"Fanden hjelper sine"!
Presteskapet til kapitalen (“blårussen”) hevdar at “fri konkurranse” skaper effektivitet og gevinst for alle. Men alle som har studert litt økonomisk teori veit at “fri konkurranse” skaper monopol. Ikkje berre hindrar slike monopol effektivitet: Dei sikrar maksimal gevinst til eigarane og tap til alle andre!
Dei akademiske matematiske bevisa for “frikonkurransen” sitt himmelrike er juks. Dei føreset produksjonsforhold som ikkje eksisterer – som ikkje har eksistert og som heller ikkje kan eksistere – i den verkelege verda. Dei same akademikarane veit at monopol (eller oligopol: nokre få store) ikkje gir konkurransegevinst, men det motsette. Og dei veit at “fri” konkurranse skaper monopol: Dei små og svake blir feia av banen – og nokre få “sterke” blir igjen med “all makt”.
Innafor samferdselsektoren har vi fått fersk påminning om dette. Politikarane til kapitalen – i og utafor EU – krev “fri konkurranse” om offentlege oppdrag (for å “spare” pengar). Og vegstyresmaktene hentar inn tilbod på asfaltlegging i den “frie marknaden”. Men konkurrentane i denne marknaden er ikkje “uendeleg mange”, som teorien (“teologien”) føreset, men ein handfull storselskap med god kunnskap om kvarandre og med nær kontakt til kvarandre . Som i andre bransjar deler desse selskapa marknaden seg imellom (i staden for å konkurrere) – og prisar tenestene for å sikre maksimal gevinst/profitt. Slikt samarbeid er hemmeleg og ulovleg, og det normale er at det hemmelege blir verande hemmeleg!
Slik røvarverksemd skjer ikkje berre innafor asfaltbransjen, men allment der offentleg sektor kjøper tenester i “den frie marknaden”. Frå framlegget til Nordland fylkesting si sak 92 i 2010 (“Statsbudsjettet 2011 – Statens vegvesens budsjettforslag”) siterer eg:
“Statens vegvesen har store utfordringer som følge av kostnadsvekst for blant annet drift og vedlikehold i forhold til det man var kjent med da NTP 2010-2019 ble utarbeidet. Prisen for nye driftskontrakter har økt med 41 pst. i 2008, 44 pst. i 2009 og over 60 pst. i 2010 utover generell prisstigning.” (NTP=Nasjonal transportplan)
Denne
ekstreme prisstiginga skjer samtidig som den globale finanskrisa i
teorien skulle skjerpe konkurransen om oppdrag – og føre til
kostnadssenking. Det finst inga anna forklaring på denne
prisutviklinga enn at “fri konkurranse” er ein illusjon (eit
bedrag): Nokre få selskap deler marknaden seg i mellom og set
pris med sikte på eiga maksimal forteneste – til skade for alle
som brukar vegane.
Monopola sine politikarar i AP, H, Frp og andre parti veit kven dei skal hjelpe – berre det blir usett!
Einar Jetne
Fylkestingsrepresentant for Raudt i Nordland
Publisert: , oppdatert:







