Rødt

Ledelsen i Rødt
Kart over Norge

Lokallag

Høyringsfråsegn til forslag om kriminalisering av kjøp av seksuelle tenester

Raud Ungdom og Raudt viser til høyringsnotatet frå regjeringa. Me synst det er eit godt høyringsnotat og eit godt lovforslag.

Raud Ungdom og Raudt er nøgd med intensjonane med lova slik han er gjort reie for i bakgrunnen for lovforslaget (Kap. 2) og i vurderingane til departementet (Kap. 5). Me er samde i at kriminalisering av kjøp av seksuelle teneseter er eit nødvendig ledd i å bekjempa prostitusjon og menneskehandel, og at eit slik forbod vil ha samfunnsmessig betydning for å endra haldingar og å redusera etterspurnaden. Me er samde i at for å bekjempa prostitusjon er det viktig at det blir sett i gang hjelpetiltak for dei prostituerte, i tillegg til kriminalisering av kjøp av seksuelle tenester og til haldningsskapande arbeid.

 

Om 5. DEPARTEMENTETS GENERELLE VURDERING

Raudt og Raud Ungdom stør forslaget om eit generelt forbod mot kjøp av seksuelle tenester og handlingar, og synst det er klokt av Justis- og Politidepartementet å foreslå eit generelt forbud i staden for å skilja mellom grupper som sel seksuelle tenester. Me er samde med markeringa departementet då gjer av at kjøp av seksuelle tenester er uønskja, uansett kva som er årsakane til at den enkelte sel seg. Det vert også peika på at skadeverknadane av sal av seksuelle tenester ikkje er begrensa til særskilte grupper, dette er eit syn Raud Ungdom og Raudt deler.

Om 6. UTFORMING AV EN NY STRAFFEBESTEMMELSE 6.1 PLASSERING

Raud Ungdom og Raudt stør synet departementet har på at mindreårige under 18 år står i ein særstilling og treng eit særleg vern. Me synst som departementet det er viktig at straffebestemmelsen ikkje skal ramma den som sel seksuelle tenester eller handlingar. Me stør difor å laga § 202 a som rettar seg mot kjøp av seksuelle tenester og handlingar generelt, og dermed skilja det frå § 203 som handlar om born.

Raudt og Raud Ungdom ynskjer likevel at kjøp av seksuelle tenester av vaksne i utlandet også skal kunna straffeforfølgjast i Noreg. Me meiner kjøp av seksuelle tenester i utlandet er ei alvorleg krenking både av den enkelte kvinna/mannen i prostitusjon og av vertslandet. Dette gjeld sjølv om kvinna/mannen er over 18 år, det er ikkje berre born som er ofre for prostitusjonsindustrien.

6.2: GJERNINGSBESKRIVELSEN

Raud Ungdom og Raudt stør forslaget frå departmentet.

6.3: SKYLDKRAVET

Raud Ungdom og Raudt stør forslaget frå departmentet.

6.4: STRAFFERAMMEN

Raud Ungdom og Raudt stør forslaget frå departmentet.

6.5: UTKAST TIL LOVTEKST

Raud Ungdom og Raudt stør forslaget frå departmentet, og viser til kommentarane våre under 6.1.

Om 8: KARTLEGGING OG EVALUERING

Raudt og Raud Ungdom meiner innføring av eit generelt forbod mot kjøp av seksuelle tenester og handlingar ikkje må utsettast i påvente av ei eventuell kartlegging og evaluering av prostitusjonsmarkanden. Det finst tilgjengelege rapportar og undersøkingar som kan gje departementet nødvendig innsikt i problematikken.

Dersom ein skal gjera yttarlegare kartlegging ber me om at ein innhenter erfaringar frå kvinner som har brote med prostitusjon. Kvinner som er ute av prostitusjon kan ofta snakka friare om opplevingane dei har hatt. Det kan også vera lettare å fortelja om vald og overgrep etter at ein har kome seg ut av den aktuelle valdssituasjonen.

Om 9: ANDRE TILTAK FOR Å BEKJEMPE PROSTITUSJON OG MENNESKEHANDEL

Raudt og Raud Ungdom oppmodar regjeringa til å vektlegga oppfølging og tiltak for kvinner som er ramma av prostitusjon i tråd med Palermoprotokollen, artikkel 6 om bistand og beskyttelse, og om opphald og erstatning i artikkel 7. Oppfølginga må inkludera tilgak som sikrar dei betre psykisk og somatisk helse, utdanning og arbeidsprakis, trygge buforhold, fokus på soisalt nettverk og økonomisk støtte. Ei slik «startpakke» og ordning med refleksjonstid er avgjerande for at endå fleire kan lukkast med å bryta med prostitusjonen.

Raud Ungdom og Raudt oppmodar regjeringa til å inkludera kampen mot pornografi i det vidare arbeidet for å bekjempa prostitusjon og menneskehandel. Me ser ingen prinsippiell forskjell på om prostitusjonen skjer i form av bilete i eit blad, film eller i levande live. Skadeverknadane av den seksualiserte valden for den enkelte er like store. Me krev riktignok ikkje at dei som kjøper pornografi i denne omgang skal bli straffeforfulgt i likskap med horekunder. Men me ber om at departementet og regjeringa framover set meir fokus også på kampen mot pronografi, sidan pornoen skapar eit ideologisk rom i samfunnet slik at menn får haldningar og tankar om at kvinner og born er til sals.


Med helsing:

Sigrun Feiring, kvinnepolitisk ansvarleg Raud Ungdom

Ingrid Baltzersen, kvinnepolitisk ansvarleg Raudt

Høringsnotat, Forslag om kriminalisering av sexkjøp (pdf)

Publisert: