OBS!

Denne saken er flere år gammel. Innholdet kan være utdatert.

Israel – 60 år med etnisk rensing

Israel feirer seg sjølv desse dagane, mens palestinarane markerer al-Nakba – katastrofen og fordrivinga som fulgte.

Israel er ein stat bygd på landet til palestinarane. Den opphavelege befolkninga vart forsøkt fordriven, dei få gjenverande palestinarane i Israel lever som annan rangs borgarar. Israel okkuperer dei palestinske områda Vestbreidda og Gaza. Dei har oppretta ulovlege busettingar som tar opp 40 % av landområdet, og militærkontrollane og muren dei har bygd hindrar grunnleggande rettar som transport, handel, jordbruk og skulegong.

Norske politikarar feirer jubileumet til den rasistiske staten. Jonas Gahr Støre gratulerer Israel med 60 år og organisasjonen Med Israel for Fred med 30 år i jubileumsboka dei lagar. Det er skammeleg at den norske utanriksministeren ukritisk gratulerer ein stat bygd på rasisme, og ein organisasjon som skjønnmålar overgrepa staten Israel gjer.

Raudt vil oppfordra norske politikarar til å ikkje ta del i denne feiringa av etnisk rensing.