Høgreekstremisme og islamofobi
22. juli 2011 opplevde vi to svært ekstreme politiske terrorangrep: eit mot regjeringskvartalet i Oslo og eit mot sommarleiren til AUF på Utøya. I alt vart 77 menneske drepne.
Globalt er vi inne i ei økonomikrise med klåre parallellar til tida etter 1929. I mange land er arbeidsløysa skremmande høg – og aller størst blant ungdom. Årsakene til krisa ligg (og låg) i kapitalen si rovdrift på menneske og natur: ekstrem verdiopphoping på få hender mens statar og store folkegrupper blir kasta ut i gjeldskrise, fattigdom og død. For å berge seg sjølv treng kapitalen syndebukkar, fiktive folkefiendar som aggresjon og hat kan bli avspora mot. I mellomkrigstida piska antisemittismen fram jødehatet både her til lands og i andre europeiske land.
No veks ein parallell til antisemittismen: islamofobien. Ikkje berre terroristen Breivik peikar på islam som den store “faren” for Europas folk. Høgrepopulistiske partileiarar piskar fram same fiendebildet.
Carl I. Hagen og Siv Jensen skreiv kronikk i Aftenposten 25. november 2005 med bl.a. denne påstanden: “De fleste muslimer er ikke fundamentalister, og de fleste fundamentalister er ikke terrorister, men de fleste av dagens terrorister er muslimer...” Ei feilvurdering i 2005 burde ein ikkje hefte seg ved 6 år etter, men når Frp-leiarane i august 2011, etter Oslo og Utøya, held fast ved det dei skreiv – og framleis hevdar at “de fleste terrorister er muslimer”, blir det heile for skarpt og klårt.
Parallellen til antisemittismen i det kriseramma Europa før 2. verdskrig er for slåande. Like lite som jødedomen (eller ”jødebolsjevikane”) hadde ansvar for dei store økonomiproblema folk sleit med på 1930-talet, har islam noko ansvar for krisa som rammar folk i Europa no.
Muslimar utgjorde i følgje Statistisk årbok 2010 knappe 1,8 % (83.684) av folket (4.737.171) her til lands i 2008. Venstrepolitikaren Svein Abrahamsen (Rogaland) har gått gjennom Europol sin publikasjon “EU Terrorism Situation and Trend Report” og funne at det i perioden 2006-2010 vart gjennomført 2.065 terrorhandlingar i EU-landa. Av desse stod islamistar bak 9 eller 0,4 %.
Utanriksminister Jonas Gahr Støre reagerte skarpt då Carl I. Hagen på eit valmøte på Stovner i Oslo 13.8.2011 på ny hevda at “nesten alle terrorister er muslimer”. Støre refererte Europol sine tal på terrorhandlingar i EU-land i 2010: 3 av 249 terrorhandlingar var knytt til islamistiske grupper.
Carl I. Hagen veit at han lyg – men målet for han og for Siv Jensen er ikkje å finne årsaker og ideologi bak terrorhandlingar. Målet deira er å skape hatobjekt som kan tene som lynavleiar for kapitalen i krisetider. For andre høgreekstreme partileiarar i Europa og for Frp er islamofobien både like tenleg og like farleg som jødehatet og antisemittismen var på 1930-talet.
Det er utilgjeveleg politisk svik ikkje å ville sjå dette!
Einar Jetne
pensjonert fylkestingrepresentant for Raudt Nordland.

Publisert: