Raudt

Kart over Norge

Lokallag

Ungdom og utdanning

Raudt vil arbeida for ei utdanning som gjer at alle ungdommar kan delta og finna ein plass i samfunnet. Læraryrket må bli verdsett som viktig arbeid som inneber kunnskap, verdiar, erfaringar og solidaritet, sjølv når det ikkje passar for økonomane. New Public Management (NPM) og stykkprisfinansieringa svekkar utdanninga, og må ut av skulane våre.

Raudt Hordaland arbeider for:

  • Nok ressursar til skulane, slik at dei mellom anna kan setja inn kvalifiserte vikarar ved behov.
  • Stans av all privatisering, og for at private videregåande skular i Hordaland vert teke over av det offentlege.
  • Å oppretthalde og avsetje ressursar til å følgje opp forpliktande mobbeprogram i alle vidaregåande skular i Hordaland.
  • Å skaffe personale med fleirkulturell og minoritetsspråkleg kompetanse på dei videregåande skulane.
  • Leksefri skule. Skulearbeidet skal i regelen gjerast i skuletida.
  • Lovfesta rett til læreplass til alle lærlingar.
  • Fjerning av arbeidsgiveravgifta på lærlingar.
  • Obligatorisk kursing med LO inn i skulen, for å lære elever om rettar og plikter i arbeidslivet. 
  • At rabattordningar på kollektivtrafikk òg skal gjelde for lærlingar som ikkje har rett på ungdomskort.
Bli medlem