Vil Raudt farge Odda blått?
Av: Terje Kollbotn
Raudt Odda
Ved kommunavalet i Odda var det to parti som gjekk attende og tapte kvart sitt mandat. Det var Arbeiderpartiet (AP) og Raudt, som før valet hadde reint fleirtal. Ei av årsakene var at Arbeiderpartiet nytta valkampen til å gå til åtak på andre parti, ikkje minst Raudt. Dei siste fire åra har AP hatt eit politisk samarbeid med Høgre og Senterpartiet, ikkje Raudt.
I helga fekk Raudt likevel eit tilbod om å gå inn i eit valteknisk samarbeid med AP og Demokratene for å sikre Gard Folkvord fire nye år som AP-ordførar i Odda.
Raudt takka til slutt nei til dette. Gard Folkvord har etter vårt syn vist seg å ikkje vere egna som ein samlande ordførar for Odda. Han har ikkje representert ein sunn politisk kultur og felles handlekraft. Ingen kan ha klippekort på ordførarvervet, heller ikkje AP i Odda. AP og Gard Folkvord har ingen andre enn seg sjøl å takke for at resultatet vart slik. Dessutan er det heilt uaktuelt for Raudt å inngå avtalar med Demokratene, som er innvandrarfientleg og spreier framandfrykt. At det no er akseptabelt for AP, spesielt etter 22.juli, er AP sitt problem.
Raudt har hatt som ei av våre hovedsaker å få stoppe alle former for privatisering i Odda kommune. Vi var diverre det einaste partiet i Odda som hadde programfesta dette i lokalprogrammet. Både Arbeiderpartiet og Demokratene har i valkampen likevel sagt at dei er imot privatisering. I felleserklæringa frå Høgre, Venstre, Nye Odda, Senterpartiet og Raudt heiter det: ” Det er ikkje er aktuelt å utgreie eller gjennomføre konkurranseutsetting (privatisering) av kommunale tenester i Odda kommune i valbolken 2011-2015”.
Dermed har både Raudt og alle andre som er opptekne av å utvikle gode kommunale tenester i kommunal regi, vunne ein viktig siger. I dei neste fire åra blir det endeleg ro om privatisering, som skapte mykje splid og strid under AP/H/SP-styret i forrige periode. Dei borgarlege partia har garantert at dei ikkje skal drive borgarleg politikk på dette feltet i fire år. Oddapolitikarane kan istaden konsentrere seg om å utvikle kommunen på felt vi treng å stå saman for å nå resultat. Oppgåvene står i kø. Mykje er forsømt dei siste fire åra.
Raudt har ikkje gjort noen politiske avtalar med det borgarlege mindretalet, bortsett frå dette eine punktet mot privatisering. Raudt vil halde fram med å kjempe for det raude programmet vårt i dei råd og utval vi blir valde inn i.
Raudt vil halde fram med å samarbeide med alle parti og representantar i det nye kommunestyret i saker vi er samde. Vi vil kvitte oss med skyttergraver og småleg krangling. Raudt ser fram til ein sunnare politisk kultur og større takhøgde med ein ny og meir romsleg ordførar. Mange har diverre opplevd ein svært vanskeleg periode med Gard Folkvord som ordførar.
Raudt vil og invitere til ein open diskusjon om korleis venstresida i Odda igjen kan kome på offensiven etter dette valet. Her er og medlemar og tillitsvalde i Arbeiderpartiet og fagrørsla velkomne til å ta del.
Terje Kollbotn (gruppeleiar for Raudt i det nye kommunestyret i Odda
Publisert: , oppdatert:







