Kapitalisme er forakt for menneske og miljø
Kapitalistisk verdiskaping blir målt i pengar. Berre bytteverdi (marknadsverdi) tel.
Mat produsert til folk utan betalingsevne har ingen verdi. I offentleg
statistikk er hushaldsarbeid ikkje verdiskaping. Same arbeidet på eit
hotell eller i ein barnehage er derimot verdiskaping.
Målt i ”verdiskaping” er verdas 4 viktigaste ”produkt” våpen, narkotika, petroleum og sexslavar. Etter overslag frå det internasjonale pengefondet står desse destruktive og menneskefiendtlege ”næringane” for 10 prosent av all verdiskaping på planeten vår.
Menneskerettsorganisasjonen CATW (Coalition Against Trafficking in Women) hevdar at 40 millionar kvinner årleg blir kidnappa og seld som sexslavar. Den globale verdiskapinga i ”næringa” blir vurdert til 2.400 milliardar kroner.
Internettsida til NRK formidla nyleg ein rapport frå organisasjonen ECPAT (End Child Prostitution, Child Pornography and Trafficking of Children for Sexual Purposes) som hevdar at 1,2 millionar mindreårige var offer for menneskehandel i 2007 – og verdien av denne handelen var ca. 200 milliardar norske kroner.
Tidsskriftet Fortune offentleggjorde i juli lista over dei 500 største konserna i verda, målt i inntekt (omsetting). Blant dei ti øvste finn vi 7 oljeselskap, ei daglegvarekjede (Wal-Mart), eitt forsikrings- og finanskonsern (ING Group) og eitt bilkonsern (Toyota). StatoilHydro låg på 36 plass!
Produkta til dei 7 petroleumskonserna er det største miljø- og klimatrugsmålet på planeten der vi bur. Globalt har desse konserna ekstremt stor makt. Dei har i lag ei årsomsetting på over 13.000 milliardar kroner, 5 gonger det norske bruttonasjonalproduktet.
Verdas folk og petroleumskapitalen kan ikkje leve saman meir enn eit par tiår til: Ikkje rart at oljekapitalen sine politiske handlangarar ivrar for petroleumsutvinning i fødestua til skreien!
Vi treng representantar på Stortinget som kan sette søkelyset på desse forholda. Derfor: Stem Ingeborg Steinholt inn på Stortinget 14. september. Vi treng uredde og nye røyster frå nord!
Einar Jetne, Raudt Nordland

Publisert: