Rødt

Kart over Norge

Lokallag

Framtida er fornybar energi

Foto: Andreas Tymi Ruud
Navngivelse-Ikkekommersiell-Ingen Bearbeidelse (by-nc-nd)
Globalt er Noreg ein ekstrem energieksportør, framfor alt av petroleum, men også av elektrisk energi. Noreg er verdas tredje største nettoeksportør av olje – etter Saudi-Arabia og Russland. Vi står for 4 % av den globale oljeproduksjonen – og vi husar 1 promille av verdas folk.

I løpet av svært få tiår må kloden fase ut all bruk av fossil energi viss vi ikkje skal rasere levemiljøet. Det driv oljekapitalen til å kjempe med nebb og klør for raskast muleg å tømme oljereservoara. For kapitalen er kortsiktig forteneste overordna det å sikre neste generasjon ei verd å leve i.

Olje- og gassutvinning er ikkje verdiskaping, men ”stamping av arvesølv”. Dei enorme verdiane som blir plassert på verdas børsar er ikkje verdiar som er skapt no. I staden for å la denne delen av nasjonalformuen ligge under kystbankane til dess vi får bruk for han, blir olje og gass i rasande tempo veksla i obligasjonar og aksjar på ein djupt kriseramma kapitalistisk verdsmarknad.

I følgje Statistisk sentralbyrå er 50 % av all energibruk her til lands elektrisk energi. Trass i at det offisielle bildet er det motsette, manglar vi ikkje tilgang på ”rein” elektrisk energi. Det innanlandske forbruket er stort, men produksjonen ligg over, og eksporten aukar. I perioden 2000-2008 hadde vi i gjennomsnitt eit årleg eksportoverskot på 4,8 TWh av ein årsproduksjon på 128 TWh i snitt. I perioden 1990-1999 var eksportoverskotet på 2,7 TWh per år.

Nordland er landets nest største produksjonsfylke når det gjeld elektrisk energi. I gjennomsnitt har vi ein årsproduksjon som tilsvarar samla forbruk i Nordland, Troms og Finnmark, 14-15 TWh. Fylket vårt er truleg største ”nettoeksportør” av alle fylke – og vi kan lett auke produksjonen ved å modernisere og komplettere utbygde kraftverk. Svake overføringsnett fører til store transporttap (kanskje rundt 25 % på lengre distansar).

Situasjonen i fylket vårt ”skrik” ikkje etter meir energiutvinning – men etter fornuftig lokal bruk (gjerne i ”rein” kraftkrevjande industri) og modernisering, effektivisering og elektrifisering av Nordlandsbanen!

Her trengst politikarar som ikkje lar seg blende eller kjøpe av petroleumskapitalen, politikarar som tenkjer på og møter menneska sine behov – ikkje kapitalen sine!

Godt raudt val!

Einar Jetne, raudt Nordland

Publisert: