Rødt

Kart over Norge

Lokallag

Menu

Vedtekter

§ 1 Namn og formål

  1. Partiet heiter Rødt/Raudt. Det samiske namnet er Ruoksat.
  2. Raudt driv politisk arbeid på grunnlag av partiet sine program og vedtekter.

§ 2 Medlemene sine rettar og plikter

  1. Alle som godtar programmet og vedtektene til Raudt og som betaler kontingenten, vert medlem i partiet.
  2. Eit nytt medlem har rett til å få ei innføring i kva partiet står for (program, vedtekter og partiarbeidet).
  3. Ein må ha vore medlem i tre veker før ein får røysterett på årsmøte og nominasjonsmøter og før ein kan røyste ved val av delegatar til slike møter og/eller til landsmøtet i partiet.
  4. Medlemene har rett til – gjennom ein grunnorganisasjon – å delta ved val av delegatar til årsmøte og landsmøte og til sjølv å vere delegat. Ingen kan binde korleis eit partimedlem skal røyste.
  5. Medlemene har rett til å anke vedtak frå eit organ til eit høgare organ.
  6. Medlemene har rett til å få rapportar om arbeidet til partileiinga og om utviklinga i partiet som heile.
  7. Partiet skal leggje til rette for at medlemene kan arbeide aktivt i lag. Medlemene bør om mogleg delta i lagsarbeidet.
  8. Medlem i Raudt kan ikkje samtidig væra medlem i anna norsk politisk parti.
  9. Medlem i Raudt kan ikkje tilhøyra politisk forening/organisasjon som motarbeider Raudt.

§ 3 Kontingent

  1. Landsmøtet fastset kor høg kontingenten er. Satsane skal graderast etter inntekt. Medlemene vert oppfordra til å betale meir enn sats.
  2. For å ha røysterett på møte i partiet og for å kunne veljast til verv i partiet eller som delegat til årsmøte eller landsmøte, må ein ha betalt kontingent det aktuelle året. Landsstyret fastset elles reglar for innbetaling av kontingent og kva verknad manglande innbetaling har på medlemsrettane.
  3. Minst halvdelen av kontingenten skal tilfalle grunn- og fylkesorganisasjonane.

§ 4 Organisasjonsprinsipp

  1. Raudt skal vere ein open organisasjon prega av gjensidig respekt, der usemje vert verdsett og politikk vert utvikla i eit arbeidsfellesskap. Lag og medlemer skal gjere usemjer kjent i partiet for slik å bidra til politisk utvikling og eit reelt partidemokrati.
  2. Leiinga på alle nivå har eit særskilt ansvar for at mindretalssyn vert kjent og reelt handsama i partiet.
  3. Ved usemje om kva standpunkt partiet skal ta i saker som er til handsaming i folkevalde organ, avgjer partistyret på det aktuelle nivået. Dei folkevalde representantane har rett til å delta i drøftingane.
  4. Om ei sak gjelde til dømes to kommunar, skal partiorganisasjonen båe stader samrå seg og freiste å kome til eit sams standpunkt.

§ 5 Grunnorganisasjon

  1. Laget er den viktigaste eininga i partiorganisasjonen. Laga gjer det konkrete politiske arbeidet, diskuterer og utviklar ny politikk og vel representantar til øvrige organ i partiet.
  2. Lag kan organiserast rundt bustad, arbeidsstad, bransje eller interessefelt. Alle medlemer tilhøyrer eit lag. Ein medlem kan berre ha medlemsrettar i eitt lag som har rett til å velje delegatar.
  3. Fylkesstyret godkjenner nye lag. Der det ikkje finst fylkesstyre, godkjenner landsstyret nye lag. Tvist om slik avgjerd kan ankast inn for landsstyret og/eller landsmøtet.
  4. Eit lag skal ha styre med minst leiar og økonomiansvarleg. Fylkesstyret/landsstyret kan gjere unntak frå dette.
  5. Berre lag kan velje delegatar til årsmøte i høgare organ og til landsmøte. For å ha rett til å velje delegatar, må laget ha minst tre medlemer. To eller fleire lag i geografisk nærleik kan velje å gå saman om å velje delegatar.

§ 6 Kommuneorganisasjon

  1. I kommunar med berre eit lag er dette laget kommuneorganisasjon etter vallova.
  2. I kommunar med fleire lag skal det vere eit styre som koordinerer arbeidet. Om det høver best, kan eit slikt samordningsstyre dekke fleire kommunar. Dette styret representerer partiet i kommunen etter vallova. Styret kan bestå av representantar frå lagsstyra, eller det kan veljast på møte av delegatar frå laga eller på felles medlemsmøte (årsmøte) for heile kommunen. Valmåten vert fastset i lokal vedtekt. Vedtekten vert første gong fastsett på felles medlemsmøte.

  3. Det skal vere minst eitt felles medlemsmøte i kommunen kvart år.
  4. I kommunar med val til bydelsutval gjelder pkt. 2 tilsvarande bydelsnivå dersom det er fleire partilag i bydelen.

§ 7 Fylkesorganisasjon

  1. Det skal om mogleg opprettast fylkesstyre i alle fylke. Fylkesstyret skal minst bestå av leiar, nestleiar og økonomiansvarleg. Leiar eller nestleiar skal vere kvinne. Fylkesstyret representerer partiet i fylket etter vallova.
  2. Om det ikkje er lag i eit fylke, kan fylkesorganisasjonen vere grunnorganisasjon også.
  3. Landsstyret godkjenner oppretting av fylkesorganisasjon. Tvist om slik avgjerd kan ankast inn for landsmøtet.
  4. Landsstyret kan godkjenne oppretting av ei samisk avdeling av Raudt, og avgjer om dette skal vere grunnorganisasjon eller fylkesorganisasjon eller organiserast på anna vis.

§ 8 Årsmøte

  1. Årsmøte i lag skal vere kvart år innan utgangen av februar. Det skal minst handsame styret si årsmelding, rekneskap og årsplan og velje styre. Årsmøtet skal varslast seinast ein månad før, og sakspapira skal vere hos medlemene seinast ei veke før.
  2. Årsmøte i fylkesorganisasjonane skal vere kvart år innan utgangen av mars. Til fylkesårsmøte vel laga delegatar etter medlemstal. Anna ordning kan fastsetjast i lokal vedtekt. Dato for årsmøtet og delegatnøkkelen vert fastset av fylkesstyret og skal gjerast kjent minst åtte veker før. Lag kan anke delegatnøkkelen inn for partileiinga innan to veker etter kunngjeringa. Sakspapir til fylkesårsmøte skal vere hos laga seinast to veker før møtet. Årsmøte skal minst handsame styret si årsmelding, revidert rekneskap, framlegg til årsplan og velje styre.
  3. Oslo er å rekne som fylke i samband med desse reglane.
  4. Ekstraordinært årsmøte i eit lag skal haldast om ein tredel av medlemene eller ein tredel av styret krev det. Ekstraordinært årsmøte i eit fylke skal haldast om ein tredel av laga eller ein tredel av styret krev det.

§ 9 Landsmøtet

  1. Landsmøtet er det høgste organet i Raudt. Det skal haldast innan utgangen av mai minst annakvart år.
  2. Innkalling, framlegg til dagsorden, delegatnøkkel og oversyn over forslagsfrister for landsmøtet skal vere ute i laga minst 12 veker før møtet. Sakspapir irekna alle innsendte framlegg skal vere sendt delegatane seinast tre veker før landsmøtet.
  3. Landsmøtet skal minst handsame melding og reviderte rekneskap for perioden og handlingsplan og retningsliner for budsjett for komande periode. Landsmøtet skal vidare velje partileiar, nestleiar(ar), partisekretær, økonomiansvarleg, fagleg leiar, landsstyre og sentralstyre, samt revisor(ar). Funksjonane som er valde direkte på landsmøtet, med unnatak av revisor, utgjer partiets arbeidsutval. Leiaren i ungdomsorganisasjonen har møterett med røysterett i arbeidsutvalet.
  4. For at eit lag skal kunne sende delegatar på landsmøtet, må det vere oppretta og godkjent innan 31. desember året før. Lag godkjent seinare skal få sende observatør til møtet.
  5. Landsstyret vedtar delegatnøkkel. Medlemstalet 1. januar i landsmøteåret ligg til grunn. Alle lag som har tre medlemer eller meir denne datoen, skal ha minst ein delegat.
  6. Delegatane vert valt med alminneleg fleirtal på lagsmøte (evt felles lagsmøte for fleire lag), der datoen er varsla minst tre veker før.
  7. Berre valte delegatar har røysterett på landsmøtet. Landstyret har tale- og forslagsrett.
  8. Ekstraordinært landsmøte skal haldast når ein tredel av laga krev det eller når fylkesorganisasjonar/lag som representerer minst ein tredel av medlemene, krev det.

§ 10 Landsstyret

  1. Landsstyret leiar arbeidet mellom landsmøta innanfor rammer som går fram av vedtekter, program og landsmøtevedtak.
  2. I landsstyret skal ein freiste å få ein så brei geografisk representasjon som mogleg. Minst ein av medlemene skal ha samisk bakgrunn. Leiaren i ungdomsorganisasjonen og ein til utpeikt av denne har fast plass i landsstyret med røysterett. Desse må vere medlemer i partiet.
  3. Landsstyret skal møtast minst tre gonger i året. Minst halvparten av medlemane i landsstyret må vera til stades for at eit LS-møte skal vere vedtaksdyktig. Vedtak i landsstyret kan ankast inn for landsmøtet.
  4. Landsmøtet vel eit sentralstyre blant medlemene i landsstyret. Når landsstyret ikkje er samla, er sentralstyret det høgste organet i Raudt. Sentralstyret leiar det daglege arbeidet til organisasjonen i tråd med retningsliner frå landsmøtet og landsstyret. Leiaren i ungdomsorganisasjonen møter fast i sentralstyret med røysterett. Sentralstyret er hovudstyre i Raudt. Minst halvparten av medlemane i sentralstyret må vera til stades for at eit sentralstyremøte skal vere vedtaksdyktig.
  5. Landsstyret kan oppnemne utval som får politisk og praktisk ansvar for særskilde felt.

§ 11 Nominasjonar

  1. Når det skal stillast lister ved val til kommunestyre, skal det haldast nominasjonsmøte med røysterett for alle medlemer som er busett i kommunen. Nominasjonsmøtet kan delegere ferdigstilling av lista til styret i kommunen. Punktet gjeld også for stortings- og kommunevallista for Oslo.
  2. Dersom det er direkte val til bydelsutval eller liknande, skal det gå fram av lokal vedtekt korleis nominasjonen skjer.
  3. Når det elles skal stillast lister ved val til Stortinget eller fylkesting, skjer nominasjon på årsmøtet i fylkespartiet. Ferdigstilling av lista kan delegerast til fylkesstyret.
  4. Landsstyret fastsett reglar om nominasjon til sametingsvalet.

§ 12 Kvotering

  1. I alle organ innanfor Raudt, ved val av delegatar og ved nominasjon til Raudt sine vallister skal det vere minst 50 prosent kvinner. For å sikre kvinner høgt opp på lister, bør minst annankvar kandidat vere kvinne. Unntak frå dette kan gjerast ved vedtak i landsstyret eller andre organ landsstyret gir slik myndigheit til.
  2. Ein skal freiste å ha ein høg arbeidarandel i alle organ.
  3. I skriftleg tilfang frå partiet sentralt (papir og nett) skal ein freiste å ha ein høg nynorskandel. Landsstyret skal kvart år vurdere situasjonen på feltet og drøfte kva tiltak som trengst. Det skal finnast oppdatert informasjonsmateriell på samisk.

§ 13 Disiplinærtiltak

Om ein medlem skadar eller motarbeider Raudt eller bryt vedtektene, kan grunnorganisasjonen eller landsstyret sette i verk disiplinærtiltak. Desse er: åtvaring, tilbaketrekking frå verv, suspensjon eller eksklusjon. Vedtak om disiplinærtiltak skal vere skriftleg med grunngiving. Eksklusjon krev kvalifisert fleirtal, 2/3 av dei stemmeberettiga på landsmøtet. Eksklusjon kan ankast til landsstyret og/eller landsmøtet.

§ 14 Rusmiddel

Møte i regi av Raudt skal vere rusgiftfrie.

§ 15 Økonomiske spørsmål

  1. All offentleg partistønad til Raudt (gruppe-, representant- og røystestøtte, møtegodtgjersle m.m.) er Raudt sin kollektive eigedom. Stønaden vert disponert av landsstyret til fordeling til lag, kommunar og fylke og til drift av Raudt sentralt. Medlemer som får utbetalt godtgjersle, pliktar å sende denne over til Raudt etter retningsliner vedtatt av landsstyret.
  2. Raudt løner sine tilsette etter prinsippet om likeløn. Dette gjeld både kontortilsette og lønna tillitsvalde. Tilsette i Raudt har fri organisasjonsrett og kan krevje tariffavtale og pensjonsavtale.

§ 16 Ungdomsorganisasjonen

  1. Raud Ungdom er ungdomsorganisasjonen til Raudt.
  2. Raud Ungdom har rett på tre delegatar på Raudt sitt landsmøte. Desse må vere medlemer i Raudt.
  3. I distrikt og på felt der det finst parallell organisering, skal Raud Ungdom inviterast til samarbeid med Raudt. Der det finst lokalt eller fylkesvist ledd av ungdomsorganisasjonen, har dette rett til ein representant i tilsvarande lags-/fylkesstyre av Raudt.

§ 17 Oppløysing

  1. Framlegg om å oppløyse Raudt eller slå partiet saman med ein annan organisasjon skal handsamast på to landsmøte med minst tre og høgst seks månaders mellomrom. Det første av desse skal vere eit ordinært landsmøte, og her krevst det 2/3 fleirtal for å gå vidare i prosessen. Det andre er eit ekstraordinært landsmøte. Dette stadfester eventuelt vedtaket om oppløysing eller samanslåing med alminneleg fleirtal. Samstundes vedtar dette landsmøtet kva som skal gjerast med partiet sin eigedom.
  2. Framlegg om oppløysing kan berre kome frå organisasjonsledd i partiet eller landsstyret. Det må vere innkomen til partikontoret seinast 31. desember året før landsmøtet som først skal handsame det.
  3. Fylkes- eller landsstyret kan oppløyse eller slå saman lag når det ikkje lenger er medlemsgrunnlag for å oppretthalde dei. Medlemene i laget har rett til å uttale seg på førehand. Fylkes- eller landsstyret vedtar også kva som skal gjerast med eigedomen til laget.

§ 18 Vedtekter og vedtak

  1. Vedtak i Raudt sine organ skal skje med alminneleg fleirtal, om ikkje vedtekt seier noko anna. Om to framlegg får like mange røyster, er ingen av dei vedtatt. Alminnelig flertall er flertall av avgitte røyster, uten å telle med blanke eller avhaldende røyster.
  2. Om det er ulike tolkingar av vedtektene, gjeld sentralstyret si forståing. Denne kan ankast inn for landsstyret, som skal handsame saka ved første høve. Om det trengst rask avklaring, kan telefonmøte eller liknande nyttast etter at alle partar har fått lagt fram sitt syn skriftleg. Landsstyret si avgjerd kan ankast inn for landsmøtet.
  3. Vedtektene er juridisk bindande i tvistar som gjeld Raudt sin eigedom.
  4. Desse vedtektene kan berre endrast på landsmøte. Endring krev kvalifisert fleirtal, 2/3 av dei stemmeberettiga på landsmøtet. Frist for å fremme forslag til endring av vedtektene er fire veker før landsmøtet tar til. Landsmøtet kan berre gjere endringar som heng direkte saman med framlegg som er sendt ut på førehand. Om ikkje landsmøtet vedtar noko anna, trer vedtektsendring i kraft straks.
  5. Lokale og regionale organisasjonsledd kan ha eigne vedtekter. Desse må ikkje bryte med dei sentrale vedtektene. Lokale vedtekter kan ankast inn for landsstyret.
Google+