Styrk, ikkje bygg ned Valnesfjord Helsesportsenter!
Beitostølen og Valnesfjord helsesportsenter er dei to nasjonale helsesportsentra våre. Dei er omtrent like store, men Valnesfjord Helsesportsenter har flest personar til behandling, ca 900 i året. Valnesfjord Helsesportsenter, som har eit særskilt ansvar for dei 4 nordlegaste fylka, er del av spesialisthelsetenesta.
Valnesfjord Helsesportsenter har lang erfaring og solid kompetanse innafor fagområda habilitering, rehabilitering og arbeidsretta rehabilitering.
Helse Nord, som har vore stor “kunde”, formidlar eller brukar av tenestene til Valnesfjord Helsesportsenter, lyste ut denne typen tenester på anbod og tildelte oppgåvene for dei komande tre åra til ein “konkurrent”: Nord-Norges Kurbad i Tromsø. Denne tildelinga er det klaga på og Helse Nord vil ta stilling til klagen innan utgangen av november 2010.
Helse Nord sin bruk at Valnesfjord Helsesportsenter gjeld ¼ av aktiviteten ved senteret. Den nye kontrakten er på rundt 175 millionar kroner i året. Viss tapet av avtale med Helse Nord også omfattar ¼ av arbeidstokken, vil knappe 30 årsverk (av 105 i dag) fordelt på nokre fleire personar falle bort. I dag gir helsesportsenteret arbeid til 122 personar i ein utkant av Fauske kommune.
Nord-Norges Kurbad i Tromsø har ikkje den kompetansen, den erfaringa og det utstyret som Valnesfjord Helsesportsenter har. Viss tenestene frå Helse Nord i framtid skal bli som dei var, må ny kompetanse og nytt utstyr bli skaffa til vegs og bygd opp. Samtidig blir Valnesfjord Helsesportsenter pressa til å seie opp folk med høg spisskompetanse på habiliterings- og rehabiliteringsfeltet – og kostbart utstyr kan bli ståande ubrukt. Valnesfjord Helsesportsenter rår over uteareal og uteanlegg som ikkje kan bli etablert ved Nord-Norsk Kurbad på Tromsøya. Derfor vil nokre av tilboda i Tromsø aldri få den kvaliteten Valnesfjord kan by.
Denne saka er eit stjerneeksempel på kor lite tenleg bruk av anbod er innafor offentleg retta helsetilbod i det heile, og framom alt i ein grisgrendt landsdel. Følgjene er rasering av tålmodig og langsiktig oppbygde kompetansemiljø, reduksjon i kvaliteten til tenestene og ikkje minst stor ustabilitet i tilgangen på arbeid i små lokalsamfunn.
Helsetenester, habiliterings- og rehabiliteringstenester blir skadd, i verste fall øydelagd, når dei blir forsøkt formidla i ein liberalisert marknad. Det blir nær på umuleg å bygge opp og vedlikehalde høgkompetente fagmiljø ved institusjonar som Valnesfjord Helsesportsenter viss bruken av tilboda skal bli sjalta med i stadig nye anbodsrundar.
Raudt Nordland krev at Helse Nord forhandlar bruksavtale med Valnesfjord Helsesportsenter for åra som kjem slik at kvalitet til brukarane og stabilitet i kompetanseoppbygginga kan bli sikra og stadig gjort betre. Alt anna er sløsing med både menneskelege og finansielle ressursar – og helseskadeleg!
Tjøtta, 11. november 2010.
Einar Jetne
Styremedlem i Raudt Nordland og nestleiar i Nordland fylkeskommune sitt råd for likestilling av funksjonshemma.
Publisert:







