Rødt

Kart over Norge

Lokallag

Nordland fylkesting: Petroleum viktigare enn klima!

Foto: Andreas Tymi Ruud
Navngivelse-Ikkekommersiell-Ingen Bearbeidelse (by-nc-nd)
Nordland fylkesting vart sett i Svolvær, i Lofotens ”hovudstad”, i veke 40 i år. Tinget behandla blant anna ei høringssak frå Kommunal- og regionaldepartementet om skjerpa krav til energiforsyning i bygningar. Bakgrunnen var Klimameldinga, St.meld. 34 (2006-07). Nesten heile fylkestinget, frå SV til Frp, ønskte ikkje skjerpa krav til klimagassutslepp.
Derimot nytta fleirtalet høvet til å be om ilandføring av naturgass og bruk av slikt fossilt brensel til oppvarming av bygningar - og om statleg støtte til næringsutvikling. Håpet om petroleumsutvinning og ilandføring av gass i Nordland var langt sterkare enn angsten for global oppvarming og massiv klimakrise innan få tiår. Frp-politikk er smittefarleg!

Høringsnotat foreslo krav som fylkeskommunen vart bedt om å vurdere. Dei to hovudalternativa for større nybygg og hovudombyggingar var: 80 % fornybar energi til oppvarming eller 60 % fornybar energi til oppvarming. (Dagens regelverk krev 40 %!)

I tillegg bad departementet om høringsinstansane sitt syn på å opne for å ”bruke naturgass til oppvarming” og på forbod ”mot å installere oljekjel for oppvarming i nye bygninger”. I høringsnotatet slår departementet fast at: ”Sammenlignet med olje vil forbrenning av naturgass ha noe lavere utslipp av NOx, marginalt utslipp av SO2 og ikke utslipp av partikler. Utslippet av klimagasser er imidlertid ikke vesentlig lavere enn for fossil olje.”

Fylkesrådet si innstilling til vedtak tok ikkje stilling til nokon av dei to refererte alternativa i høringsnotatet. I staden bad innstillinga om hjelp til å sikre lønsemd i prosjekt for fornybar energiproduksjon i fylket. Fylkesrådet innstilte også på bruk av naturgass til oppvarmingsformål fordi: ”Dette vil kunne være viktig for næringsutvikling i fylket”, underforstått ville det motivere petroleumsselskap til å føre i land gass.

Eg var saksordførar for denne høringssaka, fylkestingssak 127/09, og fann innstillinga ikkje berre tannlaus, men som rein invitt til nye klimagassutslepp via bruk av naturgass til oppvarming. Eg la fram eit forslag for Raudt der eg rådde tinget til å gå inn for departementet sitt alternativ 1 samtidig som eg rådde frå å stø forslag om å opne for bruk av gass til oppvarming av bygg. Ingen sa meg imot, men dei røysta mot – frå SV til Frp! Forslaget om å stø departementet sitt alternativ 1 fekk berre Raudt sine to stemmer. Ingen gjekk inn for alternativ 2. Mot 8 stemmer vedtok fylkestinget naturgassinvitasjonen, og mot 10 stemmer (Frp) støtta fylkestinget forslaget om forbod mot oljekjel i nye bygg.
Einar Jetne, Raudt Nordland

Publisert: