Raudt fordømmer massakren i Gaza
Raudt fordømmer massakrene på Gaza-stripa som det siste døgnet har tatt over 200 liv, med mange såra.
- Det vil ikkje kan bli fred i området så lenge den rasistiske israelske staten forsøker å utrydda palestinarane, seier Ingrid Baltzersen, nestleiar i Raudt.
Gaza har lenge vore isolert frå verdssamfunnet, og innbyggarane har mangla matvarer, strøm og drivstoff, og tilgang på medisinsk hjelp. No har Israel trappa opp med å gå til dette grusomme åtaket på Gaza-stripa.
- Den norske staten må ta skarpt avstand frå Israel sine handlingar, og bryta alle band viss dei ikkje sluttar åtaka på Gaza, krevjer Baltzersen. Dette er ikkje berre "overdreven maktbruk" frå israelsk side, som Raymond Johansen tok avstand frå på dagsrevyen laurdag i same andedrag som han fordømte Hamas sine rakettåtak. Det er ei massakre, konkluderer Baltzersen.
For kommentar kontakt Ingrid Baltzersen, tlf 98876578
Publisert: , oppdatert:







