etter evne
- ungdomsgaranti med rett til utdanning eller arbeid for alle under 25 år
- rett til arbeidsløysetrygd utan tidsavgrensing og utan krav til ei viss minimumsinntekt eller minimum tidlegare arbeidstid
- mellombels tilsettingar og innleige berre for vikariat og reelt kortvarig arbeid
- lovfesta rett til heiltid
- likestilling av skift- og turnusarbeid
- lovfesta normalarbeidsdag innanfor klokka 7 og17
- seks timars normalarbeidsdag med full lønskompensasjon
Forsvar dei faglege rettane
De siste åra har vi hatt ei utvikling som hindrar fagorganisering og svekkjer høvet til fagleg kamp. Det gjeld franschise-verksemd, som i Rema-konsernet, der arbeidstakarane ikkje er i forhandlingsposisjon overfor dei som faktisk bestemmer over deira kvardag. Det same gjeld auka bruk av bemanningsfirma og stadig fleire mellombels tilsette. Det er ein utbreidd og aukande bruk av tilkallingshjelp, som må stå til rådvelde på kort varsel, men som er utan rettar. Privatisering og konkurranseutsetting av offentlege tenester pressar fram lågare løn og dårlegare pensjonsordningar. Arbeidsgjevarar kan byte arbeidsgjevarsamanslutning og dermed oppheve tariffavtaler som er inngått.
Slik skapar ein ei underklasse med sterkt svekte eller heilt fråverande rettar, som har ein kvardag med utryggleik og utan høve til å få lån til bustad. Dette er sosial dumping og undergraving av høvet for fagleg kamp. Det er heilt nødvendig for å oppretthalde fagrørsla si kampkraft å få på plass ei lov og eit avtaleverk som er i stand til å møte desse utfordringane.
Raudt arbeider for:
- at det i lokale lønsoppgjer må vere reell forhandlingsrett og streikerett
- at sjukelønsordninga ikkje vert rørt
- ei eiga franchiselov som gir forhandlingsrett og organisasjonsrett overfor franchisegjevar.
- at tariffavtalar må gjelde vidare etter at arbeidsgjevar skiftar arbeidsgjevarsamanslutning. Endring må skje etter oppseiing og med streikerett.
- lovfesta krav om tariffavtale ved anbod, bortsetting av oppdrag og tilskott frå stat, kommune, offentlege bedrifter og føretak. Dette må også gjelde alle underentreprisar eller andre som utfører delar av oppdrag som er sett bort.
- krav til opplæring og dokumentert kompetanse ved skjenking av alkohol
- at tilsette i varehandelen må vere omfatta av arbeidsmiljølova sine grenser for arbeid i helger og på høgtidsdagar
- innføring av regionale verneombod også i servicesektoren
Solidaritet og felles kamp
Fagrørsla har eit særleg ansvar for å sikre at flyktningar, innvandrarar og utanlandske arbeidarar vert inkluderte i fagforeiningsarbeidet, slik at deira ressursar kjem heile fagrørsla til gode og at einskapen i arbeidarklassen vert styrkt.
Raudt jobbar for samarbeid mellom klubbar og foreiningar, lokalt og sentralt, på tvers av fagforbund og hovudorganisasjonar. Ei sterk fagrørsle bør vere utan formalisert binding til noko parti, ho må være demokratisk, og makta må ligge hos medlemmene.
Kapittel 22: Arbeidsliv
Nav
Innføring av Nav-reforma er eit omfattande åtak på dei fattigaste, dei arbeidslause, dei som går på trygd og dei som av ulike årsaker (sjukdom, skade, rus og andre vanskar) ikkje greier å arbeide. Saman med pensjonsreforma, ny AFP og varsla endringar i framtidas uføretrygd, vil Nav-reforma spare staten for mange hundre milliardar kroner. Det vert ei stor auke i talet på fattige og folk som fell utanom det som er av velferdsordningar. Dette er i praksis stikk i strid med Soria Moria, som lova å avskaffe fattigdom i Noreg.
Nav er styresmaktene sin viktigaste reiskap for å fremme arbeidslinjas bodskap: "gjere arbeid til førsteval", "dei som søkjer stønad, vil ikkje arbeide", "det skal løne seg å arbeide, lågare trygd/sosialhjelp får folk i arbeid", "det er deg det er noko feil med, arbeidsgjevar vil jo berre leggje til rette for deg". Dette er eit definitivt brot med etterkrigstidas politikk med at "alle arbeidsføre skal ha rett og plikt til arbeid" (1945) og Grunnlova § 110 (1954): "Det påligger Statens Myndigheter at lægge Forholdene til Rette for ethvert arbeidsdyktig Menneske kan skaffe seg Udkomme ved sitt Arbeide."
I dag har du plikt til å arbeide og plikt til å søke jobb, men ingen rett til arbeid. I dag legg styresmaktene/Nav vekt på individuelle moralske forklaringar på arbeidsløyse og fattigdom. Nav har ingen innverknad på arbeidsmarknaden og arbeidsgjevarane, som kvart år slit ut mange tilsette som ikkje klarer auka tempo- og effektivitetskrav. Men Nav har fått nye maktmiddel og auka innverknad på enkeltmenneska som slit med helse og økonomi for å oppretthalde eit verdig liv. Dyktige fagfolk i Nav står difor stadig i fare for å verte brikker i eit system som først og fremst skal spare mange milliardar i trygdeytingar. Dei som er brukarar av Nav, vil oftare enn før kjenne seg pressa, styrt og kritisert, samstundes som dei får svekt personvernet sitt, og dei opplever at helsevurderinga til fastlegen kan verte overstyrt av det nye systemet.
Raudt stør Funksjonshemmedes fellesorganisasjon (FFO), som i høyringsfråsegna om Nav sa: "Arbeidsmarkedspolitikken må ha som prinsipielt utgangspunkt at alle vil – eller med tilfredsstillende tilrettelegging og oppfølging vil kunne – ønskje å delta i arbeidslivet, og at den enkelte ikke i utgangspunktet vil foretrekkje en tilværelse som mer eller mindre passiv stønadsmottaker."
Raudt vil slåst for rettane til dei som vert utsetne for dårleg og kritikkverdig handsaming i Nav-systemet. Vi vil oppfordre Nav-tilsette til å gå mot bodskapen i arbeidslinja. Det trengst ein allianse mellom fagforeiningar, FFO og tilsette i Nav, som kan fremme felles sosialpolitiske krav.
Forsvar sjukepenge- og trygdeordninga
Sjuke og funksjonshemma kan heilt eller delvis vere forhindra frå å forsørgje seg ved eige arbeid. Dagens sjukepenge- og trygdeordningar er ordningar det er viktig å forsvare. Full løn under sjukdom det første året, attførings- og rehabiliteringspengar på 66 prosent av tidlegare løn og uføretrygd utrekna etter same prinsipp som folketrygda, er viktige velferdsgode. Raudt meiner at fridom frå smertefullt og uønskt arbeid er ein rett for sjuke, funksjonshemma og eldre. Tilstrekkjeleg og varig økonomisk tryggleik for desse gruppene er eit offentleg ansvar. Arbeidslivet er ikkje heile livet, difor må også andre delar av samfunnet gjerast meir inkluderande, som foreinings- og kulturliv, utdanningssystemet og transportsystemet. Det handlar om å leggje til rette for deltaking og motverke isolasjon og einsemd.
Tilrettelagt arbeidsliv
Både sjukdom og funksjonshemming er relativt i den forstand at det er fullt mogleg å tilpasse omgjevingane til menneska i langt større grad enn det som er tilfelle i dag. Arbeidslivet må difor leggjast til rette slik at alle har høve til å delta. Umenneskjelege effektivitetskrav og lita vilje til tilrettelegging er uttrykk for diskriminering, og det medverkar til å stenge stadig fleire ute. Det dreier seg både om haldningar og om vilja til å bruke pengar på føremålet. Sjølv om Raudt stør parolen om eit "inkluderande arbeidsliv" og går inn for betre arbeidsmiljø og betre tilrettelegging, er Raudt mot mål og krav om lågare sjukefråvære. Slike sjukefråværekampanjar fører til at folk vert pressa til å gå på jobben når dei er sjuke. Inkluderande arbeidsliv må difor innebere at kapitalen vert tvinga til å gje økonomisk rom for at nokre menneske har høgare sjukefråvære enn andre. Friske, arbeidsføre arbeidstakarar har eit medansvar for å inkludere kollegaer som ikkje kan stille opp hundre prosent, og for å leggje press på arbeidsgjevarane gjennom klubbar og fagforeiningar. Verksemder med avtale om inkluderande arbeidslivs må ta opp i seg målet i intensjonsavtalen om at fleire med redusert arbeidsevne skal kome i arbeid. Ved hjelp av intern omskolering, tilrettelegging for overføring til mindre belastande jobbar og auka bruk av rotasjon og pausar kan mange fleire funksjonshemma makte å halde fram i jobben, i det minste på redusert tid.
Rehabilitering og attføring
Ofte vil det likevel ikkje være mogleg å finne fram til gode nok løysingar på arbeidsplassen. Raudt går inn for at dagens ordning med medisinsk rehabilitering og yrkesretta attføring må vidareførast og byggjast ut. Raudt går inn for at ordninga med tidsavgrensa uføretrygd vert oppheva, fordi ho ikkje har noko anna mål enn å halde uføre i økonomisk utryggleik. Det er i dag ingenting formelt i vegen for å gå attende til arbeid, dersom ein vert friskare. Også i framtida må tilbakeføring til arbeidslivet vere basert på fri vilje, ikkje på tvang. Det er dessutan viktig at fribeløpet for uføretrygda er stort nok til at det er mogleg å prøve seg i arbeidslivet over tid, utan å miste nokon del av trygda.
Raudt stør satsinga på psykisk helsevern. Innan denne delen av helsevesenet er det også spesielt nødvendig med haldningsendringar og større openskap.
Raudt arbeider for:
- å forsvare sjukelønsordninga
- at uføretrygd er folketrygd
- varig uføretrygd – forbetra høve til friviljug tilbakegang til arbeidslivet. Uføretrygd i høve til graden av uførleik. Fjern kravet om 50 prosent uførleik for å få trygd.
- at minstetrygdsatsen vert auka frå 1,8 G til 3 G
- å verne eldre arbeidstakarar og å følgje ansiennitetsprinsippet ved oppseiingar og innskrenkingar
- å motarbeide at bedriftshelsetenesta skal vere ein reiskap for arbeidsgjevaren
- å fjerne meldeplikta for kronisk sjuke
- å fjerne det nye systemet med arbeidsavklaringspengar
- at lovfesta krav om generell tilgjenge/universell utforming etter diskriminerings- og tilgjengelova raskt må innfriast i arbeidslivet
Kapittel 23: Pensjon
Folketrygda er grunnpilaren i velferdsstaten. Folketrygda skal sikre økonomisk tryggleik for alle, uavhengig av kjønn, klasse eller helsetilstand. Stortingsfleirtalet har vedteke ei drastisk forverring av pensjonssystemet, som systematisk aukar klasseskilja, straffar dei som har dårleg helse og dei hardaste jobbane, gir dei aller fleste ein dårlegare pensjon og legg til rette for privatisering. Det blir ei direkte kopling mellom pensjon og yrkesinntekt gjennom heile livet. Slik vert den solidariske og utjamnande folketrygda erstatta med ei rein forsikringsordning. Dermed vert dei hardast råka som er lågtlønte, er deltidsarbeidarar eller har lang utdanning.
I tariffoppgjeret 2008 vart AFP-ordninga lagt om frå å vere ein tidlegpensjon til å verte ein tilleggspensjon som premierer dei som har god helse og ein jobb dei kan stå lenge i, medan ein straffar dei som må gå av tidleg.
Forsvar pensjonen til dei offentleg tilsette
Tilsette i offentleg sektor vann ved tariffoppgjeret i 2009 kampen for å behalde den gamle AFP-ordninga. Langt på veg klarte ein også å behalde den offentlige tenestepensjonen, enda om levealdersjustering og underregulering vart innført. Det står framleis kamp om tolkinga av avtalen når det gjeld grunnlovsvernet av opptente rettar.
Raudt vil:
- hindre at AFP-ordninga og føringane frå tariffoppgjeret i 2008 vert ei brekkstong som øydelegg dei offentlege tenestepensjonsordningane. Dette inneber forsvar av:
- 30-årsregelen, som seier at det skal ytast full tenestepensjon etter 30 års tilsetting i offentleg sektor
- AFP-pensjonistar sin rett til å gå over på full tenestepensjon utan avkorting etter 30-årsregelen når dei fyller 65 år
- særaldersgrensene, som berre må endrast etter semje mellom partane. Det må framleis vere slik at ein da går over på full tenestepensjon etter 30-årsregelen utan avkorting. 85-årsregelen som gir rett til å gå av inntil tre år før særaldersgrensa, må behaldast. Han må gje full pensjon etter 30-årsregelen utan avkorting.
- at det framleis vert rekna pensjon som 66 prosent av sluttløna. Det tyder at tenestepensjonen ikkje må gjerast om til ei tilleggspensjonsordning.
Forsvar uførepensjonen
Uførepensjonsutvalet går inn for å erstatte uførepensjon med uførestønad. Det tyder at mellombels vedtak vert normalen. Saksbehandlarane, ikkje legane, skal vurdere restarbeidsevna di, du skal ikkje lenger skattast som pensjonist og halvparten av innsparinga i pensjonsreforma skal betalast av dei uføre gjennom levealdersjustering (levealdersjustering: di personlege «pensjonsformue» skal fordelast på det talet år som årskullet ditt er forventa å leve. Når styresmaktene forventar at ditt årskull lever lenger, skal pensjonen din smørast utover på fleire år). Dette er ei klassereform som råkar dei lågtlønte og dei som ikkje har helse til å kompensere for levealdersjustering med å jobbe lenger. Det er ti års forskjell på når rik og fattig dør i Noreg. Nokre vil knapt få utbetalt nokon pensjon.
Uførepensjonsutvalet vil til og med ta frå barna til dei med minst pensjon det vesle vernet mot fattigdommen som barnetillegget er.
Raudt
- godtek ikkje at uførepensjon vert endra til uførestønad
- godtek ikkje at uførepensjonistar skal skatte som lønstakarar, og godtek ikkje at uføre skal råkast av levealdersjustering
- godtek ikkje at uføre skal miste det behovsprøvde barnetillegget
Reverser pensjonsreforma
Pensjonsreforma har aldri vore gjenstand for debatt framfør eit val. Ho er ordna på bakrommet, saknar demokratisk legitimitet, og for svært mange vil det bli eit sjokk når verknadene syner seg. Raudt trur det vil bli store protestar, og vi trur det er mogleg å reversere viktige delar av pensjonsreforma:
Raudt vil:
- fjerne alleårsregelen og gjeninnføre besteårsregelen
- pensjonane skal framleis følgje lønsutviklinga elles i samfunnet
- pensjonane skal ikkje setjast ned når levealderen aukar
- pensjonen skal ikkje setjast ned dersom du må gå av tidlegare
Styrk folketrygda
- Minstepensjonen må hevast til 3 G og regulerast som lønsutviklinga
- Inntekter opp til 400 000 skal ha ei pensjonsdekning på 2/3 med 40 års opptening. Obligatorisk tenestepensjon må takast over av staten gjennom skatt eller arbeidsgivaravgift.
- Ordninga med pensjonspoeng for omsorgsarbeid må utvidast og gjevast tilbakeverkande kraft frå 1967 for alle nye pensjonistar
- Opptening av pensjonspoeng for all utdanning etter fylte 18 år
- Opptening av pensjonspoeng etter full løn ved ufriviljug deltid, attføring og rehabilitering
- Fulle folketrygdrettar for alle med minst 10 års butid i Noreg
- Forsikringsselskap vert pålagt å gjere premiane i pensjonsforsikringar kjønns- og aldersnøytrale
- Gjeninnfør ei tidlegpensjonsordning som gjer det mogleg å gå av frå 62 år utan tap i livsvarig pensjon. Det tyder at AFP-tillegget må vere berre for dei som må gå før pensjonsalder, og fordelast slik at du får meir jo tidlegare du går av.
Kapittel 24: Rasisme og islamofobi
Raudt har som mål eit fleirkulturelt samfunn utan rasisme og nasjonal undertrykking, med opne grenser og demokratiske rettar for alle folkegrupper. I dag er det ikkje sånn. Folk frå afrikanske og muslimske land har høgast arbeidsløyse og lågast bustadstandard. Det er også mykje open rasisme, som særleg råkar muslimar. Dette vert forsterka av den rådande flyktningpolitikken. Nesten ingen av dei som søkjer, får innvilga politisk asyl i Noreg, og innvandrings-/integreringspolitikken er prega av mistenkeleggjering mot innvandrarane.
God integrering er mogleg
Raudt ønskjer integrering av innvandrarar og minoritetar. Vi vil at alle i Noreg skal ha same høve til å forsørgje seg og delta i samfunnslivet og ha fullt høve til å delta i utforminga av samfunnet. Presset for at minoritetane i Noreg skal verte så norske som mogleg er hardt. Dei vert tvinga til å viske ut nasjonale og etniske særtrekk for å få innpass i arbeidslivet eller unngå diskriminering på andre område. Raudt ønskjer at majoritetsgruppa i folket skal syne respekt og la innvandrarar og flyktningar ta vare på kulturen dei har med seg. Gjennom tilpassa opplæring kan alle arbeidarklassebarn med innvandrarbakgrunn fullføre vidaregåande utdanning. Dersom offentleg arbeidsformidling vert innført igjen, kan alle minoritetar få betre integrering i arbeidslivet. Raudt vil ha slutt på tendensen til at arbeidarar med innvandrarbakgrunn vert forsøkt plassert nedst i arbeidarklassen.
Raudt arbeider for:
at asylmottak skal organiserast desentralisert: vanlege bustader i vanleg lokalmiljø.
- arbeidsløyve og tilbod om norskopplæring medan asylsøknaden vert handsama.
- at introduksjonsprogrammet skal vere ein rett for flyktningar og innvandrarar, og at det skal vere individuelt tilpassa behova og føresetnadene til deltakarene.
- at staten fullfinansierer busetting av dei som har fått innvilga asyl. Det må også gjevast økonomisk stønad ved familiegjenforeining. Familiemedlemene skal ha rett til arbeid og trygderettar.
- rett til morsmålsundervising i skolen.
- at det offentlege legg særskilt til rette for innvandrarar i helsevesen og eldreomsorg.
- at universitet og høgskolar innfører kvoter for ungdom med minoritetsbakgrunn.
Frigjering på innvandrarkvinnene sine premiss
Kamp mot rasisme er også kvinnekamp. Kvinner må sjølv få bestemme kva for klede dei skal ha på seg. Raudt er difor mot lovforbod mot plagg som hijab og niqab. I tillegg tar vi avstand frå dei som mistenkeleggjer alle muslimar og bruker kvinner sine rettar som påskot for å piske opp stemninga.
Raudt tolererer heller ikkje at kvinner vert diskriminerte under dekke av kultur eller religionsfridom og stør kvinner som gjer opprør mot dette. Difor stør vi innvandrarkvinnene sin kamp mot omskjering, tvangsgifte og andre former for overgrep.
Raudt arbeider for:
sjølvstendig status for innvandrarkvinner.
- at lova om retten til asyl på grunnlag av kjønsbasert forfølging vert følgt.
- inga diskriminering i arbeidsliv, skole eller liknande på grunn av religiøst grunna plagg
Bruk kompetansen til innvandrarane
Innvandrarar kjem til Noreg med kvalifikasjonar, utdanning og arbeidsrøynsle, som fullt
ferdige ressursar for samfunnet utan å ha kosta den norske staten ei krone. Staten løyver pengar til kommunane for å få innvandrarar i arbeid, men desse pengane vert nytta til lønsbudsjett, sosialhjelp, prosjektarbeid eller andre formål framfor til tiltak som direkte kjem innvandrarar til gode. Dei må heller nyttast direkte på kvar innvandrar ut frå ein individuell plan, slik at kvalifikasjonane deira kan nyttast i Noreg. At innvandrarar ikkje får jobb, skuldest ikkje problem med språk eller motivasjon. Hovudproblemet er at mange stillingar ikkje vert lyste ut. Det ekskluderer innvandrarar, som ikkje har same personlege nettverk som folk som har vakse opp i Noreg. Raudt etterlyser tiltak som skaffar innvandrarane jobb. Innvandrarar må brukast som ekspertar på korleis innvandrarar kan integrerast i arbeidslivet, slik at det kan lagast funksjonelle planer.
Raudt arbeider for:
at ein over heile landet må ha program for å vurdere kompetanse og utdanning som innvandrarane har med frå heimlandet, slik at det vert lettare å godkjenne denne kompetansen i Noreg.
- lik rett og likt høve til arbeid og utdanning.
- at bedrifter og rekrutteringsselskap skal nytte jobbsøknader der namnet til søkjaren ikkje framgår, for å unngå diskriminering.
Rasisme
Rasismen splittar og set menneske opp mot kvarandre etter kunstige skilje. Rasismen i vår del av verda er ein del av den dominerande vestlege kulturen, ei følgje av hundreår med kolonialisme, imperialisme og undertrykking. Den norske handsaminga av samane og av minoritetar som kvener, romanifolket og taterar er døme på dette. Rasisme og diskriminering splittar og svekkjer arbeidarklassen. Kvite arbeidarar har ikkje noko å tene på rasisme.
Raudt arbeider for:
ein sterkare allianse mellom venstresida og innvandrarmiljø, mot rasisme og imperialisme.
Statleg rasisme
Innvandrings- og integreringspolitikken til regjeringa fører til at norske og innvandra arbeidarar vert setne opp mot kvarandre, og dette skjer også mellom ulike innvandrargrupper. Vi kallar dette statleg rasisme. Den statlege rasismen er med på å legalisere all anna form for rasisme. Styresmaktene nyttar den motstanden og valden som dei sjølv har skapt mot innvandrarar og flyktningar, som grunngjeving for ytterlegare innstrammingar i den statlege flyktning- og innvandringspolitikken og for heimsending av asylsøkjarar til konfliktområde i strid med tilrådingar frå FN. Likevel har mange lokalsamfunn teke vel i mot innvandrarar, gjeve asylsøkjarar kyrkjeasyl og skjult dei for makthavarane. Raudt stør slike former for sivil ulydnad. EØS-avtalen og tilpassinga til EU forsterkar den statlege rasismen. Grensene rundt EU vert stengde, og flyktningpolitikken vert harmonisert, medan det er fri arbeidsvandring og import av arbeidskraft innanfor EØS-området.
Raudt arbeider for:
at menneske på flukt frå forfølging og undertrykking skal få politisk asyl i Noreg. Det må opprettast eit organ som kan overvake asylretten vert overhalden.
å auke talet på kvoteflyktningar.
- at klimaflyktningar skal få asylstatus i FN og at Noreg skal ta imot offer for globale miljøendringar.
- at alle skal ha rett til å kome til Noreg for å leggje fram søknad om asyl. Raudt seier nei til visum som innvandringspolitisk verkemiddel og kontrolltiltak for å stoppe utlendingar før dei når norskegrensa.
- hjelp frå uavhengig advokat frå første dag i Noreg til asylsøknaden er rettferdig handsama.
- opphaldsløyve til alle som har vore meir enn 15 månader i landet utan noko krav til arbeid.
- at alle som bur i landet, skal ha rett til å verte foreint med familien sin, og at dei som har barn i Noreg, skal få behalde eller få opphaldsløyve.
- at ein som giftar seg med ein person med opphaldsløyve i Noreg, automatisk vert gjeven slikt løyve.
- at ingen asylsøkjarar ufriviljug vert sendte til utrygge område i strid med tilrådingar frå FN.
- nei til deportasjonar utan rettskraftig dom.
- asylfengsel, ventemottak og teltleirer må bort.
- Utlendingsnemnda (UNE) må leggjast ned og erstattast av ein uavhengig asyldomstol.
- at asylsøkjarar skal ha rett til økonomisk hjelp som tilsvarar minst staten sine rettleiande satsar for sosialhjelp, og ha rett til helsetenester.
- at også innvandrarar utan lovleg opphald vert sikra rett til helsetenester.
- betre trygderettar for flyktningar og innvandrarar.
- at når rasisme vert avdekka innan offentlege etatar eller institusjonar, så må tenestemenn og leiing vert stilte til ansvar. Gransking av slike saker må skje av uavhengige instansar.
- at asylsøkjarar som vert forfølgde i heimlandet på grunn av si seksuelle legning, skal verte godkjende som flyktningar.
- at Noreg må opne grensene for innvandring. Innvandringsstoppen må opphevast, og same reglar som i dag gjeld for innbyggjarar i EØS-land, må gjelde for alle.
- norsk tariff og arbeidsvilkår for alle som jobbar i Noreg.
- å si opp Schengen-avtalen og Dublin-konvensjonen.
Statleg rasisme råkar barn
Noreg har forplikta seg til å følgje den europeiske menneskerettskonvensjonen av 1950 og
dei to FN-konvensjonane av 1966. I tillegg vart FN sin barnekonvensjon i 2003 innarbeidd i
menneskerettslova av 1999. Dersom menneskerettskonvensjonane kjem i konflikt med anna
norsk lovgjeving, har menneskerettane førerang. Ein av dei viktigaste artiklane i FN sine
menneskerettskonvensjonar er artikkel 14(1): ”Einkvar har rett til i andre land å søkje og ta imot asyl mot forfølging”.
Barn på flukt har eit særskilt behov for tryggleik og eit velferdstilbod som sikrar dei ein plattform for eit nytt liv. Noreg vert stadig kritisert fordi styresmaktene bryt med barnekonvensjonen i handsaminga av einslege mindreårige asylsøkjarar og andre barn som søkjer asyl. Raudt bed regjeringa umiddelbart skrinleggje planane om å sende mindreårige asylsøkjarar til såkalla “omsorgssenter for barn” i Afghanistan og Irak.
Barn som søkjer asyl, er av dei gruppene av barn som den norske regjeringa ikkje følgjer opp godt nok. Asylsøkjarbarna får ei uverdig behandling. I 2009 kom det 2500 mindreårige asylsøkjarar til Noreg. Ansvaret for desse barna ligg i utlendingsforvaltninga. Asylmottaka har fått den daglege omsorga for dei.
Desse barna er dei mest sårbare av alle. Tunge traume, sterke krigsopplevingar og andre tragediar pregar dei. Dei treng vern og omsorg; dei har fått barndommen øydelagd og treng hjelp.
Raudt arbeider for:
at Noreg overheld barnekonvensjonen i handsaminga av mindreårige asylsøkjarar.
- at omsorga for alle asylsøkjarbarn vert overført til barnevernet.
Trakassering, vold og organisert rasisme
Nye rasistiske og fascistiske grupper og parti har vakse fram i Europa de siste åra. Rasistisk vold og trakassering har auka sterkt.
I Noreg har rasistiske utsegner etter kvart vortne meir opne og mer godtekne. Politiet legg til side dei fleste meldingane dei får, og bagatelliserer rasistiske handlinga.
Raudt arbeider for:
at rasismeparagrafen (paragraf 135 A i straffelova) vert handheva.
- at paragrafen vert betra for å råke rasistiske handlingar og propaganda.
- innføring av redaktøransvar ved rasistiske ytringar på nettforum.
- at det vert opna for å inndra skjenkeløyve ved diskriminerande eller rasistisk praksis på utestader.
- brei folkeleg mobilisering mot alle former for rasisme og nynazisme.
- å forby fascistiske og nazistiske organisasjonar.
Muslimhets
I kjølvatnet av «krigen mot terror» og USA si krigføring i Midtausten vert muslimar over heile verda utsetne for rasistisk hets og diskriminering. Islam vert presentert som Vesten sin fiende for å legitimere imperialistiske krigar, noko som fører til rangering av personar etter religion og kultur. Muslimhetsen fungerer også som ein avleiingsmanøver overfor kamp mot sosiale problem, blant anna massearbeidsløyse som skuldast den økonomiske krisa. Konsekvensane er vold og trakassering, særleg av muslimar, men rasismen råkar alle som vert knyta til ikkje-vestlege land. Muslimar må stadig forsvare seg mot påstandar om at dei stør terror og kvinneundertrykking. Folk med bakgrunn frå muslimske land vert systematisk diskriminerte på arbeidsmarknaden, på bustadmarknaden og av media.
Raudt er for eit sterkare samarbeid med muslimske miljø for å kjempe mot islamhetsen og det
forsvaret av imperialistisk politikk som følgjer i kjølvatnet av han. Vi ser også på dette som ein føresetnad for at progressive islamske miljø skal kunne vinne fram i kampen mot reaksjonære krefter i desse miljøa.
Raudt arbeider for:
å avsløre retorikk om likestilling og ytringsfridom, når formålet er eit generelt angrep på alle muslimar.
- å utvikle samarbeid mellom muslimske miljø og alle andre som er mot rasisme.
For meir utfyllande informasjon om Raudt sin politikk på desse områda, sjå Antirasistisk manifest, http://roedt.no/program/antirasistisk-manifest/
Kapittel 25: Internasjonal solidaritet
Verda i dag er prega av at USA stadig meir aggressivt skyv fram sine posisjonar for å sikre seg globalt hegemoni. Dette fører til sterkare rivingar mellom imperialistmaktene, der USA også er viljug til å setje til side dei overnasjonale institusjonane og køyrereglane dei til no har nytta for å tryggje interessene sine. Det utfordrar også lojale støttespelarar for USA, som Noreg. Når det gjeld den omsynslause undertrykkinga og utbytinga av folk og nasjonar i den tredje verda, står imperialistmaktene, store som små, framleis samla. USA står i spissen for å ta opp att den klassiske koloniseringspolitikken ved å ta i bruk våpenmakt og okkupasjonar for å sikre kontroll over strategiske område og vitale ressursar. Nato er i dag USA sin viktigaste reiskap for å knyte Noreg og andre land til aggresjonspolitikken sin.
Raudt arbeider for:
- å melde Noreg ut av Nato og WTO
- å gjere slutt på all norsk støtte til okkupasjonane og koloniseringa av Irak og Afghanistan
- å avvise næringslivsstøtte forkledd som u-hjelp
- ingen norsk eksport av miljøøydeleggjande prosjekt
- ingen investeringar som utnyttar folk og ressursar i den tredje verda
- at Noreg ikkje skal ta del i såkalla humanitære intervensjonar. Noreg må bryte med og motarbeide imperialistmaktene sin militære intervensjonspolitikk, også når denne vert kamuflert som støtte til humanitære operasjonar.
- å intensivere det norske solidaritetsarbeidet for palestinarane og å fremme norske tiltak mot den israelske staten sin okkupasjon og etniske reinsing av Palestina
Imperialisme
Undertrykkinga og utbytinga av den tredje verda er det viktigaste spørsmålet i vår tid. Noreg er ein del av systemet som held folk i den tredje verda nede. Mange stader i verda kjem norske selskap som Telenor og StatoilHydro i konflikt med lokalsamfunna sine miljø- og velferdsinteresser. Samstundes deltek norske styrkar i krigen i Afghanistan, og norsk utanrikspolitikk stør opp om USA sin såkalla krig mot terror i etterkant av 11. september. Det er viktig for Raudt å knyte saman den globaliseringskritiske rørsla med alle dei som kjempar for fred og mot at uskuldige sivile vert lidande i imperialismen sitt maktspel.
Raudt arbeider for:
- å stø kampen for demokrati, miljø, sosial og økonomisk frigjering over heile verda
- ei internasjonal rørsle som rettar seg både mot den økonomiske imperialismen, gjennom globale institusjonar som Verdsbanken og WTO, og mot USA og andre stormakter si globale krigføring
- å avsløre imperialistisk ideologi, som er eit hinder for å byggje ein likeverdig og respektfull allianse mellom folk i verda
- å stoppe sexturismen til den tredje verda
Slett u-landsgjelda
Gjelda land i den tredje verda har til Noreg, må slettast. Noreg må gå inn for tilsvarande sletting av gjeld dei har til Verdsbanken og Det internasjonale pengefondet (IMF). Noreg må gå mot at løyvingar gjennom IMF og Verdsbanken skal påtvinge land i den tredje verda ein bestemt økonomisk politikk. All hjelp skal gis som vilkårslause gåver eller som langsiktige og rentefrie lån, og dette skal kome dei undertrykte og fattige til gode. Det må inngåast handelsavtalar som fremmer import frå u-land, når dette tener utviklinga til folk og miljø i desse landa.
Raudt arbeider for:
- å stø kampen for nasjonal frigjering og sjølvstende. Dette inneber mellom anna solidaritetsarbeid med nasjonale frigjeringsrørsler og sosiale rørsler i den tredje verda.
- å utvikle kontakt og samarbeid med sosialistiske organisasjonar, frigjeringsrørsler og sosiale rørsler overalt i verda
Internasjonalt samarbeid med EU-motstandarar
Raudt vil styrkje samarbeidet med EU-motstandarar i land både i og utanfor EU. Raudt vil utveksle røynsler og samarbeide om felles aksjonar og tiltak. Dette gjeld både som parti og gjennom partikameratar som tar initiativ til slikt samarbeid i andre organisasjonar dei jobbar i, som fagrørsla, kvinnerørsla, miljørørsla, bondeorganisasjonar o.a.
Kapittel 26: Krig og fred
Militærpolitikken til Raudt er basert på ei analyse av militærapparatet si rolle. Noreg er eit langstrakt land med viktige ressursar i nærområda. Kamp om desse ressursane vil kunne bli ein dominerande konflikt i dette hundreåret. Energi- og matressursar i havet vil vere sentrale ressursar folk kan leve av i Noreg i lang tid framover. Både USA, EU og Kina/India vil ha enorme energibehov i framtida, som dei ikkje klarer å dekkje sjølv.
Transportvegar for energi vil i aukande grad verte tekne i bruk i norske nærområde. Å hindre stormaktsrivalisering som gjeld norske område og ressursar, er den sentrale utfordringa for norsk industri- og tryggingspolitikk. Dagens norske "tryggingspolitikk" er derimot ikkje å skape tryggleik for desse ressursane. Det norske militærapparatet er innretta mindre og mindre på forsvar, og meir og meir på deltaking i USA sine åtakskrigar.
Nato
Gjennom Nato-medlemskapen og støtte til USA og andre stormakter sin imperialistiske politikk er Noreg ein aktiv del av imperialismen. Gjennom "out of area"-linja frå 1999 har Nato teke nok eit steg mot å bli ein rein militær krigsreiskap for USA. USA sitt prosjekt er verdshegemoni gjennom ein allianse med det USA kallar "dei viljuge". Og den norske regjeringa er viljug. Viljug til å sende norske soldatar som deltakarar i USA sine krigar. Viljug til å utvikle og kjøpe våpen som gjer norske militære nyttige for USA. Viljug til å styrkje USA-imperialismen sin effektivitet.
Raudt arbeider for:
- å få Noreg ut av Nato
- å stanse førehandslagringa av Nato-materiell
- å få slutt på Nato-øvingar på norsk jord
- at det skal krevjast sluttbrukarfråsegn ved våpeneksport frå Norge
- oppløysing av norske einingar som er ein del av Nato eller EU sine innsatsstyrkar
- at internasjonal deltaking i fredsbevarande operasjonar berre skal skje der alle partar aksepterer at troppane er til stades
- at det vert gjeve opplæring til sivile, fredsbevarande kontingentar, som kan drive hjelpearbeid i konfliktar der alle partar aksepterer det
Vernepliktshær
Den anti-invasjonskapasiteten som det norske militærvesenet bygde opp etter den andre verdskrigen, basert på forsvaret av norsk territorium mot ein framand angripar og eit mobiliserbart vernepliktsforsvar, vert bygd ned. Stortingsfleirtalet prioriterer eit profesjonelt militærapparat, i stor grad basert på verva mannskap, som skal setjast inn i intervensjonskrigar verda rundt.
Raudt går mot å løyve pengar til eit slikt militærapparat, og oppfordrar folk til ikkje å verve seg til slik teneste. Difor er vi mot innkjøp av nye kampfly, uavhengig av om dei er svenske eller amerikanske. I staden går Raudt inn for å utvikle eit forsvar som tek sikte på å kjempe mot ein okkupasjon, både gjennom ein vernepliktshær og opplegg for å mobilisere befolkninga til ulike former for motstandskamp.
Raudt arbeider for:
- atomnedrusting og forbod mot abc-våpen
- forbod mot produksjon av spaltbart (radioaktivt) materiale til våpenbruk
- å styrkje det mobile land- og sjøbaserte luft- og kystvernet for betre å kunne hevde suverenitet i norske nærområde
- at dei stadene som mistar militære arbeidsplassar, skal få støtte til å byggje opp varige sivile arbeidsplassar
- å hindre ei profesjonalisering av militæret
- å sikre retten til politisk militærnekting
- å sikre retten til politisk arbeid i militæret, og sikre sivile vernepliktige retten til å få opplæring i sivile motstandsformer, teknikkar og organisering
- desertering om forsvaret vert nytta mot landet sine eigne innbyggjarar, og oppfordring om ikkje å verve seg til imperialistiske aggresjonskrigar
- kjønnsnøytral verneplikt
Kapittel 27: Samepolitikk
To folk i eitt land
Norsk samepolitikk må ha som grunnlag at den norske staten er bygd på territoriet til to folk, det samiske og det norske, slik det også er slått fast i Grunnloven. Dette må gjennomsyre arbeidet på alle plan i stat, fylke og kommunar, slik at samiske interesser vert vurderte i all samfunnsplanlegging der det er relevant, både innanfor næringsutvikling, miljøvern, helse og utdanning.
Eitt folk i fire land
Det samiske folket er urfolk på Nordkalotten. Gjennom mange hundreår har det vore eit stort press frå statane i dette området for å få tilgang til og kontroll over dei rike naturressursane i Sapmi. Det samiske folket og landet deira, Sapmi, er delt mellom fire statar, Noreg, Sverige, Finland og Russland, etter at nasjonsgrensene på Nordkalotten vart trekte opp på 1800- og 1900-talet.
Raudt stør samane sin kamp for kontroll over bruken av naturressursane i eigne område, for sjølvråderett over utviklinga av eigen kultur, språk og utdanning. Raudt stør det samiske samarbeidet over grensene og vil arbeide for at grensene i minst mogleg grad skal skape hinder for samisk samarbeid og utvikling av fellessamiske institusjonar. Vi stør arbeidet med den nordiske samekonvensjonen og vil arbeide for at denne vert vedteken og gjennomført snarast. Samane sine rettar etter ILO-konvensjon 169 og FN sin urfolksdeklarasjon må styrkjast i alle dei fire landa.
Raudt meiner at samane skal ha fast representasjon i Nordisk råd og kunne delta i parlamentarisk arbeid over landegrensene på Nordkalotten.
Tre stammars møte i nord
I Finnmark og Nord-Troms er identitet og etnisitet eit mangefasettert og ofte tabubelagt område. I tillegg til samar og nordmenn har også kvenane lange tradisjonar i områda. Også det kvenske folket er spreidd over fleire nasjonalstatar og har status som nasjonal minoritet i Noreg i dag. Likt med samane har kvenane fått kjenne hard undertrykking og fornorskingspolitikk frå den norske staten. Kampen står i dag for retten til å ta vare på og utvikle restane av deira kultur, identitet, næringsgrunnlag og språk. Vi går inn for at også kvenane får sitt fond som skadebot for fornorskingspolitikken, og at det vert gitt tilstrekkjelege statlege tilskott til revitalisering av kvensk språk og kultur, samt kvensk forsking og museumsverksemd.
Lokal kontroll med naturressursane
Dei samiske områda inneheld store naturrikdommar, som kapitalkreftene ønskjer å kontrollere. På viktige område er lokalbefolkninga fråtekne sin tilgang til ressursane, eller står i fare for å bli frårøva desse. Det gjeld m.a. fiskeallmenningen, mineralressursar, kraftutvinning og kontrollen over utvinninga av olje- og gassførekomstane på sokkelen. Satsinga på "nordområda" er i hovudsak uttrykk for den norske storkapitalen sitt ønske om å vere fremst i kappløpet med utanlandske kapitaleigarar om kontrollen over ressursane.
Samisk forvalting over eigne territorium, inkludert land, vatn og hav, og dei ressursane som finst i områda, under grunnen og på sokkelen, vil innebere ein større lokal kontroll som motvekt til kapitalinteressene og sentralmakta. Det vil også kunne forhindre at utnyttinga av desse går ut over samisk kultur og næringsinteresser.
Samisk forvalting og EØS
Sameretten må sikre kollektive rettar til lokalbefolkninga uavhengig av etnisitet, og samtidig ivareta omsynet til samisk kultur. Han vil da kunne vere ein sterk motvekt mot EU- og EØS-retten si opning for marknadskreftene. Raudt meiner at sameretten (folkeretten/ILO-169) er overordna EØS-avtalen og vil arbeide for at Samekonvensjonen vert teken inn som ein del av EØS-avtalen.
Alle dei samiske områda må fritakast for EØS-regelverket gjennom ei samisk urfolkssone, som i Noreg må gjelde frå Sør-Varanger til Femunden.
Finnmarkslova/-eigedommen/Hålogalandsalmenningen
Utmarksforvaltinga må byggje på at lokalbefolkninga har førsteretten til utnytting av knappe ressursar i sitt verkeområde, og at bruksrett til desse ressursane og rettar kan reserverast bygdelag og innbyggjarar av kommune og fylke. Når ein skal avgjere kven som har rettar, kan ein byggje på alders tids bruk, men med unntak av retten til reindrift skal det vanlegvis ikkje skiljast på etnisk grunnlag. I særskilde høve kan det gjerast unntak, når det er nødvendig for å gjenopprette urett som er gjort mot spesielle samiske grupper, for eksempel austsamane eller skoltesamane.
Finnmarkslova er ein betring av forvaltingssystemet i Finnmark, der områda som tidlegare vart forvalta av Statsskog (95 % av fylket), vart overført til eit privatrettsleg eigedomsselskap, Finnmarkseigedommen. Sjølv om Sametinget oppnemnar halvparten av styremedlemene, er det tvilsamt om styreorganet fullt ut tilfredsstiller kravet i ILO-169, der det er slått fast at urfolket skal ha bestemmande fleirtal i forvaltingsutval i urfolksområde. Raudt krev difor at Sametinget får vetorett i forvaltinga av Finnmarkseigedommen. Verkeområda for finnmarkslova er unnateke hav, fjord, sokkel og undergrunn. Marine ressursar og undergrunnsressursar må inkluderast under forvaltinga for Finnmarkseigedommen og Sametinget, for å sikre at ein tek omsyn til samiske og lokale interesser i høve til klimaendringar, kystfisket og den sjøsamiske kulturen, og den omfangsrike bergverksnæringa i høve til for eksempel reindrifta. Sametinget må få vetorett i forvaltinga av Finnmarkseigedommen, som bør få status som allmenning og heite Finnmarksallmenningen.
Raudt stør fleirtalsinnstillinga i Samerettsutvalet, som gir samane fleirtal i forvaltingsorgan, både lokale utmarksstyre og i sentralt grunneigarstyre. Også dei svenske samebyane som tradisjonelt driv grenseoverskridande reindrift, må sikrast deltaking i denne forvaltinga i dei områda i Troms og Nordland der dei tradisjonelt har drive næring. Slik situasjonen er, vert desse samebyane (sidaane) støtta verken av Samerådet eller norske reindriftssamar i dag, men dei har hevd gjennom historiske rettar gjennom Lappekodisillen og høgsterettsdom om Altevatnsaka. I dag er det ingen andre politiske parti i Noreg som stør denne samiske gruppa, noko som også gjer tydeleg dei problema som oppstår på grunn av delinga av den samiske nasjonen over fire nasjonalstatar.
Samstundes vil Raudt kritisere og arbeide mot avgjerder i desse organa, dersom dei opnar for privatisering. Privatisering tener ikkje fleirtalet av samane og andre utmarksbrukarar. Raudt vil slåss for allemannsretten og for at lokale utmarksstyre ikkje skal verte nye "baronar" som driv rovdrift på naturen.
Raudt går mot privatisering, men samstundes tek vi avstand frå dei som nyttar trusselen om privatisering til å gå mot samisk forvalting av utmarka ut frå ILO-konvensjonen. For tida driv ein organisasjon som kallar seg Etnisk og demokratisk likeverd (EDL), utstrakt verksemd for å kjempe mot samiske rettar. Denne organisasjonen avviser at samane er urfolk og skal ha spesielle rettar. Det arbeidet denne organisasjonen driv, er skadeleg for samane. Raudt kjempar også mot gamle fordommar mot samane som kjem fram på nytt i rettsdebatten framover.
Reindrifta
I samisk kultur står reindrifta sterkt, både som næring og som kulturberar. Reindrifta er arealkrevjande og er bygt på gamle tradisjonar, som går på skånande bruk av naturen. Forskjellige lover frå 70-talet av har gjort at reindrifta har vorte ein del av den kapitalistiske økonomien, og det er dermed skapt klasseskilje. Dette har først og fremst råka små einingar og har gjort næringa avhengig av motoriserte kjøretøy. Reindrifta er også truga av at areala blir brukt til kraftutbygging, vindmølleparkar, vegar og jernbaner, hyttebyar og mineralutvinning. Raudt vil forsvare reindrifta i slike konfliktar, der denne samiske næringa vert truga. I tvistar der reindrifta vert pressa, skal desse drøftast og avgjerast av Sametinget.
Samtidig vil vi arbeide for ei omlegging av reindriftspolitikken, slik at ein styrkjer ein allsidig bruk av reinprodukt, legg til rette for kombinasjonsnæringar og gjennomfører ein reduksjon av store reinflokkar. Det må bli slutt på å presse og lokke folk ut av reindriftsnæringa.
Fiskeria
Raudt stør utgreiing NOU 5/08 (Kystfiskeutvalet si innstilling) om retten til fiske i havet utanfor Finnmark, og meiner dei same prinsippa må leggjast til grunn i alle fylke med historisk samisk kystbefolkning. For å bevare den sjøsamiske kulturen og på den måten også den tradisjonelle nordnorske kystkulturen, og for å motarbeide konsentrasjon av kapital og kvotehandel i fiskerinæringa, er det viktig å hevde allmenningsretten til folk i fjordane og kystnære område. Miljømessig meiner vi det er riktig å satse på kystflåten sine mindre båtar og å byggje ned havfiskeflåten. Dette vil sikre miljøet på havbotnen og forhindre overfiske og bifangst. På denne måten vil ein kunne sikre seg at dei bestandane kystflåten fiskar på, vil halde seg oppe og tryggje leveringar til industrien på land av høg kvalitet og med mindre ressursbruk og utslepp.
Olje- og gassutvinning, kraftutbygging
Klimaendringane påverkar dei sirkumpolare (arktiske) stroka sterkt. Naturen blir endra, og livs- og næringsgrunnlaget til samane og andre urfolk vert truga og øydelagt. Raudt vil arbeide saman med dei samiske organisasjonane slik at det ikkje vert opna for olje- og gassutvinning i Sapmi. Vi må jobbe for ei urfolkssone langs kysten i nord for å verne levesett og kultur for urfolk i området. Ei slik sone kan også bli aktuell i andre område av Noreg, der det bur samar som er avhengige av naturressursar og der Hålogalandsallmenningen ikkje gjeld.
Samiske område har alltid vore brukt til kraftutbygging som har innskrenka beiteområde. I våre dagar er det eit auka krav om fornybare ressursar, så som bygging av småkraftverk og vindmølleparkar i reinbeiteområde.
Sametinget
Raudt ser på Sametinget som eit viktig steg i retning av sjølvråderett for det samiske folket. Det er viktig at det samiske folket sjølv har høve til å opprette eigne styringsorgan over det samla samiske territoriet på Nordkalotten. Sametinget er eit norsk organ underlagt Stortinget og med svært avgrensa styringsrett. Raudt meiner at Sametinget må få større grad av sjølvstyre, autonomi, forvaltingsansvar og økonomisk fridom.
Den prinsipielle støtta til Sametinget og sjølvstyre for det samiske folket inneber ikkje at Raudt automatisk stør dei avgjerdene Sametinget og det samiske folket tek. I dag er det eit klart borgarleg fleirtal også på Sametinget, og Raudt vil delta i Sametinget og debattane rundt dette og kritisere standpunkt vi er usamde i. Sametinget må tilførast ressursar og oppgåver som gjer at det kan bli eit reelt organ for det samiske folket.
Det sjøsamiske folket har vore utsett for ei sterkt øydeleggjande undertrykking av språket, kulturen og den særeigne næringsstrukturen med kombinasjonsdrift som dette folket tradisjonelt har hatt, vekselbruk fiske/jordbruk kombinert med utmarksnæring. Difor må Sametinget spesielt leggje til rette for ei revitalisering av sjøsamisk kultur og språk og den særeigne næringsstrukturen som har halde oppe denne kulturen.
Sametinget og dermed også samemanntalet må i større grad ivareta folk med austsamisk, sjøsamisk og dobbel identitet, norsk og samisk, slik det ofte er langs kysten i nord. Eit problem er at veldig mange innanfor denne gruppa ikkje definerer seg som samar i dag på grunn av særeigne historiske tilhøve, langvarig forteiing og undertrykking. Sametinget må vidare arbeide for å avverje etniske, kulturelle og næringsmessige konfliktar og ta opp situasjonen for anna befolkning i dei samiske områda, så som innvandrarar og innflyttarar frå "norske" område. Sametinget må vise at det har livets rett med å gå inn i debattar der motstandarar av samiske rettar og Sametinget set dagsorden.
Raudt vil delta i debatten om utvikling av samepolitikken i og utanfor Sametinget. Vi vil delta i sametingsval gjennom eigne vallister eller i samarbeid med andre.
Samisk utdanning
Skadane etter langvarig fornorsking gjer at det må takast spesielle tiltak for å styrkje samisk opplæring på alle plan. Det er ikkje nok med ei formell likestilling.
All utdanning i Noreg må ta opp samiske spørsmål og samiske perspektiv innanfor eige fagområde. Dette er viktig både for å motverke fordommar og kunnskapsmangel om samar generelt og for at fagpersonell innanfor forskjellige område skal ha eit grunnlag for å behandle samiske elevar/klientar/pasientar/kundar osb. Alle elevar i norsk grunnskole og vidaregåande skole skal ha rett til å velje samisk som fag, uavhengig av eigen etnisk bakgrunn.
Samisktalande elevar skal ha lovfesta individuell rett til undervising på samisk. Samiske elevar skal ha rett til å velje samisk læreplan utan omsyn til kor i landet dei bur, og lærarar må få utdanning til å gje undervising også etter samisk læreplan.
Retten til samiske læremiddel må lovfestast. Det må utarbeidast relevante læremiddel på dei samiske språka i alle fagområde/fag i barnehage og i alle skoletrinn.
Det særeigne innhaldet i barnehage og skole i samiske område må byggje på dei kunnskapane og tradisjonane som den samiske kulturen er forvaltar av. Dette inneber at arbeidsmåten må leggjast til rette for at barn og skoleelevar kan delta i praksisnære aktivitetar, fiske, fangst, reindrift, sanking og anna matproduksjon, husflid (duodji), forteljar- og musikktradisjon. Lærarar i barnehage og skole må setjast i stand til å ivareta og gjennomføre dette.
Grendeskolar i samiske område må få eit særskilt vern mot nedlegging.
Det samiske barnehagetilbodet må vidareutviklast, både i form av samiske barnehagar og barnehageavdelingar og av språkstøtte for einskilde samisktalande barn.
Samisk helsevesen
Lokalsjukehusa også i dei samiske områda er under sterkt press. Sentralisering og nedbygging av tenestetilbodet skjer også i dei samiske områda. Helse Nord og Helse Finnmark har eit særskilt ansvar for å ivareta tilbodet innanfor spesialisthelsetenesta til den samiske befolkninga. Dette tilbodet er ikkje godt ivareteke i dag; spesialisthelsetenesta i Finnmark har aldri vore på linje med tilbodet elles i Noreg, og er etter innføringa av sjukehusreforma ytterlegare nedbygd. ILO-169 presiserer at urfolket skal ha tilgang på eit likeverdig tilbod med resten av befolkninga, tilrettelagt språkleg og kulturelt. Helse Finnmark er ikkje i stand til å gi eit likeverdig tilbod i dag, t.d. i høve til kultur og språkforståing, spesielt innan fag som geriatri, rehabilitering og psykiatri, der nærleik til familie og eigen kultur/heimstad er viktig.
Raudt krev eit likeverdig tilbod til den samiske befolkninga, inkludert psykiatriske behandlingstilbod i Finnmark tilpassa samisk språk og kulturforståing. Også tilboda innan primærhelsetenesta er svært dårleg utbygd og lite tilpassa samiske tilhøve. Samisktalande pasientar kan verken rekne med å møte samisktalande helsepersonell eller få samisk tolk i sitt møte med helsevesenet.
Distrikta i Nord-Noreg og dei samiske kjerneområda lir spesielt under legemangel, vikarstafettar m.v. som skaper utryggleik og manglande tillit i dei fasane av livet kor ein er mest sårbar.
Raudt ønskjer tilskott til samisk primærhelseteneste, slik at alle pasientar kan rekne med å møte personell med kompetanse om samisk språk og kultur.
Raudt meiner at det bør etablerast eit overgrepsmottak med kompetanse, fagleg og kulturelt, i dei samiske kjernekommunane.
Samisk kultur/kulturytringar og språk
For at det samiske språket eller dei samiske språka skal vere moderne bruksspråk, må dei takast i bruk i kvardagen, arbeidslivet, skolen og media. Difor trengst det satsing på systematisk jobbing og løyvingar til vitaliseringskampanjar i område der samisk er truga, og til forsking på språka. For at samisk kultur skal få den plassen han fortener, vil Raudt arbeide for skilting på samisk og kvensk språk på vegar, bygg og institusjonar i område der samisk og kvensk kultur har påverka majoritetskulturen. Samisk brukskunst, duodji, og kultur elles må vernast mot kommersielle krefter som vil utnytte han med å selje surrogatutgåver av kulturen.
Raudt vil arbeide for å styrkje samisk kultur og språk over alt der vi er representert i kommunale, fylkeskommunale og statlege organ.
Kapittel 28: Oppvekstvilkår
Barn treng trygge og førutseibare rammer og støttande omsorgspersonar for å utvikle eigenverd og sjølvtillit. Saman med andre barn utvikler dei sosial kompetanse og læring. For å tryggje flest mogleg ein god oppvekst meiner Raudt at det offentlege må ta langt større ansvar for barn og unge enn det som vert gjort i dagens samfunn. Barna må sikrast oppvekstvilkår slik at dei ikkje lir skade og vert hemma i utviklinga si.
Raudt meiner alle barn vil tene på å vere i gode barnehagar og skolefritidsordningar. Barnehagetilbodet skal vere der frå første stund. Slike tilbod må vere gratis dersom alle skal kunne bruke dei. Grunnskolen og vidaregåande skole må i større grad møte barn og unge ut frå den einskilde sine føresetnadar og stø dei i deira utvikling og læring. Barn treng leikemiljø og fritidstilbod. Ungdom treng eigne møtestader. Når dette manglar, trekkjer ein del ungdom til shoppingsenter og rusmiljø. Der det finst ungdomsklubbar og ungdomshus, er desse ofte truga av nedlegging. Raudt meiner det er ei offentleg oppgåve å syte for rusfrie møtestader for ungdom.
Felles ansvar for barna
Foreldre ønskjer det beste for barna sine, men samfunnet sine rammer tek frå mange høvet til å gi barna og dei unge gode oppvekstvilkår. Alt for mange barn lever i dag i fattigdom utan å få tilstrekkjeleg hjelp frå det offentlege. Alt for mange barn veks opp i familiar med vold eller rus. Terskelen for å få hjelp er for høg. Det førebyggjande arbeidet er for dårlig. Samfunnet er bygd opp om kjernefamilien som økonomisk grunneining. Dette gjer barn og unge sterkt avhengige av familien dei er fødde inn i. Det gjer det vanskelegare for andre å gripe inn, dersom barn og unge treng støtte og hjelp. Raudt meiner at barn og unge i alt for stor grad står fram som den einskilde familien sin private eigedom i dagens samfunn. Det kan skape store problem og kamp om barna ved samlivsbrot. Raudt meiner generelt at det offentlege skal ha eit stort ansvar for at barn har ein trygg og god oppvekst. Raudt er difor for at alle barn skal ha rett til vern av barnevernet, uavhengig av kor dei oppheld seg og av kven som har omsorgsansvaret, inkludert samversheim. Barnekonvensjonen er nedfelt i norsk lov, og det er viktig å verne barn i tilfelle der til dømes skadeleg samvere finn stad. Ungdom som treng plassering i institusjon, skal få det når behovet er der. Den faglege vurderinga av kva for tiltak ungdom treng, skal gå framfor økonomiske vurderingar.
Så lenge kvinner ikkje er sikra økonomisk sjølvstende, kan det vere vanskeleg og umogleg å bryte ut av uhaldbare familietilhøve. Aleineforeldre vert bydd dårlege økonomiske kår. Etter Raudt si meining må kvart einskild individ vere sikra økonomisk sjølvstende. Styrkt offentleg satsing på alle område innan oppvekst vil vere til beste for barn, unge og dei næraste omsorgspersonane deira.
Raudt arbeider for:
opprusting av det kommunale barnevernet. Gje barna hjelp no – ikkje still dei i kø.
Barnehagen
Alle førskolebarn skal ha rett til eit godt, gratis barnehagetilbod tilpassa behova dei og foreldra har. Bygging og drift av barnehagar er eit offentleg ansvar. Barnehagen er ein del av utdanningssystemet og ein viktig faktor for at alle barn skal sikrast likeverdige og gode oppvekstvilkår og ein god barndom. Barnehagen skal være ein stad for leik, omsorg, læring og tilsyn. Innhaldet skal pregast både av respekt for det einskilde barnet sitt eige verd og av ei solidarisk og kollektiv haldning. Utvikling av sosial kompetanse, fantasi og kreativitet er det viktigaste i barnehagen.
Raudt arbeider for:
- utbygging av offentlege og gratis barnehagar til alle barn
- at private barnehagar må takast over av det offentlege
- lovfesta rett til barnehage for alle barn under skolealder
- ein styrar med førskolelærarutdanning i kvar barnehage
- at kvaliteten i barnehagen må sikrast ved at personalet har formal- eller realkompetanse til arbeidet sitt
- auke i førskolelærarløna for å rekruttere fleire pedagogar til barnehagane
- auka satsing på å rekruttere personale med fleirkulturell og minoritetsspråkleg kompetanse
- auka tal på pedagogar og på tilsette generelt i barnehagane, noko som krev auka driftsløyvingar
- at barnehagen også vert styrkt med assistentar og barne- og ungdomsarbeidarar
- nei til kristen formålsparagraf i barnehage
- at alle barnehagereformer må fullfinansierast av staten
- å bruke pengane på barnehagar, ikkje på kontantstønad og privat barnepass
- areal- og bemanningsnormer
- at døgnopne barnehagar skal være eit tilbod der det er behov
- å allmenngjere grunnbemanningsavtalen for Oslo kommune: ein førskolelærar og to assistentar per 9/18 barn
- forsøk med sekstimarsdag, samstundes som staben vert utvida til to pedagogar og to assistentar
- gratis kollektivtransport for skolar, SFO og barnehagar
- at 1. august framleis skal vere dato for hovudopptak. Treåringar må telje som småbarn fram til dette opptaket. Nei til fleksibel skolestart.
Skolefritidsordninga
Skolen må ha ei skolefritidsordning som dekkjer barna og foreldra sine behov. Dårlege skolefritidsordningar legg meir omsorgsansvar på kvinner. Dei vert pressa ut av jobb eller over i deltidsstillingar. Skolefritidsordninga skal vere gratis og fullfinansiert av statlege middel. SFO skal gi barna høve til leik, utfalding og ro. Ein strukturert kvardag skal samstundes gje barna fritid medan dei oppheld seg i SFO.
Raudt arbeider for:
- gratis skolefritidsordning til alle
- at familiar med stort omsorgsansvar vert sikra eit avlastingstilbod
- lokale som tilfredsstiller elevane sitt arbeidsmiljø med plass til leik, lekselesing og kvile for alle 6–9-åringar
- gode leikeareal ute og inne, også for dei minste
- tilfredsstillande areal- og bemanningsnormer
- at innhald med kvalitet i SFO vert sikra ved at personalet har formal- eller realkompetanse til arbeidet sitt
- at dagleg leiar skal ha relevant utdanning
- at førskolelærarar og lærarar for seksåringane skal ha same løns- og arbeidsvilkår som dei andre lærarane på barnetrinnet
Ungdom
Ungdom i dag vert ofte anten sett på som konsumentar eller som eit problem. Samstundes som ein uroar seg for at ungdom hamnar på skråplanet, bruker rusgifter i stadig yngre alder, og ikkje har andre hobbyar enn shopping, er det slett inga vilje til å sjå på kva som er årsakene til desse problema. For så å ta tak i dei og gjere noko med det! I mange kommunar vert det vesle som finst av ungdomstilbod, lagt ned. Om ein ikkje kjenner seg heime i korpset eller i idrettslaget, har ein så og seie ingen tilbod i dag. Ungdom har svært få tilbod som ikkje kostar pengar. For å hindre at ungdom vert passive konsumentar, må ein ha gode, allsidige tilbod og aktivitetar, som er gratis. Organiserte aktivitetar kostar pengar, det same gjer kafeturar, kino og liknande. I dag vert ungdomskulturen kommersialisert og stadig meir seksualisert – vegen til lukke for ungdom er å vere ven, attraktiv og vellukka. Og vegen dit kostar naturlegvis pengar. Seksualiseringa skaper tronge rammer for korleis ein skal vere.
Ungdom som vil skape andre tilbod, har i liten grad høve til å finne uttrykksmåtar og å kunne drive med interesser utanom det etablerte. Den kulturen ungdom skapar, vert ofte kriminalisert og sett på som eit problem i staden for ein styrkje og ein ressurs. Eit døme på dette er graffiti, som utelukkande vert handsama som eit problem og omtala som ein innfallsport til kriminalitet og narkotika. Ingen spør om graffitien også kan vere kunst og eit kreativt uttrykk. Ungdom må sjåast som ein ressurs. Dei må gjevast spelerom og tilbod. La dei jobbe saman med vaksne eller saman med andre ungdommar. Gje ungdom høve til å utvikle seg sjølv og andre. For å skape gode tilbod må ungdom gjevast makt, og vaksne kan ikkje kome med ein mal for korleis dette best skal leggjast opp. Å ha høve til å forme sine eigne tilbod – og å verte teken på alvor – må vere eit krav for å utvikle tilbod. I mange kommunar har ein oppretta ungdomsråd for å freiste å gjere noko med dette. Det er viktig at desse råda får reelle høve til å påverke, og ikkje berre blir til "pynt" for politikarane. Ungdomsråda må få nødvendig opplæring og oppfølging, men dei må også få rom til å utvikle sine eigne arbeidsmetodar, møteformer og prioriteringar.
Tankar, idear og fantasiar skal ikkje kvelast av budsjettrammer. Ungdoms engasjement og vilje til å skape noko sjølv må ikkje verte sett på som ei byrde, ei ekstra utgift på budsjettet som ein helst skulle vore utan. Ungdom må takast på alvor.
Ungdomstilbod må sikre at jenter sine ønsker og behov vert ivaretekne. Alle ungdomsklubbar må jamleg lage «set grenser»-kurs og undervise i nulltoleranse for seksuell trakassering.
Raudt arbeider for:
- at fritidsklubbar skal verte lovpålagt
- at det skal opprettast fleire ungdomshus, både sjølvstyrte og kommunalt styrte
- at det skal setjast av pengar til å opprette ungdomsbase og/eller ungdomskontaktar
- at det skal etablerast rusgiftfrie helgetilbod for ungdom, som f.eks. kveldsopne ungdomshus, ungdomskafear, diskotek osv
- at ungdoms eigenorganisering skal støttast økonomisk
- at det skal opprettast ungdomsråd i kommunar eller distrikt. Ungdomsråda skal veljast gjennom demokratiske val av ungdom sjølv.
- at jenter si deltaking må sikrast gjennom til dømes kvotering, fordi jenter kan!
- at ungdomsrådet skal ha møte- og talerett i hovudutval, formannskap og kommunestyre
- at staten tilfører dei ressursane som trengst for å drive ungdomsarbeid
Kapittel 29: Skole
Ein skole for eit anna samfunn
Skolen skal gi barn og ungdom kunnskap og dugleik som ikkje berre gjer dei i stand til å delta i samfunnet, men også til å forme og endre det. Dei treng praktiske og teoretiske kunnskapar, tru på seg sjølv og sin eigen verdi og vilje til å endre tilhøve dei opplever som urettferdige, undertrykkjande eller øydeleggjande. I dag er målet med utdanninga å tilfredsstille marknaden sitt behov for arbeidskraft. Dette må endrast til at menneskjeleg utvikling er det viktigaste målet.
Skolen skal vere ein stad der elevane utviklar seg ved å utfalde seg og gjennom å få stilla tydelege krav til det arbeidet dei gjer. Skolen skal oppretthalde og stimulere elevane si nyfikne. Teori og praksis må utgjere ein heilskap. Utan det praktiske læringsarbeidet vert opplæringa drilling i teoretisk kunnskap som er lausriven frå røyndomen. Ein skole der elevar "utfører oppgåver" i staden for at dei lærer gjennom ulike aktivitetar, er ein skole som venjar elevane til å akseptere meiningsløyse.
Skolen skal gi opplæring i reelt demokrati. Elevane må lære å krevje rettar og argumentere for standpunkta sine, dei må oppleve at dei blir høyrte i saker dei tek opp, og dei må oppleve at dei kan få gjennomslag. Berre på denne måten kan dei lære å ta ansvar og bli i stand til å endre samfunnet seinare.
Ei sentral oppgåve for skolen er å sørgje for at alle elevar går ut av skolen med tru på seg sjølve. Menneske som har tru på seg sjølve, sin eigen og kvarandre sin verdi, let seg ikkje tråkke på og vil ikkje akseptere urett.
Raudt trur at ein slik skole vil utdanne elevar som ikkje vil akseptere rammene det kapitalistiske systemet set for menneska sine liv. Vår skole er ein skole som ikkje godtek undertrykking. Kapitalismen kan berre overleve så lenge fleirtalet er viljuge til å leve med undertrykking.
Skolen i dag
Raudt er for ein gratis offentleg skole for alle barn og unge frå første klasse og ut vidaregåande. Denne fellesskolen skal gi alle lik rett til utdanning, same kor i landet dei bur, uavhengig av kjønn, nasjonalitet og livssyn og uavhengig av inntekta til foreldra. Elevar som har behov for å få heile eller delar av opplæringa i skolar med spesiell tilrettelegging, skal få det. Ein felles skole for alle føreset ein skole utan kristen eller annan religiøs formålsparagraf.
Skolen må møte barn og ungdom ut frå deira føresetnader og skape best mogleg tilhøve for vekst, utvikling og læring i ein sosial samanheng blant jamaldringar. Dette tyder ein skole der både kunnskapsformidling og sosial læring er viktig.
Den offentlege skolen skal ha rom for eit mangfald av pedagogiske retningar. Det er ikkje eit mål at alle skolar skal vere identiske, verken i arbeidsmåtar eller i organisasjonsform. Med dette som bakgrunn er Raudt mot private skolar, også private livssynsskolar. Skolar som i dag vert drivne på eit alternativt pedagogisk grunnlag, kan halde fram som fullfinansierte skolar innanfor dei romslege rammene av eit mangfaldig offentleg skolesystem.
Elevar med svært ulike behov har alle krav på eit tilpassa tilbod. Ulik kompetanse er nødvendig for å møte elevar med svært ulike behov. Den fleirkulturelle skolen krev morsmålslærarar og lærarar med kompetanse på området norsk som andrespråk.
Skolen treng spesialpedagogar og sosialpedagogar tilgjengeleg for kvar skole.
Raudt arbeider for:
- ein offentleg, gratis grunnskole der folk bur
- å gjeninnføre øyremerkte statlege løyvingar til skolane
- at alle elevar skal ha tilgang til datamaskinar og -nett, og grundig opplæring i bruk
- at skolane må få tilført tilstrekkjelege middel, slik at alle elevar kan få reelt tilpassa opplæring
- ein religions- og livssynsnøytral skole
- at alt materiell må vere tilgjengeleg på begge målformer og samisk
- krav til fagleg-pedagogisk utdanning av skoleleiarar, samt krav til tre års praksis
- rett til lese- og skriveopplæring på morsmålet, rett til morsmålsopplæring og rett til tospråkleg fagstøtte
- ein skole der praktisk læring har ein sentral plass på alle trinn
- tiltak mot seksuell trakassering og mobbing på alle trinn
- å sikre eit godt fysisk og psykisk arbeidsmiljø for både elevar og lærarar
- styrkt skolehelseteneste
- gode etter- og vidareutdanningsordningar for lærarar, og spesielt innanfor bruk av digitale verktøy
- at lovfesta krav om generelt tilgjenge/universell utforming etter diskriminerings- og tilgjengelova raskt må innfriast i alle utdanningsbygg
Grunnskolen
Det er eit statleg ansvar å sørgje for at kommunane får nok pengar til å byggje og drive ein god, oppdatert grunnskole kor barn frå alle sosiale klassar møtest. Skal skolen verke sosialt utjamnande, må han vere ein møtestad der elevane opplever at verdiane til alle vert likt verdsett. I dag er det den akademiske middelklassen sine verdiar som dominerer.
I dagens skole vert kunnskap framstilt som identisk med teori. Men kunnskap er teori og praksis saman. Når dei to skil lag, vert resultatet framandgjering. Det feilaktige synet på kunnskap er med på å legitimere at praktiske fag og praktisk læringsarbeid blir fjerna og nedprioritert i skolen. Teoretiseringa av grunnskolen gjer at vi utdannar elevar med svak praktisk dugleik, men dette er ikkje synleg i statistikkane. Sidan det er teorien som har fått den opphøgde posisjonen, opplever barn og ungdom at deira praktiske røynsler og tilnærmingsmåtar vert nedvurderte. Dei opplever skolen som ein stad der kunnskap bur i bøker og ikkje er tilgjengeleg for alle. Dei som føler seg heime i denne teoridominerte skolen vil også få ei dårlegare heilskapleg opplæring, og dei kan bli villeidd til å vidareføre tanken om at læring er ei akademisk øving som er lausriven frå røyndomen.
Grunnskolen i dag krev at elevane tilpassar seg ein skolekvardag kor mange ikkje kjenner seg heime. I ein del kommunar er det utvikla gode røynsler med organisering av eit offentleg alternativt tilbod for elevar som ikkje får til denne tilpassinga. Raudt meiner at mange av desse alternative tilboda er gode døme på korleis skolen som heilskap burde vere, mellom anna med ein betre balanse mellom praktisk og teoretisk læringsarbeid. Raudt vil at desse røynslene skal nyttast til å organisere alternative tilbod ut frå behova i den einskilde kommunen. Målet med dette arbeidet må vere at den ordinære skolen vert endra og at dei alternative tilboda dermed på sikt vert overflødige.
Det har skjedd ei byråkratisering av læraryrket, der for mykje tid går med til unødig dokumentasjon, planarbeid og møte. Lærarane skal først og fremst bruke tida si til å hjelpe elevane i læringsarbeidet. Det er arbeidsgjevaren sitt ansvar at lærarane er i stand til å utføre oppgåvene sine. Dette gjeld både tilgang på ressursar, oppfølging og rettleiing. Det er også arbeidsgjevar sitt ansvar å syte for at elevane ikkje vert utsetne for lærarar som er til skade for dei og deira utvikling.
Raudt ønskjer ikkje ein heildagsskole som er ei utviding av dagens teoriskole. Vi ser i dag ikkje grunnlaget for å utvide skoledagen, men meiner at det er viktig at alle elevar har tilbod om god og gratis skolefritidsordning. Før vi kan starte ein reell diskusjon om heildagsskole skal innførast, må det bli klårt kva ein slik skole skal innehalde.
Raudt arbeider for:
- ei valfagordning på ungdomstrinnet, der praktisk retta tilbod har ein stor plass
- reell lik rett til opplæring og utdanning gjennom ein skole som kompenserer for ulik klassebakgrunn
- at likestilling og likeverd mellom guter og jenter blir integrert i all opplæring
- å auke lærartettleiken – ingen klasser eller grupper med meir enn 20 elevar
Den nyliberalistiske skolen – ein skole på veg i feil retning
Den offentlege skolen er i dag under press frå fleire kantar. Den nyliberalistiske politikken som har blitt ført i fleire år, har stort sett blitt vidareført med den raud-grøne regjeringa. Kravet om effektiv gjennomstrøyming og ressursutnytting står sentralt på alle plan. For å kunne samanlikne og rangere skolane innførte styresmaktene standardiserte, nasjonale prøver, og ein opna for såkalla fritt skoleval. Frå Høgre til SV er det semje om at nasjonale prøver er eit nyttig verktøy, medan mangelen på nasjonale standardar for løyvingar gjer at skolen vert tappa for ressursar og at skilnadene mellom skolane aukar.
Raudt er for at lærarane skal ha tilgang på ulike kartleggingsverktøy for å kunne gi elevane eit best mogleg opplæringstilbod. I skolen vert det gjort mykje arbeid som ikkje let seg dokumentere med generelle testar. Raudt meiner det er viktig at det vert forska meir på skole og kva for opplæringsmetodar som gir god effekt, men dette har lite med nasjonale prøver å gjere. Raudt ser ikkje verdien av generelle landsomfattande testar. Kvar skole må bruke dei kartleggingsverktøya dei finn nyttige for å utvikle opplæringa til beste for elevane.
I 2003 vart opplæringslova endra, og klasseomgrepet og klassedelingstalet forsvann frå lovverket. Tidlegare sikra lova at elevtalet per klasse ikkje oversteig 28 på barnetrinnet og 30 på ungdomstrinnet. Skolane vart sikra lærarstillingar ut frå talet på klasser. Endringane har ført til færre lærarar og større elevgrupper. I nyliberalistisk ånd vert stykkprisfinansiering innført, noko som igjen vil framtvinge større grupper og skolar. Raudt seier nei til stykkprisfinansiering og vil gjeninnføre klassen som økonomisk grunneining i skolen saman med nasjonal standard for timetildeling.
Tidligare var skoleklassen/gruppa ein sosial arena der elevane i tillegg til fagleg lærdom, skulle lære å vere saman og respektere kvarandre, trass i ulikskapar. No vert elevane splitta frå gruppa og skal på eige ansvar arbeide aleine for å nå individuelle mål. Fellesskapet forsvinn og målet vert at dei “flinkaste" skal opp og fram til neste testnivå så fort som mogleg. Skolen må sikre at elevane tilhører faste sosiale grupper med felles praksis for å sikre at dei tileignar seg sosial dugleik, samstundes som den einskilde må ha rett til utvikling i tråd med evner og anlegg.
I ein del kommunar vert omgrepet småskolen fjerna, og det vert innført fleksibel skolestart. Fleksibel skolestart vil seie at barna ikkje startar samla i første klasse om hausten, men at foreldra kan la barnet starte på skolen når det fyller seks år, om fødselsdagen er før ordinær skolestart i august.
Raudt arbeider for:
- å gjeninnføre klassen som økonomisk grunneining
- felles skolestart for alle elevar på første trinn i august
- å avskaffe all stykkprisfinansiering – nei til fritt skoleval
- å stanse nasjonale prøver – inga offentliggjering av resultata
Vidaregåande opplæring
Kutt i vidaregåande skole er ein årleg hending i dei fleste fylkeskommunane. Desse kutta råkar to stader. Små skolar i distrikta vert lagde ned, og yrkesfaglege og alternative linjer vert fjerna eller sentralisert. Det er alt for få skoleplassar på yrkesfag og lærlingplassar i høve til behova. Dette er med på å forsterke problema med det store fråfallet på vidaregåande skole, og det må setjast i verk tiltak på fleire område for å motverke dette.
Dei seinare åra har det også vore gjennomført ei sterk sentralisering med samanslåing av skolar for å spare pengar. Dette har møtt sterk motstand både blant elevar og tilsette. Raudt stør kampen mot slik samanslåing, fordi det gir eit dårlegare skoletilbod til elevane og dårlegare arbeidstilhøve for dei tilsette.
Det er lovfesta at vidaregåande skole i Noreg skal vere gratis, men likevel må elevar ut med tusenvis av kroner i året til bøker og utstyr. Dei yrkesfaglege linjene er dei dyraste. I tillegg er det umogleg å leve på det bortebuarstipendet staten gir til elevar i vidaregåande skole. Elevar må anten ta opp lån for å klare seg eller jobbe på fritida, noko som svært ofte går ut over skolearbeidet. Dette handlar om lik rett til utdanning for alle, uavhengig av om ein kjem frå by eller bygd og uavhengig av økonomien til foreldra.
Yrkesfag er i dei siste tiåra forsøkt teoretisert vekk frå verkstader og praksis. Raudt meiner at klasserom skal vere eit supplement til arbeid i verkstad og arbeidsliv. Praksisdelen må styre opplæringa.
På yrkesfaglege linjer fører underfinansiering til at mykje undervising går føre seg med utstyr som er utrangert og utan relevans for det elevane møter når de kjem ut i lære og arbeid. Raudt meiner at løysinga på dette problemet primært må vere styrka løyvingar til utstyr i skolen og ikkje at skolane vert gjort avhengige av at bedriftene stiller sine ressursar til rådvelde.
Raudt arbeider for:
- gratis læremiddel i vidaregåande opplæring
- at behovet for skoleplassar på yrkesfag og lærlingplassar må verte dekt
- at retten til fagopplæring i bedrift må lovfestast
- at helsetilbodet skal vere gratis for elevar og lærlingar under vidaregåande opplæring
- maksimum 20 per klasse i allmennfag og maksimum 15 per klasse i yrkesfag
Vurdering og karakterar
Ein viktig del av ein læringsprosess er å få tilbakemeldingar på korleis det går med arbeidet. Dagens karaktersystem gir for dårlege tilbakemeldingar både til elevar og foreldre. Det fungerer først og fremst som eit system for å rangere elevane. I tillegg er det med på å undergrave sjølvtilliten for mange elevar, og det fører til at karakterar og ikkje læring blir målet for mykje av arbeidet ein gjer i skolen. Raudt vil stø arbeidet for å finne gode og konstruktive vurderingsformer, som på sikt kan kome i staden for dagens system. Vi treng vurderingssystem som fremmar fagleg utvikling hos eleven og som tydeleg syner kva for faglege kunnskapar elevane har.
Raudt arbeider for:
- å starte opp forsøk for å utvikle eit vurderingssystem der elevar vert vurderte etter objektive faglege kriterium
- at opptak til vidaregåande og høgare utdanning skal skje ut frå faglege dugleikskrav; om det er fleire kvalifiserte søkarar enn plassar, kan ein nytte loddtrekking
- å starte forsøk med karakterfri ungdomsskole
- å starte opp forsøk med nye vurderingsformer på alle nivå i utdanningssystemet
Retten til eige språk
Nynorsk og minoritetsspråk er under press i skolen. Høgresida kjem med stadig nye åtak på nynorsk, under dekkje av "vitskaplege forsøk", og svært mange kommunar har fjerna retten til morsmålopplæring. I tillegg er det framleis slik at mange læremiddel kjem for seint – eller ikkje i det heile – på nynorsk, mange år etter at retten til parallellutgåver vart innført.
Raudt meiner nynorskopplæringa i skolen og sidemålsopplæringa er avgjerande for å sikre nynorsk som likestilt riksmål, og vi stør kravet om betre, ikkje mindre, sidemålsopplæring. Retten til morsmålsundervisning må innførast att, der han er fjerna. Raudt meiner ingen skal være utrygge på sitt eige talemål og meiner skolen har ei viktig oppgåve i å betre haldningane til dialektar.
Raudt arbeider for:
- å oppretthalde obligatorisk undervising i sidemål og styrkje denne gjennom positive sidemålsforsøk
- at lærarar skal gi elevane tryggleik om talemålet sitt gjennom medvitne haldningar til sin eigen og andres dialektar og oppmuntre til å bruke desse
- at alle læremiddel skal kome på bokmål og nynorsk til same tid og pris
- sikring av retten til å opprette parallellklassar med anna opplæringsmål enn det som er vedteke for skolane
- at framandspråklege i nynorskkommunar skal få norskopplæring på nynorsk
- at sidemålspedagogikk og haldningar til nynorsk vert ein del av lærarutdanninga
Kapittel 30: Høgare utdanning
Dei seinare åra har Noreg opplevd ein ny utdanningseksplosjon. Denne har likevel ikkje blitt følgt opp med tilstrekkjelege løyvingar og satsing. Enda om høgare utdanning blir stadig viktigare i yrkeslivet, vert terskelen for opptak heller heva enn senka. Dette skapar ein situasjon der anna røynsle og kompetanse vert nedvurdert i høve til karakterkrava.
Kampen for høgare utdanning er ein kamp for kunnskap. Kunnskap er ei kjelde til makt, og tilgangen til kunnskap er viktig for å kunne utnytte og påverke det samfunnet vi lever i. Lik rett til høgare utdanning er difor ein av føresetnadene for eit demokratisk samfunn. Vi ser i dag ei skeiv rekruttering til høgare utdanning, både når det gjeld etnisk bakgrunn, klasse og geografi. For Raudt er det ikkje eit mål at alle skal ta høgare utdanning, men at alle skal ha retten til det.
Raudt arbeider for:
- at høgare utdanning ikkje skal privatiserast
- at universitet og høgskolar ikkje må konkurrere økonomisk
- auka offentleg støtte til å dekkje både utdanning og forsking i høgare utdanningsinstitusjonar
- gratis fjernundervisning i teoretiske fag, gjerne med bruk av IKT-verktøy
- at lovfesta krav om generelt tilgjenge/universell utforming etter diskriminerings- og tilgjengelova raskt må innfriast i alle utdanningsbygg <
Kvalitetsreforma
Ulike regjeringar har dei siste åra svekt den høgare utdanninga. Den såkalla Kvalitetsreforma, som vert følgt opp av dagens regjering, er ei reform som i større grad gjer høgare utdanningsinstitusjonar til arbeidskraftfabrikkar. Den eksterne innverknaden på institusjonane vert auka, løyvingane kutta og studentane sin stipenddel vert fastset av studiepoeng. Universitet og høgskolar må konkurrere om studentar for å få sin del av løyvingane, noko som rammar både mindre utdanningsinstitusjonar og mindre fag. På sikt kan denne utviklinga føre til auka privatisering, slik vi no ser i land som Australia og USA. Raudt arbeider for at Noreg avviser forslag innan Gats-forhandlingane som gjer utdanning til ei internasjonal handelsvare. Universitetet som institusjon for kunnskapsutvikling vert svekt. Både tilsette og studentar blir i stadig større grad reprodusentar og ikkje utviklarar. For å motverke dette ønskjer Raudt å tryggje den frie grunnforskinga og styrkje studentane sine høve til å påverke det faglege innhaldet.
Raudt arbeider for:
- at pengane ikkje skal følgje studenten – også små fag og utdanningsinstitusjonar må oppretthaldast
- at utdanningsinstitusjonane må ha indre sjølvstyre, men vere opne for samarbeid med organisasjonar, institusjonar og arbeidsliv
- at styringa av universitet og høgskolar ikkje skal overlatast til eksterne representantar
- at realkompetanse, ikkje berre skoleresultat, må takast på alvor
- større aksept for utdanning frå utlandet
- gratis norskkurs på alle høgare utdanningsinstitusjonar
- at u-landsparagrafane i Statens lånekasse vert gjeninnført og utvida til Aust-Europa
- at studentane skal ha rett til å innverke på det faglege innhaldet
- mest mogleg
- at høgskoletilbodet i distrikts-Noreg ikkje skal sentraliserast undervising og pensum på norsk
Levekåra til studentane
Studentane sine økonomiske og sosiale kår vert svekte. Enda om nedkortingsreforma har medført ei viss auke i den generelle ramma for studiestønad, ligg studentane langt etter andre grupper i samfunnet. Prisane i studentbarnehagane har auka kraftig, og prisane på utleigebustader og studentkantiner er definert ut frå marknadsprisane.
Raudt arbeider for:
- fullstipendiering til alle studentar uavhengig av studiepoengproduksjon
- betre bustad- og barnehagetilbod og styrking av studentane sine sosiale rettar
- radikal kjønnskvotering og øyremerking av stillingar for kvinner i alle vitskaplege studium
- å få kvinneperspektiv inn på pensum i alle relevante fag
- tiltak mot seksuelle overgrep mot kvinnelege studentar m.a. ved hjelp av yrkesetiske retningslinjer for undervisningspersonale og rettleiarar
- ei eiga arbeidsmiljølov for studentar
- å sikre nynorskbrukarane retten til eksamen på nynorsk
Kapittel 31: Informasjonsteknologi
Pc-ar, Internett, mobiltelefoni og breiband forandrar daglegliv og samfunn i høgt tempo. Noreg ligg blant dei aller fremste i denne utviklinga. Dette er teknologi som har potensiale til å forbetre samfunnet, men også til å ta frå folk fridom og skape større sosial ulikskap.
Den nye informasjonsteknologien gjer det mogleg med rask, miljøvenleg og effektiv distribusjon av informasjon, programvare og kultur. Stadig meir av dette blir fritt tilgjengeleg på Internett, og kan nytast av alle som har tilgang på nettet. På den andre sida er det ikkje alle som har denne tilgangen, og informasjonsflyten utfordrar også gamle monopol innan kultur, programvare og informasjon, som ønskjer å halde slikt lukka og proprietært. Vi ser i dag ein offensiv frå deler av storkapitalen for å ta frå folk fridomen til å dele med andre, slik at dei kan halde fram å tene pengar på å selje informasjon stykkevis og delt.
Vi vil ikkje underslå at fri flyt av informasjon og ein rett til fritt å dele med andre vil vere ei utfordring for nokre yrke, slik som kunstnarar, fotografar, programmerarar og journalistar. Det vi derimot vil halde heilt fast på, er at svaret ikkje må vere å redusere folks fridom, men å finne løysingar som er framtidsretta og peiker mot eit samfunn med meir fridom og likskap enn i dag.
Informasjonsteknologi kan ikkje løyse alle verdas problem. Tilgangen til denne teknologien er eit sosialt spørsmål som må reisast og kjempast for, og maskiner eller informasjon kan ikkje løyse problem i seg sjølv. Teknologien er ein reiskap som kan brukast både til å skape totalitær kapitalisme og til å skape eit fritt, klasselaust samfunn, kommunisme.
Raudt kjemper for at alle skal ha god tilgang til informasjonsteknologi i skolen.
Raudt arbeider for:
- felles minstekrav til pc-ar og nett i alle skolar
- alle skolar må raskt få internt trådlaust Internett
- pengar til sabbatsår og vidareopplæring for lærarar
- støtte til lokal og sentral utvikling av pedagogikk
- støtte til utvikling av Skolelinux-prosjektet og anna fri programvare til bruk i skolane
Raudt er for å gjere verdskulturen tilgjengeleg for alle på Internett.
Raudt arbeider for:
- å ruste opp lokalbiblioteka med statlege løyvingar som garanterer lik kvalitet i alle kommunar
- å stø Nasjonalbiblioteket sitt arbeid for å gjere alle sider av kulturarven fritt tilgjengeleg på Internett: aviser, bøker, radio, tv-program, film osb.
- å lage kompensasjonsordningar til forfattarar, omsetjarar og forlag for å leggje ut bøker, film, musikk osb. som ikkje er i sal, fritt tilgjengeleg på Internett
- pressestøtte for gratis kvalitetsaviser og tidsskrift på Internett
- offentleg garanti og utbygging av breiband, der det ikkje allereie finst eller er under utbygging
- å legalisere fildeling, kombinert med at det vert innført kollektive betalingsmodellar som trygger inntekter for artistar, forfattarar og andre kulturarbeidarar.
Raudt er for fri programvare, og arbeider for:
- opne format lovfastsett til offentleg informasjonslagring og kommunikasjon
- forbod mot lukka, proprietær programvare som standard i stat og kommune
- nei til patent for programvare, fjern snikinnføringa av programvarepatent i Noreg
- at det skal innførast ei offentleg stipendordning for programmerarar som utviklar fri programvare (open kjeldekode) til allmenn glede og nytte
- at stat, kommune og fylkeskommune skal finansiere utvikling av program med open kjeldekode til eigen bruk, og deretter leggje dei ut til allmenn bruk
Raudt ser ytringsfridom som eit gode, ikkje ei fare. Lover som rammar rasisme, barneporno osb. finst allereie, det trengs ingen nye.
Raudt arbeider for:
- ingen særlover som avgrensar ytringsfridomen på Internett
- nei til private organisasjonar sine "nettfilter" i bibliotek og skolar
- rett til å dele informasjon, kultur og programvare med andre på ikkje-kommersiell basis utan avgrensingar
- inga innskrenkingar i retten til å sitere, kopiere, låne, gi bort eller selje informasjon
- politiet må ikkje få enklare tilgang til å kontrollere e-post, annan nettbruk og mobiltelefon enn vanleg brev og telefon
- arbeidsgjevarar må ikkje ha rett til å kontrollere e-post på jobben
- streng lovregulering av kommersiell samling av persondata
Med den nye offentlegheitslova vil retten til innsyn i offentlege dokument verte styrkt. Dette er viktig, fordi retten til innsyn i forvaltinga sine saksdokument er eit fundamentalt prinsipp for å styrkje demokratiet i samfunnet. Mange offentlege dokument vert det likevel nekta innsyn i, spesielt gjeld dette interne dokument i ulike organ. Om det ikkje er andre omsyn som tilseier at desse dokumenta skal vere unnatekne offentlegheit, meiner vi at dei bør vere opne for innsyn. Raudt meiner at meiroffentlegheit er eit viktig prinsipp, og at det bør følgjast opp. Det skal ikkje berre vere eit omgrep det offentlege skryt av utan å vise det i praksis.
Offentleg informasjon, som til dømes kartdata frå Statens kartverk og kommunale etatar, bør vere gratis og fritt tilgjengeleg for alle.
Raudt arbeider for:
- at alle offentlege organ som er omfatta av offentlegheitslova, skal gjere det enklast mogleg å få innsyn i offentlege dokument
- at offentlege organ skal følgje offentlegheitslova og praktisere meiroffentlegheit
- at økonomien i offentlege organ vert styrkt, slik at det er praktisk mogleg å følgje opp prinsippa i offentlegheitslova
- at all offentleg informasjon skal vere gratis og fritt tilgjengeleg for alle
Som eit sosialistisk parti slåst Raudt mot teknologiske klasseskilje over heile verda, og for demokrati og ytringsfridom på nettet for alle. Når dei rikaste raner til seg monopol på informasjonen, gjer det situasjonen enda verre for dei fattigaste. Tilgang til verdskulturen, informasjon om alt frå medisin til lærebøker, nyhende og kunst, og dermed til Internett, må verte ein menneskjerett.
Raudt arbeider for:
- at Noreg må stø FN si målsetting om Internett til alle
- at Noreg må stø initiativ for informasjonsteknologi for verdas fattige, slik som “One Laptop Per Child"-prosjektet
- at kontrollorgana for IP- og DNS-delegering må overførast til FN
Kapittel 32: Kultur, kulturarv og medium
Raudt arbeider for eit rikt og variert kulturliv, der ulike kunstartar, stilretningar og kulturar med både profesjonelle utøvarar og eit bredt folkeleg kulturliv vert stimulert. Raudt legg særleg vekt på å stø tiltak som stimulerer og får fram arbeidar- og kvinnekultur, innvandrarkultur, samt kultur frå etniske minoritetar i Noreg.
Mangfald i kulturen
For å motverke den aukande kommersialiseringa må det leggjast særleg vekt på den norske og samiske folkekulturen i alle sine former. Tilhøva må også leggjast spesielt til rette for kultur og kulturaktivitetar for innvandrarar. Innvandrarkultur er ein sjølvsagt del av det norske kulturbiletet. Raudt går inn for å synliggjere denne kulturen og medverke til å auke innvandrarane sine moglegheiter som kunstnarar. Dette må m.a. skje ved at Norsk kulturråd i langt større grad enn i dag gje stønad til kulturuttrykk tilknytt innvandrarar. Det må stimulerast til at nye generasjonar og miljø utviklar sine eigne, uavhengige kulturelle uttrykk innan alle sjangrar. Slik kan det utviklast genuin norsk og internasjonal kultur, og det hundreår lange amerikanske kulturhegemoniet kan drivast attende.
Raudt arbeider for:
- at det vert spela meir uavhengig norsk musikk på radio og i tv
- at dominansen til det amerikanske musikkhegemoniet innan radio og tv vert driven attende, både sjangermessig og i volum, til fordel for norsk musikk og musikk frå resten av verda
- at teikneseriar får si eiga innkjøpsordning gjennom Norsk kulturråd
- øyremerkte middel til auka satsing på nye og uavhengige kulturuttrykk
- at det rusfrie kulturtilbodet må bli styrkt
- økonomisk styrking av friviljug studiearbeid
- same pris for bøker over heile landet. Forsvar bokavtalen.
- at forlag ikkje får rett til å eige bokhandlar
Offentleg stønad og kulturinstitusjonar
Raudt ønskjer auka satsing på kultur gjennom offentleg støtte. Dette må også gjerast gjennom rimeleg utleige av lokale til friviljug kulturaktivitet, offentleg støtte til både profesjonelle og amatørar sin aktivitet, og gjennom subsidiering av prisar.
Det offentlege må satse på vidare oppbygging av Riksteateret og regionteatra og støtte til amatørteatra. Teatra må tryggjast gjennom auka løyvingar. Det samiske teateret må få nok faste stillingar og driftsmiddel direkte over statsbudsjettet. Det må kome ei sterk auke av løyvingar til frie grupper.
Raudt arbeider for:
- permanent høgskoleutdanning for norsk folkekultur
- at kunstnar- og forfattarorganisasjonane får innfridd sine krav til auka bruk og vederlag
Kultursatsing i kommunane
Offentlege innstrammingar fører til dårlegare bibliotektilbod, nedlegging av kulturskolar, auka sponsing frå næringslivet og høgare prisar på kulturtilbod. Da tilskotta til kulturskolane gikk inn i "sekkeløyvinga" til kommunane og maks-prisen vart oppheva, førte det til nedlegging av mange kulturskolar. Tilbodet som har blitt igjen, har blitt for dyrt for mange foreldre. Raudt vil også ha ei styrking og vidareutvikling av folkebiblioteka. I dag har dei ein sentral rolle som møtestad, der informasjonsteknologi kan stillast til rådvelde og er gratis for alle.
