Olje, Adecco og pensjon
For kort tid sidan var underbetaling av omsorgsarbeidarar i norske sjukeheimar med rette oppslag i alle media. Vikarbyrået Adecco vart pressa frå skanse til skanse og trekte seg etter få dagar ut av norsk omsorgsmarknad. Skamlaus sosial dumping var uakseptabel!
Den 4. mars 2011 melde Finansavisen og Hegnar.no at Statens pensjonsfond – utland, altså Oljefondet, er stor aksjonær i det multinasjonale Sveits-registrerte konsernet Adecco (“morselskapet” til norske Adecco). Ved utgangen av 2009 var aksjeposten til Oljefondet i Adecco verdsett til 771 millionar kroner. Finansavisen vurderer aksjeposten til Oljefondet i Adecco i dag til nær 1 milliard kroner! Finansavisen skriv vidare at i “kombinasjon med Adeccos stigende børsverdi og en styrket sveitsisk valuta, kan Oljefondets aksjepost ha gitt en avkastning på 168 millioner”.
Norsk petroleumsnæring driv ikkje først og fremst verdiskaping, men verditransport (“nasjonalformuetransport”) - frå lager av petroleum under norsk havbotn til “lager” av finanskapital på internasjonale børsar. Berre nokre få prosent (fire?) av desse verdiane kan bli brukt heime etter den politisk fastsette “handlingsregelen” til statsstyresmaktene.
Som lagra petroleum står denne delen av den norske nasjonalformuen i fare for å miste verdi den dagen dramatiske klimaendringar (skapt av å bruke petroleum som energiberar) pressar verdas statar til å stoppe den livstrugande menneskeskapte globale oppvarminga. Og stadig fleire innser at denne dagen vil kome i nær framtid. Som lagra finanskapital er risikoen neppe mindre – i tillegg til å bli avdekt som fullstendig umoralsk.
Adecco-praksisen viser at dei raud-grønne (neppe annleis enn blå-gule) styresmaktene satsar på å finansiere framtidig eldreomsorg (pensjonar) ved hjelp av umoralsk sosial dumping innafor dagens eldreomsorg (sjukeheimar).
“Sådann er kapitalismen!”
Einar Jetne, Raudt Nordland

Publisert: