Rødt

Kart over Norge

Lokallag

Menu

Arbeidsprogram på nynorsk

Vedtatt på Raudt sitt landsmøte i 2012. Revidert på landsmøtet i 2014.

Arbeidsprogram for Raudt

Innhald:

Kapittel 1: Økonomi

Den omfattande økonomiske krisa, faren for ei klimakatastrofe, rovdrifta på viktige naturressursar – alt dette peikar mot at det hastar med å få avvikla kapitalismen. For Raudt er det viktig å engasjere stadig fleire i kampen for eit nytt samfunn, der folk sjølv styrer og der avgjerdene byggjer på diskusjon om korleis dei samla ressursane kan nyttast best mogleg for å sikre viktige behov for folk.

Raudt sin økonomiske politikk for dei næraste åra, tek sikte på å leggje til rette for ei framtidsretta utvikling av det norske samfunnet. Vi meiner til dømes at bankane må underleggjast offentleg eigarskap, kontroll og styring framfor at staten stiller hundrevis av milliardar til disposisjon for bankar og finansfolk.

Jakta på billeg olje og gass pregar meir og meir av norsk økonomi. I ei verd som blir stadig sterkare ramma av den økonomiske krisa, står Noreg fram som ei ”øy” med mindre arbeidsløyse enn andre europeiske land. Hovudårsaka til dette er det ekstremt høge investeringsnivået i petroleumssektoren. Det gir stor aktivitet i ei rekkje næringar, t.d. i deler av verftsnæringa, og det driv fram ei petroleumsretta teknologiutvikling som også kan nyttast i andre land.

Den statlege økonomiske stoda er eineståande sterk. Det skuldast noverande og tidlegare oljeinntekter som blir samla i Oljefondet (som misvisande blir kalla for Statens Pensjonsfond Utland – planen er ikkje å bruke pengane til pensjon).

Olje- og gassressursane på norsk sokkel både i sør og i nord er tilsynelatande ei lukke for folk i Noreg. Men dei store profittmoglegheitene i olje- og gassutvinning styrer meir og meir av norsk økonomisk politikk, av næringspolitikken, av miljøpolitikken og av utanrikspolitikken. Statoil har blitt eit heilt vanleg imperialistisk oljeselskap, som ranar andre land sine oljereservar på linje med andre oljeselskap. Oljeboring og tjæresandutvinning fører til sterk ureining av naturen.

Olja og gassen er ikkje-fornybare ressursar som vil ta slutt innan ein tidshorisont som vi kan sjå konturane av alt no. Den veldige, oljeretta ressursbruken pressar annan norsk eksportindustri ut på sidelinja, innrettar bruken av vasskrafta på oljenæringa sine behov, gjer det dyrt å byggje bustader og utvikle anna næringsverksemd, og styrer mykje av norsk utdannings- og forskingspolitikk. Særleg i nord er oljeindustrien den største trusselen nokon gong mot dei store fornybare, maritime matressursane. Og viktigast av alt: Oljeindustrien gjer Noreg til ein klimaversting og hindrar utvikling av alternative, fornybare energikjelder, der Noreg har naturlege føresetnader for å kunne bli verdsleiande. Slik politikken er no, vil det bli ei katastrofe for norsk næringsverksemd og sysselsetting den dagen dei enorme oljeinvesteringane tek slutt.

Den norske storkapitalen og Staten lever høgt på petroleumsutvinninga så lenge den varer. Arbeidarklassen i mange land kjempar for å avskaffe kapitalismen og å utvikle ein økonomisk verdsorden styrt av folk sine viktigaste behov. I den fasen verda er i no, blir Noreg ein motpol i staden for ein medspelar i denne kampen, i internasjonale, økonomiske fora. For å støtte opp om den internasjonale finanskapitalen i krisetider har Noreg begynt å pøse svære beløp av Staten si oppsparte formue inn i Det internasjonale pengefondet (IMF) sitt arbeid. Før jul 2011 kunngjorde statsminister Stoltenberg at Noreg stilte 55 milliardar kroner til disposisjon for IMF, og i februar 2012 blei det meldt om ytterlegare milliardoverføringar.

Den økonomiske politikken i Noreg står fram som velordna, medan den eigentleg ikkje er berekraftig. Raudt arbeider for eit allsidig produksjonsliv i Noreg, der vi brukar delar av Oljefondet og rettar næringspolitikken offensivt inn på å utvikle langsiktig, miljøvennleg næringsverksemd. På den måten kan norsk kompetanse og norske ressursar verkeleg bli ei kraft i arbeidet for å hindre ei klimakatastrofe. Då kan olje- og gassutvinninga byggjast kraftig ned til eit berekraftig nivå som kan vare i hundrevis av år, og med sterkt reduserte utslepp av klimagassar. Ei slik satsing på framtidsretta utvikling av næringsverksemd og trygge arbeidsplasser kan ikkje skje utan omfattande statleg innsats. Det er umogleg å få slutt på profittstyringa av norske arbeidsplassar utan å seie opp EØS-avtalen, slik at vi riv oss laus frå EU-kapitalens fellesskap. Verdas Handelsorganisasjon og GATS-avtalen er også reiskapar for marknadsmakta, og Norge nyttar GATS for å presse gjennom liberalisering av næringssektorer i fattige land der norske selskap har interesser.

Raudt er sterkt bekymra over utsiktene til at Oljefondet skal gå med i den internasjonale finanskapitalen sitt sluk. Raudt går imot handlingsregelen, som skal hindre bruk av Oljefondet. Oljefondet bør nyttast, men i ei takt som fungerer fornuftig i økonomien. Vi vil bruke fondet som ein aktiv reiskap til å skape ei anna og betre verd. I Noreg vil vi bruke fondet til framtidsretta formål, med særleg vekt på investeringar i infrastruktur og omstilling, bort frå olje- og gassavhengigheit og over mot ei berekraftig og fornybar framtid. Fondet skal også nyttast til tiltak som kan styrke kampen som folk i andre land fører for å byggje opp si eiga berekraftige framtid.

Raudt vil rive Norge laus frå den tette økonomiske, politiske og militære koplinga til USA – ei kopling som er blitt sterkare etter at norsk økonomi blei ein oljeøkonomi. Det inneber å nekte å delta i krigar i verda. Noreg er ein av dei største våpeneksportørane i verda, i forhold til folketal er vi den største. Dette er ein uakseptabel posisjon, som heilt klart ikkje har framtida for seg. Vi vil arbeide for omstilling av norsk våpenindustri slik at kompetansen kan nyttast til fredelege formål.

Raudt meiner at fagrørsla er ei avgjerande kraft for å kunne presse fram ei slik framtidsretta utvikling av norsk arbeids- og produksjonsliv. Det er arbeidsfolk som skapar verdiane i samfunnet. Ei sterk fagrørsle, som set arbeidarklassen sine interesser først, er nødvendig for å forsvare løns- og arbeidsvilkår som er oppnådd. Det er den som har drive, og må drive fram kampen for ein velferdsstat med universelle velferdsordningar og eit nytt, framtidsretta sosialistisk samfunn.

Raudt arbeider for:

• Å seie opp EØS-avtalen og opprette ein handelsavtale med EU.
• Ein aktiv næringspolitikk med eit sterkt statleg engasjement for utvikling av fornybare energikjelder og allsidig næringsverksemd som ikkje er retta mot olje og gass.
• Sterk nedbygging av oljeutvinning til eit nivå som er berekraftig i hundrevis av år.
• Å halde oppe og vidareutvikle eksportverksemd som ikkje er petroleumsbasert.
• Bruk av Oljefondet til internasjonale prosjekt som fremjar arbeidsfolk sin kamp for ei framtidsretta, miljøvennleg næringsutvikling.
• Bruk av Oljefondet til å utvikle norsk infrastruktur og leggje til rette for omlegging til eit samfunn som har langsiktig berekraft m.o.t. miljø og ressursbruk.
• At delar av Oljefondet blir sett av til eit Nasjonalt Investeringsfond for å utvikle nye industriarbeidsplassar i fastlands-Noreg.
• Å underleggje bank- og finansvesenet offentleg eigarskap, styring og kontroll.

Bygg ut velferdsstaten og styrk kommuneøkonomien

Trass i at den norske staten er særdeles rik, blir det også i Noreg retta kraftige angrep mot den delen av offentlege sektor som blir kalla velferdsstaten, der også kommunesektoren har svært viktige oppgåver. Den økonomiske krisa blir nytta til å presse fram nedskjeringar i offentlege budsjett, og offentlege oppgåver blir lagt ut til private slik at dei får tilgang til nye marknader til sin tvangsmessige ekspansjon.

Raudt meiner kommunane og fylkeskommunane får behalde altfor lite av det innbyggjarane betalar inn i form av skattar og avgifter. Dei fleste kommunar har mindre inntekter enn dei burde hatt. Likevel skjer det sløsing i mange kommunar gjennom leige av konsulentar, auka byråkrati på grunn av organisering etter bestillar-/ utførarmodellen og konkurranseutsetting. Sløsinga skjer også gjennom innføring av ulike former for liksom-marknader og prioritering av den politiske og administrative leiinga sine prestisjeprosjekt.

Stadig fleire stader blir det innført såkalla parlamentarisme, som inneber at kommunestyre og fylkesting gjev frå seg store delar av makta si til eit lite byråd eller fylkesråd, som ikkje treng å vere folkevalde. Dette fører til ein veldig maktkonsentrasjon, umyndiggjering av dei folkevalde organa, dårligare innsyn og eit kostbart politisk byråkrati. Dei fagleg tilsette i kommunen blir avskorne frå å fremje sine faglege vurderingar, som i staden blir farga politisk slik det passar byrådet eller fylkesrådet. Det er eit stort tilbakesteg med omsyn til demokrati, ressursbruk, og kvaliteten på viktige avgjerder.

Eit anna stort tilbakesteg var omgjeringa av sjukehusa frå hovudsakleg fylkeskommunale institusjonar med kommunale budsjett- og rekneskapsprinsipp til bedriftsøkonomisk styrte helseføretak.

Raudt meiner det er viktig å motarbeide marknadsinnrettinga av kommunar og fylkeskommunar. Raudt arbeider for å mobilisere innbyggarane i kommunane til protestaksjonar retta inn mot kutt og mangelfull ivaretaking av kommunen sine oppgåver. Vi vil fremje aksjonar og opprør retta mot dei tronge statlege budsjettrammene.

I dei fleste tilfelle er Raudt imot å selje ”arvesølv” for å lette på dei økonomiske rammene til kommunen si drift. Vi er imot å selje eigardelar i kraftselskap, kollektivtransportselskap, kinoar og andre formar for tidlegare tiders satsing på samfunnsmessig infrastruktur.

På statleg nivå er sjukehusa, høgare utdanning og trygdesystemet døme på viktige område av velferdsstaten. Her har det skjedd omfattande kutt, spesielt gjennom pensjonsreforma og den kraftige skvisen på sjukehusa, både lokalt og sentralt. Dei samfunnsøkonomiske argumenta som er framført for desse reformene, har inga dekning i den verkelege verda. Produktivitetsutviklinga gjer at det i dag skulle vere grunnlag for ein mykje meir omfattande folketrygd enn då den blei innført i 1967. Sjølvsagt har Noreg også god råd til å halde oppe og styrke kvaliteten på sjukehusa, både lokalt og sentralt.

Raudt arbeider for:

• Å møte den økonomiske krisa med ein aktiv motkonjunkturpolitikk.
• Å styrkje velferdsstaten og kommuneøkonomien, slik at folk sine velferdsbehov kan sikrast.
• At bustadsektoren på nytt blir ein del av velferdsstaten sitt verkefelt ved å atterreise bustadsamvirket med prisregulering og storstilt kommunal bygging av utleigebustader til sjølvkost.
• Å stoppe og reversere marknadsoffensiven på viktige område, som det offentlege tradisjonelt har tatt hand om.
• Innføring av seks timars normalarbeidsdag på stadig fleire område.
• At kommunar og fylkeskommunar skal få behalde mykje meir av det innbyggarane betalar i skattar og avgifter.
• Å styrkje dei statlege overføringane, særleg til kommunar og fylkeskommunar med svakt skattegrunnlag.
• At kommunane vedtek budsjett basert på innbyggjarane sine faktiske behov for tenestetilbod.
• At kommunale bygningar til ei kvar tid skal vere godt vedlikehaldne og gi gode arbeidsforhold. Lovfesta krav om generelt tilgjenge/universell utforming må innfriast raskt i alle offentlege bygg.
• Å innføre opne budsjettprosessar og forsøk med deltakande budsjettering.
• Å avvikle bestillar-/utførarmodellen og konkurranseutsetjing i offentleg sektor.
• Å stanse privatisering og marknadsretting av kommunesektoren og tilbakeføre tidlegare privatiserte område til kommunal drift.
• At politikarlønningar i kommunane blir fastsette ut frå gjennomsnittsløn i KS-området.
• At staten fullt ut skal dekke kostnadane for lovpålagde oppgåver gitt til kommunane.
• At staten skal slette gjelda kommunane og fylkeskommunane har opparbeidd seg gjennom fleire år med svelteforing og stadig fleire tildelte oppgåver frå staten.
• At statlege overføringar blir tildelt etter kriterium som betre fangar opp lokal kostnadsvariasjon enn det systemet som blir brukt i dag.

Skattlegg dei rike

Raudt vil ikkje auke skattenivået for skattar og avgifter som vanlege arbeidsfolk betalar. Men vi vil skjerpe skattlegginga vesentleg av høge inntekter og formuar og fjerne skattlegginga av låge inntekter. Vi vil fjerne smotthol og ordningar som gjer at dei rikaste i Noreg i praksis betalar det dei har lyst til i skatt.

Kommunane har i dag rett til å skrive ut eigedomsskatt. Dersom kommunal eigedomsskatt blir innretta slik at den får ein sosial profil, m.a. ved hjelp av store botnfrådrag, kan ein slik skatt vere reiskap for å styrke kommuneøkonomien. Dersom kommunane får friare skattleggingsmoglegheiter, vil det ikkje gje ei meir rettferdig inntektsfordeling mellom kommune og stat, men gjere det endå enklare for statsrådar og stortingsfolk, som sit på ein av verda sine største pengesekkar, å lene seg tilbake og la kommunestyra tyne innbyggarane endå meir.

Gjennom mange år har det skjedd ei omlegging frå skatt på inntekt og formue til skatt på forbruk. Skatt på forbruk rammar særleg hardt dei som har dårleg råd, fordi dei må forbruke heile inntekta si – og meir. Sjølv med stort personleg forbruk, vil dei fleste rike berre forbruke ein liten del av inntekta si, og derfor er det gunstig for dei å skattleggje forbruk i staden for inntekt. Raudt vil avskaffe meirverdiavgifta på tenester og vanlege hushaldsvarer. Raudt er for avgifter på reklame. Avgifter kan også vurderast nytta for å fremje miljø- og helsepolitikk.

Raudt ser på eigendelane på heimetenester, legehjelp mm. som særskatt på sjukdom, alderdom og funksjonshemming. Raudt vil derfor fjerne alle slike særskattar.

Dei etatane som krev inn skatt må styrkast, og innsatsen deira må rettast mot dei rike sitt skattesnyteri.

Raudt arbeider for:

• At frikortgrensa blir auka til 2 G (ca. 160 000) slik at inntekter opp til 2 G ikkje blir skattlagde. Vi vil med dette også auke minstefrådraget og i staden skjerpe skattlegginga av vesentleg høge inntekter og formuar.
• At også kapitalinntekt skal skattleggast med toppskatt og trygdeavgift.
• At alle former for skjermingsfrådrag på aksjeutbytte og annen kapitalinntekt blir fjerna.
• Å fjerne ”fritaksmetoden”, dvs. at aksjeselskap si aksjeinntekt er fritatt for skatt.
• Skjerpa skattlegging av oljeselskap. Ordninga med milliardar i skattegåver for å stimulere til leiting må avviklast straks.
• At høgste trinn på toppskatten skal ramme inntekt over 600 000 kroner, og at satsen blir auka frå 12 % til 25 %.
• 100 % marginalskatt på inntekter over 1,5 millionar kroner.
• At fagforeiningskontingent skal vere heilt frådragsberettiga, utan beløpsavgrensing.
• Å fjerne vedtak og praksis som gir rikfolk moglegheit til å sno seg unna formuesskatt.
• Å skattlegge aksje-, finans- og valutatransaksjonar med ei lita avgift på alle slike transaksjonar. Det gir store inntekter og svekkar samtidig grunnlaget for spekulasjon.
• Å fjerne meirverdiavgifta på tenester og matvarer.
• Å fjerne all særskatt på funksjonshemming, uførheit og sjukdom (såkalla eigendelar).
• Innføring av ein liten skatt på all handel på Oslo børs. Ei slik dokumentavgift er enkel og billig å administrere med tanke på inntening. Børsen i London har lenge hatt ei tilsvarande avgift på 0,5 %.

Kapittel 2: Kvinnefrigjering

Raudt sitt mål er full kvinnefrigjering. Likestilling mellom kjønna er ikkje nok. Vi ynskjer å sprenge rammene for dei tronge kjønnsrollene og fjerne alle former for kvinneundertrykking. Kapitalismen er avhengig av kvinner si underordning i familien og arbeidslivet. For å oppnå full kvinnefrigjering er det nødvendig med eit totalt brot med det kapitalistiske systemet. Raudt går inn for tiltak som kan styrke kvinner si stilling økonomisk, juridisk, politisk og ideologisk. Raudt vil forsvare dei rettane kvinner har oppnådd.

For økonomisk sjølvstende

Raudt ser på kvinner sitt økonomiske sjølvstende som ein føresetnad for kvinnefrigjering. Familien er i dag ei økonomisk grunneining og ein del av samfunnet sin økonomiske basis. Framleis har kvinnene hovudansvaret for omsorgsarbeidet i familien. Dyre barnehageplassar, kontantstøtta og for høge prisar på SFO, er døme på dette. Kvinner tilpassar ofte si tilknyting til arbeidslivet til rolla si i familien. Samfunnet sitt kjernefamiliefokus er redusert, men eineforsørgjerar, homofile og lesbiske familiar og dei som vel å bu aleine, blir framleis usynleggjorde og diskriminerte.

Kvinnedominerte yrke blir dårlegare lønna enn mannsdominerte yrke, både i offentleg og privat sektor. Sjølv innan same yrkesgruppe, tener menn ofte meir enn kvinner. Kvinner blir lågare lønna enn menn fordi dei er kvinner. Dette er uttrykk for makttilhøvet mellom kjønna, og er vevd inn i det kapitalistiske økonomiske systemet, der kvinner si arbeidskraft har mindre verdi.

Raudt arbeider for:

• Kvinner sitt økonomiske sjølvstende.
• Lovfesta rett til barnehage frå det tidspunktet foreldra ynskjer det.
• Gratis barnehagar og skulefritidsordning.
• Å fjerne kontantstøtta.
• At barn skal sleppe delt bustad ved samlivsbrot dersom ikkje begge foreldra ynskjer det.
• Å heve overgangsstønaden til eineforsørgjarar og utvide stønadsperioden.
• Å endre bidragsreglar som skapar fattige kvinner og barn.
• 6-timers normalarbeidsdag med full lønnskompensasjon.
• Å fjerne all lønnsdiskriminering knytt til kjønn.
• Å motverke lønssystem som fører til individuelle personlege tillegg.
• Eigen kvinnepott frå regjering/Storting for å utjamne lønsulikskapane.
• Å sikre at gravide ikkje blir diskriminerte i arbeidslivet.
• At trygde- og pensjonsreglar ikkje skal verke diskriminerande for kvinner.
• 8. mars som offentleg fridag.
• Likestilling av skift- og turnusarbeid.
• Garantiordningar som sikrar låglønsgrupper minst 95 % av gjennomsnittleg industriarbeidarløn og garantiordningar som sikrar kvinnedominerte yrke 95 % av lønna i mannsdominerte yrke med tilsvarande utdanningsnivå.
• Samfunnsmessig ansvar for barn, sjuke og gamle.
• Styrke eineforsørgjarar sine rettar.
• Å legge til rette for kollektive buformer.

Fødselspermisjon

Raudt ynskjer å utvide fødselspermisjonen til 52 veker med full løn. Av desse 52 vekene skal mora sikrast 3 veker før fødsel og 8 veker etter fødsel av helsemessige grunnar. I tillegg får begge foreldra rett til 12 veker. Resten av permisjonen kan delast mellom mor, den andre forelderen eller annan omsorgsperson.

Raudt arbeider for:

• Sjølvstendig opptening av fødselspengar for begge foreldre. • At retten til foreldrepengar ved fødsel og adopsjon også skal gjelde for foreldre som mottar ulike trygdeordningar.

Sjølvbestemt abort

Sidan 1978 har kvinner sjølve kunna bestemme om dei vil fullføre ein påbyrja graviditet eller ikkje. Abortlova har stor oppslutnad, men er likevel utsett for stadige angrep. Kvinner blir forsøkt påført skuld og skam, og helsepersonell kan reservere seg mot å foreta abortinngrep, og abortmotstandarane Amathea er faste rådgjevarar på mange sjukehus. I tillegg må kvinner som ynskjer abort etter tolvte veke, framleis møte for ei nemnd, som skal avgjere om ho får lov til å ta abort eller ikkje. Retten til sjølvbestemt abort er sentral i kvinner sin rett til å bestemme over eigen kropp og eige liv. Abort er ikkje eit problem; det er dei uynskte svangerskapa som er problemet.

Raudt arbeider for:

• Rett til sjølvbestemt abort inntil 16. svangerskapsveke.
• Jordmødrer og helsesøstrer skal ha same rett som legar til å skrive ut p-piller.
• Midlar til forsking på trygg og sikker prevensjon.
• Å overføre den offentlege støtta frå Amathea til helsestasjonar for ungdom.
• At eigendelen på sterilisering blir fjerna.
• Rett til medisinsk abort ved helsestasjon/lokalt legesenter med oppfylging av primærhelseteneste.
• Å oppheve reservasjonsretten for helsepersonell.

Slepp glede og kjærleik laus

Seksuell frigjering er fridom til seksuell utfalding utan skuld og skam, og utan frykt for vald og tvang. Gratis og lett tilgjengelig prevensjon og retten til sjølvbestemt abort er grunnleggjande føresetnader. Raudt ønskjer mellommenneskelege og samfunnsmessige tilhøve der seksualitet verken er tabubelagt, syndig eller kommersialisert, men anerkjent som ein viktig del av tilværet. Men ingen har rett til å bli tilfredsstilt av andre under trussel om straff, eller mot betaling eller løn.

Rødt arbeider for:

• Å motverke puritanisme, tabu og moralisme i debatten om seksualitet.
• Å kjempe mot porno.
• Obligatoriske temaveker på skulane med fokus på god seksualitet og grensesetting, samt informasjon om seksuelle overgrep og om kor ein kan få hjelp.

Knus skjønheitstyranniet

Raudt går imot propaganda som seier at berre kvinner som liknar reklamebileta er pene. Tronge kjønnsroller og umenneskelege kroppsideal er øydeleggande for folk sine sjølvbilete og helsa deira. Media må slutte å fremje ”skjønnheits”-industrien sine interesser.

Raudt arbeider for:

• At kvinnediskriminerande reklame skal meldast.
• Haldningskampanjar i skulen om ungdom sitt forhold til kjønn, kropp og seksualitet.
• Førebyggande tiltak mot eteforstyrringar.
• Å krevje oppretting av avdelingar med spesialkompetanse på behandling av eteforstyrringar i sjukehus over heile landet.
• At media ikkje reduserer kvinner til kropp og ikkje brukar avkledde kroppar i salsføremål.
• At alle manipulerte bilete, også i annonser, må merkast.

Motarbeid menn sin vald mot kvinner

Menn sin vald mot kvinner er uttrykk for den maktubalansen som finst mellom kjønna i samfunnet, og er eit alvorleg samfunnsproblem. Valden avgrensar og øydelegg kvinner sine liv, og hindrar dei i full deltaking i samfunnet. Arbeid mot menn sin vald mot kvinner må ha eit allsidig perspektiv: rettsleg, sosialt, økonomisk og helserelatert. Raudt har nulltoleranse overfor menn sin vald mot kvinner. Menn må involvere seg og ta ansvar for menn sin vald mot kvinner.

Berre ein liten del av vald og valdtektssaker mot kvinner blir melde. Mellom dei sakene som blir melde, er prosenten av bortlagde saker høg, og berre 10 % blir domfelte. Politiet og rettsvesenet må auke kompetansen på, og kunnskapen om, vald mot kvinner. Rettstryggleiken til kvinner og barn i valds- og overgrepssaker er for dårleg.

Treårsregelen inneber at innvandrarar som kjem til Noreg må vere gifte i tre år før dei får opphald på sjølvstendig grunnlag. Dette fører til at kvinner som opplever fysisk og/eller psykisk vald, i praksis blir tvinga til å bli verande i eit valdelig ekteskap for å unngå å bli sendt ut av landet.

Raudt arbeider for:

• Auka støtte og fullt vern til valdsutsette kvinner og barn.
• Tilgang til valdsalarmar som verkar, og effektive besøksforbod.
• At valdsutøvarar, ikkje valdsutsette, skal forlate heimen.
• Å motarbeide maktforhold mellom kjønna og andre maktstrukturar som gjer seksualisert undertrykking mogleg.
• Å fjerne avgjerder om flytteforbod for mor.
• At overgrepsmottak skal vere ei lovpålagt oppgåve for kommunane.
• Full statleg finansiering av krisesentra.
• At politi, rettsvesen, NAV og politikarar aukar sin kunnskap om vald mot kvinner og om følgjene for barn som er vitne til vald.
• At regjeringa må kartlegge menn sin vald mot kvinner og rekne ut kostnadane av valden.
• Eit nasjonalt kunnskapssenter knytt til menn sin vald mot kvinner.
• At "Alternativ til vald" blir utbygt over heile landet.
• At utlendingslova blir handheva slik at kjønnsbasert forfølging gir rett til asyl.
• Å fjerne treårsregelen og gebyra for innvandrarkvinner som skal søke om tillating til opphald.
• Tidsavgrensa rett til farskapstest for barnet sin far.
• At media ikkje omtalar overgrep som sex.

Kampen mot kjønnslemlesting

Kampen mot kjønnslemlesting er sentral i kampen for kvinner sin rett til eigen seksualitet og kontroll over eigen kropp. I dette arbeidet er minoritetsorganisasjonane sin innsats svært viktig, og Raudt støttar alle organisasjonar som jobbar mot kjønnslemlesting. Raudt ønskjer at fokus må vere på ei varig haldningsendring, og at samarbeid med kvinner som har vore utsette for kjønnslemlesting, er sentralt for å oppnå dette. Raudt ønskjer ikkje tvangsundersøkingar av jenter, men meir midlar til førebyggande arbeid.

Raudt arbeider for:

• Tiltak for personar som er kjønnslemlesta eller blir utsett for kjønnslemlesting i Noreg. Det skal vere tiltak som omfattar tilbod om medisinsk, sosial og psykologisk oppfølging både til offer og familie.
• Styrking av kompetansen til tilsette i skule, helse- og sosialsektoren slik at dei kan tilby kvalifisert hjelp til personar som er utsette for kjønnslemlesting.

Mot sal av kjønn og kropp

Porno og prostitusjon er vald mot kvinner. Raudt sitt mål er eit samfunn utan seksualisert undertrykking, og dermed utan porno og prostitusjon. Den internasjonale handelen med kvinner og barn, er ein av verda sine mest lønsame industriar. Menn som kjøper kvinner i prostitusjon, er ansvarlege for at kvinner blir påført skade, og er støttespelarar for porno- og prostitusjonsindustrien. Hallikar og bakmenn etablerer prostitusjon i land der mogegheitene for forteneste er størst, der myndigheitene ikkje hindrar etablering, og der det er liberale haldningar til porno og prostitusjon. Kjøp av seksuelle tenester må derfor bli forbudt, og kvinner i prostitusjon må hjelpast ut.

Porno er ikkje fiksjon, det er verkelege menneske som blir avbilda. Raudt ynskjer ei lov mot porno. Raudt meiner Noreg må etterleve internasjonale forpliktingar for å motarbeide handel med kvinner og barn, for å hindre at stadig fleire fattige kvinner hamnar i porno- og prostitusjonsindustrien.

Raudt arbeider for:

• Å motarbeide porno- og prostitusjonsindustrien.
• Ei lov mot porno som blir handheva.
• At kvinner i prostitusjon får hjelp til å slutte, at utanlandske kvinner i prostitusjon får opphaldstillating eller hjelp til trygg retur og kan etablere seg igjen i heimlandet.
• Auka bevisstgjering om skadane ved prostitusjon gjennom haldningskampanjar og opplæring i skulen.
• At tilsette i forsvaret og i organisasjonar og bedrifter med oppdrag i utlandet skal skulerast i spørsmål knytt til skadane ved prostitusjon.
• Å motarbeide strippeklubbar.
• Fleire og betre tilbod for å hjelpe folk ut av prostitusjon.
• Eit nytt nasjonalt kompetansesenter mot prostitusjon som arbeider aktivt for å hjelpe kvinner ut av prostitusjon, og som motarbeider haldningar i samfunnet om at kvinner kan kjøpast.
• Å ta vare på ei sexkjøpslov som slår fast at det er forbode å kjøpe seksuelle tenester.

Kapittel 3: Demokrati i offentlig forvalting

Eit levande lokaldemokrati vil seie at innbyggarane får reell moglegheit til å delta i avgjerder som gjeld kvardagen og livsvilkåra deira. Det er viktig å halde på retten til like gode og rettar i form av likeverdige tenestetilbod over heile landet. Raudt meiner at staten skal fullfinansiere oppgåver som blir overførtee til kommunane. Samstundes må innbyggarane i kommunane kunne delta aktivt i å utvikle lokalt tilpassa løysingar som sikrar folk sine behov og er til det beste for fellesskapet.

Raudt arbeider for:

• At det blir oppretta aktive lokaldemokratiske organ der barn og unge får rett og høve til reell innflytelse på saker som blir behandla.
• Tiltak som gjer politiske vedtaksprosessar meir tilgjengelege og opne for alle innbyggjarar.
• Tiltak som involverer innbyggjarar, tillitsvalde, organisasjonar, brukarar og pårørande i utvikling av kommunale tenester, og at dei blir gitt meir direkte innverknad på sakshandsamingsprosessar fram mot lokalpolitiske vedtak.
• Å legge til rette for at lag og organisasjonar som samarbeider med kommunen om tenesteutvikling, får vilkår som gjer det mogleg å vere reelle deltakarar.
• At 16-åringar får stemmerett ved kommuneval.
• Å utvikle prosessar der innbyggjarane kan ta del i budsjetthandsaminga.

Kommunen sine tilsette

Raudt reknar kommunen og eventuelle kommunale selskap som innbyggjarane sin eigen eigedom og deira verktøy for å kunne yte gode og likeverdige tenester for alle som treng det. Tilsette i norske kommunar er avgjerande viktige for å sikre tilboda som blir vedtekne av lokaldemokratiet, samtidig som dei folkevalde har ei kollektiv arbeidsgjevarrolle i denne samanhengen.

Raudt arbeider for:

• At organisasjonsutvikling i kommunen skjer i samarbeid med tilsette på alle nivå.
• Tiltak som forkortar vegen frå idé til vedtak, når det gjeld forslag frå tilsette som kan bidra til utbetringar av arbeidsmiljø og arbeidsrutinar ved den enkelte arbeidsplass.
• At deltidsstillingar blir erstatta med 100%-stillingar i kommunane ut frå prinsippet ”heiltid ein rett, deltid ei moglegheit”.
• At det blir sett i gong forsøk med 6-timars normalarbeidsdag i kommunane.

Stat, fylkeskommunar og kommunar

Oppgåver og ansvar bør desentraliserast, slik at dei blir løyste nærast mogleg brukarane av velferdstenestene. Oppgåver som krev stor grad av samordning mellom fleire kommunar, bør løysast gjennom interkommunalt samarbeid utan at dette må gå på kostnad av folkevald styring. Statlege oppgåver som i dag ligg hos fylkesmannen, bør ein vurdere å flytte over til fylkeskommunen eller kommunen, bortsett frå oppgåver som handlar om tilsyn og kontroll.

Fylkeskommunen bør styrkast til å bli ein reell regional utviklingsaktør. Framtida for fylkeskommunen blir avgjort no. Raudt ynskjer ein direkte vald fylkeskommune, som har fleire og tydlegare oppgåver. Det er behov for tre styringsnivå; ei utvikling mot ein tonivåmodell med kommunar kombinert med statlege regionar, vil etter Raudt sitt syn svekke demokrati og folkevald styring.

Raudt arbeider for:

• Desentraliserte oppgåver og overføring av ansvar frå stat til kommune/fylkeskommune.
• Utviding av fylkeskommunen sine arbeidsoppgåver.
• At ingen kommunar eller fylke skal slåast saman utan at det er godkjent gjennom folkeavstemming i kvar av dei gjeldande kommunane/fylka.
• Tilbakeføring av styringa av dei fleste sjukehusa til fylkeskommunane.
• Oppretthalde eller auke talet på folkevalde representantar i kommunestyre og fylkesting.

Kommunale selskap

Det er innbyggarane sine behov som skal ligge til grunn for drifta av all kommunalt eigd verksemd. Debattar og diskusjonar bak lukka dører blir snevre og hemmar utvikling med fokus på kva som er viktig for innbyggarane i lokalsamfunnet. For å sikre demokratisk og deltakande utvikling av dei kommunale tenestene, må derfor avgjerdene løftast ut av lukka styrerom og inn i kommunestyre og fylkesting.

I kommunar der kommunale føretak og aksjeselskap er etablerte, arbeider Raudt for tiltak som sikrar openheit, ryddigheit, folkevald kontroll og styring, samtidig som vi arbeider for avvikling av slike selskap, og alle aktiva blir førte tilbake til den kommunen eller fylkeskommunen som i utgangspunktet var rettkomen eigar.

Raudt arbeider for:

• Å avvikle alle kommunale føretak (KF) og aksjeselskap.
• Inntil dette er gjennomført går Raudt inn for at kommunestyre/fylkesting/ formannskap skal utgjere generalforsamlinga for heileigde kommunale aksjeselskap.
• At folkevalde skal utøve aktiv eigarskapsstyring gjennom generalforsamling.
• At kommunestyre/fylkesting etablerer retningslinjer for god verksemdstyring av selskapa.
• At det blir oppretta etiske retningslinjer for selskapa, medrekna retningslinjer som gjeld miljø.
• At det blir danna skriftlege rapporteringsrutinar mellom generalforsamling og kommunestyre/fylkesting, der desse ikkje utgjer generalforsamlinga.
• At det blir oppretta retningslinjer for innkjøp for selskapa.
• At regelmessige eigarskapskontrollar av selskapa blir gjennomførte.

Korrupsjon

Korrupsjon i forvaltninga har i dag i hovudsak karakter ved at høgtløna byråkratar og topp-politikarar utviklar eit tett samarbeid med lobbyistar og utrednings- og konsulentfirma, som kjøper seg fordelaktige vedtak og medverknad til vedtak. Dei siste åra har vi også sett fleire døme på at folk i høge offentlege stillingar har misbrukt stillingane til å gjere seg sjølve rike.

Kapittel 4: Demokratiske rettar

I norsk lovgiving er det nedfelt ei rekkje lover og reglar som gir innbyggjarane demokratiske rettar. Det omfattar tale-, trykke- og organisasjonsfridom, og stemmerett ved hemmelege val der ein kan velje mellom fleire parti. Også prinsippa i offentleglova, forvaltningslova, streikeretten og rettstryggleiken er grunnleggande demokratiske rettar. Dette er lover og forskrifter som Raudt vil forsvare. Det sterkaste angrepet på folk sine demokratiske rettar i Noreg er forsøket på å få Noreg inn i EU. Eit anna angrep er nye og vagt formulerte lover mot terror, som opnar for auka overvaking og forfølging av folk.

Raudt arbeider for:

• Fullt innsyn i politiet og forsvaret sine politiske overvakingar etter 1945. Dei ansvarlege for overvakinga må stillast til ansvar. Personar som har blitt overvaka må få erstatning.
• At det blir vedtatt ei permanent innsynslov.
• At lovgivinga for arbeidsmiljø og streikerett ikkje skal svekkast.
• At alle tilsette har full ytringsfridom om sitt arbeidsforhold og innsynsrett i alle forhold som gjeld arbeidsplassen, bortsett frå slikt som kjem inn under vanleg teieplikt.
• At tillitsvalde skal ha ein lovfesta rett til å undersøke alt som gjeld økonomi og rekneskap hos arbeidsgjevaren.
• Det skal vere straffbart for ein arbeidsgjevar å mobbe, trakassere eller på annan måte diskriminere dei som nyttar seg av denne retten.

Privatisering svekkjer folkestyret

Omdanning av offentleg verksemd til føretak og aksjeselskap, samt privatisering og sal av offentleg eigedom og ressursar, er avgrensingar av demokratiet. Avgjerder blir overførte frå politiske organ til lukka styrerom. Raudt meiner at den omfattande liberaliseringa og privatiseringa av statlege selskap og kommunale tenester er eit grunnleggande demokratisk problem. Privatisering inneber at kontrollen forsvinn frå folkevalde organ.

Raudt arbeider for:

• Opne møte i alle offentlege styringsorgan og utval med unntak av behandling av personsaker.
• Full offentlegheit om alle styreverv, aksjepostar, økonomiske godtgjeringar og organisasjonsverv for alle politikarar i kommunestyre, fylkesting, Storting og regjering.

Religions- og livssynsfridom

Noreg er i dag eit fleirkulturelt og fleirreligiøst samfunn. Raudt er for full religions- og livssynsfridom. Dette står i motsetnad til å ha ein offentleg statsreligion. Vi går derfor inn for skilje stat og kyrkje. Staten skal vere nøytral og beskyttande m.o.t. religion og livssyn. Det er ikkje eit spesielt statleg ansvar at trus- og livssynssamfunn skal ha eit økonomisk grunnlag for verksemda si. Dei må behandlast på lik linje med andre frivillige organisasjonar som søkjer støtte til verksemda si. Raudt godkjenner alle trus- og livssynssamfunn sin rett til å etablere seg, men kan ikkje akseptere aktivitetar som bryt med norsk lov, som t.d. likestillingslova.

Raudt vil ha eit filosofi-, livssyns- og religionsfag som ikkje favoriserer noka trusretning. Elevane i grunnskulen må få ei nøytral opplæring om ulike ideologiar og religionar. Innan eit slikt fag er etablert, må det innførast full fritaksrett. Raudt vil ha ein religions- og livssynsnøytral skule.

Likebehandling

Det må bli reell likestilling når det gjeld tilgang til religiøs og livssynsmessig omsorg ved store ulykker, på sjukehus, i fengsel og i forsvaret. Kommunane må disponere lokale der det er mogleg å legge til rette for seremoniar tilpassa ulike trus- og livssynssamfunn sine behov. Raudt meiner at Samarbeidsrådet for trus- og livssyns-samfunn, som representerer dei fleste trus- og livssynssamfunn i Noreg, er ein viktig samarbeidspartnar, ikkje berre for Kyrkje- og kulturdepartementet, men også for Utanriksdepartementet i religiøse spørsmål.

Raudt arbeider for:

• Å innføre ein livssynsnøytral formålsparagraf i skulen.
• Å skilje stat og kyrkje.

Innfør republikk

Raudt meiner at kongeriket er ei forhistorisk overlevning og er derfor for å avskaffe kongedømmet og innføre republikk.

Valordninga i Noreg

Det norske demokratiet har gjennomgått ei rekkje reformer sidan 1814. Politisk kamp og krav om meir demokrati har tvunge fram desse reformene. Vi har framleis i dag ei valordning som på fleire måtar favoriserer dei store partia og gjer det vanskeleg å presentere nye alternativ for veljarane. Raudt meiner at å kunne velje mellom fleire alternativ er ein føresetnad for demokrati. Når Stortinget i dag er sams i ei rekkje spørsmål der det er stor opposisjon blant folk, er dette eit uttrykk for at det norske demokratiet ikkje er representativt nok.

Det særnorske styringstillegget i valordninga gjer det vanskeligare for små parti å få eit første mandat. Sperregrensa på 4 % for utjamningsmandat er det største hinderet for at nye parti kan klare å etablere seg på Stortinget og bli eit reelt alternativ til dagens parti.

Byparlamentarisme

Fleire kommunar i Norge innfører lokalparlamentarisme. Dette fører til fleire heiltidspolitikarar, at opposisjonen misser innsyn i handsaminga av saker og at fleire saker blir handsama utan offentleg innsyn.

Raudt støttar organisasjonar som kjempar for demokrati og mot byråkratisering, som fagrørsla, kvinnerørsla, miljørørsla og andre interesseorganisasjonar.

Raudt arbeider for:

• Å avskaffe sperregrensa ved norske val.
• At første delingstal i valordninga skal være 1.
• Å behalde arealfaktoren og fylkesvise valkretsar for å behalde geografisk fordeling av stortingsrepresentantar.
• Å utvide talet utjamningsmandat.
• Å behalde og vidareutvikle formannskapsmodellen i kommunane.
• Å avvikle parlamentarisme i kommunestyre og fylkesting.

Monopolisering av media

Media og kulturelle institusjonar blir kjøpte opp gjennom omdanning til aksjeselskap, ved reklamefinansiering og sponsing. Den største faren for ytringsfridomen og ytringsmoglegheitene er monopoliseringa av eigarskapen i massemedia og angrepet på produksjonsstøtte til aviser. Også kravet til lønnsemd og forretningsdrift av kulturelle institusjonar er ein overhengande fare.

Raudt arbeider for:

• Auka pressestøtte som sikrar mangfaldet.
• Offentleg støtte til nærradiostasjonar.
• Alle landsomfattande parti som stiller lister i stortings-, kommunestyre- og fylkestingsval, må sikrast god dekning i riksdekkande radio og tv.

Kapittel 5: Velferd til alle

Den norske velferdsstaten byggjer på ein sterk offentleg sektor med universelle velferdsordningar. Fellesskapsløysingar innan omsorg for barn og eldre gir kvinner høve til utdanning og arbeid, noko som også styrkar menn sine høve til å vere omsorgspersonar for barna sine. Dårlegare eller dyrare velferdsløysingar vil tvinge den i familien med lågast løn til å slutte i jobb og overta omsorg for barn eller sjuke familiemedlemmar. Nedbygging av fellesskapsløysingar vil derfor særleg ramme kvinner. Raudt vil i staden styrkje dei offentlege, universelle velferdsordningane.

Kapitalismen er avhengig av kontinuerleg økonomisk vekst. I offentleg sektor ligg det store økonomiske verdiar som kapitaleigarane ønskjer tilgang til gjennom privatisering. EØS-avtalen og andre internasjonale avtalar (WTOs Gats-avtale) blir brukt som brekkstang for privatisering og marknadsstyring av dei offentlege tenestene. Dei harde effektiviseringskrava og den økonomiske utarminga av offentleg sektor har gitt folk eit dårlegare tilbod. Svekka offentleg velferd opnar for private løysingar for dei som har råd. Dette aukar klasseskilja.

For å redde dei offentlege, universelle velferdsordningane, trengst det mobilisering nedanfrå gjennom lokale initiativ og på tvers av organisasjonsskilje. Kampen for velferdsstaten styrkar folk sitt medvit om fellesskap og solidarisk ansvar. Raudt støttar enkeltkrav som styrkar velferda, samtidig som vi meiner at kravet om eit verkeleg velferdssamfunn peikar ut over kapitalismen sine rammer.

Raudt arbeider for:

• Ein sterk og demokratisk styrt offentleg sektor som møter folk med respekt og vilje til å lytte.
• Offentleg eigarskap og styring av kollektivtransport, posttenester, telenett, kraft og vatn.
• Tilbakeføring av privatiserte tenester til offentleg eige og folkevalt kontroll.
• Gratis tenester innan helse og omsorg.
• Å utvide helseomgrepet til også å gjelde auge og tenner – gratis synshjelpemiddel og gratis tannlege.
• Å fjerne eigendelar på høyreapparat slik at dette blir gratis.
• At satsane på sosialhjelp skal opp på SIFO-nivå (Statens institutt for forbruksforsking) ved øyremerking av statlege midlar og statleg dekning av kommunane sine utgifter til sosialhjelp.
• Ei forsøksordning med samfunnsløn til alle borgarar i Noreg, som ikkje har lønsarbeid. Dette vil på sikt kunne erstatte sosialhjelp, studielån og fleire trygdeordningar. Ei slik samfunnsløn må som eit minimum følgje tilrådingane frå SIFO.
• Å forsvare og styrke folketrygda.

Barnevern

Altfor mange barn i dag lever i fattigdom, eller veks opp i familiar med vald eller rus. Barn og unge er veldig avhengige av familien. Det kan gjere det vanskeleg for andre å gripe inn dersom barn og unge treng støtte og hjelp. Raudt meiner at alle barn skal ha rett til vern gjennom barnevernet og andre offentlege institusjonar, uavhengig av kor barna oppheld seg og av kven som har omsorgsansvaret, inkludert samværsheim. Ungdom som treng plass på institusjon, skal få det når behovet er til stades. Den faglege vurderinga av kva for tiltak ungdom treng, skal gå framfor budsjettomsyn.

For å redusere delen barn som blir plasserte utanfor heimen, er det nødvendig med auka satsing på førebyggande tiltak. Dette krev meir ressursar til det kommunale barnevernet, då det kommunale barnevernet er sterkt underbemanna og treng fleire tilsette. Fleire ressursar må i stor grad gå til utbygging og forsterking av helsestasjonane, der det blir tatt inn fleire yrkesgrupper med ulik barnevernfagleg og sosialfagleg kompetanse. For å gi tilsette meir tid, trengst det bemanningsnormer, som sikrar eit maksimalt tal barn og familiar som ein barnevernsarbeidar skal ha ansvar for. Denne norma må gjerast rettleiande for kor mange tilsette som trengst ut i frå lokale behov i det kommunale barnevernet.

Familiar som ber om hjelp til sine barn og unge, må i mykje større grad bli tatt på alvor og følgjast opp med kompetanse og ressursar. Det skal ikkje vere slik at barn og unge sine problem blir privatisert til den enkelte familie. Det er eit samfunnsansvar å sikre barn og unge gode oppvekstvilkår.

Raudt arbeider for:

• Styrking av det kommunale barnevernet.
• Å stogge nedbygginga av tenester til kommunalt barnevern i Bufetat.
• Å innføre rettleiande bemanningsnormer i barnevernet.
• Styrking av det offentlege familievernet.
• Utbygging og forsterking av helsestasjonar.
• Å sikre formelle rettar for barn og unge, og oppfølging av rettane i både privat og offentleg omsorg.
• Bygging av fleire mindre barnevernsinstitusjonar, slik at barn med ulike behov i større grad får tilpassa barnevernsomsorg.
• Å skilje ungdom som rusar seg frå rusfrie ungdomar på institusjonar.
• Tydelege og felles retningslinjer for dei kommunale barnevernstenestene, slik at barn og ungdom som treng hjelp ikkje er prisgitt bydelen eller bygda dei bur i.
• Å stogge privatiseringa av barnevernet, og arbeide for å tilbakeføre alle barnevernsinstitusjonane til full offentleg drift.
• Å styrke det tverretatlege og tverrfaglege samarbeidet i sosial-, helse-, skule- og politietat i saker som er relatert til barnevernet.
• At det blir slutt på overbelegg og underbemanning på barnevernsinstitusjonar.
• At det blir sett av meir midlar til etterutdanning av barnevernsarbeidarar.
• At fosterforeldre skal sikrast profesjonell oppfølging og rettleing.
• At alle barn som er plassert utanfor heimen, på institusjon eller fosterheim, skal sikrast minst seks årlege oppfølgingsbesøk av barnevernet, der barnet si stemme skal bli høyrt og vektlagt under oppfølging.

Ungdomstilbud

Ungdom treng gratis fritidstilbod. Raudt meiner det er ei offentleg oppgåve å sørge for rusfrie møtestader for barn og ungdom. Ungdom må få makt og høve til å skape fritidstilbod. I fleire kommunar har ein oppretta ungdomsråd for å sikre dette, og vi meiner at ungdomsråda må få reell påverkingsmoglegheit. Dei må få nødvendig opplæring og oppfølging, og rom til å utvikle sine eigne arbeidsmetodar, møteformer og prioriteringar.

Tilboda må også sikre at jenter sine ønskje og behov blir ivaretatt, og Raudt meiner at ungdomsklubbar jamleg bør arrangere “sett grenser”-kurs og undervise i nulltoleranse for seksuell trakassering.

Raudt arbeider for:

• Styrking og utbygging av kommunale fritidsklubbar.
• At fritidsklubbar skal bli lovpålagt.
• At det skal opprettast fleire ungdomshus, både sjølvstyrte og kommunalt styrte.
• At det skal settast av pengar til å opprette ungdomsbase og/eller ungdomskontaktar.
• At det skal etablerast rusfrie helgetilbod for ungdom, som t.d. kveldsopne ungdomshus, ungdomskafear, diskotek osv.
• At ungdom si eigenorganisering skal støttast økonomisk.
• At det skal opprettast ungdomsråd i kommunar eller distrikt. Ungdomsrådet skal veljast gjennom demokratiske val av ungdom sjølv.
• At ungdomsrådet skal ha møte- og talerett i hovudutval, formannskap og kommunestyret i saker som gjeld ungdom.
• At staten tilfører dei ressursane som trengst for å drive ungdomsarbeid.

Eldreomsorg

Eldre er ein stor ressurs og har kunnskapar og erfaringar som er verdfulle for samfunnet. Raudt meiner at ei god eldreomsorg skal gi eldre menneske best mogleg føresetnader for å kunne leve fullverdige liv. Eldre må få nødvendig hjelp slik at fysisk og psykisk slitasje ikkje hindrar dei i å utfalde seg som verdfulle, skapande menneske. Dei må sikrast ein materiell tryggleik og få tilfredsstillande helsemessig behandling, rehabilitering og pleie for å redusere eller bli kvitt sine plager. Eldreomsorg dreier seg også om å sikre menneskeleg kontakt, og å tilrettelegge for sosial utfalding i ein livsfase der mange etter kvart misser store deler av sitt vanlege sosiale nettverk.

Raudt arbeider for:

• Å bygge ut eldresenter, kultur- og undervisningstilbod for eldre, og tilby sosialt arbeid.
• Dagsentertilbod i alle kommunar for personar ramma av demens, slik at det blir lagt til rette for at dei som ønskjer det kan bu lenger heime.
• Gratis tekniske og praktiske hjelpemiddel til eldre, også gratis tryggingsalarm til dei som treng det.
• Meir transportstøtte, fleire gratis drosjeturar.
• Å bygge ut systemet med reduserte prisar for pensjonistar på reiser og kulturtilbod.
• Å støtte eldre sine interesseorganisasjonar med ressursar.

Offentleg eldreomsorg

Ei godt utbygd offentleg eldreomsorg er ein føresetnad for at alle skal få den hjelpa dei treng uavhengig av kor mykje pengar dei har. Kommunal fattigdom blir ofte brukt som dekke for å gå inn for privatisering av eldreomsorg, nedlegging av sjukeheim og kutt i praktisk bistand i heimen og rehabilitering. Det fører også til at "omsorgsbustader med heildøgerstilsyn" blir framstilt som likeverdige med sjukeheim, sidan kommunane då kan overføre utgifter på dei omsorgstrengande sjølve og på staten.

Raudt arbeider for:

• At det offentlege skal ha ansvaret for nødvendig eldreomsorg i ein samanhengande kjede.
• At faglege, ikkje økonomiske, grunnar skal ligge til grunn for sjukeheimstilbod.
• Å styrke den offentlege eldreomsorga – nei til all privatisering og eigendelar.
• Å sikre eit differensiert pleie- og omsorgstilbod, der det finst både sjukeheim, aldersheim og omsorgsbustader samt særskilt innretta tilbod til demente.
• At omsorgsbustader ikkje skal erstatte sjukeheimsplassar.
• At talet på sjukeheimsplassar må aukast kraftig, slik at dekningsgraden tilsvarar det statlege minstekravet på 25 % av talet eldre over 80 år i alle kommunar.
• At minst 25 % av sjukeheimsplassane skal vere forsterka demensplassar.
• Auka grunnbemanning og fleire heiltidstilsette i alle einingar som tilbyr eldreomsorg.
• Å sikre god dekning av behovet for legar, tannlegar, pleiepersonell, aktivitørar, ergoterapeutar og fysioterapeutar til den eldre delen av befolkninga.
• Tilrettelegging for eldre med innvandrarbakgrunn på institusjonar og i heimebasert omsorg.
• At eldre sikrast varm, fersk og næringsrik middag kvar dag, og at det blir avsett tid til at den enkelte kan innta måltida sine på ein tilfredsstillande måte. Vi ønskjer ikkje fabrikkmat i eldreomsorga. Institusjonar for eldre skal ha eigne kjøken, slik at maten kan lagast på staden.
• At eldre blir tilbydd leige av tilpassa omsorgsbustader.
• At Husbanken har eigne midlar for å sikre bygging av omsorgsbustader og refinansiering av marknadsfinansierte omsorgsbustader.
• At Stortinget innfrir løftet om å finansiere 3/4 av nye sjukeheimar og omsorgsbustader over statsbudsjettet.
• At kommunane må tilførast kraftig auka statlege tilskot for å dekke drifta av eldreomsorga. • Lovfesta rett til sjukeheimsplass.
• Styrking av den kommunale og ikkje-kommersielle heimetenesta. Hjelp til eldre i heimen må stå i høve til behova deira, i motsetnad til stoppeklokkeomsorga.
• At auken i forventa tal eldre pleietrengande blir møtt med planar for sterk ressursauke til den offentlege helsesektoren.
• Å avvikle bestillar-/utførarmodellen for omsorgstenester.
• Styrke tilbodet til eldre med rusproblem og psykiatriske diagnosar.

Pensjon og trygd

Folketrygda er grunnpilaren i velferdsstaten. Folketrygda skal sikre økonomisk tryggleik for alle, uavhengig av kjønn, klasse eller helsetilstand. Stortingsfleirtalet har vedtatt ei drastisk forverring av pensjonssystemet, som systematisk aukar klasseskilla, straffar dei som har dårleg helse og dei hardaste jobbane, gir dei aller fleste ein dårlegare pensjon og legg til rette for privat sparing av pensjon. Slik blir den solidariske og utjamnande folketrygda erstatta med ei rein forsikringsordning. Dei som blir hardast ramma er lågtløna, deltidsarbeidarar og nokre av gruppene med lang utdanning.

Ved tariffoppgjeret 2008 blei AFP-ordninga lagt om frå å vere ein tidlegpensjon til å bli ein tilleggspensjon som premierer dei som har god helse og ein jobb dei kan stå lenge i, medan den straffar dei som må gå av tidleg.

Forsvar dei offentleg tilsette sin pensjon

Det er eit mål at alle skal ha like god pensjon som dei offentleg tilsette har i dag. Skal dette bli mogleg, må alle støtte forsvaret av dei offentlege pensjonane. I tillegg er den gode pensjonen heilt nødvendig for å få arbeidstakarar til å ta det arbeidet som held velferdsstaten oppe. Fagrørsla greidde å forsvare nokre av prinsippa i offentleg pensjon i tariffoppgjeret 2009. Likevel blei det innført levealdersjustering og svekka indeksering. Men regjeringa og deira støttespelarar i fagrørsla ønskjer omkamp. Raudt vil motarbeide eit kvart forsøk på omkamp som svekkar den offentlege tenestepensjonen.

Sjølv om nokre av dei viktigaste prinsippa er behaldne, meiner vi tilpassinga av offentleg pensjon til pensjonsreforma bryt med det sterke grunnlovsvernet pensjonsordningane har. Raudt meiner fagrørsla må gå til sak for prinsippet om at alle rettar som var opparbeidde før 1.1.2011 skal behaldast uavkorta.

Raudt arbeider for:

• Å hindre at AFP-ordninga og føringane ved tariffoppgjeret i 2008 blir ei brekkstang som øydelegg dei offentlege tenestepensjonsordningane. Dette inneber forsvar av:
o 30-årsregelen, som seier at det blir ytt full tenestepensjon etter 30 års tilsetting i offentleg sektor.
o AFP-pensjonistar sin rett til å gå over på full tenestepensjon utan avkorting etter 30-årsregelen ved fylte 65 år.
o Særaldersgrensene, som berre må endrast etter semje mellom partane. Det må framleis vere slik at ein då går over på full tenestepensjon etter 30-årsregelen utan avkorting. 85-årsregelen som gir rett til å gå av inntil tre år før særaldersgrensa, må behaldast. Den må gi full pensjon etter 30-årsregelen utan avkorting.
o At pensjonen framleis må reknast ut som minst 66 % av sluttlønna. Det betyr at tenestepensjonen ikkje må omgjerast til ei tilleggspensjonsordning.

Forsvar uførepensjonen

Stortinget har vedtatt å erstatte uførepensjon med uførestønad. Det betyr at mellombelse vedtak blir normalen. Sakshandsamarane, ikkje legane, skal vurdere restarbeidsevna di, du skal ikkje lenger skattleggjast som pensjonist, og halvparten av innsparinga i pensjonsreforma skal betalast av dei uføre gjennom levealdersjustering. (Levealdersjustering: di personlege "pensjonsformue" skal fordelast på talet forventa leveår for årskullet ditt. Når styresmaktene forventar at årskullet ditt lever lenger, skal pensjonen din smørjast utover fleire år.) Dette er ei klassereform som rammar dei lågtløna og dei som ikkje har helse til å kompensere for levealdersjustering ved å jobbe lenger. Det er opp til ti års forskjell på gjennomsnittleg levealder mellom yrkesgrupper i Noreg. Folk med høg utdanning har best helse og lever lengst.

Stortinget har vedtatt halv levealdersjustering førebels fram til 2018. Det er ingen garanti for at det ikkje då blir innført full levealdersjustering. Stortinget har vedtatt å verne barnetillegget, men varslar omkamp også her. Dei går inn for at det skal innførast tak på stønad og barnetillegg i samsvar med tidlegare inntekt, noko som vil ramme lågtløna og deltidsarbeidarar spesielt.

Raudt arbeider for:

• At uførepensjon ikkje blir endra til uførestønad.
• At uførepensjonistar ikkje skal skatte som lønnstakarar, og ikkje skal rammast av levealdersjustering.
• At uføre skal få behalde sitt behovsprøvde barnetillegg.
• At det ikkje blir innført tak på summen av barnetillegg og uføretrygd.
• At legar, ikkje sakshandsamarar på NAV, skal avgjere nedsett eller tapt arbeidsevne og uføregrad.

Folketrygdpensjonen skal være til å leve av

Pensjonsreforma er eit av dei største angrepa på velferdsstaten sine prinsipp nokon gong. Den største innsparinga skjer gjennom levealdersjustering. Det er usosialt at dei som er utslitne og har få leveår igjen, når dei blir pensjonistar, skal betale for at andre med god helse og eit arbeid å bli gamal i lever lenger.

Endå meir usosialt er det at dei som har helseproblem eller er utslitne skal få livsvarig senka pensjon fordi dei ikkje kan halde fram i arbeid til pensjonsalder. Det blir innført levealdersjustering også for uføre som ikkje kan kompensere ved å jobbe lenger. Oppteninga av alderspensjon for uføre blir stoppa ved 62 år, mot 67 år i dag. Dette viser at det gamle prinsippet i folketrygda om at ingen skulle tape pensjon på sviktande helse, er snudd på hovudet.

Raudt arbeider for:

• At pensjonane ikkje skal setjast ned når levealderen aukar.
• Å gjeninnføre full opptening til 67 også for uføre og AFP-pensjonistar.
• Å gjeninnføre besteårsregelen.
• At pensjonen framleis skal følge lønnsutviklinga elles i samfunnet.

Innan pensjonsreforma støtter Raudt følgande strakstiltak:

• Inntektsgrensa for å få lov til å gå av med AFP ved 62 år må opphevast.
• Levealdersjustering må fjernast for arbeidstakargrupper med kort levealder.
• AFP-ordninga må endrast slik at rettane blir behaldne dersom arbeidstakar utan grunn misser jobben eller blir sjuk dei siste tre åra før fylte 62 år.

Styrk folketrygda

Raudt arbeider for:

• At minstepensjonen blir heva til 2,5 G (ca. 205 000 kr) utan levealdersjustering.
• At inntekter opp til 6 G (ca. 490 000 kr) skal ha ei pensjonsdekning på 2/3 ved 40 års opptening.
• Obligatorisk tenestepensjon blir overtatt av staten gjennom skatt eller arbeidsgjevaravgift, og satsane blir heva slik at målet på minst 66 % blir nådd.
• At ordninga med pensjonspoeng for omsorgsarbeid blir gitt tilbakeverkande kraft frå 1967 for alle nye pensjonistar.
• Opptening av pensjonspoeng for all utdanning etter fylte 18 år.
• Fulle folketrygdrettar for alle med minst 20 års butid i Noreg.
• Å pålegge forsikringsselskap å gjere premiane i pensjonsforsikringar kjønns- og aldersnøytrale.
• Å gjeninnføre ei tidlegpensjonsordning som gjer det mogleg å gå av frå 62 år utan tap i livsvarig pensjon. Det betyr at AFP-tillegget må reserverast dei som må gå før pensjonsalder, og gi same livsvarige pensjon frå 67 år uansett når du går av.

Obligatorisk Tenestepensjon (OTP)

Dagens OTP gir eit heilt utilstrekkeleg tillegg til den stadig synkande Folketrygda. I tillegg forsvinn ein tredel av midlane til administrasjon og forteneste for forsikringsselskapa. Dei manglar stort sett uføreforsikring og gjeld normalt berre i 15 år. Raudt er prinsipielt for at OTP blir erstatta med auka arbeidsgjevaravgift øyremerka til å styrke Folketrygda opp til 66 % av tidlegare løn.

Raudt arbeider for:

• OTP må administrerast av partane i ei samla ordning slik AFP gjer.
• OTP må innehalde ei forsikring mot nedsett eller tapt arbeidsevne.
• Satsane må aukast og bli like for alle inntekter.
• Det må framleis vere lovleg å stå i tenestepensjonsordningane sjølv om du går av med AFP.

Bustad

Å bu i en tilfredsstillande bustad er ein menneskerett. Vi ønskjer å oppretthalde busetting over heile landet, at alle skal kunne bu godt og rimeleg, og at alle skal ha råd til å skaffe seg ein høveleg bustad. Dette krev ein offentleg bustadpolitikk som ikkje er styrt av marknadskreftene.

Bustadspekulasjonen i byane har ført til at mange har blitt gjeldsoffer, også folk med bustadar av vanleg standard. Dette skuldast avviklinga av sosial bustadpolitikk og liberalisering av bustadpolitikken. Raudt vil gjenreise den sosiale bustadpolitikken. Staten må dekke ein stor del av kostnadene ved nybygg gjennom rimelege lån, tilskot og momsfritak til vanlege bustader. Kommunane må bygge utleigebustader med låg husleige. Godt bumiljø, livsløpsstandard og betre bustadkvalitet må prioriterast. Takta i studentbustadbygginga må også aukast drastisk. Husbanken må gi lån med subsidiert rente og lang avdragstid til bustader der prisregulering ved vidaresal blir godtatt.

Bustadbygging må tilretteleggast for å få ein stor del bustader med generell tilkomst/universell utforming. Ein god bustad krev bustadområde med gode løysingar for uteareal, bygningsareal, bygningar for fellesskap, rekreasjon og møteplassar. Raudt ønskjer ein variert bustadmasse, som gjer det mogleg med ulike buformer for einslege, tradisjonelle familieeiningar, generasjonsbustader, fleirfamiliehus og ulike kollektive løysingar.

Bustadbygging må også sjåast i eit økologisk perspektiv. Dyrka mark må i minst mogeg grad nyttast. Materialvalet må vere miljøvennleg, frå produksjon til byggeplass og ferdig bygg. Energiforbruket må reduserast og lågenergibustader må prioriterast.

Raudt arbeider for:

• Storstilt kommunal bygging av kommunale utleigebustader etter sjølvkostprinsippet finansiert av subsidierte Husbanklån.
• Opprettinga av ein tredje bustadsektor, utanfor marknaden, der Husbanken får auka rammene sine til å finansiere bygging av nye bustader, og der bustadbyggelaga har gjenkjøpsplikt slik at alle fritt kan selje tilbake når dei måtte ønskje det. Gjenkjøpsprisen skal vere kjøpspris pluss prisregulering i den perioden ein har eigd bustaden.
• Å opprette kommunalt bustadtilsyn og bustadombod i dei større byane for å kjempe mot spekulasjon og ivareta leigetakarar og bustadsøkjarar sine interesser.
• Å stoppe bustadspekulantar og utleigarar, som utnyttar bustadsøkjarar og leigetakarar ved å gjere det mindre lønsamt. Rentereglane blir endra slik at det berre blir gitt rentefrådrag på inntil kr. 100 000,- eller på investeringar på maksimalt 3 millionar. Dei auka inntektene for staten blir nytta til sosial bustadbygging.
• At Husbanken må gjenreisast som hovudbank for bustader i Noreg.
• At Husbanken si rente skal attende til 2%, og at låna får minst 50 års avdragstid.
• At Husbanken sine lånerammer skal styrkast, slik at Husbanken blir ein bank for folk flest.
• Ei betre gjeldssanering for dei som blir ramma av spekulative bustadprosjekt.
• Støtte til utvikling av nye bustader, buformer og bustadområde.
• At utbyggarar, som byggjer bustader med eit ikkje-kommersielt grunnlag blir tilbydd tomter til ein rimelegare pris enn det som normalt kan oppnåast i marknaden.
• At det offentlege betaler for tilpassing av bustader til personar med nedsett funksjonsevne. • Universell utforming i alle nye bustadprosjekt.
• Slutt på alle dispensasjonar frå plan- og bygningslova sine krav til tilgjenge.
• Å utvikle gode totale bumiljø, legge særskilt vekt på gode fellesareal ute, samt felles lokale.
• At energibruken i bustader blir lagt om frå oljefyring og elektrisitet og over til fjernvarmeanlegg, varmegjenvinning og ulike former for fornybar energi.
• At kommunal byggekontroll blir gjeninnført – "uavhengig" kontroll er ikkje tilstrekkeleg.
• Å styrke leigebuarorganisasjonane.
• Å styrke bustøtteordninga kraftig.
• Auka statleg tilskot til utbygging av bustader eigna for studentar.
• Vederlagsfri rett til å overta bustad, som har stått tom i tre år.

Personar med nedsett funksjonsevne

Alle menneske er likeverdige og har rett til eit sjølvstendig liv, og må gjevast utviklingsmoglegheiter ut frå sine føresetnader. Raudt meiner at vi må fokusere på moglegheiter og ressursar framfor avgrensingar. Menneske som ikkje fungerer innan dei grensene ein blir tilbydd i Noreg i dag, blir ofte kalla funksjonshemma. Etter vårt syn er det samfunnet som gjer desse menneska funksjonshemma, mellom anna gjennom utestenging, diskriminering, dårleg samfunnsplanlegging og mangelfull tilrettelegging.

Raudt meiner at omsynet til auka sjølvstende og livskvalitet for den enkelte må overstyre budsjettomsyn. Personar med reduserte funksjonsevner og deira organisasjonar må få større makt og innverknad. Unge funksjonshemma må snarast bli tilbydd eit anna butilbod enn sjuke- og aldersheimar. Det er uverdig at dei ikkje kan få bu saman med jamnaldrande eller i eigen bustad.

Ansvarsreforma for psykisk utviklingshemma frå 1991 skulle sikre denne delen av innbyggarane tilnærma like butilhøve som resten av innbyggarane, men vi ser no ein aukande tendens til at kommunane omgår reforma ved å samle mange bebuarar i same bygning. Ofte blir psykisk utviklingshemma plassert saman med andre pleietrengande bebuarar med ulike diagnosar og utfordringar. Raudt jobbar for at kommunane i staden skal følge opp intensjonane frå ansvarsreforma om eigne bustader i heimstadskommunane.

Raudt arbeider for:

• At funksjonshemma får reell brukarmedverknad både på individ- og gruppenivå.
• Å bidra til at det blir oppretta arbeidsplassar, som legg til rette for at dei som kan, kan delta i arbeidslivet.
• At makt blir overført til menneske med redusert funksjonsevne og organisasjonane deira.
• Individuell rettsfesting av Brukarstyrt Personleg Assistanse (BPA) for dei som treng ordninga for å oppnå personleg fridom og likestilling i utdanning, arbeid, sosialt liv og samfunnsdeltaking elles.
• At den funksjonshemma si vurdering av behov for assistanse og hjelp i og utanfor heimen skal vere utgangspunktet ved tildeling av helse- og omsorgstenester.
• At funksjonshemma skal ha ein enkel tilgang til eit breitt utval av hjelpemiddel der valet blir gjort lokalt ut frå individuelle behov. Det må utviklast ei ubyråkratisk og brukarstyrt formidling.
• At det blir bygd bustader, som er tilpassa folk med redusert funksjonsevne.
• Ein kraftig reduksjon i gapet mellom arbeidsinntekt og trygd. Alle som ikkje kan arbeide, må sikrast ei inntekt minimum i samsvar med SIFO-norma.
• Å fjerne eigendelane på helsetenester, medisinar og tekniske hjelpemiddel.
• Å fjerne eigendelane på heimetenester, slik som heimehjelp og personleg assistanse. Desse tenestene er også kompensasjon for funksjonshemming eller sjukdom. Eigendelar her er ofte kamuflerte eigendelar på heimesjukepleie (som er forbode).
• Offentlege støtteordningar som gir syns- og hørselshemma tilgang til og deltaking i media, kulturliv og samfunnet elles.
• Å styrke utviklingshemma si rettssikkerheit gjennom at kommunene følgjer kompetansekravet til utdanning ved gjennomføring av bruk av tvang i større grad enn i dag.
• Auka fokus på psykisk helse for utviklingshemma.
• Å styrke ressursane slik at det blir bygt fleire avlastingstilbod for barn og unge.
• At ungdom med særskilte behov blir sikra etterskuletilbod utan eigendel frå 8. klasse og ut vidaregåande skule.

Fattigdom

Forskjellane mellom fattige og rike aukar i Noreg i dag, og stadig fleire opplever på kroppen korleis det er å vere fattig. Raudt arbeider for å jamne ut dei økonomiske forskjellane i Noreg.

Sosialhjelpssatsane er i dag altfor låge og varierer i stor grad frå kommune til kommune. Variasjonen er særleg stor når det gjeld barnetillegga. Raudt ønskjer ein nasjonal standard på sosialhjelpssatsane på nivå med SIFO sitt standardbudsjett for hushalda. Finansieringa av sosialhjelpssatsar på SIFO-nivå må skje ved øyremerking av statlege midlar.

I dag får foreldre som går på attføring eller rehabiliteringspenger ikkje like mykje i barnetillegg som varig uføretrygda. Raudt meiner at barnetillegget for mottakarar av arbeidsavklaringspenger skal opp på same nivå og regulerast i samsvar med barnetillegget for varig uføretrygda.

Fram til 1998 fekk ein overgangsstønad i ti år. Raudt meiner at eit godt tiltak for at eineforsørgarar skal kome seg ut av fattigdom, er høvet til å ta høgere utdanning. Eineforsørgarar er i dag ei av de fattigaste gruppene i Noreg. Stønadsnivået må aukast.

Dagens regelverk for stønader og trygder blei til i ein periode då det nærast ikkje fanst asylsøkarar, flyktningar eller innvandrarar i Noreg. Den norske staten har ikkje greidd å endre lover og reglar slik at ein tar omsyn til at Noreg er ein del av ei globalisert verd. Raudt ynskjer harmonisering av regelverk og lover for å fjerne alle diskriminerande reglar mot asylsøkarar, flyktningar og innvandrarar.

Det er dyrt å vere fattig. Staten aukar rekningane med purre- og inkassogebyr, og går ofte laus på fattige si lønnsinntekt, barnetrygd og kontantstøtte for å få dekka sine krav. Mange fattige blir utsette for uverdig behandling når dei blir sendt frå kontor til kontor der dei må brette ut stadig fleire sider av sine liv. Raudt ønskjer ei avbyråkratisert offentleg førstelinjeteneste som gir fattige verdig behandling.

Raudt vil gjeninnføre ordninga med at ein kan få utbetalt dagpengar i tre år, slik det var fram til 2003. Med dagens ordning er du sikra dagpenger i berre to år, noko som fører til at mange blir tvinga over på sosialhjelp og ut i unødig fattigdom. Raudt vil gjeninnføre ferietillegget på dagpengane. Å reise på ferie er i dag eit gode som ikkje alle kan nytte seg av.

Raudt arbeider for:

• Å sikre alle som ikkje kan forsørge seg gjennom vanleg arbeidsinntekt ei form for offentleg yting som gir grunnlag for eit verdig liv utan fattigdom.
• At sosialhjelpssatsane skal opp på SIFO-nivå (Statens institutt for forbruksforskning) ved øyremerking av statlege midlar.
• At barnetillegget for mottakarar av arbeidsavklaringspengar blir heva til same nivå og regulert i samsvar med barnetillegget for dei som er varig uføretrygda.
• At barnetrygd og barnebidrag ikkje skal trekkjast frå ved utrekning av sosialhjelp.
• At utbetaling av dagpengar i tre år blir gjeninnført og at ferietillegg blir utbetalt.
• At overgangsstønaden må aukast og stønadsperioden forlengast frå tre til ti år.
• At dei same trygderettane som gjeld for nordmenn skal gjelde for flyktningar og innvandrarar.
• At innvandrarar må ha rett til vanleg alderspensjon på minstepensjonsnivå frå folketrygda, sjølv om dei ikkje oppfyller kravet om butid.
• At alle særskattar i form av eigendelar på funksjonshemming, nedsett eller tapt arbeidsevne og sjukdom blir fjerna.
• Gratis tannhelseteneste.
• Reglar som hindrar det offentlege sin tilgang til å auke krava sine mot enkeltpersonar med eigne gebyr og tilleggsbeløp.
• Lågare tak for gebyr for privat innkrevjing.
• Plikt for offentlege kontor til å informere den enkelte brukar om rettar og plikter som ein reknar med har verdi for brukaren.
• At innvandrarar med lovleg opphald skal ha rett til uførepensjon på minst minstepensjonsyting etter vanlege helsekriteriar, utan føresetnad om tidlegare medlemskap i folketrygda.

Kriminalitet

Kva samfunnet kriminaliserer gjenspeglar makttilhøve, sosiale, økonomiske og kulturelle, verdimessige tilhøve. Undertrykking, diskriminering, fattigdom og auka klasseforskjellar kan gi meir kriminalitet. Kriminalitetsomgrepet rommar mange fenomen; både overklassen si utbyting av menneske og miljø, vanleg vinningskriminalitet, kriminalitet utført av rusavhengige og andre som er utestengde frå arbeidslivet og handlingar som vald og sedskapslovbrot. Raudt meiner at førebygging av kriminalitet heng nøye saman med ein god sosialpolitikk og gode levekår. Vi ønskjer samtidig ein heiskapleg kriminalpolitikk som tar belastninga det er å vere offer for kriminalitet på alvor.

Den sterkaste sin rett?

Samfunnet si klassedeling blir avspegla i kriminalitetsbiletet og påverkar politi og rettsvesen. Kriminalitet utført av borgarskap og maktelite fører sjeldnare til arrestasjon og straff. Sosiale nettverk og samfunnsstrukturar gjer at berre ein liten del av kriminaliteten i desse kretsane blir avdekka. Raudt vil arbeide for at politi og rettsvesen prioriterer alle desse formene for kriminalitet på ein heilt annan måte enn i dag.

Raudt arbeider for:

• Auka fokus på økonomisk kriminalitet, medrekna arbeidsmiljøkriminalitet og miljøkriminalitet.
• Auka fokus på organisert kriminalitet, særleg dei formene for organisert kriminalitet som inneber grov utnytting av svake grupper.
• Å styrke rettsvernet til offer for menneskehandel, også der det ikkje er tilstrekkeleg med bevis for å dømme gjerningspersonar.
• Å sikre retten til å drive politisk kamp mot undertrykking og urettferd gjennom streik, sivil ulydnad og liknande.
• Å sikre god og uavhengig kontroll av politiet.

Førebygging og sosialpolitikk

Førebyggande tiltak må sjåast i samanheng med sosialpolitikk elles. Investeringar i gode oppvekstvilkår er avgjerande for å hindre alle former for kriminalitet. Raudt ønskjer ein brei førebyggande strategi, som blir drive tverretatleg og tverrfagleg, og ikkje blir rekna som berre politiarbeid. Det førebyggande arbeidet blant barn og unge må styrkast, og tiltaka som blir sette inn må komme på eit langt tidlegare tidspunkt enn i dag. Gode lokalsamfunn er ofte nøkkelen i slik førebygging.

Raudt arbeider for:

• Ein kriminalpolitikk som tar utgangspunkt i kriminaliteten sine sosiale årsaker.
• Styrking av det førebyggande ungdomsarbeidet, m.a. gjennom bekymringssamtalar, ungdomskontrakter og oppfølgingsteam.
• Å styrke SLT-modellen (Samordning av Lokale kriminalitetsforebyggande Tiltak).
• At politietaten blir integrert i lokalsamfunn, gjennom å styrke nærpolitimodellen og hindre sentralisering.
• Ei brei rekruttering til Politihøgskulen, slik at politietaten avspeglar innbyggjarane, med tanke på etnisitet, kjønn, legning og religion.
• Ein restriktiv alkohol- og skjenkepolitikk, for å førebygge vald i samband med uteliv.

Reaksjon og straff

Reaksjonar og straff i kampen mot kriminalitet må både ta omsyn til dei som blir ramma og innrettast mot at dei som har utført straffbare handlingar skal tilbake til samfunnet. Straff skal ha som formål å gjere den straffa i stand til å komme ut igjen til eit liv utan lovbrot. Strenge fengselsstraffer reduserer ikkje tradisjonell kriminalitet. Raudt ønskjer derfor større fokus på alternativ til tradisjonell straff, og på straffa sitt innhald i staden for straffa si lengde.

Raudt arbeider for:

• Å heve den kriminelle lågalderen til 16 år, og at ingen under 18 år skal i fengsel.
• At fleire saker blir behandla via mekling i konfliktråd.
• Å ta i bruk og styrke alternative straffereaksjoner som samfunnsstraff, promilleprogram og heimesoning med elektronisk kontroll.
• At bruken av varetekt blir redusert til der det er strengt nødvendig.
• Å bygge ut rehabiliteringstiltak som alternativ til fengsel.
• Å gi tilbod om behandling til alle som blir dømde for valds- og sedskapslovbrot.
• Å ta vare på dei innsette sin rett til utdanning og helsetilbod. Alle straffedømde skal få behandlings-, arbeids- og utdanningstilbod.
• Å sikre god oppfølging av innsette etter avslutta soning.
• At pårørande til innsette, særleg barn, får nødvendig oppfølging.

Rettstryggleik og offerpolitikk

Ein god og sterk rettstryggleik er avgjerande for rettsvesenet sin legitimitet. Rettstryggleik er først og fremst viktig for å sikre den svakaste sin rett mot overgrep frå storsamfunnet, men har også som mål å vareta offer for kriminalitet.

Raudt arbeider for:

• At fri rettshjelp er ein lovfesta rett for alle med inntekt eller trygd på under 4 G (ca. 320 000), og også blir innvilga andre der det kan dokumenterast at inntekta eller trygda deira står i vegen for likeverdig rettshjelp.
• Å betre rettstryggleiken for utsette grupper. Alle som blir sikta eller tiltala skal fritt kunne velje forsvarar.
• Å styrke vernet av offer i valds- og overgrepssaker. Dette inneber også å sikre offer sine rettar til bistand/hjelp og oppfølging også der beviskrava ikkje held til domfelling.
• Å auke politi og påtalemynde sin kompetanse på kriminalitetsformer som vald i nære relasjonar og liknande.
• Å stogge bruk av fengsling i asylsaker.

Kapittel 6: Sjukehus og helse

Gode helsetenester til heile folket

Raudt jobbar for fullfinansierte offentlege helsetenester av høg kvalitet til heile folket. Raudt legg stor vekt på eit utvida helseomgrep der arbeid for å redusere klasseskilja, også lokalt, er svært viktig for å redusere helseforskjellane. Her står førebygging og høg kapasitet i lokale lågterskeltilbod sentralt.

Raudt jobbar for at folkevalde skal få kontroll over helsetilbodet vårt igjen. Vi vil avvikle helseføretaksmodellen og andre modellar der bedriftsøkonomiske prinsipp blir viktigare enn dei helsefaglege vurderingane. Helsetenestene skal finansierast etter behov. Dagens stykkprismodell må derfor avskaffast.

Sjukehus

Helseføretaksmodellen blei innført av Stoltenberg I-regjeringa med støtte frå Høgre og Frp. Modellen inneber ei sterk maktsentralisering over avgjerande velferdstenester i sjølvstendige føretak utanfor folkevalt styring og kontroll. Reforma har ramma sjukehusa både i distrikta og i sentrale strok. Tilbod er fjerna, lokalsjukehus er nedlagde og fleire er under nedbygging og nedlegging. Samanslåinga av Oslo-sjukehusa er ute av styring.

Raudt vil erstatte lova om helseføretak med ei ny lov der sjukehusa skal samarbeide i staden for å konkurrere. Vi vil ha rammebasert finansiering der fordelinga av midlar skjer på grunnlag av ein nasjonal helseplan med politisk vedtekne planar om m.a. sjukehusstruktur og funksjonsfordeling. Dagens stykkprissystem (innsatsstyrt finansiering) fører til prioritering av lønsemd over helsefaglege vurderingar. Sjukehusa skal regulerast og styrast gjennom lover som set krav til m.a. tilgjenge, likeverd, kvalitet og sikkerheit.

Raudt arbeider for:

• Eit offentleg, skattefinansiert sjukehustilbod som er basert på folket sine behov og som er gratis for brukarane.
• Å avvikle føretaksmodellen og gjeninnføre offentleg forvalting og demokratisk styring.
• Ei rammebasert finansieringsordning utan stykkpris.
• Å erstatte rekneskapslova med budsjett- og regnskapssystem tilpassa offentleg drift.

Lokalsjukehus

Lokalsjukehusa er ein hjørnestein i norsk helsevesen og ein viktig del av infrastrukturen i distrikts-Noreg. Raudt støttar kampen til lokale sjukehusaksjonar og Folkerørsla for lokalsjukehusa for å oppretthalde fullverdige lokalsjukehus. Undersøkingar syner at dei fleste vanlege lidingar og 50–70 % av alle tilfelle av omgåande hjelp kan behandlast på lokalsjukehus. Gode, framtidige lokalsjukehus, krev at utdanninga av generalistar blir styrka, særleg innan kirurgi, og at ein del av spesialistutdanninga foregår på lokalsjukehus.

Raudt arbeider for:

• Å oppretthalde fullverdige lokalsjukehus med medisinsk og kirurgisk akuttberedskap heile døgeret og gode fødetilbod.
• Å bygge og styrke faglege nettverk mellom små og store sjukehus for å sikre kvalitet og bemanning, mellom anna gjennom å lage hospiteringsordningar.
• Å styrke generalistutdanninga - to år i lokalsjukehus for godkjent spesialistutdanning.
• At gjestepasientordninga og utgiftene til fritt sjukehusval skal betalast av staten.
• Å gjeninnføre turnusordning for nyutdanna legar basert på loddtrekking.

Samhandlingsreforma

Stadig fleire får kroniske lidingar som diabetes og KOLS. Den delen som blir diagnostisert med psykiske lidingar aukar. Dette er store utfordringar for folkehelsa som krev betre førebygging og behandling. Også auken i talet eldre og fleire sjuke eldre, krev at helse- og omsorgstilbodet blir styrka på fleire nivå. Samhandlingsreforma er ikkje ein reiskap for å løyse dette. Den er trinn to i marknadsrettinga av helsesektoren, og vil skape nye problem og auke presset på nedbygging av lokalsjukehusa slik vi alt ser. Den må møtast med offensive krav for å motverke dette.

Raudt arbeider for:

• At folket blir sikra grunnleggande tenester som akuttberedskap, fødetilbod og behandling av vanlege sjukdomar og skadar på sine lokalsjukehus.
• Øyremerka tilskot og nok tid, slik at kommunane kan bygge opp tilbod, som kjem i tillegg til, ikkje i staden for, tilbodet på lokalsjukehusa.
• At kommunal medfinansiering for spesialisthelsetenesta blir avvikla.
• Ein forpliktande plan med statleg fullfinansiering, som sikrar nødvendig rekruttering og kompetanse i kommunane.
• At brukargrupper og tilsette i helsetenesta må få reell påverknad i prosessane framover.

Primærhelsetenesta

Raudt jobbar for at dei lokale kommunale helsetenestene skal byggast ut, både i volum og i kvalitet. Betre helse for alle, krev meir førebygging med m.a. styrking og utbygging av lokale helsesøstertenester til barn, unge og eldre, og dei kommunale jordmortenestene. Det kan ikkje skje utan større budsjett og ein meir robust kommuneøkonomi. Det krev også større nasjonal (statleg) satsing på utdanning, rekruttering og løn til dei som skal utføre tenestene. Raudt krev at tenestene skal vere generelle og omfatte alle.

Raudt jobbar mot ei utvikling der gratis kommunale helsetenester for alle innbyggarane blir bygd ned gjennom mangelfull finansiering og tronge kommunebudsjett. Dette er ein politikk som aukar moglegheitene for å drive butikk på folk sine helseproblem og fører med seg større etablering og satsing på private tenester. Dette ser vi særleg innan lege-, fysioterapi- og sjukepleietenester.

Raudt jobbar for:

• Å fjerne alle eigendelar. Desse er i praksis skatt på sjukdom og funksjonshemming.
• Alle tiltak som styrkar det lokale gratis offentlege helsetenestetilbodet, både i omfang og kvalitet.
• Helsetenester der folk bur, inkludert gode tilbod i distrikta.
• At nye primærlegesenter skal vere kommunale og fastlønnsbaserte.
• At kommunane tar over dei eksisterande private primærlegesentera.
• At legane sine lønningar må gjerast uavhengige av trygdefinansiering knytt til pasienten.
• At talet pasientar per legeårsverk hos fastlegane må reduserast til maksimum 1000.
• At tilbodet knytt opp mot sjukeheim, psykiatri og utviklingshemma må aukast betydeleg.
• Å endre sjukemeldingssystemet slik at det igjen blir eit tillitsbasert forhold mellom pasient og lege.
• At nye fysioterapi- og ergoterapitenester skal vere kommunale og fastlønsbaserte og kommunal overtaking av tilsvarande private tenester.
• Større satsing på rehabilitering og habilitering.
• Tilgjengelege legevakttenester heile døgeret med tilstrekkeleg kvalitet og kompetanse. • Eit lokalt lågterskeltilbod innan psykiatrien som sikrar behovet for tryggleik, omsorg og kompetanse og minimaliserer behovet for bruk av tvang.
• Primærhelsetenester med kompetanse til å møte innvandrar sine særskilde behov, innan både somatikk og psykiatri. Tolketenesten må profesjonaliserast og styrkast.
• At det ved alle skular er tilknytta helsesøster, som har nært samarbeid med psykolog, både i vidaregåande og i grunnskulen, og at det tverrfaglege samarbeidet mellom skule, PP-tenesta, barnevern og andre offentlege etatar blir styrka.
• I område med samiske innbyggarar må primærhelsetenesta stille med personell som snakkar samisk. Dette er eit nasjonalt, statleg ansvar.
• Offentleg drift og finansiering av tannhelsetenester. Tenestene skal vere gratis for brukarane.

Psykisk helse

Raudt har som utgangspunkt at alle har ei psykisk helse, og vi jobbar for at haldningene i samfunnet og psykiatrien blir endra slik at menneske med psykiske helseproblem ikkje blir diskriminerte. Det må vere tilstrekkeleg kapasitet innan det førebyggande arbeidet og når det gjeld talet på behandlingsplassar. Det er også heilt nødvendig med skikkeleg oppfølging etter utskriving. Ein trygg og føreseieleg bustadsituasjon er ein viktig føresetnad både for integrering i lokalsamfunnet og for å kunne bli yrkesaktiv.

No ser vi ei illevarslande utvikling der institusjonspsykiatrien blir kraftig nedbygd. Institusjonane bind opp hardt tilkjempa ressursar, som ikkje vil komme dei sjuke til gode dersom institusjonane blir lagde ned og selde. Dette skjer over heile landet, og Raudt meiner dette er eit angrep på nokre av dei mest utsette menneska i samfunnet. Det er derfor svært viktig å stogge nedbygginga av institusjonspsykiatrien.

Raudt meiner at ein av dei viktigaste jobbane ein kan gjere for å hindre langvarige psykiske helseproblem, er å følgje opp dei som er i ei livskrise eller som har opplevd traumar, på eit mykje tidlegare tidspunkt. Raudt meiner samanblandinga mellom bruk av tvang og behandling er problematisk for menneske i livskrise og jobbar for at bruken av tvang skal reduserast kraftig.

Raudt jobbar for:

• At behandlingsfilosofien innan det psykiske helsevesenet skal byggje på dialog og respekt.
• At kompetansen til brukarorganisasjonar, dei pårørande sine organisasjonar og enkeltpersonane sin kompetanse blir tatt på alvor som ein viktig føresetnad for vellukka behandling.
• At det lokale hjelpeapparatet i kommunane, distriktpsykiatriske senter (DPS) og sjukehustilbodet må sjåast i samanheng for å sikre eit tilbod av høg kvalitet innan det psykiske helsetilbodet for vaksne.
• Ei tilstrekkeleg oppbygging og kvalitetssikring av kommunane sitt psykiske helsevern, før talet døgnplassar på dei psykiatriske sjukehusa blir redusert.
• At køane i psykiatrien blir fjerna gjennom ei styrking av det førebyggande arbeidet, ulike typar lågterskeltilbod, fleire akuttdøgnplassar og betre oppfølging etter utskriving.
• Fleire bustadtilbod for menneske med psykiske helseproblem, som sikrar at menneske med psykiske problem slepp å bli buande på institusjonar i påvente av å få ein tilrettelagt bustad.
• At flest mogleg menneske med psykiske problem skal ha høve til å bu i eigen bustad med hjelp og tilrettelegging, og at det som eit supplement skal opprettast fleire bukollektiv med ulik grad av tilrettelegging i kommunane.
• Øyremerka midlar frå staten til kommunane til bustadbygging, styrking av kompetansen i kommunane si førstelinjeteneste og utbygging av fleire og sterkare distriktpsykiatriske senter.
• Ambulanseteneste med kvalifisert psykiatrisk personale. Stogg i bruken av uniformert politi og handjern ved transport av menneske med psykiske lidingar.
• At det skal vedtakast ein særskild nasjonal tiltaksplan mot eteforstyrringar, som både sikrar lettare tilgang på behandling hos psykolog/psykiater og bidrar til å styrke det førebyggande arbeidet.
• Å sikre finansiering til organisasjonar som jobbar med spørsmål knytt til psykisk helsevern gjennom statlege tilskot.
• Ein ventelistegaranti på to veker for barn og ungdom for å få psykiatrisk hjelp. Dette inneber at alle skal få tilbod om tilrettelagt hjelp av kommunane eller av barne- og ungdomspsykiatriske poliklinikkar.
• Ein ventelistegaranti på fire veker for vaksne.
• At det blir bevilga meir ressursar til barn og ungdom med psykiske helseproblem, særleg lågterskeltilbod.
• Ein ny nasjonal strategiplan for korleis ein skal kunne få bygd ut mange nok sengeplassar innan psykiatrien; særleg må talet akuttsengeplassar aukast.
• At dei rettar som gjeld for norske statsborgarar, også skal gjelde for flyktningar og asylsøkarar. Det vil seie at dei skal ha dei same tilboda til hjelp som alle andre.
• Auka utdanningskapasitet for psykisk helsearbeidarar i distrikta – det er stor mangel på kompetente menneskelege ressursar.
• Program for oppfølging og oppgradering av det psykiske helsearbeidet i kommunane. • Framleis finansiering av psykiatrien gjennom øyremerka midlar.

Ruspolitikk

Raudt er for ein kunnskapsbasert og restriktiv ruspolitikk, og støttar tiltak som reduserer rusbruk og bidrar til eit betre og tryggare liv for folk med rusproblem. Raudt vil bekjempe rusavhengigheit, ikkje rusavhengige.

Raudt meiner rusavhengige skal bli behandla med respekt. Rusavhengigheit skal behandlast som eit helse- og sosialproblem, ikkje som eit kriminalitetsproblem. Rusavhengige har rett til eit verdig liv med eigen bustad, økonomisk stønad og helse- og sosialtenester, samt opplæring og utdanning for å komme inn i arbeidslivet. For dei mest forkomne rusavhengige er det viktig med skadereduserande tiltak.

Bruk av rusgifter skaper store problem i livet til mange menneske. Barna blir særleg hardt ramma i familiar der føresette er avhengige av rusgifter. Forsking syner at alkohol er det største problemet når det gjeld rusgifter.

Raudt arbeider for:

• Å styrke det førebyggande arbeidet i kommunane.
• At det blir sett i gang tiltak tidleg ovanfor barn og unge som lever i risikoprega oppvekstmiljø og/eller i familiar med rusproblem.
• Å støtte tiltak for redusert rusbruk.
• Å styrke og utvikle rusfrie kulturtilbod og møteplassar.
• Å styrke og utvikle eit differensiert og kunnskapsbasert behandlings- og hjelpeapparat for behandling av avhengige.
• Ei kraftig utbygging av ettervernstilbod til rusavhengige.
• At menneske som har vore til behandling for rusavhengigheit, må sikrast ein tilbakeføringsgaranti. Denne garantien må sikre den enkelte individuell oppfølging for å komme tilbake til ein rusfri kvardag, m.a. gjennom tilbod om arbeidsmarknadstiltak og hjelp til å skaffe bustad.
• Å opparbeide ei forpliktande, tverrfagleg førebygging og oppfølging i kommunane der brukeraren sine profesjonelle og personlege nettverk samarbeider.
• Etablering av sprøyterom med lange opningstider i kommunar der det er behov for det. • Kraftig utviding av legemiddelassistert rehabilitering (LAR) som verkemiddel.
• At rusmisbrukarar i større grad skal kunne dømmast til eigna behandling framfor straff. • Styrka innsats mot smugling av alkohol og narkotika.
• At Staten sitt pensjonsfond ikkje skal investere i alkoholkapital.
• Framleis salsmonopol for sprit og vin.
• Skjerpa kontroll med skjenke- og utsalsstader. Brot på alkohollova, skjenkeavgjerder og bevillingsvedtekter må føre til tap av skjenkeløyve.
• Krav om nabovarsling til både juridiske og faktiske naboar før behandling av søknad om skjenkeløyve.
• Tap av skjenkerett for utestader som nektar tilsette arbeidskontrakt, driv med svart arbeid eller omsetnad, eller på annan måte omgår lovfesta rettar.
• Tap av skjenkerett for utestader som har ein diskriminerande praksis.

Kapittel 7: Klima, næring og naturressurser

Raudt jobbar for eit samfunn der naturen sine tålegrenser set rammer for menneskeleg aktivitet. Dei menneskeskapte klimaendringane går raskt mot eit vippepunkt, naturressursar blir tatt ut utan tanke på framtida sine generasjonar og forureining skadar både naturen og menneske sitt livsgrunnlag. Men denne utviklinga er det mogleg å snu. Raudt jobbar for lokale og nasjonale tiltak for ei fornybar og grønare framtid.

Raudt arbeider for:

• At Noreg skal redusere sine klimagassutslepp i tråd med tilrådingane frå FN sitt klimapanel, og at kutta skal takast innanlands.
• At Noreg bidrar til å få på plass ein global og rettferdig klimaavtale i samråd med dei fattige landa og deira behov.
• At Noreg jobbar for å fjerne marknadsmekanismane frå klimafeltet og heller jobbar for politiske løysingar.
• At klimapolitikken blir underlagt politisk og demokratisk kontroll. Vi vil derfor avvikle kvotehandel med CO2.
• Nasjonal satsing på grøne arbeidsplassar innan fornybar energi, kraftforedlande industri og ein framtidsretta matproduksjon.
• At norsk vasskraft ikkje skal nyttast til å elektrifisere norsk sokkel.
• Å sikre arbeidsplassar i heile landet.

Demokratisk kontroll

Raudt jobbar for at bruken av naturressursar skal vere demokratisk styrt. Noreg har stor rikdom, og fordelinga av velferden er betre enn i dei fleste andre land. Dette heng saman med at energiressursane har blitt forvalta ut frå eit ønskje om å bygge landet. Denne tradisjonen har lenge vore under press, særleg frå marknadsøkonomisk tenking og praksis. Auka marknadsstyring må erstattast med meir demokrati.

Raudt arbeider for:

• At det skal vere nasjonal, demokratisk kontroll av energiressursane, inkludert vasskraft og petroleumsproduksjon.
• Å innføre samfunnsmessig styring av all energiforsyning og avvikle marknadsstyrte prisar.
• Strenge miljøkrav til eventuell nyopning av gruver, og at ingen blir gitt løyve til å dumpe gruveavfall i hav, innsjøar eller andre stader i naturen. Tomme gruvegangar er i dei fleste tilfelle den beste deponiløysinga.
• At Noreg må kreve unntak for heile energisektoren inntil EØS-avtalen er sagt opp.
• At heimfallsretten blir utvida til å omfatte alle kraftverk over 0,5 MW.
• Ei lov som sikrar nasjonalt eigarskap og kontroll med mineralressursar.
• At staten kjøper opp miljøbedrifter som er trua med utflagging eller nedlegging.

Noreg – lokale tiltak og globalt ansvar

Ein aktiv klima- og næringspolitikk er bra for folk og natur i Noreg, og når den blir nytta riktig har den også positive internasjonale ringverknader. Ein stor del av den norske velstanden kjem frå eksport av fossile brennstoff. Det gjer at vi har eit særskilt ansvar for å kutte i eigne utslepp og bruke delar av vår rikdom på tiltak som bidrar til sterkare lokalt sjølvstyre over naturressursane, særleg i den fattige delen av verda.

Raudt arbeider for:

• At norsk teknologi for fornybar energi skal gjerast kostnadsfritt tilgjengeleg for fattige land.
• Å styrke moglegheita til demokratisk styring av naturressursar, og å motverke innskrenkingane internasjonale avtalar som WTO og EØS fører med seg.
• Å styrke moglegheita til å bruke ein aktiv næringspolitikk til det beste for folk og miljøet og motverke effektane WTO og EØS fører med seg på dette feltet.
• Å bruke delar av oljefondet på forsking og utvikling av norsk industri, utbygging av infrastruktur som høgfartstog og breiband, og oppgradering av kraftproduksjon og -distribusjon.

Naturen sett rammene

Raudt meiner ein ikke kan sette ein pris på rein og urørt natur. Bruken av naturressursar må styrast innanfor rammene av naturen sine tålegrenser. Dette inneber også å ta vare på naturmangfaldet og økosystema.

Raudt arbeider for:

• At særlig viktige naturområde, både på land og i hav, skal sikrast mot inngrep gjennom varig vern.
• Ny nasjonalparkplan som særleg sikrar område som i dag ikkje er godt nok verna, slik som skog og kystområde.
• Ein nasjonal verneplan for marine økosystem som sikrar berekraftig bruk og forvalting, og samtidig hindrar skadeleg bruk frå til dømes oppdrett, petroleumsproduksjon og anna næringsverksemd. Sentralt i ein slik plan vil vere å sikre nokre bevarings- og rekrutteringssoner som m.a. blir sikra mot petroleumsutvinning og har forbod mot botntråling.
• At raudlistene for artar og naturtypar blir jamnleg oppdaterte.
• At rovdyr skal sikrast sin plass der dei er ein naturleg del av dei norske økosystema.
• At rovdyrforliket må evaluerast i denne stortingsperioden.
• At det ikkje skal byggast ut kraftlinjer i sårbare naturområde.
• Strenge krav til arealendringar i verna og sårbare naturområde, særleg når det gjeld hytte- og infrastrukturutbygging.
• Å stille krav om minstevasstand i kraftmagasina for å hindre kraftspekulasjon med påfølgande energimangel.

Energi

Raudt sitt prinsipielle syn er at dei enorme energiressursane er menneskeslekta sitt felleseige, og at dei skal forvaltast til fellesskapet sitt beste. Det er vårt ansvar å sikre at dei ressursane som tilfeldigvis ligg i vårt land blir forvalta med sikte på økologisk berekraft, for å sikre utvikling og velferdsgode for folk flest.

Frå olje til fornybar energi

Raudt arbeider for:

• Ei kontrollert nedtrapping av norsk oljeindustri gjennom å stogge nye leite- og prøveboringar, og gjennom å sikre at kunnskapen oljearbeidarane sit inne med blir nytta til å bygge det fornybare Noreg.
• At TFO-ordninga (tildeling i førehandsdefinerte område) blir avvikla.
• At det ikke blir gitt nye utsleppsløyve på norsk sokkel slik at nyoppdaga felt og felt med utbyggingsløyve kan komme i drift.
• Ein langsiktig plan for utvinning av olje og gass i Nordsjøen som reduserer utvinningstempoet, og sikrar stabile leveransar av olje og gass som råvare til fastlandsindustrien.
• At det blir satsa på utvikling av tidevasskraft
. • At staten stoggar Statoil si satsing på tjæresand og oljeskifer.
• Varig vern og petroleumsfrie område utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja, i Barentshavet, på Mørekysten, i Farsundsbassenget, Jan Mayen og Arktis.
• At det ikkje skal vere gasskraftverk i Noreg, og eit ufråvikeleg krav om CO2-rensing dersom dei likevel blir opretthalde.
• At det ikkje skal byggast ut atomkraft i Norge.

Sparing framfor nybygging

Den mest miljøvennlege energien er den som ikke blir brukt. Også utbygging av fornybar energi fører med seg miljøkonsekvensar og klimagassutslepp gjennom utvinning av mineral og metall, transport eller gjennom inngrep i naturen. Raudt meiner at energisparingstiltak alltid skal prioriterast over nyutbyggingar der det er mogleg.

Raudt arbeider for:

• At planane til lågenergiutvalet blir sett ut i livet slik at energibruken i bygg blir halvert innan 2050 og reduserast med 36 TWH innan 2020.
• Stogg i nye store vasskraftutbyggingar.
• Oppgradering av eksisterande vasskraftverk for å frigjere 15 TWH ny energi utan nyutbyggingar.
• Heilskapleg plan for utbygging av småkraftverk og vindturbinar.
• Ei gjeninnføring av totalforbod mot kraftutbygging i verna vassdrag.
• At det blir innført kvite sertifikat etter same reglar som grøne sertifikat, slik at energisparing, energigjenvinning og energieffektivisering får minst same tilskot pr. kilowattime som utbygging av ny kraft.
• Nasjonal satsing på energieffektivisering, energisparing og opprusting av eksisterande kraftverk med statlege tilskot på 5 milliardar i året.
• At tiltak for energieffektivisering blir prioritert i regionar med kraftproblem i staden for utbygging av nye kraftlinjer.
• Raskare takt i oppgradering av plan- og bygningslova til krav om passivhus og nullenergihus.
• Auka statlege tilskot til enøktiltak for private, som varmepumper og betre isolering.
• Toprissystem for straumleveransar til hushalda, med rimeleg strøm til basisforbruk og dyr strøm til overforbruk.

Rein energi til grøne arbeidsplassar

Raudt jobbar for at den reine vasskrafta skal nyttast i kraftforedlande industri og at eksporten av elektrisitet skal reduserast til eit minimum. Billeg norsk vasskraft skal igjen bli eit industripolitisk verkemiddel for å utvikle arbeidsplassane i norsk landbasert prosessindustri.

Raudt arbeider for:

• At industrien får langsiktige rimelege kraftavtalar, samtidig som det blir stilt krav til energisparing, bruk av grøn teknologi og at krafta blir nytta til produksjon.
• At stat og kommune satsar kraftig på bruk av fornybar energi.
• Auka vidareforedling av norske råvarer framfor å eksportere desse arbeidsplassane til utlandet.
• Stogg i planane om storstilt norsk krafteksport og at frigjort kraft frå energieffektivisering og energisparing blir brukt til å erstatte fossilt brennstoff og til å utvikle nasjonal grøn industri.
• Ei heilskapleg omlegging av norsk industri, slik at utfasing av petroleumsverksemd og stadig strengare krav til utsleppskutt ikkje går ut over sysselsetting og verdiskaping.
• At det snarast blir starta tildeling av konsesjonar for etablering av hav-vindkraft.
• Etablering av eit nasjonalt system for produksjon av biogass basert på husdyrgjødsel, septik og obligatorisk utsortering av våtorganisk avfall.
• Omfattande satsing på kompetanseutvikling og bruk av jordvarme som energikjelde.
• At berg- og mineralførekomstane blir utnytta på ein mest mogleg miljøvennleg måte, gjennom ein nasjonal planstrategi for bergindustrien.
• Auka uttak av tømmer gjennom berekraftig skogsdrift.

Livskraftige distrikt er god miljø- og klimapolitikk

Raudt meiner det er viktig at det bur folk i heile landet. Det føreset ein miljøvennleg og mangfaldig industriproduksjon, gode offentlege velferdstenester, berekraftige fiskeri, landbruk og andre næringar. Sterke lokalsamfunn, der folk har kontroll over ressursane og verdiskapinga, er den beste garantien for å nå måla om ei fornybar og grønare framtid.

Kapitalismen som økonomisk system skaper sentralisering og distrikta blir utarma fordi dei blir tappa for naturressursar, arbeidsplassar, arbeidskraft og menneskelege ressursar. Å utvikle livskraftige lokalsamfunn, krev også ein infrastruktur med gode transportforhold, offentlege tilbod, og post-, tele- og datatenester med like prisar over heile landet.

Raudt arbeider for:

• Å oppretthalde ei desentralisert busetting med livskraftige lokalsamfunn og bygder.
• At folk skal ha skule- og utdanningstilbod der dei bur.
• At nye statlege institusjonar og forvaltningsorgan blir plasserte utanfor dei store byane.
• At ingen statlege arbeidsplassar i distrikta skal leggast ned utan at det kjem nye alternativ.
• Å stogge sentraliseringa av viktige samfunnsmessige tenester.
• Å oppretthalde og vidareutvikle gode, offentlege velferdstenester gjennom å styrke kommuneøkonomien.

Les mer om Rødt sin politikk om mineralutvinning i ei utfyllande fråsegn frå landsstyret: rødt.no/politikk/uttalelser/

Miljøvennleg og mangfaldig matproduksjon

Landbruk

Raudt meiner at alle land skal ha matsuverenitet og rett og plikt til å vere mest mogleg sjølvforsynte med mat. Noreg bør auke sjølvforsyningsgraden, og då treng vi eit moderne, effektivt og miljøvennleg landbruk over heile landet. God marknadsbalanse er avgjerande for bonden si inntekt. Landbrukssamvirka må vere store og sterke nok til å vere marknadsregulator og sikre bonden si stilling mot kjedemakta. Ein stor og stabil norsk landbruksproduksjon, er eit avgjerande vilkår for norsk næringsmiddelindustri.

Raudt vil auke matproduksjonen basert på norske ressursar, grasareal, god dyrevelferd og innan rammene av naturen sine tålegrenser. Noreg har store beiteressursar som ikkje blir utnytta. Desse ressursane må nyttast gjennom auka kjøtproduksjon, framfor at vi importerer meir kraftfór.

Raudt arbeider for:

• Auka norsk landbruksproduksjon og styrking av importvernet for landbruksvarer.
• Bønder skal ha høve til ei inntekt og ei inntektsutvikling på linje med samanliknbare grupper i resten av samfunnet.
• Tildelingsmodellar i jordbruket som ikkje byggjer opp under strukturrasjonaliseringa.
• At meir av landbruket skal vere økologisk.
• At landbruksoverføringane skal utjamne forskjellane i produksjonsforhold og stimulere til landbruk i heile landet.
• Økonomiske ordningar som stimulerer til investeringar i effektive driftsapparat, grøfting og nydyrking.
• Å lovfeste eit betre jordvern for å stogge nedbygging av dyrka mark.
• Eit lovverk som sikrar effektiv bruk av jord- og skogressursar.
• Å styrke bøndene si stilling ved sterkare og meir demokratisk styrte landbrukssamvirke.
• At pelsdyrindustrien blir avvikla.
• Støtteordningar som fremjer bruk av lokale ressursar.
• At bønder ikkje skal ha økonomiske tap som følge av oppretthalding av levedyktige rovdyrbestandar.
• Støtte til inngjerding av beiteområde og til gjetardrift/gjetarhund.
• Styrka grensevern for mat og levande dyr og at veterinæravtalen med EU blir oppsagt.

Les meir om Raudt sin landbrukspolitikk i ei utfyllande fråsegn frå landsstyre og om dyrevelferd i ei fråsegn frå Arbeidsutvalet: rødt.no/politikk/uttalelser

Fiskeri

Raudt jobbar for berekraftig, demokratisk og langsiktig forvaltning av fiskeriressursane utanfor norskekysten. Dei er grunnlaget for vår største eksportnæring basert på fornybare ressursar, og er ein av verdas viktigaste maritime matressursar. Nasjonal kontroll og regulering er nødvendig for å hindre overfiske, der særleg den internasjonale havfiskeflåten er ein sentral trussel.

Raudt arbeider for:

• Full nasjonal kontroll over fiskeressursane der streng kontroll hindrar overfiske, tryggar oppvekstområda og sikrar både økosystema og villfiskbestandane si overleving. Kontrollen blir styrka gjennom auka flyovervaking av havområde, og gjennom å auke talet på seglingsdøger i Barentshavet for kystvakta. Alt fiske i vernesona kring Svalbard blir stogga for å sikre oppvekstområda for fisk.
• At størstedelen av fisket skal skje gjennom ein sterk kystfiskeflåte med lokal leveringsplikt. Kvotar blir overførte frå trålerflåten til kystfiskeflåten. Innan dette er gjennomført blir trålarane si opprinnelege leveringsplikt til lokale landanlegg umiddelbart gjeninnført.
• At konsesjonar og kvoteordningar må fordelast etter distrikt og forankrast der, og at fiskekvotar ikkje kan omsettast i marknaden. Regulering gjennom konsesjonstildeling for alle båtar over 15 meter.
• At allemannsretten på havet må sikrast mot utholing og kjøp/sal av haustingsretten.
• At tildelte kvotar blir tilbakeførte til fellesskapen ved sal eller kondemnering av fartøyet.

Fiskeoppdrett

Oppdrettsnæringa har stor verdi for busetting og arbeidsplassar i mange kommunar i distrikts-Noreg. Det er derfor særs viktig å ta på alvor dei problema den fører med seg av forureining, sjukdommar som lakselus og stor rømmingsfare. Nokre få multinasjonale selskap har overtatt mykje av næringa, noko som har medført drastiske inngrep/ påverknader på naturen og fortrenging av tradisjonelt fiske og fritidsfiske mange stader. Vi vil derfor ha streng regulering slik at fiskeoppdrett ikkje fortrenger eller øydelegg dei ville fiskebestandane.

Raudt arbeider for:

• Total frys i opning av nye anlegg – inga utviding av tillate biomasse i dagens anlegg.
• Forbod mot kjemiske middel som teflubenzuron og diflubenzuron i laksefôr som både blir overført til villfisk og som drep kreps og skalldyr under og kring merdene.
• At oppdrett må inn i lukka anlegg for å få ei berekraftig næring.
• Å støtte lokalbefolkninga sin sjølvråderett og kamp for miljøet mot norske oppdrettsselskap.

Les meir om Raudt sin politikk om fiskeoppdrett i ei utfyllande fråsegn frå landsstyret: rødt.no/politikk/uttalelser

Nasjonal og lokal vidareforedling av matvarer

Mykje av verdiane i primærnæringane blir skapte gjennom vidareforedling av produkta. Raudt jobbar for gode rammevilkår som sikrar at desse verdiane blir skapte lokalt og kjem dei lokale innbyggarane til gode.

Raudt arbeider for:

• Auka lokal og nasjonal vidareforedling av matvarer med ein desentralisert struktur.
• Å sikre primærprodusentane si marknadsmakt gjennom samvirke.
• Å stogge all eksport av rundfrosen fisk frå fryselagera.
• At staten må bidra med oppbygging, fornying og sikring av mottaksanlegg i kyst- og fjordområda.
• At ein større del av verdiane i matvarekjeden går til primærprodusentar, helst bønder og fiskarar.
• Å fjerne moms på mat.
• At det skal vere lovpålagt for matprodusentane å opplyse klart og tydelig om matvarene sitt innhald og potensielle helsefarar.

Genmodifiserte organismar (GMO)

Raudt støttar føre var-prinsippet når det gjeld GMO. Vi meiner derfor at Noreg ikkje skal bidra til å spreie GMO i naturen før vi veit nok om helse- og miljøeffektar.

Raudt arbeider for:

• Eit forbod mot utsetting av GMO i naturen, sjølv på eksperimentell basis.
• Auka samarbeid med miljøorganisasjonane om problema knytt til GMO.
• Å bevisstgjere folk over kva dei dagleg forbrukar og over makta dei har som forbrukarar.

Les meir om Raudt sin politikk om GMO i ei utfyllande fråsegn frå landsstyret: rødt.no/politikk/uttalelser

Kortreist mat og drikke, avgrens avfallet

Raudt støttar kampen for å bevare ein desentralisert produksjonsstruktur i mat- og drikkevareindustrien. Vi går imot vidare sentralisering innan meieribruket og kjøtindustrien. Også i drikkevareindustrien representerer bryggerianlegg og brusfabrikkar viktige arbeidsplassar i distrikta. Raudt vil arbeide for å oppretthalde gjenbruksflaskene i bryggeribransjen og støttar arbeidarane sin kamp for å auke grunnavgifta på eingongsemballasje slik at overgang frå gjenbruksflasker til eingongsemballasje blir ulønsamt.

Det er eit aukande problem med overflødig emballasje som ikkje kan nyttast om igjen, men som i staden blir kasta i naturen, deponert eller brent. Raudt arbeider for betre resirkulering og avfallshandtering. Emballasjeformer som bidreg til auka avfallsmengder må avgiftsbelastast sterkare enn i dag.

Samferdsle

Raudt jobbar for å redusere transportbehovet og gjere gjenverande transport mest mogleg utsleppsfri. Det kan gjerast gjennom ei storstilt satsing på kollektivtransport, gjennom utbygging av høgfartstog framfor vegutvidingar og gjennom å tilrettelegge for eit desentralisert arbeids- og tenestetilbod. Raudt jobbar for eit transportsystem for betre helse gjennom utbetra trafikktryggleik, redusert lokal luftforureining og tilrettelegging for meir mosjon som del av transportsystemet.

Raudt arbeider for:

• Bruk av klimavennlege drivstoff, slik som biometangass og elektrisitet, for nødvendig offentleg transport.
• At transport på jernbane og sjø blir prioritert over veg både for gods- og persontransport. Godstransport på jernbane blir subsidiert med 100 kr. per kontainer. Bompengane for tunge køyretøy blir dobla der det er konkurranse med jernbane.
• Utbetring av kollektivtransporten.
• Skattefrådrag på buss-/bane-/togkort.
• Gratis kollektivtrafikk i dei store byane kombinert med restriksjonar på biltrafikken.
• Å innføre vegprising i større byar, for å få persontransport over på kollektivtransportalternativ. Raudt er imot at utbygging av fylkesvegar, riksvegar og stamvegar skal finansierast av bompengar. Vegbygging er eit nasjonalt ansvar og skal finansierast via statsbudsjettet.
• At prisane på drivstoff blir differensierte, slik at drivstoff blir billegare i distrikta enn i dei store byane.
• Fleire bussavgangar og halvering av prisane i mindre byar og tettstader.
• Billege månadskort for ungdom og studentar, som gir rett til uavgrensa tal reiser med all kollektivtransport.
• Samanhengande sykkelvegnett i byar og tettstader.
• Ordningar med syklar ved haldeplassar og stasjonar til fri eller billeg bruk.
• Satsing på skinnegåande transport i dei store byane.
• At farlege vegstrekningar og ulykkespunkt blir utbetra.
• Å forsterke og rette ut skinnegangen og elektrifisere Nordlandsbanen.
• Å bygge ut Nord-Noregbanen til Tromsø.
• Å bygge kryssingsspor, strekningar med parallelle spor og meir effektive terminalar både på Dovre- og Nordlandsbanen.
• Å bygge ut høgfartstog med to felt i Noreg til bruk for auka regional og langdistansetransport for personar og gods, og med eksplisitt mål om å redusere trafikk på veg og med fly.
• At denne blir utbygd fasevis der intercity-trianglet (Lillehammer – Halden – Skien) blir utbygd som fase 1 og utbygging mellom dei store byane i Sør-Norge som fase 2.
• At jernbaneutbygging må skje gjennom offentleg prosjektfinansiering for å sikre rask utbygging.
• Å samarbeide med Sverige og Danmark for å kople norske høgfartstog til kontinentet.
• Å behalde og oppruste eksisterande jernbanelinjer med ulik trasé der det er eit stort gods- eller passasjergrunnlag, også etter at høgfartsjernbane er bygd.
• Å gjere slutt på bruk av anbod i kollektivtransporten.
• Lovfesta krav om generelt tilgjenge/universell utforming må raskt innfriast i alle former for kollektivtransport. Heile reiseruta må utformast universelt, det inneber m.a. at alt nytt materiell i offentleg kommunikasjon, informasjonskanalar, billettautomatar, plattformer og haldeplassar blir universelt utforma slik at også funksjonshemma kan nytte seg av fly, tog, trikk, buss og båt.
• Betre hurtigbåttilbod på strekningar langs kysten der dette er føremålsteneleg.
• Gratis ferjetransport.
• Oppgradering av Ofotbanen slik at den kan sikre både den auka godstrafikken og at det blir tilrettelagt for persontrafikk til utlandet.
• Inga vidare utviding av Gardermoen. Reduksjon av flytrafikk mellom Bergen og Oslo.
• Mellombels forbod mot kabotasje inntil bransjeavtale og andre verkemiddel for å regulere utanlandsk transport i Noreg er på plass.

Les meir om Raudt sin politikk om naturmangfold og nettolønsordning for sjøfolk i ei utfyllande fråsegn frå landsstyret: rødt.no/politikk/uttalelser

Kapittel 8: Eit verdig arbeidsliv

Eit anstendig og reelt inkluderande arbeidsliv føreset at kapitalismen som økonomisk system blir fjerna, og at arbeidskvardagen på arbeidsplassen blir styrt av dei som utfører arbeidet. Eit reelt arbeidsplassdemokrati er heller ikkje mogleg å innføre innan kapitalismen sine rammer. Raudt støttar alle krav som endrar styrketilhøvet i arbeidslivet i riktig retning, til fordel for arbeidsfolk.

Faste og heile stillingar

Trass i avgjerdene i arbeidsmiljølova § 14-9, som set klare grenser for mellombelse tilsettingar, så aukar det dessverre på med slike tilsettingar i arbeidslivet. Det aukar også på med lovbrot i stort omfang, og for dei aller fleste verksemder får dette ingen konsekvensar. Vikarbyråbransjen veks, og svært mykje av vikarbyråbruken er direkte ulovleg.

Outsourcing blir brukt av arbeidskjøparar som ein bevisst strategi for å splitte opp arbeidskollektiv på arbeidsplassane. Dette ser vi m.a. i delar av hotellbransjen. Både outsourcing, innleige og mellombels tilsette delar arbeidsstokken inn i A og B-lag. Det vanskeleggjer fagorganisering og høvet til å handheve arbeidsmiljølov og tariffavtalar.

Deltidsstillingar blir nytta i stor grad, i både offentleg og privat sektor, og særleg i kvinnedominerte yrkesgrupper. Deltidsarbeidarar jobbar i mange tilfelle langt utover den avtalte stillingsprosenten, men har ikkje rettar og gode som heiltidstilsette har. Både deltidstilsette og folk i mellombelse stillingar slit ofte økonomisk, m.a. med å få nødvendige lån.

Raudt meiner at alle må ha ein lovfesta rett til heiltidsarbeid. Vi meiner at kampen mot arbeidsmiljøkriminaliteten må skjerpast.

Nesten halvparten av kvinnene jobbar deltid, og mange har tungvint arbeidstid for å få kvardagslivet sitt til å henge saman. Når verda blir ramma av krise på grunn av overproduksjon, er vårt svar å krevje kortare arbeidstid. Det er på høg tid å krevje ein halv time kortare dagleg arbeidstid. Målet er sekstimersdagen med full lønskompensasjon, som vil innebere at fleire kvinner vil jobbe heiltid, og dei som jobbar deltid vil få ei kraftig heving av løna si. Fleire kvinner blir økonomisk sjølvstendige.

Raudt meiner deltidsproblemet ved turnus ikkje lar seg løyse ved å ha meir fleksible arbeidstidsordningar eller ved å jobbe fleire helgar. Problemet er ei arbeidsbelasting som ein ikkje kan leve med til pensjonsalder. Både auka grunnbemanning og lågare arbeidstid er nødvendig. Raudt meiner at reell likestilling av skift og turnus må gjennomførast no, og målet er 30 timars veke.

Sosial dumping

Kampen mot sosial dumping er ein føresetnad for å bevare fagrørsla sin styrke og dagens velferdsstat. EU sin frie teneste- og arbeidsmarknad er eit systematisk angrep på fagrørsla. Det er ikkje mogleg for noka fagrørsle å ta vare på sin styrke i ein heilt fri arbeidsmarknad med så store forskjellar i løns- og arbeidsvilkår som det er i EU. EU sitt tenestedirektiv har til hensikt å auke flyten av tenester med 15 %, og å føre til flyt av tenester i nye bransjar, også innan det vi i dag ser på som offentlege tenester, som utdanning og heimehjelp. Tenestedirektivet forbyr kampen mot kontraktørar og enkeltmannsføretak. Med tenestedirektivet er det ikkje mogleg å oppretthalde heilt nødvendige tiltak mot sosial dumping. Direktivet hindrar innføring av tiltak som fagrørsla meiner er heilt nødvendige.

Flere EU-dommar syner korleis EF-domstolen vil fortolke dei uklare formuleringane i tenestedirektivet. Den set ILO-konvensjonen til side og truar heile den nordiske avtalemodellen. Domstolen slår fast at både streikerett og retten til å kreve tariffavtalar er underordna fri flyt av tenester og fri etableringsrett. Det er forbudt å innføre krav om tarifflønn i offentlige oppdrag og anbod.

Regjeringa har vedtatt å ta vikarbyrådirektivet inn i norsk rett. Dermed blir det opp til EU-domstolen om viktige avgjerder i Arbeidsmiljølova kan bli dømt ulovlege. Avgjerder som er tatt inn for å avgrense omfanget av innleige. Innleige er i dag arbeidsgivarane sin viktigaste metode for sosial dumping. NHO har alt varsla at dei meiner desse avgjerdene i Arbeidsmiljølova er i strid med vikarbyrådirektivet.

Samstundes blir fagrørsla svekka når talet på fast tilsette på arbeidsplassen går ned. Det må innførast full innsynsrett utan restriksjonar for tillitsvalde for å avdekke sosial dumping. Det må innførast ein anti-kontraktørklausul i norske kommunar og fylkeskommunar. Fagrørsla krev at alle tariffavtalar og lokale avtalar også skal gjelde for innleigde frå vikarbyrå. Raudt støttar kampen for dette kravet.

Arbeidslinja

I dag har du plikt til å arbeide og plikt til å søke jobb, men ingen rett til arbeid. Regjeringa og Stortinget har sett seg blinde på individuelle moralske forklaringar på arbeidsløyse og fattigdom. Raudt meiner brutaliseringa av arbeidslivet med auka tempo- og effektivitetskrav, er med på å presse folk ut av arbeidslivet. Politikarane held fast på arbeidslinja og har vedtatt å knipe inn på pensjonane gjennom pensjonsreforma, ny Avtalefesta Pensjon, og endringar i uføretrygda. Dette er innskrenkingar i velferdsstaten som skal straffe dei som står utanfor arbeidslivet.

For å skape eit arbeidsliv der flest mogleg kan bidra til fellesskapen gjennom å jobbe, må vi skape eit tilrettelagt og inkluderande arbeidsliv, ikkje stramme inn ytingane til folk som står utanfor i dag. Nav-kontora må få nok kapasitet og gode retningslinjer for å kunne hjelpe til med å legge opp rett løp for folk som skal komme ut i arbeid igjen.

Forsvar sjukepenge- og trygdeordningane

Sjuke og funksjonshemma kan heilt eller delvis vere hindra frå å forsørge seg ved eige arbeid. Dagens sjukepenge- og trygdeordningar er ordningar det er viktig å forsvare. Raudt meiner full løn under sjukdom det første året er eit viktig velferdsgode. Rett på økonomisk stønad tilsvarande 66% av tidlegare inntekt ved sjukdom utover eitt år gjennom arbeidsavklaringspengar er også eit viktig sikringsnett. Minimumssatsen på arbeidsavklaringspengar er idag så låg at det gjer mottakarane avhengige av økonomisk naudhjelp gjennom sosialkontoret. Raudt arbeider for at minstesatsen blir auka til 2,5 G (ca. 213 000 kr.) slik at den er mogleg å leve av. Uføretrygd må framleis utreknast etter same prinsipp som Folketrygda sine pensjonsordningar.

Tilrettelagt arbeidsliv

Både sjukdom og funksjonshemming er relativt i den tydinga at det er fullt mogleg å tilpasse omgjevnadane til menneska i langt større grad enn det som er tilfelle i dag. Arbeidslivet må derfor leggast til rette slik at alle har høve til å delta. Umenneskelege effektivitetskrav og liten vilje til tilrettelegging, er uttrykk for diskriminering og bidrar til å stenge stadig fleire ute. Det dreiar seg både om haldningar og om viljen til å bruke pengar på føremålet. Sjølv om Raudt støttar parolen om eit "inkluderande arbeidsliv" og går inn for betre arbeidsmiljø og betre tilrettelegging, er Raudt imot mål og krav om lågare sjukefråvær. Slike sjukefråværskampanjar fører til at folk blir pressa til å gå på jobb når dei er sjuke. Inkluderande arbeidsliv må derfor innebere at arbeidskjøparar blir tvinga til å gi økonomisk rom for at nokre menneske har høgare sjukefråvær enn andre.

Friske, arbeidsføre arbeidstakarar har eit medansvar for å inkludere kollegaer som ikkje kan stille opp 100 prosent og for å legge press på arbeidskjøparar gjennom klubbar og fagforeiningar. Inkludarende arbeidslivsverksemd må ta opp i seg intensjonsavtalen sitt mål om at fleire med redusert arbeidsevne skal komme i arbeid. Ved hjelp av intern omskulering, tilrettelegging for overføring til mindre belastande jobbar og auka bruk av rotasjon og pausar, kan mange fleire funksjonshemma greie å halde fram i jobben, i det minste på redusert tid.

Ved innføring av 6-timars normalarbeidsdag vil mange funksjonshemma ikkje trenge kortare arbeidsdag enn normalarbeidsdagen. Kommunane bør følge staten si målsetting om at personar med nedsett funksjonsevne utgjer 5 % av alle nytilsettingar.

Raudt er imot forslaget om at arbeidsgjevar skal dekke ein del av sjukeløna etter 14 dagar. Det vil gi eit økonomisk motiv for å la vere å tilsette dei som har helseproblem, og kvitte seg med dei som får helseproblem.

Kvile og fritid

Brutaliseringa av det norske arbeidslivet som kjem på grunn av den globaliserte kapitalismen, fører til eit kraftig press i retning av «24-timarssamfunnet», der til dømes butikkar og serveringsstader heile tida pressar grensene med tanke på opningstid. Dei som arbeider i denne sektoren, får ei stadig meir ukomfortabel arbeidstid. Dette spreier seg til alle som leverer tenester. I offentleg sektor er det mange yrkesgrupper som opplever eit veldig høgt arbeidspress på grunn av altfor låg grunnbemanning.

Raudt meiner at overtidsarbeid, arbeid på ettermiddagen, nattarbeid, arbeid på felles fridagar og arbeid i helgane berre skal skje når dette er heilt nødvendig. Døgnopne butikkar er ikkje nødvendig. Mange slit med å få kvardagen til å gå i hop, og mange foreldre/føresette får for lita tid saman med barna sine. Raudt meiner at tida for lengst er inne for ei arbeidstidsreform som fører til meir kvile og fritid.

Raudt arbeider for:

• Å forsvare sjukelønsordninga.
• Rehabilitering må igjen bli basert på rettar, ikkje budsjettbasert.
• Rehabilitering til også å meistre livet, ikkje berre for å komme ut i arbeidslivet.
• Bort med friskmelding til arbeidsløyse.
• At uføretrygd er folketrygd.
• Uføretrygd i samsvar med graden av uførleik. Fjern kravet om 50 % uførleik for innvilging av trygd.
• At minstetrygdsatsen blir auka til 2,5 G (ca. 213 000 kr.) utan levealdersjustering.
• Å verne eldre arbeidstakarar og å følge ansiennitetsprinsippet ved oppseiingar og innskrenkingar.
• Styrking av ordninga med VTA (Varig tilrettelagt arbeid).
• Oppfølging og tilbod om tiltak eller utdanning retta mot dei som av ulike grunnar fell utanfor arbeidslivet.
• Å motarbeide at bedriftshelsetenesta skal vere ein reiskap for arbeidskjøpar.
• Lovfesta krav om generelt tilgjenge/universell utforming, som raskt må innfriast i arbeidslivet.
• At bedrifter som tar inn lærlingar skal nyttast ved offentlege anbod.
• Tilbod og støtte til kurs/utdanning eller omskulering for folk som har vore arbeidsledige i over tolv månader.
• Ein kraftig reduksjon i lønsforskjellane i Noreg.
• Ei arbeidstidsreform som innfører 6-timars normalarbeidsdag med full lønskompensasjon.
• At avgjerdene i arbeidsmiljølova blir endra frå «fortrinnsrett for deltids-tilsette» til «rett til heiltid», slik at lova eintydig slår fast at alle som vil arbeide i full stilling skal få full stilling.
• At alle skal ha rett til fast tilsetting i den stillingsdelen dei faktisk har jobba dei siste 12 månadane.
• At avgjerda om at fortrinnsretten berre gjeld dersom det ikkje er til vesentleg ulempe for bedrifta, blir fjerna.
• At grove tilfelle av arbeidsmiljøkriminalitet må føre til fengselsstraff.
• At det framleis må vere slik at lokale avtalar om avvik frå arbeidstidsreglar, må godkjennast av ei fagforeining med innstillingsrett, som i praksis vil seie eit landsomfattande fagforbund.
• At Arbeidstilsynet skal gjennomføre umelde tilsyn.
• At føretaksforma Norskregistrerte Utenlandsk Foretak (NUF) blir forbode.
• Ei lovendring som gjer privat arbeidsformidling gjennom private vikarbyrå forbode. • At offentleg arbeidsformidling blir styrka.
• At lov- og avtaleverk blir endra slik at fagforeiningane får ein kollektiv søksmålsrett ved tvist om fast tilsetting for innleigde og mellombels tilsette.
• At det ikkje skal vedtakast ei politikarvedtatt minsteløn for lønsarbeid i Noreg, men at ein i staden får styrka allmenngjeringsinstituttet.
• At lovverket blir endra slik at vedtak om allmenngjering ikkje kan opphevast dersom den faglege organisasjonen som opprinneleg fremja kravet krev at vedtaket blir fornya.
• At dokumentasjonskravet blir fjerna frå allmenngjeringslova. Det må vere tilstrekkeleg for allmenngjering at dette kravet har blitt fremja av ein fagleg organisasjon med innstillingsrett som er part i tariffavtalen.
• At det så lenge det framleis er eit dokumentasjonskrav for allmenngjering blir innført ein unntaksheimel i offentleglova for dokumentasjon som blir levert inn ved krav om allmenngjering, for å verne varslarar og andre involverte mot eventuelle represaliar.
• Å avvikle retten til å nytte tvungen lønnsnemnd ved streik.
• At retten til lærlingplass for alle yrkesfagelevar blir lovfesta.
• At det blir etablert eit sentralt register for lærlingplassar i heile den offentlege sektoren med årleg rapportering som blir publisert. Statsrådane for dei ulike sektorane må stille opp årlege måltal for lærlingar i sin sektor og dei underliggande etatar. Ei tilsvarande ordning må etablerast på fylkes- og kommunenivå.
• At det blir etablert ei ordning der alle offentlege og private verksemder og arbeidsplassar – altså også dei som ikkje tar inn lærlingar – betalar ei avgift proporsjonalt med talet på tilsette. I den grad verksemdene tar inn lærlingar, blir avgifta returnert, og dei mottar i tillegg det ordinære lærlingtilskotet.
• At forskrifta for elektrofagarbeidarar slår fast at utanlandske arbeidarar anten må ha tilsvarande kvalifikasjonar som norskutdanna for å kunne arbeide som elektrofagarbeidar eller må avlegge fagprøve i Noreg. Det same må også gjelde for installatørar, som må avlegge ei installatørprøve. Forskrifta må slå fast at elektrofagarbeidaren skal vere fast tilsett i ei bedrift med ordna løns- og arbeidsforhold. Den faglege ansvarlige (installatøren) og fagarbeidaren (montøren) skal vere tilsett i same bedrift. Den som har konsesjon til å drifte og vedlikehalde straumnettet, skal ha eigne tilsette til desse oppgåvene. Krav til fagopplæring må også gjelde for tilsette hos produsent av elektrisk utstyr/maskiner.
• At fagrørsla forsvarer og styrkar minstelønnsgarantiane i dei landsomfattande tariffavtalane. • Samarbeid mellom klubbar og foreiningar, lokalt og sentralt, på tvers av fagforbund og hovedorganisasjonar. Ei sterk fagrørsle bør vere utan formalisert binding til noko parti, den må vere demokratisk, og makta må ligge hos medlemane.
• At lønsoppgjera i Noreg har ein sosial profil som fører til ein kraftig reduksjon av lønsforskjellane i Noreg, m.a. gjennom betra garantiordningar i privat sektor og statleg likelønspott i offentleg sektor.
• At det blir innført fullt skattefrådrag for betalt fagforeiningskontingent.
• Ei lovendring som gir butikkane i Noreg ei maksimal opningstid frå kl. 08.00 til kl. 20.00 (måndag-laurdag).
• Endre lova slik at unntaket som gir plantebutikkar høve til å vere opne på sundagar blir fjerna.
• At det blir innført skjenkestogg og stenging for alle utestader seinast kl 02.00 i heile Noreg.
• At det blir innført restriksjonar som reduserer flytrafikken om natta.

Barnehage, utdanning og forskning

Barn treng trygge og føreseielege rammer, støttande omsorgspersonar og samvær med andre barn for å utvikle sosial kompetanse og læring. Raudt meiner at det offentlege må ta eit større ansvar for å sikre barn og unge gode oppvekstvilkår, m.a. gjennom gratis barnehagar og skulefritidsordningar, slik at alle barn kan bruke tilbodet.

Barnehage

Alle førskulebarn skal ha rett til eit godt og gratis barnehagetilbod tilpassa barna og foreldra sine behov. Raudt meiner at bygging og drift av barnehagar skal vere eit offentleg ansvar. Barnehagen skal vere ein stad for leik, omsorg, læring og tilsyn. Raudt meiner at utvikling av sosial kompetanse, fantasi og kreativitet er det viktigaste i barnehagen. Raudt er imot testing av alle barn.

Makspris, lovfesta rett til barnehageplass og innordning av barnehagane under Kunnskapsdepartementet er tre viktige framsteg. Utfordringar framover er økonomi, kvalitet og lagleg tilkomst. Raudt meiner at barnehagar først og fremst skal vere ein del av utdanningsløpet, dernest eit velferdstilbod for foreldre. Eit godt tilbod til ungane er avhengig av at dei tilsette har gode løns- og arbeidsvilkår og av eit godt utdanna personale.

Raudt arbeider for:

• Gratis barnehageplassar til alle. Vi støttar tiltak på vegen dit, som gratis kjernetid for fire- og femåringar.
• Innstramming av retten til dispensasjon frå utdanningskrava til styrar- og pedagogstillingane. Bruk av dispensasjon må følgast opp med forpliktande tilbod og krav om utdanning.
• Lovfesta rett til barnehageplass nær bustad (og i eigen bydel i dei større byane).
• Lovfesting av bemanningsnorm – maksimalt tre små barn eller seks store barn per vaksen.
• Inntil bemanningsnormen er innført – gjeninføring av øyremerka tilskot frå staten.
• At høvet til å ta ut profitt frå barnehagedrift blir fjerna.
• At kommersielle barnehagar blir overtatt av det offentlege.
• At ideelle barnehagar blir sikra stabile og rimelege rammevilkår.
• At det blir eit vilkår dei tilsette blir sikra retten til tariff- og pensjonsavtalar ved tildeling av kommunal stønad til private barnehagar.
• At barnehagar skal ha rett til gratis kollektivtransport.
• At alle barnehagetilsette skal ha rett til betalt etepause.
• At alle barnehagar skal ha eigen styrar – éi styrarstilling per tre avdelingar.
• At treåringar skal telle som småbarn inntil opptaket 1. august.
• Auka satsing på å rekruttere personale med fleirkulturell og minoritetsspråkleg kompetanse.
• Auka satsing på å rekruttere menn til førskule- og barnehagelæraryrket, og generelt få fleire menn inn i barnehagesektoren.
• At minst 50 % av dei tilsette i barnehagen skal ha pedagogisk høgskuleutdanning.
• At den tilrådde statlege arealnorma for ute- og inneareal blir gjort gjeldande i Barnehagelova eller som forskrift til Barnehagelova
• At alle barnehagar skal vere inneklimagodkjente.
• Tilsette utan fagbrev eller høgare utdanning skal få tilbod om utdanning/kurs til å få fagbrev. Det offentlege må stille med lærlingplassar.
• At alle barnehagereformer blir fullfinansierte av staten.
• At det skal settast inn vikarar frå første dag ved fråvær.
• At det blir innført gratis tolketeneste. Barnehagane må få høve til å gi god informasjon til alle foreldre.
• At barn med særskilde behov blir sikra eit fullverdig tilbod og rett til opplæring etter barnehagelova.
• At førskule- og barnehagelæraren sitt profesjonelle skjønn skal avgjere når det er behov for nærare observasjonar og testing av enkeltbarn.
• At barnehagane sine opningstider ikkje blir utvida utan tilsvarande auke i bemanning.

Skule

Skulen skal skape eit læringsmiljø som stimulerer sjølvtilliten og lærelysta hos kvart enkelt barn og ungdom slik at dei skaffar seg kunnskapar og dugleikar. Dermed vil dei både bli i stand til å delta i samfunnet og til å forme og endre det. Då treng dei praktiske og teoretiske kunnskapar, tru på seg sjølve og vilje til å endre tilhøve som dei ønskjer å betre eller opplever som urettvise eller undertrykkande.

Skulen skal vere ein stad der elevane utviklar og utfaldar seg ved å få tydelege krav til arbeidet dei utfører. Skulen skal oppretthalde og stimulere elevane sin læremotivasjon, kreativitet og deira nysgjerrigheit. Teori og praksis må utgjere ein heilskap.

Raudt vil at skulen skal gi opplæring i reelt demokrati. Elevane må lære å krevje sine rettar og argumentere for standpunkta sine, dei må oppleve at dei blir høyrde i saker dei tar opp, og dei må oppleve at dei kan få gjennomslag. Raudt trur at ein slik skule utdannar elevar som ikkje vil akseptere rammene som det kapitalistiske systemet set for menneske sine liv.

Raudt vil ha gratis offentleg skule for alle barn og unge frå 1. klasse og ut vidaregåande. Fellesskulen skal gi alle lik rett til utdanning, uavhengig av kjønn, nasjonalitet, livssyn, foreldra si inntekt og av kor i landet dei bur. Elevar som har behov for å få heile eller delar av opplæringa si i skular med særskilt tilrettelegging, skal få det. Ein felles skule for alle føreset ein skule utan religiøs formålsparagraf.

Den offentlege skulen skal ha rom for eit mangfald av pedagogiske retningar. Skular som i dag blir drivne på eit alternativt pedagogisk grunnlag, kan halde fram som fullfinansierte skular innan dei romslege rammene av eit mangfaldig offentleg skulesystem. Raudt er imot privatskular og private livssynsskular.

Elevar med svært ulike behov, har alle krav på eit tilpassa tilbod. Ulik kompetanse er nødvendig for å møte elevar med ulike behov. Skulen må møte barn og ungdom ut frå føresetnadene deira og skape best mogleg høve for vekst, utvikling og læring i ein sosial samanheng blant jamnaldrande. Den fleirkulturelle skulen krev morsmålslærarar og lærarar med kompetanse på området norsk som andrespråk. Kvar skule må ha tilgang til spesialpedagogar og sosialpedagogar.

Raudt meiner at den beste undervisinga skjer innanfor skulen sine rammer. All forsking syner at foreldre med god teoretisk utdanning har langt betre føresetnader til å hjelpe barna sine med lekser enn dei med lite utdanning. Lekser bidrar derfor til at dei sosiale skilja blir reproduserte. Dette faktum, og at vi vil at retten til fritid skal gjelde for både arbeidstakarar og elevar, gjer at vi ønskjer ein leksefri skule. Det krev endringar i skulen, som gjer dette mogleg.

Den offentlege skulen er i dag under press frå fleire kantar. Den nyliberale skulepolitikken frå Bondevik II-regjeringa blei i stor grad vidareført av den raudgrøne regjeringa. Kravet om effektiv gjennomstrømming og ressursutnytting står sentralt på alle plan. For å kunne samanlikne og rangere skulane, innførte myndigheitene standardiserte, nasjonale prøver, og opna opp for såkalla fritt skuleval. Frå Høgre til SV er det semje om at nasjonale prøver er eit nyttig verktøy, medan mangelen på nasjonale standardar for løyvingar gjer at skulen blir tappa for ressursar og at forskjellane mellom skulane aukar.

Raudt er for at lærarane skal ha tilgang på ulike kartleggingsverktøy for å kunne gi elevane eit best mogleg opplæringstilbod. I skulen blir det gjort mykje arbeid som ikkje lar seg dokumentere med generelle testar. Raudt meiner det er viktig at det blir forska meir på skule og på kva for opplæringsmetodar som gir god effekt, men dette har lite med nasjonale prøver å gjere. Raudt ser ikkje verdien av generelle landsomfattande testar og er imot offentliggjering av resultat frå desse. Vi meiner i staden at den enkelte skule må bruke dei kartleggingsverktøya som skulen finn føremålstenelege for å utvikle opplæringa til beste for elevane.

Ein god skule er ikkje nødvendigvis best resultatmessig i målstyrte rangeringar og utmerkingar. En god skule skal ta seg råd til breidde og mangfald, tilpassa opplæring og meistringsopplevingar for den enkelte elev, sjølv om dette kan koste litt meir og ikkje gir like høge målbare resultat på kort sikt.

I 2003 blei opplæringslova endra, og klasseomgrepet og klassedelingstalet forsvann frå lovverket. Tidlegare sikra lova at klassestorleiken ikkje oversteig 28 på barnetrinnet og 30 på ungdomstrinnet. Skulane blei sikra lærarstillingar ut frå talet på klassar. Endringane har ført til færre lærarar og større elevgrupper. Klasseomgrepet er no tilbake, men normtala manglar framleis. I nyliberal ånd blir stykkprisfinansiering innført, som igjen framtvingar større grupper og skular.

I ein del kommunar blir omgrepet småskulen fjerna, og fleksibel skulestart blir innført. Fleksibel skulestart vil seie at barna ikkje startar felles i 1. klasse om hausten, men at foreldra kan la barnet starte på skulen når det fyller seks år, dersom fødselsdagen er før ordinær skulestart i august. Raudt meiner at elevar treng å høyre til, noko dei best får i den stabile gruppesituasjonen som skuleklassen er. Vi ønskjer felles skulestart for alle elevar på 1. trinn, og at tilhøyringa til skuleklassen held fram gjennom skulegangen. Tilrettelegging for både fagleg svake og fagleg sterke elevar må skje innanfor klassen.

Raudt arbeider for:

• Felles skulestart for alle elevar i august.
• Å avskaffe stykkprisfinansiering.
• Nei til karakterbestemt skuleopptak.
• Å stogge nasjonale prøver.
• Inga offentliggjering av resultata.
• Å reversere den nyliberale skulepolitikken og New Public Management. Profesjonen må bli verdsett for viktig arbeid med verdiar, haldningar, opplevingar og solidaritet, særleg når det ikkje passar inn i økonomane sine rangeringar.
• Ein offentleg, gratis skule der folk bur.
• At skular skal ha rett til gratis kollektivtransport. Gratis skyss skal også gjelde skulefritidsordning og leksehjelp.
• Å gjeninnføre øyremerka statlege midlar til skulane.
• At alle elever skal ha tilgong til datamaskiner og nett, og grundig opplæring i bruk av dette.
• At skulane må tilførast tilstrekkelege midlar slik at alle elevar kan få reell tilpassa opplæring.
• At elevar med særskilde lærevanskar og/eller behov skal ha krav på spesialpedagogisk oppfølging.
• Ein leksefri skule.
• Ein religions- og livssynsnøytral skule.
• At alt materiell må vere tilgjengeleg på begge målformer og på samisk.
• Krav til faglegpedagogisk utdanning av skuleleiarar, samt krav til tre års relevant praksis.
• At løn for skuletilsette blir fastsett sentralt. Vi er imot resultatbasert løn i skulen.
• Rett til lese- og skriveopplæring på morsmålet, rett til morsmålsopplæring og rett til tospråkleg fagstøtte.
• Ein skule der praktisk læring har ein sentral plass på alle trinn.
• Tiltak mot seksuell trakassering, diskriminering og mobbing på alle trinn.
• Å sikre eit godt fysisk og psykisk arbeidsmiljø for både elevar og lærarar.
• Å styrke rådgivartenesta.
• At alle skular skal ha ein sosialpedagogisk ressurs.
• Styrka skulehelseteneste.
• Gode etter- og vidareutdanningsordningar for lærarar, særleg innan praktisk og kreativt læringsarbeid, kunnskap om konfliktløysing og bruk av digitale verktøy.
• At lovfesta krav om generelt tilgjenge/universell utforming raskt blir innfridd i alle utdanningsbygg.

Vurdering og karakterar

Ein viktig del av ein læringsprosess er å få tilbakemeldingar på korleis det går med arbeidet. Dagens karaktersystem gir for dårlege tilbakemeldingar både til elevar og foreldre. Det fungerer først og fremst som eit system for å rangere elevane, og bidrar til å svekke mange elevar sin sjølvtillit. Det fører til at karakterane står i sentrum for mykje av arbeidet i skulen, i staden for læringa. Raudt støttar arbeidet for å finne gode og konstruktive vurderingssystem som på sikt kan erstatte dagens system. Vi treng vurderingssystem som bidrar til fagleg utvikling hos eleven og som tydeleg syner kva for faglege kunnskapar elevar har.

Raudt arbeider for:

• Å starte opp forsøk for å utvikle vurderingssystem der elevar blir vurderte etter objektive faglege kriteriar. Vi ønskjer forsøk med nye vurderingsformer på alle nivå i utdanningssystemet.
• Reelt fritt skuleval, der kvalifiserte elevar blir sikra plass på næraste skule som tilbyr studieretninga dei søkjer på.

Retten til eige språk

Nynorsk og minoritetsspråk er under press i skulen. Språk handlar ikkje berre om kommunikasjon, men også om kultur og identitet. Dette ser vi ikkje minst av norsk historie med kolonisering av samisk land, der samane sitt språk og kultur blei fornorska mot deira vilje. Vi må lære av historia og ivareta folk sin kultur og språktilhøyrsle.

Samisk språk har vore under press sidan fornorskningsprosessane på 1900-talet. Med Læreplanverket av 1997 blei det eit større fokus på samisk kultur og språk, men det er framleis vanskeleg å få gjennomført ei god nok opplæring i og på samisk for mange barn og unge. Det manglar samiske læremiddel, ordbøker og lærarar med god kompetanse. Raudt ønskjer å styrke opplæringa. Det må vere eit godt tilbod gjennom heile utdanningsløpet frå og med barnehagen. Sidan mange samar har mista språket sitt på grunn av fornorskningsprosessane, må det gjevast tilbod til vaksne som ønskjer å lære seg samisk. Det må tilretteleggast slik at samisk er eit reelt tilbod som 1. språk gjennom heile utdanningsløpet.

For å unngå skilnader i skulen etter elevar sin etnisitet eller deira opphavsland, treng vi ei god norskopplæring. Utdanningsdirektoratet har vedtatt å avvikle ordninga med at det kan haldast eksamen i 2. fremandspråk som det ikke blir gitt opplæring i, frå og med hausten 2012. Elevane må ha vanleg opplæring i 2. fremandspråk. Dette vil føre til større påkjenning på elevar som alt har ei utfordring i å lære godt nok norsk i tillegg til sitt eige morsmål. Det vil ramme geografisk skeivt sidan ein i større byar ofte kan tilby fleire språk enn det som er mogleg på mindre stader. Raudt går mot denne nye ordninga.

Sjølv om elevar for fleire år sidan har fått rett til parallellutgåver, kjem mange læremiddel på nynorsk anten for seint eller ikkje i det heile. Raudt meiner nynorskopplæringa og sidemålsopplæringa i skulen er avgjerande for å sikre nynorsk som likestilt språk og støttar kravet om betre sidemålsopplæring. Skulen har også ei viktig oppgåve i å betre haldningar til dialektar.

Raudt arbeider for:

• Tilrettelegging for at retten til samisk som eit reelt 1. språk blir gjennomført i heile utdanningsløpet.
• At også vaksne med samisk bakgrunn har rett til opplæring i samisk språk.
• Betre norskopplæring for framandspråklege.
• At framandspråklege elevar framleis skal ha rett til å ta eksamen i sitt morsmål sjølv om det ikke blir gitt opplæring i dette.
• Å oppretthalde obligatorisk undervising i sidemål, og styrke denne gjennom positive sidemålsforsøk.
• At lærarar skal gi elevane tryggleik om talemålet sitt gjennom bevisste haldningar til sin eigen og andre sine dialektar, og oppmuntre til å bruke dialekt.
• At alle læremiddel skal kome på bokmål, nynorsk og samisk til samme tid og pris.
• Sikring av retten til å opprette parallellklassar med anna opplæringsmål enn det som er vedtatt for skulane.
• At fremandspråklege i nynorskkommunar skal få norskopplæring på nynorsk.
• At sidemålspedagogikk og haldninger til nynorsk blir ein del av lærarutdanninga.
• At kommunane skal ha allmenn rett til full språkdeling bokmål/nynorsk på ungdomsskuletrinnet. Kommunane sine meirutgifter skal kompenserast av staten.

Skulefritidsordninga

Skulen må ha ei skulefritidsordning som dekkjer barna og foreldra sine behov. Skulefritidsordninga skal vere gratis og fullfinansiert av statlege midlar. SFO skal gi barna høve for leik, utfalding og ro. Det skal også gjevast tilbod om leksehjelp på SFO, så lenge det blir gitt lekser på skulen.

Raudt arbeider for:

• Gratis skulefritidsordning.
• At familiar med stort omsorgsansvar blir sikra eit avlastingstilbod.
• Lokale som tilfredsstillar elevane sitt arbeidsmiljø, med plass til leik, lekselesing og kvile for alle seks-niåringar.
• Gode leikeareal ute og inne, også for dei minste.
• Tilfredsstillande areal- og bemanningsnormer.
• Å sikre kvaliteten ved at dei tilsette har formal- eller realkompetanse.
• At dagleg leiar skal ha relevant pedagogisk utdanning.
• At SFO skal ha rett til gratis kollektivtransport.

Grunnskulen

Staten må sørge for at kommunane får nok pengar til å bygge og drive ein god, oppdatert grunnskule der barn frå alle sosiale klassar møtast. Dersom skulen skal virke sosialt utjamnande, må den vere ein møtestad der elevar opplever at alle sine verdiar blir likt verdsett.

Dagens grunnskule krev at elevane tilpassar seg ein skulekvardag der mange ikkje kjenner seg heime. Ein del kommunar har gode erfaringar med organisering av eit alternativt offentleg tilbod for elevar, m.a. ved ein betre balanse mellom praktisk og teoretisk læringsarbeid. Raudt meiner desse erfaringane bør brukast til å organisere alternative tilbod i den enkelte kommune. Målet med dette er at den ordinære skulen blir endra og at dei alternative tilboda på sikt dermed blir overflødige.

Det har skjedd ei byråkratisering av læraryrket, der for mykje tid går med til unødig dokumentasjon, planarbeid og møte. Lærarane skal først og fremst bruke tida si til å hjelpe elevane i læringsarbeidet, og då må dei ha tid til planlegging og fagleg oppdatering. Andre nødvendige arbeidsoppgåver skal organiserast slik at det støttar opp om læringsarbeidet, mens unødvendig byråkratisering blir fjerna.

Raudt ønskjer ikkje ein heildagsskule som er ei utviding av dagens teoriskule. Vi ser i dag ikkje grunnlaget for å utvide skuledagen, men meiner at det er viktig at alle elevar har tilbod om god og gratis skulefritidsordning. Før vi kan byrje ein reell diskusjon om i kva grad heildagsskule skal innførast, må det klargjerast kva ein slik heildagsskule skal innehalde.

Raudt arbeider for:

• At det blir tilsett lærarar som har kompetanse til å undervise praktisk i dei nye valfaga på ungdomstrinnet.
• At lærarar i ungdomsskulen både får gode kurstilbod i dei nye valfaga og får høve til å samarbeide i undervisninga med lærarar som har nødvendig kompetanse.
• At det blir løyvd nok til nødvendig utstyr og læremiddel i dei nye valfaga.
• At faget Utdanningsval gir elevane eit reelt innsyn i utdanningsmoglegheitene.
• Reell lik rett til opplæring og utdanning gjennom ein skule som kompenserer for ulik klassemessig bakgrunn.
• At likestilling og likeverd mellom gutar og jenter blir integrert i all opplæring.
• Karakterfri ungdomsskule.
• Å auke lærartettleiken – ingen klassar eller grupper med meir enn 20 elever.
• Å styrke rådgivertenesta i grunnskulen.
• At skulane gir vidareutdanningstilbod til førskulelærarar som blir tilsett på småskuletrinnet, slik at dei får tilsvarande kompetanse som lærarar og same løns- og arbeidsvilkår.
• At leirskulen skal vere gratis.

Vidaregåande opplæring

Flere fylkeskommunar kuttar kvart år i vidaregåande skule. Kutta rammar hovudsakleg små skular i distrikta, og fører til at yrkesfaglege og alternative linjer blir fjerna eller sentraliserte. Mange stader i landet er det for få skuleplassar på yrkesfag og lærlingplassar i høve behova. Dette bidrar til å forsterke det store fråfallet i skulen.

Dei seinare åra har det også vore gjennomført ei sterk sentralisering med samanslåing av skular for å spare pengar. Dette har møtt sterk motstand både blant elevar og tilsette. Raudt støttar kampen mot slike sammenslåingar fordi det gir eit dårlegare skuletilbod til elevane og dårlegare arbeidsforhold for dei tilsette.

Vidaregåande skule skal vere gratis, men likevel må mange elevar ut med tusenvis av kroner i året til utstyr. For mange er det umogleg å leve på det bortebuarstipendet staten gir til elevar i vidaregåande skule. Elevar må anten ta opp lån for å klare seg, eller jobbe på fritida, noko som svært ofte går ut over skulearbeidet. Gratis utdanning handlar derfor om at alle skal ha lik rett til utdanning, uavhengig av om ein kjem frå by eller bygd og uavhengig av foreldra sin økonomi.

På yrkesfaglege linjer fører underfinansiering til at mykje undervising føregår med utrangert utstyr som har liten relevans for elevane når dei skal ut i lære og arbeid. Raudt vil styrke løyvingane til utstyr i skulen. Skulane skal ikkje vere avhengige av at bedrifter stiller ressursane sine til rådvelde.

Særleg innan yrkesfag må den praktiske delen styrkast. Det er gjennom ein meningsfull praksis at mange yrkesfagelevar ser behovet for og blir motiverte til å lære teori. Styrking av den praktiske delen vil medverke til auka trivsel, lågare fråfall og auka gjennomføring.

Raudt meiner det i større grad må settast inn tiltak retta mot elevar som fell frå midt i skuleåret gjennom m.a. alternativ opplæring som kan gi delkompetanse og motivere for vidare utdanning. Yrkesrettleiing og bevisstgjering må også vere ein del av dette arbeidet.

Fråfallet er særleg stort blant elevar som er hybelbuarar. Raudt meiner at ein større del av opplæringstilbodet må bli tilbydd desentralisert, slik at fleire kan gå på skule der dei bur. Der ein ikkje klarer å lage eit godt nok desentralisert tilbod, vil vi jobbe for hybelhus med tilsette miljøarbeidarar. Dette vil gi ungdom som bur heimanfrå ei betre oppfølging i kvardagen. Tilbodet må vere billeg eller gratis, slik at elevane kan nytte tida på skulearbeid og ikkje på å skaffe seg inntekt.

Den raudgrøne regjeringa innførte nye reglar for fråvær frå hausten 2010. Dette har ført til ein hardare skulekvardag for fleire elevgrupper. Dei ungdomane som i størst grad blir ramma av det nye regelverket, er dei som slit med sjukdom eller som er aktive i idrett, kultur, politikk og anna. "Skulkarane", som reglane er mynta på, må hjelpast på andre måtar. Med dei nye reglane risikerer ein utstøting av store ungdomsgrupper i vidaregåande skule. Raudt vil jobbe for at vi får tilbake regelverket slik det var før hausten 2010.

Fråfall i skulen heng saman med eit 13-årig skuleløp som ikkje passar alle. Raudt vil jobbe for gode og tydelege ordninger for å unngå at unge blir støtt ut av skulen.

Dersom ein elev har hatt mykje fråvær skal helsesøster koplast inn med ein gong, og om nødvendig PPT når dei føresette har gitt løyve til det. Raudt meiner det også bør vere miljøarbeidarar med relevant utdanning knytt til dette apparatet, som kan besøke eleven i heimemiljøet hans/ hennar og følge opp i samsvar med behovet. Det bør vere mogleg å tilby alternative opplæringsmåtar, som meir praktisk tilrettelagt opplæring, opplæring på andre stader enn i skuleinstitusjonen, og opplæring i mindre grupper. Raudt meiner det er viktig at fylkeskommunen fokuserer på intensjonane i mobbemanifestet, samt Opplæringslova for å gi fleire elevar ein god skulekvardag.

Raudt er opptatt av at lærarane skal ha tid til kjerneoppgåvene sine. I dag forsvinn for mykje tid i byråkratisering. Vurderingsarbeidet og kontaktlærararbeidet tar også for mykje tid med dagens organisering. Raudt meiner lærartettleiken må aukast til fordel for både lærarar og elevar.

Raudt arbeider for:

• At alle læremiddel skal vere gratis i vidaregående opplæring.
• At behovet for skuleplassar på yrkesfag og lærlingplasser må dekkast.
• Å lovfeste retten til fagopplæring i bedrift.
• Meir praktisk opplæring, særleg innan yrkesfag.
• Å gjere fellesfaga meir relevante for elevane si yrkesopplæring.
• At teorifaga i yrkesfag skal rettast mot det yrket eleven utdannar seg til.
• At ein del av opplæringa skal føregå i bedrift alt frå første skuleår, både for å gi tilbod om meir praksis og for å gi elevane større kjennskap til kva for moglegheiter som finst i arbeidslivet etter fullført utdanning.
• Oppfølging av elevar som fell ifrå.
• Tettare oppfølging av mobbeproblematikk.
• Tettare oppfølging av elevar sine fysiske, psykiske og sosiale utfordringar.
• Eit godt skuletilbod der elevane bur.
• Der ein ikkje kan gi eit godt nok skuletilbod, må elevane få tilbod om gratis/billeg og bemanna hybelhus.
• Gratis helsetilbod for elevar og lærlingar under vidaregåande opplæring.
• Maksimum 20 per klasse i studieførebuande fag og maksimum 12 per klasse i yrkesfag.
• At leiarar og rådgivarar skal ha pedagogisk utdanning og erfaring.
• At alle som har gjennomført yrkesfagleg utdanning på vidaregående opplæring skal ha rett til å kome inn på påbyggingskurs for å sikre seg generell studiekompetanse.
• Endre fråværsreglane i tråd med elev-, lærar- og andre aktuelle organisasjonar sine ønskje.
• Å få tilbake fråværsordninga frå før hausten 2010 inntil ei ny og betre ordning er på plass.

Høgare utdanning

Lik rett til utdanning, fri forsking og autonome utdannings- og forskingsinstitusjonar bidrar til eit meir demokratisk samfunn og utjamnar forskjellar mellom folk. I dag er det ei skeiv rekruttering til høgare utdanning, både når det gjeld etnisk bakgrunn, klasse og geografi. For Raudt er det ikkje eit mål at alle skal ta høgare utdanning, men at alle skal ha rett og høve til det gjennom gratis utdanningstilbod, og at det skal vere tiltak for å trygge mangfald i rekrutteringa.

Raudt arbeider for:

• Auka offentleg stønad til utdanning og forsking.
• Fullstipendiering til alle studentar. På vegen dit støttar vi kravet om at studiestøtta blir auka til 1,5 gonger grunnbeløpet i folketrygda, utbetalast over 11 månader, at lånedelen blir redusert til 40 %, og at stipenddelen er uavhengig av studiepoengproduksjon.
• Betre bustad og barnehagetilbod, og styrking av studentar sine sosiale rettar.
• Betre vilkår for studentar med barn, m.a. ved 12 mnd. studiefinansiering for studentar med barn.
• Oppretthalde eit desentralisert undervisings- og utdanningstilbod.
• At realkompetanse, ikkje berre skuleresultat, må takast på alvor.
• Styrke den pedagogiske praksisopplæringa i lærarutdanninga.
• Ei eiga arbeidsmiljølov for studentar.
• Kvotering av studentar med innvandrarbakgrunn.
• Kvotering av det underrepresenterte kjønn inn på relevante studium og utdanningar.
• Radikal kjønnskvotering og øyremerking av stillingar for kvinner.
• Å få kvinneperspektiv inn på pensum i alle relevante fag.

Forsking og høgare utdanning skal ikkje vere butikk

Det nyliberale marknadsuniversitetet har desverre blitt ein realitet. New Public Management-reformene (NPM) har ført til meir kontroll, sentralstyring, standardisering, regulering og byråkratisering. Raudt meiner at NPM som styringsideologi er uforeinleg med universiteta og høgskulane sine samfunnsoppdrag. Dagens finansieringssystem fører til hard konkurranse om ressursar til undervising og forsking og konkurranse om dei beste studentane og forskarane. Raudt meiner at kvalitet i forsking og utdanning må sikrast gjennom samarbeid, openheit og tillit, ikkje gjennom konkurranse.

Raudt arbeider for:

• At høgare utdanning ikkje skal privatiserast, det skal ikkje innførast skulepengar.
• Auka grunnløyvingar til høgskular og universitet.
• Endring av finansieringssystemet. Universitet og høgskular skal ikkje konkurrere økonomisk.
• At høgskulane sine samfunnsoppdrag som regionale og praksisretta utdanningsinstitusjonar skal verdsettast og prioriterast høgare.
• At talet på universitet skal vere ei fagleg og politisk avgjerd, ikkje ei økonomisk.
• Å oppretthalde små fag og utdanningsinstitusjonar, pengane skal ikkje følge studenten.
• At studentane skal ha reell medråderett på institusjonen og innverknad på det faglege innhaldet.
• At utdanningsinstitusjonane må ha indre sjølvstyre og vere opne for samarbeid med organisasjonar, institusjonar og arbeidsliv.
• Framleis demokratisk styring av universitet og høgskular gjennom valde kollegiale organ, og valde leiarar på alle nivå, som også tryggar studentane innverknad.
• At styringa av universitet og høgskular ikkje skal overlatast til eksterne representantar.

Fri forsking er ein føresetnad for eit demokratisk samfunn

Økonomiske og politiske interesser har i dag for stor innverknad på forskinga. Raudt meiner at fellesskapen har behov for institusjonar og forskarar som utan omsyn til stat eller marknad søkjer kunnskap til beste for samfunnet. Dagens fokus på konkurranse og godtgjersle til enkelte forskarar og elitemiljø, går på kostnad av å bygge robuste miljø i heile landet. Det har også ført til ei dreiing vekk ifrå undervising, formidling og utviklingsarbeid som ikkje gir ”tellekantpoeng”, til fordel for forskarar som konkurrerer i “dei rette øvingane”. Den individuelle forskingsretten har blitt alvorleg svekka og må tariffestast igjen gjennom avtalar med tenestemannsorganisasjonane.

Raudt arbeider for:

• At forskningsretten må avtalefestast igjen.
• Å oppretthalde kvalitet i forsking og undervising ved alle høgskular og universitet, ikkje berre ved elitemiljøa.
• At forskingsbasert undervising skal garanterast gjennom styrking av dei tilsette sine rettar og moglegheiter til forsking.
• Betre arbeidsvilkår gjennom å trygge tilsette sin medråderett og tid til både undervising og forsking.

Internasjonalisering er meir enn europeisering

I dag føregår det ei auka europeisering av høgare utdanning og forsking. Raudt meiner at eit rikt land som Noreg må ha ein solidarisk forskings- og utdanningspolitikk overfor fattige land utanfor Europa.

Raudt arbeider for:

• Auka offentleg støtte til gjensidig student- og lærarutveksling med utviklingsland.
• Auka offentleg støtte til forskingssamarbeid med utviklingsland.
• At Noreg avviser forslag innan Gats-forhandlingane som gjer utdanning til ei internasjonal handelsvare.
• At U-landsparagrafane i Statens Lånekasse blir gjeninnførte og utvida til Aust-Europa.
• Gratis norskkurs ved alle høgare utdanningsinstitusjonar.
• Større aksept for utdanning frå utlandet.
• Akademisk boikott av Israel.

Studentvelferd

Studentane skal sjølve styre sitt lokale velferdstilbod gjennom studentsamskipnadene. Samtidig meiner Raudt at det offentlege må ta langt større ansvar for studentvelferda enn det som blir gjort i dag. Vertskommunane har eit ansvar for å legge til rette for studentane, både når det gjeld helsetilbod, kollektivtransport og studentbustader. Raudt meiner at vertskommunane saman med staten må sørgje for at det blir bygt langt fleire studentbustader enn det som er tilfellet i dag. Staten må gi tilstrekkelege løyve, og vertskommunane må tilrettelegge tomter og eigedommar. Raudt meiner at vertskommunane skal stille tomter tilgjengeleg, helst gratis eller til ein rimeleg pris for studentsamskipnadene. Kommunane må også gjere sitt til at regulering til studentbustadbygging kan skje raskt og effektivt, og sikre at kostnadane for utbygging av infrastrukturen ved bygging av studentbustader (som vegar, gang- og sykkelvegar, barnehagar) ikkje blir overførte på studentsamskipnadene.

Raudt arbeider for:

• At fylkeskommunane tilbyr studentrabatt uavhengig av alder, studiestad og bustad.
• At studentbarnehagane blir sikra gode og føreseielege rammevilkår og god finansiering over kommunane sine budsjett.
• Statstilskot til minst 5000 nye studentbustader årleg, med auka kostnadsramme og tilskotsdel.
• Eige tilbod om psykisk helsehjelp for studentar.
• At kommunane fører ein aktiv tomtepolitikk og legg til rette for studentsamskipnadene si studentbustadbygging.
• At kommunane gir gode økonomiske rammevilkår for studentsamskipnadene og fjernar aldersgrenser på helsestasjonstilbod.

Kapittel 10: Kamp mot krig, rasisme og diskriminering

For internasjonal solidaritet – mot imperialistisk utanrikspolitikk

Raudt støttar kampen for demokrati og sosial, økonomisk og nasjonal frigjering verda over. Det å avverge ei klimakatastrofe og ran av naturressursar som menneskeslekta er avhengig av er også uløyseleg knytta til dette.

Dagens politiske og økonomiske verdsorden må erstattast av eit solidarisk system som tar utgangspunkt i arbeiderklassen og det store fleirtallet av jordas befolkning sine interesser, ikkje eit lite mindretall sin profitthunger. Derfor er Raudt for at Noreg byter side i utanrikspolitikken ved at vi bryt med den imperialistiske blokka, som med politiske, økonomiske og militære middel tvingar land i heile verda til å tilpasse seg deira verdsorden. Noreg må i staden stille seg solidarisk med dei kreftene som slåss for frigjering og likeverd.

Raudt er for ein internasjonal rettsorden som tryggar folkeretten og grunnleggande menneskerettar. Vi er derfor sterke motstandarar av det misbruket av FN som Noreg har vore med på gjennom å delta i angrepskrigane mot Jugoslavia, Afghanistan og Libya dei siste tiåra. Sjølv om Noreg ikkje deltok i krigen mot Irak, er vi imot å sende norske politifolk og militære for å drive undervising og opplæring slik det blei gjort ein periode under okkupasjonen av Irak.

Den nasjonale kampen mot at Noreg skal bindast opp til det imperialistiske verdssystemet er også ei viktig oppgåve for Raudt. Døme på dette er å hindre norsk EU-medlemskap og erstatte organisasjonar som Verdsbanken og Det Internasjonale Pengefondet med institusjonar som ikkje er reiskapar for stormaktene. Det inneber også solidaritetsarbeid og kontakt med fagrørsla, progressive organisasjonar og frigjeringsrørsler verda over.

Raudt er for eit nasjonalt forsvar, uavhengig av NATO og EU-hær. Raudt er for å utvikle eit forsvar som tar sikte på å kjempe mot ein invasjon gjennom ein vernepliktshær og opplegg for å mobilisere folket til ulike former for motstandskamp.

Raudt arbeider for:

• Å melde Noreg ut av NATO.
• Å melde Noreg ut av Verdens handelsorganisasjon (WTO).
• Å erstatte EØS-avtalen med en bilateral handelsavtale med EU.
• Å hindre norsk deltaking i angrepskrigar.
• Raudt går mot å løyve pengar til angrepskrigar.
• Å motarbeide imperialistmaktene sin intervensjonspolitikk, også når dette blir kamuflert som støtte til humanitære operasjonar. Internasjonal deltaking i fredsbevarande operasjonar skal berre skje der alle partar aksepterer nærværet.
• At det skal gjevast opplæring til sivile, fredsbevarande kontingentar som kan drive hjelpearbeid i konfliktar der partane aksepterer det.
• Å slette u-landsgjeld og avvise næringslivsstøtte kamuflert som u-hjelp.
• Ingen norsk eksport av miljøøydeleggande prosjekt. Bistand og næringslivsavtaler skal tene utviklinga til folket og miljøet i landa vi samarbeider med.
• Å støtte arbeidsfolk i Europa i kampen mot innstrammingspolitikken til EU, inkludert å gå inn for at Noreg skal gi langsiktige, rentefrie lån til statar som vil bryte ut av EU-samarbeidet og nekte å betale lån til bankane som blir omfatta av EU sine innstramingspakkar.
• Å stogge sexturismen og motarbeide trafficking.
• Å utvikle samarbeid med Palestina og fremje norske tiltak mot den israelske staten sin okkupasjon og undertrykkingspolitikk.
• Å stogge våpeneksport til bruk i aggresjonskrigar og kreve sluttbrukarerklæring for all våpeneksport frå Noreg.
• Å forby ABC-våpen og arbeide for ei atomnedrusting der stormaktene går i spissen.
• Å forby all bruk av ioniserande stråling (atomvåpen) som våpen.
• Å avbryte kjøpet av nye kampfly. Raudt går mot kjøp både av F-35 og JAS Gripen.
• Å styrke det mobile land- og sjøbaserte luft- og kystvernet for å betre suverenitetshevding i norske nærområde.
• Å sikre retten til politisk militærnekting.
• Å sikre retten til politisk arbeid i militæret og sikre sivile vernepliktige retten til å få opplæring i sivile motstandsformer, teknikkar og organisering.
• Å oppmode til desertering dersom militærapparatet blir brukt mot landet sine eigne innbyggarar, og oppmode til ikkje å verve seg til imperialistiske aggresjonskrigar.
• Å utvikle samarbeid med Vest-Sahara, og fremje norske og internasjonale tiltak mot den marokkanske staten sin brutale okkupasjon og undertrykkingspolitikk.
• Støtte kurderarane sin kamp for demokratiske rettar og sjølvstyrte område.

Les mer om Raudt sin bistandspolitikk i ei utfyllende fråsegn frå landsstyret: rødt.no/politikk/uttalelser

Solidarisk flyktning- og asylpolitikk

Raudt forsvarer flyktningar og minoritetar sine rettar. Vi jobbar mot krig, mot at den økonomiske krisa skal ramme folk flest, og mot rasisme som splittar oss frå å kjempe saman for ei meir rettvis verd. Vi står opp for alle personar sine rettar uansett hudfarge, tru eller livssyn, kjønn, funksjonsevne eller seksuell orientering.

Raudt arbeider for at menneske på flukt frå forfølging og undertrykking skal få komme og søke om asyl eller opphald på humanitært grunnlag i Noreg. Dette står i skarp motsetnad til regjeringa og dei største opposisjonspartia sin politikk om å gjere Noreg til eitt av dei europeiske landa der det er vanskelegast å få politisk asyl. Raudt meiner det er ein skandale at Noreg returnerer asylsøkarar i strid med FN sin høgkommissær sine tilrådingar.

Raudt meiner at barn sine rettar skal ha forrang framfor innvandringspolitiske behov. Barn på flukt har eit særskilt behov for tryggleik og eit velferdstilbod som sikrar dei ei plattform for eit nytt liv.

Raudt meiner at alle som har rett til opphald i Noreg skal ha rett til familiegjenforeining. Når personar har fått opphaldsløyve gjennom familiegjenforeining, bør dei få opphald som sjølvstendige personar, utan at opphaldsløyvet er avhengig av den personen dei er gjenforeint med.

Raudt meinar at ein må betra livsvilkåra for den store gruppa papirlause flyktningar som det ikkje er råd å sende tilbake. Noreg må til liks med dei fleste landa i EU nytte regulariseringsordningar som gjev heimel for at dei som har vore her lenge får opphalds- og arbeidsløyve.

Raudt arbeider for:

• Å auke talet kvoteflyktningar til Noreg.
• At Noreg ikkje bryt tilrådingane frå FN sin høgkommissær for flyktningar.
• At Noreg rettar seg etter Barnekonvensjonen i behandlinga av mindreårige asylsøkarar og at omsorg for asylsøkarbarn blir overført til barnevernet.
• At alle som søker asyl i Noreg skal få oppfylt retten sin til individuell handsaming av søknaden og få gratis og kompetent advokat frå første dag og fram til asylsaka er endeleg avgjort.
• Å opprette ein eigen asyldomstol med ankerett for å behandle forsvarssaker for flyktningar, og på den måten styrke rettstryggleiken deira.
• At klimaflyktningar skal få asylstatus i FN, og at Noreg skal ta imot offer for globale miljøendringar.
• Slutt på bruk av tvangsmidlar som ransaking, beslag, pågriping, varetekt og deportasjonar utan rettssak. Asylfengsel og teltleirar må bort.
• At mottaksordningane skal vere drivne og eigde av det offentlege.
• At alle som har vore i landet meir enn 2 år skal få opphalds- og arbeidsløyve.
• Papirlause flyktningar, som ein ikkje kan sende tilbake skal ha arbeidsløyve inntil utreisedato er gjort kjend.
• Opphaldsløyve skal gjelde utan krav til arbeid.
• At staten sørger for busetting av dei som har fått godkjent asylsøknad og at det også blir gitt økonomisk støtte ved familiegjenforeining. Familien sine medlemar har rett til arbeid og trygderettar.
• At asylsøkarar og papirlause skal ha same rett til fullverdige helsetenester som norske statsborgarar.
• At alle som oppheld seg i Noreg skal ha rett på nødvendig helsehjelp.
• Å styrke kompetansen innan traume- og krisebehandling i kommunane si førstelinjeteneste.
• At asylsøkarar skal ha arbeidsløyve og tilbod om norskundervising medan sakshandsaminga pågår.
• At alle som har opphald i landet skal ha rett til å blir sameint med familien sin.
• At inntektskrava knytt til familiegjenforeining blir fjerna.
• At alle som har barn med opphald i Noreg, sjølve skal få opphaldsløyve.
• At alle som er fødde i Noreg skal ha rett til statsborgarskap.

Eit raust og inkluderande samfunn

Innvandrarar er ikkje ei homogen gruppe. Dei har ulik kultur- og yrkesbakgrunn, alder og familiesituasjon. Raudt ser på innvandrarar som eit tilskot og ein ressurs for det norske samfunnet.

Raudt meiner at tillit til og tru på innvandrarar sine evner og moglegheiter er ein føresetnad for å kunne bidra til å realisere eit positivt, mangfaldig samfunn. At innvandarar ikkje får jobb, handlar ikkje om språkvanskar eller manglande kvalifikasjonar. Det som manglar er tiltak som set innvandrarar i stand til å konkurrere på like fot med andre i arbeidslivet. Mange møter dessutan motvilje frå arbeidskjøparar når det gjeld tilsetting. Raudt meiner innvandrarar må nyttast som ekspertar på korleis innvandrarar kan integrerast i arbeidslivet.

Dersom offentleg arbeidsformidling blir gjeninnført, kan alle minoritetar få ei betre integrering i arbeidslivet.

Rasisme i ulike former er det største hinderet for eit raust og inkluderande samfunn. Rasisme er ein del av den dominerende vestlege kulturen og ein konsekvens av århundre med kolonialisme, imperialisme og «kvit» undertrykking. I kjølvatnet av «krigen mot terror» har muslimar over heile verda blitt offer for rasistisk hets og diskriminering. Muslimar må stadig forsvare seg mot skuldningar om at dei støttar terror og kvinneundertrykking. Folk med innvandrarbakgrunn blir systematisk diskriminerte på arbeidsmarknaden, i bustadmarknaden og av media. Dei får dei dårlegast betalte jobbane og dei dårlegaste bustadane.

Staten er med på å forsterke rasismen gjennom innvandringspolitikken som framstiller innvandrarar som eit problem for det norske samfunnet. Den set norske og innvandra arbeidarar opp mot kvarandre, og også innvandrergrupper innbyrdes.

EØS-avtalen og tilpassinga til EU forsterkar den statlege rasismen. Grensa kring EU blir stengt og flyktningpolitikken blir harmonisert, medan det er fri arbeidsinnvandring og import av arbeidskraft i EØS-området.

Nye rasistiske og fascistiske grupper og parti har vakse fram i Europa dei siste åra, også i Noreg. Rasistisk propaganda er etter kvart blitt meir synleg og godtatt, og nører opp under vald og trakassering. Politiet legg dei fleste meldingar til sides og bagatelliserer rasistiske handlingar. Den ekstreme terrorhandlinga 22. juli 2011 var ei kraftig åtvaring mot å la slike haldningar få spreie seg utan mottiltak.

Rasismen rammar kvinner på to måtar, då kvinner i minoritetsmiljøa også blir undertrykte av menn og kulturtradisjonane der. Raudt ønsker å styrke innvandrarkvinner sine rettar og støtter jenter som gjer motstand mot undertrykkande og patriarkalsk praksis. Men kritikk av slike tradisjonar må ikkje bli ein kritikk av minoritetsmiljøa generelt eller islam generelt.

Raudt ønsker eit sterkare samarbeid med muslimske miljø for å motarbeide islamhetsen og forsvaret av imperialistisk politikk som kjem som ein følgje av islamhetsen. Vi ser også på dette som ein føresetnad for at progressive islamske miljø skal vinne fram i kampen mot reaksjonære krefter i desse miljøa.

Raudt arbeider for:

• Å lage nye ikkje-diskriminerande reglar for arbeidsinnvandring som også motverkar sosial dumping. Å melde Noreg ut av EØS vil vere det viktigaste for å få til dette.
• At Noreg skal seie opp Schengen-avtalen og Dublin-konvensjonen.
• At norsk tariff og norske arbeidsvilkår skal gjelde for alle som arbeider i Norge.
• At undervising på morsmålet skal vere ein rett for alle.
• At kommunane skal tilrettelegge særskilt for innvandrarar i helsevesen og eldreomsorg.
• At profesjonsutdanningane ved universitet og høgskular innfører kvotar for ungdom frå innvandrarfamiliar.
• At trygderettar som gjeld for norske statsborgarar også skal gjelde for flyktningar og innvandrarar.
• At innvandrarar som har flytta hit i vaksen alder skal sikrast full pensjonsopptening etter minst 20 år.
• At program for å vurdere innvandrarar sin kompetanse og utdanning frå heimlandet må bli tilbydd over heile landet.
• At bedrifter og bemanningsselskap skal bruke jobbsøknader der søkaren sitt namn ikkje synast, for å hindre diskriminering.
• At rasismeparagrafen (§135 A) blir handheva.
• At fascistiske og nazistiske organisasjonar blir forbudt.
• At ingen skal diskriminerast i arbeidsliv, skule eller liknande på grunn av religiøse eller kulturelle plagg.
• At det blir opna for å inndra skjenkeløyve ved diskriminerande eller rasistisk praksis på utestader.
• At asylsøkarar med avslag kan få høve til å endre status til arbeidssøkarar.
• Å stogge praksisen med å nytte Dublin II-avtalen si moglegheit til å sende asylsøkarar tilbake til første framkomstland innan Schengen – alle som kjem til Noreg skal ha rett til å få handsama asylsøknaden her.

Les mer i Rødts antirasistiske manifest

Lesbiske, homofile, bifile og transpersonar (LHBT)

Raudt meiner det er ein menneskerett for alle å leve ut si seksuelle legning og sine kjønnsuttrykk, så lenge ei kvar form for seksuell samhandling er basert på forståing, fri vilje og respekt. Alle må kunne leve ut sin seksualitet utan å bli forfølgde, mobba eller undertrykte på annan måte. Ein skal kunne forelske seg i den ein vil utan å møte fordommar. Kampen for seksuell fridom og rettar har sprengt rammene for den tradisjonelle kjernefamilien.

Trass i framgangen i kampen for rettar, finst det framleis fordommar mot personar som bryt med tradisjonelle kjønnsrollemønster. For mange fører dette til at dei vel å skjule seksualiteten sin i frykt for å bli avslørte og utstøytte. Dette er eit stort helseproblem. Skule og arbeidsliv er viktige arenaar for å spreie informasjon og kunnskap, slik at alle kan leve trygt og ope, uavhengig av seksualitet.

LHBT-organisasjonane er den viktigaste krafta i denne kampen. Raudt støttar dette arbeidet, men vil understreke at kampen mot undertrykking av lesbiske, homofile, bifile og transpersonar er ein kamp for alle, uavhengig av seksualitet.

Raudt arbeider for:

• Gode rammevilkår for alle institusjonar og organisasjonar som jobbar med LHBT.
• Oppretting av rådgivingstenester.
• Meir informasjon i skulen og i arbeidslivet.
• Øyremerking av statlege midlar til Helseutvalget, HivNorge og videreføring av prosjektet Rosa kompetanse.
• Å forsvare den kjønnsnøytrale ekteskapslova, samt rett til assistert befrukting, adopsjon og medmorskap.

Kapittel 11: Samepolitikk

To folk i eitt land - eitt folk i fire land

Raudt meiner at samepolitikken må ha som grunnlag at den norske staten er bygd på territoriet til to folk, det samiske og det norske. Dette må gjennomsyre arbeidet på alle plan i stat, fylke og kommunar, slik at samiske interesser blir vurderte i all samfunnsplanlegging der det er relevant, både innan næringsutvikling, miljøvern, helse og utdanning.

Det samiske folket er eit urfolk på Nordkalotten. Gjennom mange hundreår har det vore eit stort press frå statane i dette området for å få tilgang til og kontroll over dei rike naturressursane i Sápmi. Det samiske folket og landet deira, Sápmi, er delt mellom fire statar, Noreg, Sverige, Finland og Russland, etter at nasjonsgrensene på Nordkalotten blei trekte opp på 1800- og 1900-talet.

Raudt støttar samane sin kamp for kontroll over bruken av naturressursane i eigne område og for sjølvråderett over utviklinga av eigen kultur, språk og utdanning. Raudt støttar det samiske samarbeidet over grensene og vil arbeide for at grensene i minst mogleg grad skal skape hinder for samisk samarbeid og utvikling av fellessamiske institusjonar. Vi støttar arbeidet med den nordiske samekonvensjonen og vil arbeide for at denne blir vedtatt og gjennomført snarast råd. Samane sine rettar i samsvar med ILO-konvensjon 169 og FNs urfolkdeklarasjon må styrkast i alle fire land.

Raudt meiner at samane skal ha fast representasjon i Nordisk råd og kunne delta i parlamentarisk arbeid over landegrensene på Nordkalotten.

Møte mellom tre stammar i nord

I Finnmark og Nord-Troms er identitet og etnisitet eit mangefasettert og ofte tabubelagt område. I tillegg til samar og nordmenn har også kvenane lange tradisjonar i desse områda. Til liks med samane, har kvenane vore offer for hard undertrykking og fornorskingspolitikk frå den norske staten. Kampen står i dag for retten til å verne om og utvikle restane av kulturen, identitet, næringsgrunnlag og språket deira. Vi går inn for at også kvenane får sitt fond som erstatning for fornorskingspolitikken, og at det blir gitt tilstrekkelege statlege tilskot til revitalisering av kvensk språk og kultur, samt kvensk forsking og museumsverksemd.

Lokal kontroll med naturressursane Finnmarkslova/-eiendommen/Hålogalandsalmenningen Dei samiske områda inneheld store naturrikdommar som kapitalkreftene ønskjer å kontrollere. Utmarksforvaltninga må bygge på at dei lokale har førsteretten til utnytting av knappe ressursar i sitt virkeområde, og at bruksrett til desse ressursane og rettane kan reserverast bygdelag og innbyggarar av kommune og fylke.

Ved avgjerder om kven som har rettar kan ein bygge på alders tids bruk, men med unnatak av retten til reindrift skal det vanlegvis ikkje skiljast på etnisk grunnlag. I sæskilde tilfelle kan det gjerast unnatak, når det er nødvendig for å gjenopprette urett som er gjort mot særskilde samiske grupper, til dømes austsamane eller skoltesamane.

Raudt oppfattar Finnmarkslova som ei betring av forvaltingssystemet i Finnmark, der områda som tidlegare blei forvalta av Statsskog (95 % av fylket), blei overførte til eit privatrettsleg eigedomsselskap, Finnmarkseiendommen. Sjølv om Sametinget oppnemner halvparten av styremedlemane, er det tvilsamt om styreorganet fullt ut tilfredsstiller kravet i ILO-konvensjon 169, som slår fast at urfolket skal ha bestemmande fleirtal i forvaltningsutval i urfolksområde. Raudt vil støtte endringar i Finnmarkslova, som klargjer den samiske vetoretten mot naturinngrep i samiske område, jf ILO-konvensjon 169 som Noreg har forplikta seg til å følge.

Virkeområda for Finnmarkslova er unntatt hav, fjord, sokkel og undergrunn. Marine ressursar og undergrunnsressursar må inkluderast under forvaltinga for Finnmarkseiendommen og Sametinget, for å sikre at ein tar omsyn til samiske og lokale interesser med tanke på klimaendringar, kystfisket og den sjøsamiske kulturen, og den omfangsrike bergverksnæringa når det til dømes gjeld reindrifta.

Raudt meiner at også dei svenske samebyane som tradisjonelt driv grenseoverskridande reindrift, må sikrast deltaking i denne forvaltinga i dei område i Troms og Nordland der dei tradisjonelt har drive næring.

Reindrifta

I samisk kultur står reindrifta sterkt, både som næring og som kulturbærar. Reindrifta er arealkrevjande og er bygd på gamle tradisjonar med skånsam bruk av naturen.

Reindrifta er trua av at areala blir nytta til kraftutbygging, vindturbinparkar, vegar og jernbaner, hyttebyar, mineralutvinning eller andre arealavgrensande inngrep for næringa. Raudt vil forsvare reindrifta i slike konfliktar, der denne samiske næringa blir trua. Samstundes vil vi arbeide for ei omlegging av reindriftspolitikken, slik at ein styrkar ein allsidig bruk av reinprodukt, legg til rette for kombinasjonsnæringar og gjennomfører ein reduksjon av store reinflokkar. Det må bli slutt på å presse og lokke folk ut av reindriftsnæringa.

Fiskeria

Raudt støttar utgreiinga NOU 5/08 (Kystfiskeutvalget si innstilling) om retten til fiske i havet utanfor Finnmark, og meiner dei same prinsippa må leggast til grunn i alle fylke med historisk samisk kystbefolkning. For å ta vare på den sjøsamiske kulturen og på den måten også den tradisjonelle nordnorske kystkulturen, og for å motarbeide konsentrasjon av kapital og kvotehandel i fiskerinæringa, er det viktig å hevde allmenningsretten til folk i fjordane og kystnære område. Miljømessig meiner vi det er riktig å satse på kystflåten sine mindre båtar og å bygge ned havfiskeflåten. Dette vil sikre miljøet på havbotnen og hindre overfiske og bifangst. På denne måten kan ein halde oppe dei bestandane kystflåten fiskar på, samt sikre leveringar til industrien på land av høg kvalitet og med mindre ressursbruk og utslepp.

Samisk utdanning

Skadene etter langvarig fornorsking gjer at det må gjerast særskilte tiltak for å styrke samisk opplæring på alle plan. Tiltaka må ta sikte på å rette opp skadeverknadene så langt som mogleg.

Raudt arbeider for:

• At all utdanning i Noreg skal ta opp samiske spørsmål og samiske perspektiv innanfor eige fagområde. Dette er viktig både for å motverke fordommar og kunnskapsmangel om samar generelt, og for at fagpersonell innan ulike område skal ha eit grunnlag for å behandle samiske elever/ klientar/pasientar/kundar.
• At alle elevar i norsk grunnskule og vidaregåande skule skal ha rett til å velje samisk som fag, uavhengig av eigen etnisk bakgrunn.
• At samisktalande elevar skal ha lovfesta individuell rett til undervising på samisk. Samiske elevar skal så langt som mogleg ha rett til å velje samisk læreplan uavhengig av kvar i landet dei bur, og lærarar må få utdanning til å gi undervisning også etter samisk læreplan.
• Lovfesting av retten til samiske læremiddel.
• At det særeigne innhaldet i barnehage og skule i samiske område byggjer på kunnskapar og tradisjonar som den samiske kulturen er forvaltar av. At grendeskular i samiske område får eit særskilt vern mot nedlegging.
• At det samiske barnehagetilbodet må vidareutviklast, både i form av samiske barnehagar og barnehageavdelingar, og av språkstøtte for enkelte samisktalande barn.

Kapittel 12: EU og EØS

EU blir ein stat. Med Lisboa-traktaten er EU i ferd med å fullføre utviklinga til ein superstat med eigen utanriksminister, eigen president, eigen domstol og eige militærapparat. Ein stat der kommisjonen ikkje er valt, men utpeikt og har einerett på å foreslå lover. Parlamentet har berre utsettande myndigheit. EU manglar det grunnleggande for ein demokratisk stat, ein felles kultur, historie og ikkje minst språk. EU er den einaste staten i verda der marknadsliberalismen er traktatfesta og berre kan endrast ved vedtak i alle 27 land. Med finanstraktaten blir automatiske straffetiltak innførte ved budsjettunderskot og motkonjunkturpolitikk blir forbudt. EU kastar regjeringar og set inn teknokratregjeringar som berre har som oppgåve å gjennomføre EU sin kuttpolitikk. EU er ikkje eit demokrati og truar demokratiet i land etter land.

EØS-avtalen

Med EØS-avtalen er Noreg ein del av EU sin indre marknad og blir tvinga til å godta alle nye lover som EU innfører. EU-retten har førerang framfor norsk lov. Vesentlege delar av norsk folkestyre blir sett til side. Den indre marknaden er bygd på fri rørsle for kapital, varer, tenester, arbeidskraft og fri etableringsrett. Denne traktatfesta marknadsfridomen set retten til å krevje tariffavtalar og sikre like løns- og arbeidsvilkår til side. Avtalen er på kollisjonskurs med dei faglege rettane våre og med norsk folkestyre.

Raudt meiner at EØS-avtalen må seiast opp og erstattast med ein handelsavtale. Ein avtale der begge partar må vere einig i endringar.

• Raudt vil ha ei folkeavstemming om EØS-avtalen.

Sjølvråderetten

I tillegg til å være eit frihandelsområde, tar EU stadig meir form av ein superstat med eigen domstol, regjering og militærvesen. Dei handhever sine økonomiske og politiske interesser i skarp konkurranse med alle andre økonomiske stormakter, ikkje minst USA og Kina. Dette er ein trussel mot sjølvråderetten til alle EU sine medlemsland. Privatisering og svekking av faglege rettar blir gjennomførte med bakgrunn i EU-vedtak. Høvet til å stanse denne nyliberale politikken gjennom lokalt og nasjonalt demokrati blir mindre og mindre.

Schengen og Europol

Noreg blir stadig tilslutta nye delar av justispolitikken til EU. I 2001 gjekk Stortinget einstemmig inn for norsk tilslutnad til EU-politiet Europol. Gjennom tilslutnad til Dublin-konvensjonen legg EU også sterke føringar på den norske asylpolitikken. Prinsippet her er at avslag i eitt land tyder at asylsøknaden ikkje skal vurderast i andre land.

Schengens personregister tener både til å overvake og kontrollere politisk opposisjon innad og til å stenge flyktningar ute. SIS-registeret inneheld millionar av personopplysningar. Det overveldande fleirtalet av dei som er registrerte, er det EU kallar uønska utlendingar, og ikkje kriminelle. Schengen-registra blir m.a. nytta til å kontrollere politiske aktivistar som kryssar grenser til EU- og Schengen-land.

Raudt arbeider for:

• At Noreg ikkje blir medlem av EU.
• Å få sagt opp EØS-avtalen.
• At Noreg aktivt skal nytte reservasjonsretten i EØS-avtalen.
• Å forsvare faglege rettar mot angrep med bakgrunn i EU-vedtak.
• Å hindre norsk tilknyting til euroen.
• Å hindre norsk tilknyting til EU sin utanriks-, tryggleiks- og forsvarspolitikk.
• Å seie opp Schengen-avtalen.
• Å forsvare faglege rettar mot angrep med bakgrunn i EU-direktiv, som vikarbyrådirektivet og tenestedirektivet.
• Å arbeide mot innføring av postdirektivet.
• Å hindre nye EU-direktiv som undergrev faglege rettar slik som Håndhevingsdirektivet og Jernbanepakke 4.

Kapittel 13: Kultur, media, kommunikasjonsteknologi og idrett

Kultur

Raudt arbeider for eit rikt og variert kulturliv, der ulike kunstartar, stilretningar og kulturar med både profesjonelle utøvarar og eit breidt folkeleg kulturliv blir stimulert. Raudt ønskjer auka satsing på kultur gjennom offentleg støtte. Dette må også gjerast gjennom rimeleg utleige av lokale til frivillig kulturaktivitet, offentleg støtte til både profesjonelle og amatørar sin aktivitet, og ved subsidiering av prisar.

Raudt meiner at kommersialisering av kultur bidrar til å svekke dei kulturformene som ikkje har størst publikum. Kulturformer utan eit kommersielt potensial må synliggjerast, m.a. ved at Norsk kulturråd i langt større grad enn i dag gir støtte til kulturuttrykk tilknytta minoritetar, ungdom og andre grupper. Det må stimulerast til at nye generasjonar og miljø utviklar sine eigne, uavhengige kulturelle uttrykk innan alle sjangrar.

Viktig kunst- og kulturhistorie går i dag tapt eller forfell på grunn av manglande statleg støtte. Arkeologiske kulturminne blir øydelagde fordi grunneigarar ikkje har råd til å påkoste vern eller utgraving. Raudt meiner det er viktig å ta vare på og formidle kunnskap om vår felles kulturarv og kulturminne, anten dei finst som anlegg og bygningar i by og land, som kulturlandskap eller som gjenstandar i arkiv og museum. Denne arven er vår felles eigedom. Raudt arbeider derfor for auka statleg satsing på kartlegging og vedlikehald av kulturminne, samt at kunnskapen om desse må gjerast meir tilgjengeleg for folk flest. Vi meiner det er eit offentleg ansvar å ta vare på bevaringsverdig arkivmateriale både frå organisasjonar, bedrifter og privatpersonar (privatarkiv).

Raudt meiner at nynorsk er ein viktig del av vår kulturarv og vil styrke denne målforma. Dersom bokmål og nynorsk skal bli likestilte i praksis, trengs det aktive tiltak for å styrke nynorsken sin plass i samfunnet. Raudt meiner at media spelar ei særleg viktig rolle i kampen for reell språkleg likestilling, og vil stimulere til meir nynorsk i alle media.

Raudt arbeider for:

• At det blir spelt meir uavhengig norsk musikk på radio og i tv.
• At kulturpolitikken skal gjengi den fleirkulturelle verkelegheita.
• Litteraturhus og/eller kulturhus som samlingspunkt for kultur i dei store byane.
• At teikneseriar får si eiga innkjøpsordning gjennom Norsk kulturråd.
• Øyremerka midlar til auka satsing på nye og uavhengige kulturuttrykk.
• Styrking av det rusfrie kulturtilbodet.
• Styrking av frivillig studiearbeid.
• Same pris for bøker over heile landet. Vi forsvarar bokavtalen.
• Å oppretthalde permanent høgskuleutdanning for norsk folkekultur.
• At kunstnar- og forfattarorganisasjonane sine krav til auka bruk og vederlag blir innfridd.
• Styrking av biblioteka med auka og øyremerka løyvingar.
• Kommunale kulturskular og internasjonale kultursenter over heile landet.
• At kulturskulane blir bygde ut med fleire fag og at undervising også blir tilbydd andre aldersgrupper, og desse skal vere gratis.
• Større del norsk, samisk og kvensk folkekultur, romanikultur og innvandrarkultur i media.
• Å gjenopprette NRK som ei riksdekkande kultur- og mediebedrift, som ikkje er marknadsstyrt.
• Mangfaldige massemedium. Vi ønskjer strengare avgrensing av eigarkonsentrasjon i mediebransjen.
• Offentleg utbygging av digitalt fjernsynsnett over heile landet.
• Offentleg utbygd og eigd breibandnett gratis til alle husstandar og arbeidsplassar.
• Å oppretthalde og styrke kommunal kinodrift.
• Å auke løyvingane til norsk filmproduksjon.
• Styrking av nasjonale og lokale kulturhistoriske museum, samt arkiv og museum som tar vare på kvinne- og arbeiderkultur, industri- og urfolkshistorie, i tillegg til nasjonale og nye minoritetar si kulturhistorie.
• Statlege løyvingar til fylkeskommunane sitt arbeid med verning av privatarkiv.
• Auka statleg del av kostnadane ved arkeologiske utgravingar for små og mellomstore grunneigarar og byggherrar.
• Meir nynorsk i NRK og statsforvaltinga.
• Auka støtte til Nynorsk mediesenter.
• At målbrukslova skal handhevast.
• Oppretting av eit fond som skal fremje nynorsk i journalistikken.
• Gode rammevilkår for alle institusjonar som fremjer norsk skriftmål.
• At det offentlege skal stille krav ved innkjøp om at dei vanlegaste dataprogramma ligg føre både på bokmål og nynorsk.
• At behovet for skulen som lokalt kulturhus og kulturutøverar sine behov skal vurderast tidleg i planprosessen ved nybygg og rehabilitering av skulebygg.

Ungdomskultur

Ungdom utan stemmerett taper altfor ofte i budsjettkampen. Fritidsklubbar blir lagde ned, og det er alt for få kulturtilbod utan dyre prisar og/eller 18-års aldersgrense. Ungdom har i alle år utvikla sine eigne former for kultur, ofte i motsetnad til både mainstream- og elitekultur. Raudt meiner at ungdom skal ha rett og høve til å skape og utvikle sine eigne kulturuttrykk. Fritidsklubbar og ungdomstiltak må lovfestast slik at det blir vanskelegare å legge ned tilboda.

Raudt arbeider for:

• Auka løyvingar til idrettsorganisasjonar, musikk, korps og andre som tilbyr fritidsaktivitetar for barn og unge.
• Lovfesting av fritidsklubbar.
• Ungdomsrabattar på kultur- og fritidstilbod.
• At ungdom skal ha tilgang til gratis øvingslokale og innspelingsstudio i alle kommunar.
• Lovlege graffitiveggar.
• Sjølvstyrte ungdomshus.

Media og kommunikasjonsteknologi, opphavsrett og åndsverk

Ny informasjonsteknologi endrar daglegliv og samfunn i høgt tempo. Raudt ønskjer ei fri og open digital framtid. Den teknologiske utviklinga har skapt eit unikt høve til å gi ein betre informasjons- og kulturtilgang til alle, eit høve som ikkje blir fullt ut utnytta på grunn av ein økonomisk modell som er forelda.

Raudt ønskjer at informasjon og kunnskap skal vere gratis tilgjengeleg for alle. Vi ønskjer også at kulturarbeidarar skal sikrast inntekter som er tryggare og betre enn i dag. For å oppnå dette må dagens individuelle betalingsmodellar erstattast av kollektive betalingsmodellar. Raudt ønskjer at organisasjonane til dei som skaper informasjon og kulturprodukt som blir delte på internett skal inviterast til ein brei dugnad for å få på plass kompensasjonsordningar som kan sikre kulturarbeidarar ein tryggare økonomi i den digitale framtida enn dei har hatt i den analoge, samtidig som ikkje-kommersiell fildeling kan bli avkriminalisert og det globale verdsbiblioteket som internett er blitt, kan bli stadig meir velfylt.

Ulik tilgang til ny teknologi kan skape nye klasseskilje. Medan vi ser store opne dugnadsprosjekt som fri programvare, wikipedia o.l. som alle kan både delta i og nytte seg av gratis, ser vi også at kommersielle aktørar prøver å skaffe seg monopolliknande situasjonar gjennom å presse fram eit lovverk på patentområdet som går stadig lenger. Raudt vil ha ei fri, demokratisk og open digital verkelegheit, og kjemper derfor for at alle skal ha god tilgang til informasjonsteknologi, både i skulen og heime, og for at det offentlege skal støtte opp om, og nytte seg av fri og open programvare.

Raudt arbeider for:

• Felles minstekrav til PCar og nett i alle skular.
• At alle skular raskt må få trådlaust internett internt.
• Pengar til sabbatsår og vidareopplæring for lærarar.
• Støtte til lokal og sentral utvikling av pedagogikk.
• Støtte til utvikling av Skulelinux-prosjektet og anna fri programvare til bruk i skulane.
• Å gjere verdskulturen tilgjengeleg for alle på internett.
• Å ruste opp lokalbiblioteka med statlege løyvingar som garanterer lik kvalitet i alle kommunar.
• Å støtte Nasjonalbiblioteket sitt arbeid for å gjere alle sider av kulturarven fritt tilgjengeleg på internett: aviser, bøker, radio, tv-programmer, film osv.
• Å avkriminalisere ikkje-kommersiell fildeling.
• Å lage kompensasjonsordningar til forfattarar, omsettarar og forlag for å legge ut bøker, film, musikk osv. som ikkje er i sal, fritt tilgjengeleg på internett.
• Pressestøtte for gratis kvalitetsaviser og tidsskrift på internett.
• Utbygging av breiband, der det ikkje alt finst eller blir utbygt.

Raudt er for fri programvare, og arbeider for:

• Opne format lovbestemt til offentleg informasjonslagring og kommunikasjon.
• Forbod mot lukka, proprietær programvare som standard i stat og kommune.
• Nei til patentar for programvare, fjern snikinnføringa av programvarepatentar i Noreg.
• At det skal innførast ei offentleg stipendordning for programmerarar, som utviklar fri programvare (open kildekode) til allmenn glede og nytte.
• At stat, kommune og fylkeskommune skal finansiere utvikling av open kildekodeprogram til eige bruk, og dernest legge det ut til allmenn bruk.
• Framleis nettnøytralitet slik at alle aktørar på nett blir likebehandla.

Raudt vil slåss for at fridomar, som folk tar for gitt i kvardagen også skal gjelde på dei digitale plattformene der stadig meir av kommunikasjonen går føre seg, og der stadig fleire bruker stadig meir av liva sine. Vi ser at sterke kommersielle aktørar i kampen mot fildeling, pressar på for lovendringar som fjernar stadig meir av fridomen på nettet. Samstundes har Noreg valt å implementere EU sitt datalagringsdirektiv. Raudt er sterke motstandarar av det omfattande tilsynet av alle innbyggarar som EU sitt datalagringsdirektiv fører med seg. Raudt ser ytringsfridom som eit gode, ikkje ein fare. Lover som rammar rasisme, overgrepsbilete osb. finst alt, og det trengs ingen nye.

Raudt arbeider for:

• Ingen særlover som avgrensar ytringsfridomen på internett.
• Nei til private organisasjonar sine ”nettfilter” i bibliotek og skular.
• Rett til å dele informasjon, kultur og programvare med andre på ikkje-kommersiell basis uten avgrensingar.
• Ingen innskrenkingar i retten til å sitere, kopiere, låne, gi bort eller selge informasjon.
• Å redusere vernetida til opphavsrett og differensiere vernetida til patent.
• At politiet ikkje skal få enklare tilgang til å kontrollere e-post, anna nettbruk og mobiltelefon enn vanlege brev og telefon.
• At arbeidsgjevarar ikkje skal ha rett til å kontrollere e-post på jobben.
• Streng lovavgrensing av kommersiell samling av persondata.
• At private aktørar ikkje må kunne få ut personopplysningar frå internettleverandørar.
• At Noreg reverserer lovgivinga som blir innført med implementeringa av EU sitt datalagringsdirektiv.

Med den nye offentleglova, er retten til innsyn i offentlege dokument styrka. Dette er viktig, fordi retten til innsyn i forvaltninga sine saksdokument er eit fundamentalt prinsipp for å styrkje demokratiet i samfunnet. Mange offentlege dokument blir det likevel nekta innsyn i, dette gjeld særleg interne dokument i ulike organ. Om det ikkje er andre omsyn som tilseier at desse dokumenta skal unntakast publikum, meiner vi at dei bør vere opne for innsyn. Raudt meiner at mer offentlegheit er eit viktig prinsipp, og at det bør følgast opp. Det skal ikkje berre vere eit omgrep, som det offentlege skryt av utan å syne det i praksis.

Offentleg informasjon, som til dømes kartdata frå Statens kartverk og kommunale etatar, bør vere gratis og fritt tilgjengeleg for alle.

Raudt arbeider for:

• At alle offentlege organ, som er omfatta av offentleglova, gjer det enklast mogleg å få innsyn i offentlege dokument.
• At offentlege organ følgjer offentleglova og praktiserer meiroffentlegheit.
• At økonomien i offentlege organ blir styrka, slik at det er praktisk mogleg å følgje opp prinsippa i offentleglova.
• At all offentleg informasjon skal være gratis og fritt tilgjengeleg for alle.

Som eit sosialistisk parti slåss Raudt mot teknologiske klasseskilje over heile verda, og for demokrati og ytringsfridom på nettet for alle. Når dei rikaste ranar til seg monopol på informasjonen, gjer det situasjonen endå verre for dei fattigaste. Tilgang til verdskulturen, informasjon om alt frå medisin til lærebøker, nyhende og kunst, og dermed til internett, må bli ein menneskerett.

Raudt arbeider for:

• At Noreg må støtte FN si målsetting om internett til alle.
• At Noreg må støtte initiativ for informasjonsteknologi for verdas fattige.
• At kontrollorgana for IP- og DNS-delegering må overførast til FN.

Idrett

Breiddeidretten har stor helsemessig, sosial og demokratisk tyding i samfunnet. Fysisk rørsle og god fysisk form er grunnleggande for menneska sitt velbefinnande. I dagens stillesittande samfunn veks den samfunnsmessige tydinga av fysisk aktivitet og idrett for alle. Raudt meiner derfor at det må satsast meir på dette enn tidlegare. Idretten sine eigne behov og befolkninga sine behov for mosjon og rørsle må leggast til grunn for talet ulike idrettsanlegg og anlegg for fysisk aktivitet som skal byggast.

Den kommersielle toppidretten blir i aukande grad underhaldningsindustri. Pengefokuset omdannar idretten til ei pengemaskin for investorar og eliteutøvarar. Raudt meiner det offentlege si hovudoppgåve skal vere å fremje breiddeidretten og dei klubbane som driv med denne. Her trengst det areal, nye anlegg og midlar til godt vedlikehald og teknisk og personellmessig drift.

Raudt vil sikre at sentrale og lokale myndigheiter set av nok midlar til å bygge ut dei idretts- og aktivitetsanlegga som det er behov for innan ein 20-årsperiode, slik at ikkje nedskjeringar fører til stadige utsettingar på gjennomføring av planer. Det må settast av nok pengar til skikkeleg drift og vedlikehald av alle anlegg slik at dei kan fungere best mogleg i lang tid.

Det offentlege må også bidra mykje meir enn i dag til den daglege drifta av idrettslag. Idrettsrørsla er ei av dei største organiserte rørslene i landet. Den organiserer veldig mange unge menneske. Medlemane driv klubbane hovudsakleg på dugnadsbasis og ut frå medlemskontingent. Men kostnadane ved å drive ein klubb er langt større enn det ein sparer på dugnadsarbeid og får inn i kontingent. Det er ikkje ønskeleg at klubbane aukar medlemskontingenten sin då det fører til at de ikkje femner like breidt som når kontingenten er låg.

Idrettsråda er sentrale for at idretten klarer å samordne sine behov overfor kommunane og reise effektiv kamp for tilstrekkeleg med areal, anlegg og midlar. Det er derfor viktig å styrke idrettsråda sin plass i Idrettsforbundet.

I dag går det ikkje direkte løyving over statsbudsjettet til breiddeidretten. Inntektene til breiddeidretten er avhengige av inntekter fra ulike spel, som i dag blir administrert frå Norsk Tipping. Dette kan vere ein relativt stabil inntektskjelde, men det er uheldig at idretten skal vere avhengig av pengespel for å få sine inntekter.

Raudt arbeider for:

• Å satse på breiddeidrett.
• Å styrkje den uorganiserte idretten ved at hallar, ballspelbingar og skøytebaner er tilgjengelige i dei fleste større bustadområde.
• Å sikre utbygging, vedlikehald og tilgang til offentlege idrettsanlegg i heile landet.

Kapittel 14: Kampen for eit nytt samfunn

Dette arbeidsprogrammet inneheld ei rekkje politiske krav og kampsaker som alle er realistiske: Det er lett å peike på korleis dei kan gjennomførast dersom det er politisk vilje til å gjere det. I Noreg har vi i dag menneskelege og materielle ressursar til å gjennomføre dei programpunkta som gjeld Noreg. I verda som heilskap sit menneska inne med kunnskap og evner til å gjennomføre alle dei punkta som krev internasjonal innsats.

Samstudens vil mange seie: Dette er urealistiske krav. Nokre av dei kan kanskje la seg gjennomføre, men mange kan ikkje det, og det å gjennomføre alle i løpet av nokre få år synest heilt umogleg. Da er vårt svar: Kvifor blir det som eigentleg er mogleg, opplevd som umogleg? Det er fordi vi lever under eit samfunnssystem som får kapitalen sine krav til å framstå som tvingande nødvendige, medan menneska og naturen sine behov kjem i andre og tredje rekkje. Sidan Statoil «må» ekspandere internasjonalt for å hamle opp med dei andre store oljeselskapa i jakta på å få opp meir olje og gass, kan ikkje selskapet prioritere satsing på heilt realistisk, men mindre lønnsam utvikling av nye, fornybare energikjelder - sjølv om det er det menneskeslekta absolutt treng. Raudt arbeider saman med stadig fleire menneske over heile verda som innser at vi må komme oss ut av kapitalismen. Folk i alle land må ta kontroll over sin eigen skjebne, ved å ta makta frå kapitalen og innføre eit sosialistisk samfunn, som er kontrollert og styrt nedanfrå, ut frå menneska sine eigne behov.

Svært mange innser at det ikkje berre er mogleg, men også tvingande nødvendig å redusere verda sine klimagassutslepp vesentleg. For å oppnå det, og samstundes gi rom for ei nødvendig utvikling av produksjon og levestandard for verda sine fattige milliardar, må rike land som Noreg drastisk redusere sine klimagassutslepp. I dette arbeidsprogrammet har vi peikt på ei rekkje konkrete tiltak som kan gi den nødvendige reduksjonen i Noreg sine klimagassutslepp. Men det som skjer i Noreg er akkurat det motsette: Norsk produksjonsliv blir stadig sterkare prega av ei stor satsing på fossil energi, som fører til at utsleppa går opp i staden for å minke. Til liks med dei styrande kreftene i dei andre framskridne kapitalistiske landa, peikar norske regjeringer på at ”dei andre” må gjennomføre utsleppsreduksjonane. Dei kreftene som dominerer produksjon og politikk i verda, driv menneskeslekta mot stupet. Både dei og vi veit det, men i ei verd som blir styrt av kapitalistar sin kamp for å få sin kapital til å vekse raskare enn konkurrentane sin, er det umogleg å gjennomføre det som er nødvendig.

I dette arbeidsprogrammet peikar vi på ei rekkje område der det er nødvendig med auka offentleg innsats. Det må brukast fleire ressursar og meir arbeidskraft på å utvikle ein velferdsstat som er på høgde med vår tids behov, til dømes på viktige område som fysisk og psykisk helse. Men det er det motsette som skjer: I heile Europa og over store delar av resten av verda blir det retta kraftige angrep mot det som måtte finnast av offentlege velferdsordningar. Det har samfunnet ikkje lenger råd til, blir det sagt. Nettopp i dei landa der denne påstanden blir fremja med størst kraft, er det samtidig svær arbeidsløyse og ei storstilt sløsing med desse landa sine produktive ressursar. Folkelege krav og demokratiske prosessar blir feia vekk, og i staden blir desse angrepa iverksette gjennom pålegg og press frå dei mektige kreftene, som leier den internasjonale kapitalismen.

Eit samfunn bygt på at den raske utviklinga i mennesket sine produktive evner skal styrast av det som tener makta og rikdomen til ein liten elite, utviklar nødvendigvis store indre motsetningar. Desse utfaldar seg i ei stadig meir omfattande økonomisk krise, som i sin tur blir skjerpa av at dei produktive kreftene blir brukte på ein måte som kolliderer med naturen sine eigne grenser.

Både i Noreg og i ei rekkje andre land blir bedrifter lagde ned der kunnskapsrike og kompetente arbeidsfolk arbeider med å produsere varer og tenester som folk treng. I Noreg har vi ei rekkje døme på at slike nedleggingar også rammar bedrifter som arbeider med framtidsretta, klimavennleg produksjon. I offentleg sektor blir tilbod som folk oppfattar som livsviktige lagde ned, trass i at dei som jobbar der kjempar for å få halde fram med å gi dette tilbodet.

Vi er i ei skjebnetid der kapitalismen sin omsynslause dynamikk er blitt meir destruktiv enn konstruktiv, og der det er nødvendig at den blir erstatta av ei verd der folk sjølve tar kontrollen over sine eigne liv og sitt eige samfunn.

Vi lever i ei tid der opprør spreier seg frå land til land. Dei alternativa som kapitalismen sjølv presenterer, er så snevre at regjeringar – anten dei kallar seg høgre- eller venstreorienterte – set i verk støttetiltak for finanskapitalen samtidig som det blir kutt i trygder, angrep på rettar i arbeidslivet, sosial dumping og hardere utbyting av arbeidsfolk. Den veksande opprørsbølgja ropar på alternativ, og stadig fleire nektar å godta Margaret Thatcher si berømte utsegn ”There Is No Alternative”.

Også i Noreg blir politikken prega av angrep på tilkjempa rettar og velferdordningar. Når dette arbeidsprogrammet blir skrive, er Noreg likevel i ein situasjon der desse angrepa er mykje svakare enn i dei aller fleste andre land, først og fremst fordi det ekstremt høge aktivitetsnivået i olje- og gassektoren skapar eit lokalt press i marknadene for varer og tenester og arbeidskraft. Den norske staten kan dessutan flyte på ei opparbeidd finansformue bygd på olje- og gassinntekter.

Derfor står viljen til opprør nokså svakt i Noreg når dette blir skrive. Men førestillinga om at Noreg kan eksistere som ei slags privilegert øy i ei stadig meir kriseprega verd, er urealistisk. Også arbeidsfolk si verkelegheit i Noreg vil bli stadig sterkare trua av kriseutviklinga.

For Raudt er det viktig å bidra så godt vi kan med å fremje folk sin kamp for å forsvare seg mot angrepa her og no, og peike på dei moglegheitene og alternativa som finst innan dagens kapitalistiske Noreg. Det er viktig å utnytte eit kvart høve som finst til å kjempe fram delsigrar, og Raudt vil både i fagrørsla og andre folkelege organisasjonar arbeide for det. Samstundes er det viktig å peike på at ein kvar siger vil møte nye angrep frå ein kriseprega herskarklasse, for at byrdene av krisa skal bli velta over på arbeidsfolk og på dei som ikkje har makt i samfunnet.

Men det aller viktigaste Raudt kan bidra med, er å trekkje stadig fleire med i å utvikle forståing og vilje til å erstatte kapitalismen med eit nytt samfunn, eit sosialistisk Noreg, der folk flest styrer aktivt, og der det er folk si eiga prioritering av viktige behov som avgjer korleis vi skal bruke arbeidskraft og natur og alle dei materielle verdiane, som arbeidsfolk har skapt fram til no.

Å velte kapitalen sitt herredømme og byggje eit nytt samfunn er ei stor oppgåve, som folk i mange land må gå saman om for å lukkast med. Derfor er det til dømes viktig for Raudt å støtte det opprøret som i 2011 utvikla seg i ei rekkje arabiske land, og den protestrørsla som aukar i styrke i ei rekkje europeiske land. Vi støttar folk sin kamp mot undertrykking og for fridom og sjølvråderett over heile verda. Vi arbeider målbevisst mot norsk deltaking i krigføring mot folk i andre land, som krigen i Afghanistan har vore eit tragisk døme på. Raudt støttar folk sin kamp for frigjering, både fordi det er riktig i seg sjølv, men også fordi vi innser at kampen deira er eit ledd i heile menneskeslekta sin kamp for ei ny verd, fri for utbyting og undertrykking. Kampen deira er ein nødvendig førsetnad for at vi i Noreg osgå skal lukkast med å fri oss frå det som stadig fleire vil oppleve som kapitalismen sitt åk også her i landet.

Ei mengd av dei krava som Raudt reiser i dette arbeidsprogrammet, har brei støtte hos folk i Noreg. Men det er framleis få som engasjerer seg saman med oss i arbeidet for eit anna samfunn. Det kjem dels av at vi sjølve ikkje har vore flinke nok til å skape ein felles prosess for å utvikle innsyn og idéar om korleis eit slikt framtidig samfunn skal vere og korleis det kan bli verkelegheit. Dels kjem det av at tilkjempa kvalitetar ved det norske samfunnet framleis står så sterkt at få opplever noko behov for å få vekk kapitalismen for å kunne forsvare desse kvalitetane og utvikle dei vidare.

Derfor vil arbeidet vårt for å verkeleggjere dei sakene som vi reiser i dette arbeidsprogrammet, gå hand i hand med arbeidet for at stadig fleire også her i Noreg skal engasjere seg i kampen for eit nytt samfunn, der menneske og natur kan fungere saman i eit samspel, som kan vere berekraftig i fleire tusen år framover. Det er den store utfordringa i vår tid.

Google+