KrF blandar moralisme inn i medisinen
NRK rapporterer i dag at kvinner er svært godt nøgde med å ta heimeabort med piller, og KrF reagerer med ein gong med å sei at det er uforsvarleg og ulovleg.
Ingrid Baltzersen, kvinneansvarleg i RV/Raudt meiner dette er å blanda medisin og moralisme. Den faglege vurderinga har vore at behandlingsmetoden er trygg og forsvarleg, og no veit ein også at kvinnene er svært godt nøgde.

- Det er eit mål i all anna medisin at ein skal ha kortast mogleg opphald på sjukehus, og meir poliklinisk behandling. Det å sleppa å vera innlagt på sjukehus, og å få kortast mogleg avbrot i kvardagen er eit gode for kvinnene som tar abort. Når no KrF vil at abort skal opplevast så jævleg som mogleg er det eit uttrykk for moralisme og abortmotstand, og burde ikkje forkles som ei medisinsk vurdering, fortset Baltzersen.
Retten til sjølvbestemt abort er ein sentral del av kvinners rett til å bestemma over eigen kropp og eige liv. Difor er det viktig å reagera på dårleg forkledte angrep på abortretten avsluttar Baltzersen.
Saka til NRK: http://www.nrk.no/nyheter/1.3519451
For kommentar kontakt Ingrid Baltzersen, kvinnepolitisk ansvarleg i RV/Raudt, tlf 98876578

Publisert: