Valnesfjord Helsesportssenter må ikkje bli rasert!
Dette forslaget til uttalelse er utarbeidet av Einar Jetne (Rødt) i forståelse med Iselin Marstrander ved VHSS. Det er lagt fram for Nordland fylkeskommunes råd for likestilling av funksjonshemma, der Jetne sitter som nestleder. Leder er Mariette Korsrud (AP). Jetne vil også foreslå uttalelsen direkte for Fylkestinget på kommende samling. Hvem som stemmer for eller mot dette forslaget vil jo vise hva partiene faktisk mener om saken.
Frå starten i 1982 og fram til i dag har Valnesfjord Helsesportssenter (VHSS) vorte bygd opp til å bli det nasjonale helsesportssenteret som årleg gir behandling til flest personar, ca 900 i året.
Styrken til VHSS ligg i ein kombinasjon av (1) høgt kvalifisert tverrfagleg stab (som via eiga forsking stadig aukar kompetansen), (2) fysisk tilrettelegging i eigne spesialbygg og (3) i terrenget utafor.
VHSS har solid kompetanse innafor habilitering, rehabilitering og arbeidsretta rehabilitering. Senteret har nasjonal spisskompetanse når det gjeld å behandle barn og nevrologipasientar. Dette er dei mest komplekse gruppene innafor habilitering/rehabilitering – grupper som treng innsats frå mange fagprofesjonar samtidig, og tett oppfølging og overføring til lokalt nivå. Heile institusjonen (folk, utstyr, lokale, utforming og holdningar) er bygd opp for å tene slike pasientgrupper.
Helse Nord ønskjer ikkje at mange av desse lenger skal få rehabilitering på VHSS. Det gjeld:
Cerebral Parese – barn og vaksne
Muskelsjuke – barn og vaksne
Ryggmargskadde
Hovudskader
Parkinsonpasientar
Komplekse MS-pasientar
ME, Huntington, epilepsi, subakutt slag m.v.
Meistringsopphald for unge
Luftvegslidingar (utom KOLS)
Institusjonar er rangert på ein skala frå 1 til 5 når det gjeld kvalitet og tilgjenge. Når det gjeld Helse Nord sin tilbodskonkurranse – som VHSS “tapte” – la VHSS inn tilbod på 29 ytingar. Alle ytingane gir VHSS toppskoring på 5 poeng på tilgjenge. 27 av ytingane gir VHSS 5 poeng på kvalitet. To av ytingane er sett til 4 poeng i kvalitet (nye ytingar som VHSS ikkje gir i dag).
Når Valnesfjord Helsesportssenter taper i Helse Nord sin tilbodskonkurranse, er det ikkje på grunn av dårleg kvalitet, men på grunn av for høg kvalitet og pris i forhold til dette.
Når det gjeld dei aktuelle helseytingane, er konkurranse i ein ikkje eksisterande marknad ueigna. Ein slik ikkje-reell konkurranse er skadeleg, både for tenestene som Helse Nord må kjøpe (dårlegare for nord-norske pasientar enn det dei kunne ha vore) og for kvaliteten på dei ytingane som Valnesfjord Helsesportssenter steg for steg har bygd opp gjennom mange år.
Helse Nord trugar kvaliteten og eksistensen til ein av dei beste nasjonale rehabiliterings- og habiliteringsinstitusjonane som vi har.
Derfor krev Nordland fylkeskommunes råd for likestilling av funksjonshemma at Helse Nord snur og forhandlar samarbeidsavtale/bruksavtale med Valnesfjord Helsesportssenter på ny.
Publisert: , oppdatert:







