Valprogram for Raudt Hordaland 2011-2015
Ein politikk med utgangspunkt i folk sine behov
I starten av 2011 har det norske oljefondet vakse til svimlande 3000 milliardar kroner. Store delar av fondet er investert i verdipapir som raskt kan gå tapt for godt i ei komande finanskrise. Andre delar av fondet vert brukt til oppkjøp av til dømes ei luksushandlegate i London. I 2011 deltek Noreg i fleire krigar enn nokon gong før, og desse krigane krev meir ressursar for kvart år som går.
Utgifter til statleg «finansakrobatikk» og krigar skapar ikkje store debattar, korkje på Stortinget eller i media. Utgiftene til helse, miljø, samferdsel og skule vert derimot jamnleg utsett for angrep og kutt. I Hordaland må folk gå til kamp for å få dekka dei rimelege behova sine anten det gjeld nærskulen, lokalsjukehuset, kollektivtransporten eller noko så grunnleggjande som rein luft.
Raudt har alltid meint at det er uklokt å pumpa opp olje og gass i eit stadig raskare tempo for å gjera dei uerstattelege verdiane om til verdipapir. Å gjera alt om til kapital er grunnleggjanse for kapitalismen. Raudt arbeider for å få slutt på dette: Menneske og naturressursar skal ikkje brukast for å auka kapitalen, men til å dekkja dei faktiske og rimelege behova til menneska: ålmenn tilgjenge til helse, utdanning og kultur, og tid for rekreasjon og sosial omgjenge utan å skada miljøet. Sagt på ein annan måte: istadenfor å bruka ressursane i samfunnet til å kjøpa opp handlegater i London vil Raudt bruka ressursane for å sikra økonomisk, sosial og kulturell utvikling og tryggleik.
Mellom namna til til Raudt-kandidatane vil du kjenna att namn til folk som har stått i spissen for å leggja fra og forsvara ein politikk med utgangspunkt i dei faktiske behova til folk. Lojaliteten til kandidatane våre ligg hjå folk flest, ikkje til kapitalkreftene. Vi treng flere av desse kandidatane ved roret for å sikra at Hordaland skal verta ein endå betre stad å leva.







