OBS!

Denne saken er flere år gammel. Innholdet kan være utdatert.

Norwegian-streiken: Kampen er ikkje over

– Fagrørsla må kreve av ei ny regjering i 2017 at den ikkje berre reverserer frisleppet av mellombelse tilsettingar den mørkeblå regjeringa har gjort, men også reverserer frisleppet av utleigefirma som Stoltenberg-regjeringa innførte, seier fagleg leiar i Raudt, Anders Evenstuen.

– Streiken i Norwegian som no er avslutta er ikkje eineståande. Over heile Europa er tilsette i flyselskap utsette for angrep på arbeidsforholda. I september 2014 streika tilsette i Air France mot leiinga sin plan om å avvikle felles arbeidskontraktar til fordel for såkalla lokale arbeidskontraktar. Streiken som varte i 14 dagar var den lengste i selskapet si historie, fortel Evenstuen.

Raudts landsstyre behandla i helga eit fråsegn om streiken i flyselskapet Norwegian. Fråsegnet slår fast at angrepa på rettar som fast tilsetting, fast arbeidstid, lønn og pensjon å leve av og éin arbeidsgjevar å halde seg til, også rammar andre bransjar enn flyfarten.

– Også delar av offentleg sektor er utsett. I 2012 hadde universiteta 22% mellombels tilsette i undervisings- og forskarstillingar. Regjeringa sin plan om å opne for fleire mellombelse stillingar, føyer seg inn i denne dereguleringa, seier Evenstuen.

– Eit arbeidsliv dominert av uforpliktande arbeidsavtalar inngått med innleigeselskap, dotterselskap og bemanningsbyrå, er ikkje berre uheldig for kvar arbeidstakar, det er i tillegg angrep på at det er mogleg for arbeidarklassen til å organisere seg.

– Raudt takkar dei tilsette i Norwegian for å ha stått i spissen for å oppretthalde regulerte arbeidsforhold i sin bransje. Kampen deira er ikkje avslutta, berre sett på vent. Raudt oppfordrar alle arbeidstakarorganisasjonar i Noreg til å følgje eksempelet frå Norwegian sine tilsette, og til å ta opp kampen med organisasjonar i Europa mot angrepa på arbeidarklassen sine rettar, seier Evenstuen.

Klikk her for å lese samtlige uttalelser vedtatt av Rødts landsstyre