Kultur
Den kulturelle infrastrukturen er nødvendig for levande samfunnsutvikling og menneskleg trivsel. I eit moderne er skapande aktivitet på kulturområdet avgjeranse for kulturfeltet og samfunnet som heilskap.
Raudt Hordaland arbeider for:
- Styrka støtte til frivillige lag og organisasjonar innan idrett og kultur.
- Auka fylkeskommunal medfinansiering av statlege og kommunale idrettsanlegg og kulturhus.
- Auka fokus på arbeidar- og industrihistorie og kystkulturen ved muséa i Hordaland.
- Etablering av kommunalt eigde kunstnarbustadar, gjesteverkstader og kunstnarverkstader i alle kommunane i Hordaland.
- Etablering av eit regionalt, profesjonelt utvekslingsnettverk for kunstnarar, og lokale kunstsenter i kvar kommune.
- At kommunane i Hordaland vert forplikta til å tilretteleggja for minst fire utstillingar per år av arbeid frå yrkesaktive samtidskunstnarar frå regionen.
- Betra fordeling av statlege og regionale kulturmidlar.