Raudt arbeider for:
- styrking av biblioteka med auka og øyremerkte løyvingar
- kommunale kulturskolar og internasjonale kultursenter over heile landet
- at kulturskolane vert bygde ut med fleire fag og at undervising vert tilbydd også til eldre
- auka løyvingar til idrettsorganisasjonar, musikk, korps og andre som tilbyr fritidsaktivitetar for barn og unge
Kulturimperialisme
USA – som den einaste supermakta i verda – har i løpet av dei siste tiåra festa grepet om verdas folk på mange felt. Eit av dei viktigaste områda er USA sitt kulturelle hegemoni.
Å kjempe mot USA sitt kulturhegemoni må vere ei viktig oppgåve for Raudt og styrande for kulturpolitikken vår.
Bryt hegemoniet, dominansen og kommersialiseringa
Kulturlivet i Noreg blir i dag truga av kommersialisering og forflating. Da NRK blei gjort om frå stifting til aksjeselskap, tok Stortinget eit langt steg for å avvikle NRK som kultur- og medieforvaltar med eit breitt ikkje-kommersielt riksdekkjande ansvar. Kommersialiserande einsretting vinn fram i fjernsyn, riksdekkjande radio, nærradioane og i dei nye media, i staden for å auke den kulturelle breidda. Raudt meiner det er eit offentleg ansvar å medverke til kulturell breidde og plass for anna enn kommersiell formidling i etermedia. Eigarkonsentrasjonen i norske medium svekkjer demokratiet. Aviser og etermedium set mykje av dagsordenen for politisk kamp i Noreg. Raudt vil motarbeide at makta over media vert samla på få hender, som i tillegg representerer snevre kommersielle interesser.
Raudt arbeider for:
- auka bruk av norsk, samisk og kvensk folkekultur, romanikultur og innvandrarkultur i media
- å gjenopprette NRK som ei riksdekkjande kultur- og mediebedrift som ikkje er marknadsstyrt
- mangfaldige massemedium. Strengare avgrensingar av eigarkonsentrasjon i mediebransjen.
- offentleg utbygging av digitalt fjernsynsnett over heile landet
- offentleg utbygd og eigd breibandnett gratis til alle husstandar og arbeidsplassar
- å oppretthalde og styrkje kommunal kinodrift
- å auke løyvingane til norsk filmproduksjon
Ta vare på og lære om fortida
Viktig kunst- og kulturhistorie går i dag tapt eller forfell på grunn av manglande statleg støtte. Arkeologiske kulturminne vert øydelagde, fordi grunneigarane ikkje har råd til å betale vern eller utgraving. Raudt meiner det er viktig å bevare og formidle kunnskap om den felles kulturarven og kulturminna våre, anten dei finst som anlegg og bygningar i by og land, som kulturlandskap eller som gjenstandar i arkiv og museum. Denne arva er vår felles eigedom. Raudt arbeider difor for auka statleg satsing på kartlegging og vedlikehald av kulturminne, samt at kunnskapen om desse må gjerast betre tilgjengeleg for folk flest. Vi meiner det er eit offentleg ansvar å ta vare på bevaringsverdig arkivmateriale både frå organisasjonar, bedrifter og privatpersonar (privatarkiv).
Det må leggjast til rette for at lokalsamfunn skal kunne formidle, forske på og eksponere spesielt kulturminne som kjem frå den aktuelle staden/distriktet.
Raudt arbeider for:
- styrking av nasjonale og lokale kulturhistoriske museum, samt arkiv og museum som tek vare på kvinne- og arbeidarkultur, industri- og urfolkshistorie, så vel som kulturhistoria til nasjonale og nye minoritetar
- statlege løyvingar til fylkeskommunane sitt arbeid med bevaring av privatarkiv
- auka statleg del av kostnadene ved arkeologiske utgravingar for små og mellomstore grunneigarar og tiltakshavarar
Språkleg likestilling
Bokmål og nynorsk er formelt likestilte språk i Noreg, men likevel er det vanskelegare å vere nynorskbrukar enn å vere bokmålsbrukar. Om bokmål og nynorsk skal bli likestilte i praksis, trengst det aktive tiltak for å styrkje nynorsken sin plass i samfunnet. Det trengst både krav om at rettar som allereie finst, skal handhevast, og nye rettar. Raudt meiner at media speler ei særleg viktig rolle i kampen for reell språkleg likestilling og vil stimulere til meir nynorsk i alle medium.
Raudt arbeider for:
- meir nynorsk i NRK og statsforvaltinga
- auka støtte til Nynorsk mediesenter
- at målbrukslova vert handheva
- oppretting av eit fond som skal fremme nynorsk i journalistikken
- gode rammevilkår for alle institusjonar som fremmar norsk skriftmål
- at det offentlege skal stille krav ved innkjøp om at dei vanlegaste dataprogramma føreligg både på bokmål og nynorsk
Kapittel 33: Idrett
Idrettslaga i Noreg har denne formuleringa i paragraf 1 i normalvedtektene sine: "Arbeidet skal pregast av frivilligheit, demokrati, lojalitet og likeverd. All idrettsleg aktivitet skal byggje på grunnverdiar som idrettsglede, fellesskap, helse og ærlegdom."
Dette er ei formulering som godt kan gå inn i Raudt sitt prinsipprogram, når vi skriv om det samfunnet vi som parti kjempar for.
Breiddeidretten er av svært mykje å seie for samfunnet, både helsemessig, sosialt og demokratisk. Fysisk rørsle og god fysisk form er grunnleggjande for menneska sitt velvere, for deira evne til å lære og til å kjempe for sine rettar.
Idrettsrørsla er ei av dei største organiserte rørslene i landet. Ho organiserer spesielt veldig mange unge menneske. Medlemene driv klubbane hovudsakleg på dugnadsbasis og ut frå betaling av kontingent frå medlemmene. Men kostnadene med å drive ein klubb er mange gonger større enn det ein sparer på dugnadsarbeid og det ein får inn i kontingent. Om klubben skulle dekkje inn utgiftene sine gjennom kontingenten, ville han nærme seg betalinga for å vere medlem i kommersielt drivne helsestudio og liknande. Det ville gjere det umogleg for idretten å famne i den breidda som han har som mål å gjere.
Det offentlege må yte meir
Denne idretten har i dag ei rekke behov som må dekkjast, dersom paragraf 1 i vedtektene skal oppfyllast. Det gjeld for det første nok idrettsanlegg og tilrettelegging for mosjon og rørsle. Dette krev at kommunane set av areal i planane sine og at det vert løyvd nok pengar til at slike anlegg og slik tilrettelegging kan gjennomførast. For det andre gjeld det vedlikehald av anlegga, noko som også krev at det vert løyvd midlar. For det tredje gjeld det den tekniske og personellmessige drifta av idrettslaga. Det offentlege må betale det aller meste av den tekniske drifta av anlegg. Alle idrettsanlegg må få generelt tilgjenge/universell utforming etter diskriminerings- og tilgjengelova. Det offentlege må også yte mykje meir enn no til den daglege drifta av idrettslag.
Den kommersielle toppidretten er meir å rekne som underhaldingsindustri. Her finn ein vilkår og tilhøve som ofte ikkje kan kallast sunne. Pengesatsinga får inn eit sterkt framandgjerande element i idretten og omdannar han til ein pengemaskin for investorar og førsterangs utøvarar, og til ei passiviserande idoldyrking for mange tilskodarar. I kjølvatnet av dette kan følgje tribunevald, doping, svindel og stygge skader.
Fleiridrettslag
Det offentlege si hovudoppgåve må difor vere å fremme breiddeidretten og dei klubbane som driv med dette. Her trengst det både mykje areal, mange nye anlegg og mykje løyvingar til godt vedlikehald og teknisk og personellmessig drift.
Det er også viktig at idretten sjølv jobbar hardt for verkeleg å halde seg til retningslinjene frå paragraf 1 i normalvedtektene.
Dei sentrale ledda i idrettsorganisasjonane må løyve mykje meir enn no til breiddeidretten, og ha mykje større merksemd enn no på fleiridrettslaga, som driv denne idretten.
Styrk idrettsråda
Idrettsråda er sentrale for at idretten klarer å samordne sine behov overfor kommunane og reise kamp for nok areal, anlegg og løyvingar. Det er difor viktig å styrkje idrettsråda sin plass i idrettsforbundet og deira evne til å handle innan sine område.
Det vert i dag ikkje løyvd noko direkte over statsbudsjettet til breiddeidretten. Inntektene til breiddeidretten er avhengig av inntekt frå ulike spel, som i dag alle vert administrert frå Norsk Tipping. Dette kan vere ei relativt stabil inntektskjelde, men det er eit paradoks at idretten skal vere avhengig av pengespel for å få sine inntekter.
Kapittel 34: Bustad
Å bu i ein tilfredsstillande bustad er ein menneskjerett. Raudt stør arbeidet for å oppheve marknadskreftene si styring av bustadsektoren. Raudt sitt mål er å oppretthalde busetting over heile landet, at alle skal kunne bu godt og rimeleg, og at alle skal ha råd til å skaffe seg ein høveleg bustad. Dette krev ein offentleg bustadpolitikk som ikkje er styrt av marknadskreftene. Staten må dekkje ein stor del av kostnadene ved nybygg gjennom billege lån, tilskot og momsfritak til vanlege bustader. Godt bumiljø, livsløpstandard og betre bustadkvalitet må vere prioritert. Bustadbygging må leggast til rette for å få ein stor del bustader med generelt tilgjenge/universell utforming. Ein god bustad krev at det er eit bustadområde der uteareal, bygningsareal, bygningar for fellesskap, rekreasjon og møteplassar er godt ordna. Raudt er for ei variert bustadmasse som gjer det mogleg med ulike buformer – for einslege, tradisjonelle familieeiningar, generasjonsbustader, fleirfamiliehus og ulike kollektive løysingar.
Bustadspekulasjon i byane
Mange er blitt gjeldsoffer sjølv om dei berre har eller hadde ein bustad med vanleg standard. Avviklinga av den sosiale bustadpolitikken og den liberaliseringa av statleg og kommunal bustadpolitikk som skaut fart frå 1980, er hovudgrunnen til dette. No har entreprenørar, utbyggingsselskap og bankane frie hender til å flå bustadkjøparar og leigetakarar uhemma. Utviklinga viser at den regulerte bustadmarknaden med priskontroll og offentlege subsidiar fungerte mykje betre enn dagens «frie marknad». Staten har gjennom Husbanken fremma denne usosiale bustadpolitikken.
Bustadbyggjelaga
Dei store bustadbyggjelaga i byane, som dels blei starta av huslause fagorganiserte, er så marknadstilpassa at dei skil seg lite frå kapitalistiske bustadføretak. Dei har i stor grad blitt reiskapar for bustadeigarane og ikkje for dei som søkjer bustad. I tillegg har det blitt etablert private «burettslag» med låge innskot og ekstremt stor fellesgjeld, som er ei økonomisk felle for unge bustadsøkjarar. Raudt krev at bankane som har finansiert slike bustadprosjekt må sanere gjeld. Difor må det utviklast nye organisasjonar for å føre bustadkamp. Renteaksjonen som fagforeiningar tok initiativ til, er eit døme på dette.
I staden for dagens ordning med subsidiar til huseigarane, trengst det ei ny byfornying som gir leigebuarane rett til medverking og styring.
Miljø- og klimavenleg bustadbygging
Bustadbygging må setjast inn i eit økologisk perspektiv. Dyrka mark må i minst mogleg grad nyttast. Materialvalet må vere miljøvenleg, frå produksjon til byggjeplass og ferdig bygg. Energiforbruket må reduserast og lågenergibustader prioriterast. Energibruken må leggjast om frå oljefyring og misbruk av elektrisitet og over til fjernvarmeanlegg, varmegjenvinning og ulike former for fornybar energi.
Raudt arbeider for:
- å opprette kommunalt bustadtilsyn og bustadombod i dei større byane, for å motverke spekulasjon og hjelpe til å ivareta interessene til leigetakarane og bustadsøkjarane
- å stanse bustadspekulantar og utleigarar som utnyttar bustadsøkjarar og leigetakarar
- at kommunane skal byggje rimelege utleigebustader
- at all bustadrente skal vere låg og fastsetjast av Stortinget
- ei betre gjeldssanering for dei som vert ramma av spekulative bustadprosjekt
- støtte til utvikling av nye bustader, buformer og bustadområde
- at tilpassing av bustader til funksjonshemma vert betalt av det offentlege
- universell utforming i alle nye bustadprosjekt
- å utvikle gode totale bumiljø, leggje særskild vekt på gode fellesareal ute, samt felleslokale
- at kommunal byggjekontroll vert gjeninnført – «uavhengig» kontroll er ikkje tilstrekkjeleg
Kapittel 35: Funksjonshemma
Alle menneske er likeverdige og har rett til eit sjølvstendig liv. Alle menneske må gjevast høve til utvikling ut frå sine føresetnader. Det må fokuserast på ressursar og det som er mogleg, ikkje på veikskapar og det som avgrensar. Menneske som ikkje fungerer innanfor dei snevre grensene ein blir bydd i Noreg i dag, vert ofte kalla funksjonshemma. Vi meiner at det er samfunnet som gjer desse menneska funksjonshemma, m.a. gjennom utestenging, diskriminering, dårleg samfunnsplanlegging og mangelfull tilrettelegging. Det er difor feil å individualisere funksjonshemming.
Arbeidslivet må utformast og leggjast til rette slik at alle har høve til å delta, ikkje berre menneske utan funksjonshemming. Ved innføring av seks timars normalarbeidsdag vil mange funksjonshemma trenge kortare arbeidsdag enn normalarbeidsdagen.
Funksjonshemming er i større eller mindre grad samfunnsskapt. Vi vil ha eit samfunn som har plass for alle. Alle er verdfulle og har noko å yte til fellesskapet. Raudt vil ha offentlege støtteordningar som gir syns- og hørselshemma tilgang til og deltaking i media, kulturliv og samfunnet elles.
Vi vil gi funksjonshemma tilgjenge til medisinske og tekniske nyvinningar, som vil kunne gi auka høve for deltaking i familien, arbeidslivet og samfunnet elles. Auka sjølvstende og livskvalitet for den einskilde må ikkje vegast opp mot kostnader. Menneske med funksjonshemmingar og funksjonshemma sine organisasjonar må få større makt og høve til medverknad. Det vil m.a. innebere at kunnskap og røynsler funksjonshemma har om seg sjølv og sin situasjon, vert tekne omsyn til og lagt vekt på.
Unge funksjonshemma må snarast få eit anna butilbod enn sjuke- og aldersheim. Raudt ønskjer å gjeninnføre tilskott til utflytting av unge funksjonshemma på aldersinstitusjon. Vi foreslår også å øyremerke middel til kommunane, slik at butreningsprosjekt for funksjonshemma blir vidareført og at unge funksjonshemma kan få ein egna bustad.
Raudt arbeider for:
- at funksjonshemma vert gitt reell brukarmedverking både på individ- og gruppenivå
- at makt vert overført til menneske med funksjonshemmingar og funksjonshemma sine organisasjonar
- at når det vert tildelt helse- og omsorgstenester, skal den funksjonshemma si eiga vurdering av behov for assistanse og hjelp i og utanfor heimen vere utgangspunktet for tildeling av omfanget av tenesta
- større valfridom i marknaden når det vert tildelt tekniske hjelpemiddel, også bil. Det må utviklast ei ubyråkratisk og brukarstyrt formidling. Målet må vere at hjelpemidla skal fungere optimalt, ikkje berre høveleg, og den funksjonshemma må difor sjølv ha full innverknad på prosessen.
- at funksjonshemma sin rett til deltaking og full likestilling skal sikrast gjennom innføring av ei overordna likestillingslov, og at diskriminering pga funksjonshemming eller sjukdom vert forbode
- skjerpa krav om tilgjenge i plan- og bygningslova, og slutt på alle dispensasjonar frå tilgjengekrava
- at alt nytt materiell i offentleg kommunikasjon vert utforma universelt, slik at også funksjonshemma kan nytte fly, tog, trikk, buss og båt
- eit statleg pålegg om utbygging av TT-ordninga (transporttilbod til personar med forflyttingshemming som ikkje kan nytte kollektivtransport) i kommunane til eit nivå som gir funksjonshemma same høve til forflytting som andre, dvs. fri reiserett
- ein kraftig reduksjon av gapet mellom arbeidsinntekt og trygd. Alle som ikkje kan arbeide, må sikrast ei rettferdig inntekt.
- at funksjonshemma arbeidssøkarar ikkje vert kamuflerte som trygdemottakarar. Vi må få likestilling på arbeidsmarknaden ut i frå føresetnadene til den einskilde.
- at integrering i normalskolen må gi funksjonshemma barn eit reelt undervisingstilbod. Det må setjast inn nok ressursar til at den einskilde eleven kan optimalisere sitt funksjonsnivå.
- å fjerne eigendelane på helsetenester, medisinar og tekniske hjelpemiddel
- å fjerne eigendelane på heimetenester som heimehjelp og personleg assistanse. Desse tenestene er også kompensasjon for funksjonshemming eller sjukdom, og eigendelar her er ofte kamuflerte eigendelar på heimesjukepleie (som er forbode).
- ei styrking av tilbod som «Aktiv på dagtid», «Aktiv kvardag» og andre lågterskeltilbod og treffstader
- at diskriminerings- og tilgjengelova av 2008 skal bli brukt mest mogleg, både av styresmakter, næringsliv og organisasjonar. Staten må syte for støtteordningar og løyvingar, slik at ikkje trong økonomi skal hindre maksimal bruk av lova.
- at diskriminerings- og tilgjengelova av 2008 vert evaluert innan utgangen av 2012.
Utviklingshemma og deira rettar
Uviklingshemma har frå tidenes morgon blitt sosialt devaluerte både i samfunnet og gjennom hjelpeapparatet. Heldigvis har deira rettar dei seinare åra blitt styrkt gjennom lovverket og HVPU-reforma. Å klare seg i kvardagen er ikkje like lett for alle. Nokre er heilt prisgitte hjelp frå omgjevnadene. Utviklingshemma har ofte samansett problematikk, som har medført at dei får diagnosen psykisk utviklingshemma på grunn av ei hjerneskade dei første leveåra.
Tvang
Å forhalde seg til verda ut frå eigne føresetnader er ikkje alltid like lett. Nokre meistrar kvardagen godt utan særleg hjelp, mens andre treng heildøgnstilsyn og hjelp. Ein del med utviklingshemming løyser sin problematikk ut frå sine føresetnader gjennom utagering. Det vil seie gjennom å skade seg sjølv, andre i omgjevnadene og inventar. I ein del av desse situasjonane må tvang nyttast. Bruk av tvang på utviklingshemma vert regulert gjennom sosialtenestelova § 4A. Her er det sett ein streng standard for kva som er praktisk og etisk forsvarleg, noko som igjen er understreka gjennom å ha kvalifisert personale med kompetanse til stade. Ein ser ein stadig aukande tendens til at kommunane unngår å tilsetje eller ikkje gjer nok for å tilsetje kvalifisert personale.
Tilrettelagde bustader
HVPU-reforma hadde som mål at utviklingshemma skulle flytte ut av sentralinstitusjonar og inn i eigne bustader i sine respektive heimkommunar. Dette skjedde da også omkring 1989. Knappe tjue år etter reforma ser ein no ein aukande tendens til at kommunane i heile landet omgår reforma ved å samle fleire til å bu i same bygning. Gjerne dei som treng lite assistanse. Når utgangspunktet gjerne har vore at det har budd 4–6 saman etter reforma, kan talet no vere 20–30 på det meste. Vi meiner dette er stikk i strid med reforma, som ville sikre dei utviklingshemma retten til å ha tilnærma like butilhøve som resten av befolkninga.
Raudt arbeider for:
- at kommunane må få stramma inn høvet til å byggje større omsorgsbustader for 20–30 personar. Vidare at den einskilde skal få større rett til å avgjere om dei vil flytte inn eller ikkje i desse nye "institusjonane".
- å styrkje utviklingshemma sin rettstryggleik gjennom at kommunane skal følgje kompetansekrava til utdanning ved gjennomføring av bruk av tvang i større grad enn i dag
- å styrkje ressursane slik at det vert bygd fleire avlastingstilbod for barn og unge
- auka fokus på psykisk helse for utviklingshemma
Kapittel 36: Lesbiske, homofile, bifile og transpersonar
Raudt meiner det er ein menneskjerett for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar (LHBT-personar) å kunne leve ut seksualiteten sin utan å bli forfølgd, mobba eller undertrykt på anna vis. Ein skal kunne forelske seg i kven ein vil, utan å møte fordommar. Kampen for rettane til lesbiske, homofile, bifile og transpersonar har sprengt rammene for den tradisjonelle kjernefamilien.
Til tross for framgangen i kampen for rettar, er det framleis fordommar mot personar som sprenger tradisjonelle kjønnsrollemønster. For mange fører dette til at dei vel å skjule seksualiteten sin, i frykt for å verte avslørte og utstøtte. Dette er eit stort heseproblem. Skole og arbeidsliv er viktige arenaar for å spreie informasjon og kunnskap, slik at alle kan leve trygt og ope, uavhengig av seksualitet.
Homo-organisasjonane er den viktigaste krafta i denne kampen. Raudt stør dette arbeidet, men vil understreke at kampen mot undertrykking av lesbiske, homofile, bifile og transpersonar er ein kamp for alle, uavhengig av seksualitet.
Raudt arbeider for:
- gode rammevilkår for alle institusjonar og organisasjonar som jobbar med homofile
- oppretting av rådgjevingstenester
- auka informasjon i skolen og arbeidslivet
- øyremerking av statlege middel til Helseutvalet for homofile, HivNorge og vidareføring av prosjektet Rosa kompetanse
- å forsvare den kjønnsnøytrale ekteskapslova, samt retten til assistert befrukting, adopsjon og medmorskap
Kapittel 37: Kriminalitet
Av di vi lever i eit klassesamfunn har både kriminalitet, politi og rettsvesen eit klassestempel. Kriminalitet i borgarskapet og makteliten fører sjeldan til pågriping og straff. Dei fleste som sonar i norske fengsel er menn i alderen 20–40 år med bakgrunn i arbeidarklassen. Noreg har låge fangetal takka vere styrken til arbeidarklassen, som gjer det attraktivt å tilhøyre arbeidarkollektivet.
Kriminalitet i borgarskapet og makteliten
Sosiale nettverk innanfor borgarskapet og makteliten og forgreiningar inn til personar i rettsvesenet, politiet og i politiske maktstillingar gjer at berre ein liten del av kriminaliteten i desse krinsane vert avdekka. Kvitvasking av pengar, korrupsjon, skatte-, avgifts- og tollsvik, rekneskaps- og verdipapirkriminalitet er mest utbreitt. Miljøkampen har også avdekka ulike former for miljøkriminalitet, og makttilhøva i arbeidslivet gjer at tilsette vert råka av skadeleg/farleg arbeidsmiljø. Raudt vil arbeide for at politi og rettsvesen prioriterer alle desse formene for kriminalitet på eit heilt anna vis enn i dag.
Organisert kriminalitet
Den organiserte kriminaliteten omfattar mellom anna narkotikahandel, nazistisk vold, prostitusjon og menneskehandel. Det dreier seg også ofte om korrupsjon og kvitvasking av pengar og har forgreiningar inn i kapitalistklassen.
Tradisjonell kriminalitet
Kriminaliteten speglar både makttilhøve, sosiale og økonomiske tilhøve og kva for verdiar som samfunnet prioriterer. Undertrykking, diskriminering, fattigdom og auka klasseskilnader fører til auka kriminalitet. Dei som vert straffa for tradisjonell kriminalitet, er vanlegvis rusavhengige og andre som er stengde ute frå arbeidslivet. Raudt meiner at gode helsetiltak for rusavhengige er det beste tiltaket for å redusere tradisjonell kriminalitet og dermed auke tryggleiken i samfunnet. Omfattande fengsling av rusavhengige vil på sikt berre auke utryggleiken.
<44>Blind valdLågare terskel for bruk av vald rammar heile samfunnet og skaper utryggleik for mange. Valden er først og fremst eit samfunnsproblem, som vert redusert gjennom å slåst for eit betre samfunn. Utvida skjenketider, som er innført i fleire kommunar, har ført til meir vald. Med ei heilskapleg satsing på å redusere bruk og tilgang på alle typar rus, vil det verte større tryggleik for alle.
Vald mot kvinner og barn
Vald i nære relasjonar, og særleg vald mot kvinner og barn, er eit stort samfunnsproblem, som må bekjempast både gjennom politiske tiltak og bruk av straffereaksjonar.
Berre ein liten del av valds - og valdtektssaker mot kvinner vert meldt til politiet. Blant dei sakene som vert melde er det ein høg prosentdel som vert lagd til sides og berre 10 % blir domfelt. Politiet og rettsvesenet manglar både kompetanse og kunnskap om vald mot kvinner og barn.
Førebygging og tiltak blant barn og unge
Det førebyggjande arbeidet blant barn og unge må styrkast kraftig, og tiltaka som vert setne inn, må kome på eit langt tidlegare tidspunkt enn i dag. Investeringar i gode oppvekstvilkår er avgjerande for å førebyggje alle former for kriminalitet
Fengsel og alternativ soning
Reaksjonar og straff i kampen mot kriminalitet må både ta omsyn til dei som vert råka og innrettast mot at dei som har gjort straffbare handlingar skal attende til samfunnet. Røynslene viser at ein restriktiv kriminalpolitikk med sterk bruk av fengselsstraff ikkje reduserer tradisjonell kriminalitet. Negativ læring inne i fengsla, vanskar med jobb, bustad og nye vener etter lauslatinga sementerer kriminelle mønster.
Raudt er samd i kritikken av måten varetekt vert brukt på i Noreg, og vil arbeide for å forandre denne praksisen. Vi er også for å byggje ut fleire alternativ til fengsel. Målet er at det skal hjelpe dei dømde til eit liv utan kriminalitet. Raudt er positiv til utprøving av nye straffeformer, som for eksempel elektronisk fotlenkje. Vi stør også bruk av alternative straffereaksjonar for unge lovbrytarar, som til dømes bekymringssamtale, konfliktrådsmekling, ungdomskontrakt og samfunnsstraff.
Raudt arbeider for:
- å byggje ut rehabiliteringstiltak som alternativ til fengsel
- at den kriminelle lågalderen vert heva til 16 år, og at ingen under 18 år skal i fengsel
- å ta i bruk alternative straffereaksjonar for unge lovbrytarar
- at straffedømde skal få behandlings-, arbeids- og utdanningstilbod
- å gje tilbod om behandling til alle som vert dømde for incest, seksuelle overgrep, kvinnemishandling og overgrep mot barn
- å stoppe bruk av fengsling i asylsaker
Politisk kamp må ikkje kriminaliserast
Demokratiske rettar og offentleg velferd hadde ikkje eksistert uten arbeiderklassen sin kamp mot urettferd og for sosial forandring. Denne kampen har makthavarane freista å kriminalisere til alle tider. Det er mange døme på korleis politi og rettsvesen har blitt og vert nytta til dette. Kampmiddel som for eksempel ”ulovleg” streik og sivil ulydnad har vore og vert brukt for å vinne fram i viktige politiske saker. Raudt stør bruk av slike kampformer og er mot bøter eller straff for å skremme folk frå å kjempe for rettferdige saker.
Rettstryggleik og fri rettshjelp
Rettstryggleik er eit viktig demokratisk prinsipp. For at dette skal vere reelt er fritt val av forsvarar for den sikta/tiltalte viktig. Ordninga med fri rettshjelp utanom straffesaker bør utvidast til å dekke fleire saksfelt, samstundes som inntektsgrensene må hevast kraftig. Vi har mange døme på at ”klassejussen” lever i beste velgåande. Overgrep frå politiet og rettssystemet, der personar vert dømde for drap dei ikkje har gjort, syner dette. Dette viser også at loven og rettstryggleiken i praksis ikkje er lik for alle og må endrast gjennom politisk kamp.
Raudt arbeider for:
- ei kraftig utviding av ordninga med fri rettshjelp
- betre rettstryggleik for utsette grupper. Alle som vert sikta eller tiltalt, skal fritt kunne velje forsvarar
- å styrke rettstryggleiken til kvinner og barn i valds- og overgrepssaker
- fri rettshjelp til tiltalte i samband med politiske demonstrasjonar, aksjonar o.l.
Kapittel 38: Rusmiddel
Raudt er for ein kunnskapsbasert og restriktiv alkoholpolitikk og stør tiltak som kan redusere alkoholbruken. Vi stør også arbeidet for å førebyggje nye alkohol- og narkotikaskader og arbeidet mot den aukande alminneleggjeringa av ulike former for rusgifter. Ein arbeidarklasse der mange er svekka på grunn av bruk av rusgifter, står svakare i den daglege kampen og i kampen for eit sosialistisk samfunn
Bruk av rusgifter skaper store problem i livet til mange menneske. Særleg vert barna råka hardt i familiar der ein eller båe foreldra er avhengige av rusgifter.
Forsking og undersøkingar viser at det er alkohol som er det store problemet. Han rammar langt fleire enn dei som vert ramma av narkotika.
Rapportar frå dei store byane syner at det er ein klar samanheng mellom vald i helgene og alkoholbruk. Forsking og kartlegging har også avdekka at norsk ungdom er feilinformert om farane og skadeverknadene knytta til rusmiddel, og at desse feiloppfatningane faktisk forsterkar seg opp gjennom skoletida. Raudt meiner det er viktig å styrke arbeidet i skolen på dette området, m.a. for å utsette alkoholdebuten for ungdom.
Raudt meiner at rusmisbrukarar skal handsamast med respekt og som medmenneske med problem som dei treng samfunnet si hjelp til å kome ut av. Alle rusmisbrukarar har rett til eit verdig liv med eigen bustad, økonomisk støtte og helse- og sosialtenester. Dei som har helse til det, skal få hjelp til opplæring og utdanning for å komme inn i arbeidslivet og bruke evner og ressursar i eit meiningsfylt arbeid.
Privatisering av velferdsgoda innanfor helse og omsorg øydelegg behandlings- og etterverntiltak for rusavhengige ved mellolm anna å gjere dei kommersielle og ustabile for brukaren.
Raudt vil arbeide for:
- å stø tiltak som oppmuntrar til ein alkoholfri livsstil og for redusert alkoholforbruk
- at det skal vere vanleg at sosiale møteplassar er rusfrie
- å styrke rusgiftundervisinga i fagopplæringa i yrke som har med barn og ungdom å gjere
- å styrke det førebyggjande arbeidet i kommunane
- at det vert sett i verk tiltak tidleg overfor barn og unge som lever i risikoprega oppvekstmiljø og/eller i familiar med rusgiftproblem
- fortsatt salsmonopol for sprit og vin
- skjerpa kontroll med skjenke- og utsalsstader, og at det vert reagert merkbart og føreseieleg på brot på alkohollova og løyvevedtekter
- krav om nabovarsel (til både juridiske og faktiske naboar) før handsaming av søknad om skjenkeløyve
- tap av skjenkerett for utestader som nektar tilsette arbeidskontrakt eller på annan måte omgår lovfesta rettar
- tap av skjenkerett for utestader som har ein diskriminerande praksis – går ut
- å styrke og utvikle eit differensiert og kunnskapsbasert behandlings- og hjelpeapparat for avhengighetsbehandling
- ei kraftig utbygging av ettervernstilbodet til rusmisbrukarar
- styrka innsats mot smugling av alkohol og narkotika
- at Statens pensjonsfond ikkje skal investere i alkoholkapital
- opparbeide ein forpliktande, tverrfagleg førebygging og oppfølging i kommunane, der brukaren sitt profesjonelle og personlege nettverk samarbeider
- etablering av sprøyterom
- kraftig utviding av LAR (legemiddelassistert rehabilitering) som verkemiddel








