Rødt

Kart over Norge

Lokallag

Petroleum og framtida til planeten vår

Foto: Andreas Tymi Ruud
Navngivelse-Ikkekommersiell-Ingen Bearbeidelse (by-nc-nd)
Oljekonsern har stor makt over statar, politiske parti og media. Tidsskriftet Fortune trykte 20.7.2009 lista over dei 500 største konserna i verda. Blant dei 10 øvste finn vi 7 petroleumskonsern. StatoilHydro var på 36. plass! Dei 7 petroleumskonserna har ei årsomsetting på over 13.000 milliardar kroner, 5 gonger det norske bruttonasjonalproduktet. Og konserna sitt mål er ikkje å dekke menneska sine behov, men å tene mest muleg pengar.
George Monbiot, som har fast spalte i britiske ”Guardian”, refererte 1.9.09 frå to vitskaplege artiklar i tidsskriftet ”Nature” der forskargrupper hadde rekna ut kor mykje CO2 vi kan sleppe fri med eit rimeleg håp om å unngå meir enn 2o C global oppvarming frå no og fram til år 2050. Den eine gruppa, leia av Myles Allen, hevdar at dette inneber maksimalt 500 milliardar tonn karbon (1830 milliardar tonn CO2) – men truleg langt mindre.

Verdas energiråd (WEC) publiserer tal for globale reservar av fossilt brennstoff. Reservar er det som er identifisert og kvantifisert, og som kan bli utnytta lønsamt. WEC har kartlagt 848 milliardar tonn kol, 177.000 milliardar m3 naturgass og 162 milliardar tonn råolje. Dette summerer seg opp til 818 milliardar tonn karbon!

Desse reservane av kol, naturgass og råolje vil, om dei blir brukt i energiproduksjon, frigjere 3000 milliardar tonn CO2. Myles Allen og vitskapsfolka rundt han hevdar at vi maksimalt kan brenne 60 % av dagens kartlagde reservar innan 2050 viss det ikkje skal bli svært sannsynleg at global gjennomsnittstemperatur aukar meir enn 2o C innan 2050. Den andre artikkelen som Monbiot viser til (signert av Malte Meinshausen) hevdar at vi berre kan bruke 22 % av dei kjente reservane om ikkje oppheitinga skal bli meir enn 2o C innan 2050.

For dei menneska som lever på planeten vår i dag er det ikkje behov for å kartlegge nye petroleumsreservar. Vi har derimot eit brennande behov for å hindre at meir enn halvparten av dei kjente reservane blir brukt til energiproduksjon innan 2050!

På same måte som kapitalen i narkoindustrien i Colombia (kokain) og Afghanistan (heroin) trugar liv og helse til millionar av menneske i den rike delen av verda, trugar petroleumskapitalen alt livsgrunnlag globalt – og aller mest livsgrunnlaget til folka i dei fattigaste landa.

Kapitalen sitt behov for forteneste og menneska sitt behov for miljø, helse, omsorg og levekår er meir enn nokon gong tidlegare i uforsonleg konflikt. Blir ikkje kapitalismen som økonomisk system avskaffa innan midten av det hundreåret som vi no lever i, kan planeten knapt lenger huse menneskesamfunn! Planeten vår brenn – og brannen må bli sløkt!

På globalt nivå blir oppgåva – i følgje Monbiot – i første omgang å sikre ”mellombels forbod mot” eller ”prøvestans” i leiteverksemd og utvikling av nye petroleumsfelt. Berre viss statane deretter raskt klarer bli einige om fordelinga av produksjonsnedtrappinga, har milliardar av innbyggarar på denne planeten håp om ei god framtid!

Petroleumskonserna treng ”varig” kapitalisme. Menneskja treng kapitalismefri sosialisme!
Einar Jetne, Nordland Raudt

Publisert: