Rødt

Kart over Norge

Lokallag

Er Ap viktigere enn Fagforbundet?

Foto: Kenneth Sortland Myklebust
Navngivelse-Ikkekommersiell-Del på samme vilkår (by-nc-sa)

Når Jan Davidsen bruker makta si for å tvinge Are Saastad ut av fagforeninga på Aker, går han ærend for dei direktørane i Helse Sør-Øst som vil svekke fagforeninga på Aker.

«Vi har ikke ønsket at det enkelte medlem selv skal få avgjøre hvilken fagforening det skal være medlem av.» Jan Davidsen, som er leiar i Fagforbundet, ordla seg slik i eit brev til Are Saastad. Sistnemnde var tidlegare leiar av Fagforbundet si avdeling på Aker. Arbeidsgivaren har «omplassert» han frå Aker til A-hus. Vedtektene i Fagforbundet seier at fagforeningsorganisering «er uavhengig av arbeidsgivers organisering.» Eg synst likevel at Davidsens ord hadde vori eit godt svar dersom saka handla om korvidt fagforeningane bør tilpasse seg når medlemmane får ny arbeidsgivar etter eit fullført oppkjøp, ei fullført bedriftssamanslåing eller liknande.

I denne saka er det ikkje slik. Oslo-sjukehusa står framleis midt i ein skakkøyrd fusjonsprosess som regjeringa prøver å tvinge igjennom.

Davidsens ord hadde òg vori eit godt svar dersom Are Saastad var ein anarkist som etter eige hovud ville velje seg medlemskap i den fagforeninga han til kvar tid likte best. Jan Davidsen veit så altfor godt at denne saka handlar om noko heilt anna. Are Saastad er ein av tusentals tillitsvalde som har stått på for å rekruttere arbeidsfolk til sterke fagforeningar. Han og fagforeningskameratane hans har i praksis vist at samhald og høg organisasjonsprosent gir styrke.

Vi som lenge har vori organisert i Fagforbundet, veit jo at Jan Davidsen vanlegvis er FOR denne typen grunnplansarbeid. Saka er enkel: Fagforbundet på Aker er ein pådrivar i kampen for å hindre nedlegging. Derfor flytta direktørane i Helse Sør-Øst Are Saastad til eit anna sjukehus innafor konsernet. Målet var å hindre at han kunne fortsette som frikjøpt tillitsvald og leiar i fagforeninga.

No står kampen om storfusjonen av Oslo-sjukehusa og vipper. Så godt som alle – utanom regjeringa, dei høytlønna direktørane og politikarane med styreverv – ser at fusjonen bør stansast. Jan Davidsen er både forbundsleiar i det største forbundet i LO og sentralstyremedlem i Ap. Når han bruker makta si for å tvinge Are Saastad ut av fagforeninga på Aker, går han ærend for dei direktørane i Helse Sør-Øst som vil svekke fagforeninga på Aker som framleis slåst saman med befolkninga i Groruddalen og Aker sykehus venner.

Spørsmålet er enkelt: Er forbundsleiar Jan Davidsen i denne saka mest opptatt av å gjere det Jens Stoltenberg forventar av eit sentralstyremedlem i Ap? Ser vi eit eksempel på at Davidsen først og fremst forsvarer Ap sin skakkøyrte og upopulære sjukehuspolitikk?

Erling Folkvord

Publisert i Dagsavisen torsdag 15. desember.

Publisert: