Hardanger og manipuleringsregimet
Manipuleringsregimet om mastene i Hardanger er i gong for alvor. Etter at regjeringa 2. juli gjekk inn for mastebygging i urørd hardangernatur, har det kome fram at sakshandsaminga har vore særs dårleg gjort. Ikkje har kabelløysing vorte godt nok utreida og ikkje har oppgradering av eksisterande liner eller energiøkonomisering vorte utreida.
Nei, det er ikkje det som er interessant for energieliten må vite. NVE har bestemt seg for eitt alternativ og berre det. Dette har oljenæringa diktert dei og Olje- og energidepartementet (OED) har bifalle saka. Det visar seg no at Senterpartiet i regjeringa har vore vel så hard på dette alternativet som Arbeiderpartiet. SV tapte denne saka også, noko dei etterkvart har fenge som vane. No haglar skuldningane mellom SV- og SP-statsrådar om kven som er skuld i kva.
Samstundes handsamar sivilombodet Arne Fliflet ei klage på mastevedtaket frå kommunane Ulvik og Granvin saman med Turistforeiniga. Fliflet har sendt brev til OED om saksgongen har vore rett i saka, der NVE har hatt fullmakt til avgjersla og ikkje OED som ikkje har sett at saksgongen truleg er feil. OED burde sjølv ha handsama og avgjort saka. I tilfelle klage på OED kunne den då i følge grunnlova verte handsama i statsråd. Grunnlova sin § 28 seier at saker som har stor prinsippiell og samfunnsmessig karakter må avgjerast av kongen i statsråd. Difor er dette alvorleg og bør få dei konsekvensar at mastebygging i nest beste fall må utsetjast.
Men "spinndoktorane" i regjeringskvartalet vil ikkje gje seg. Representantar frå desse har i møte med ordførarane i Hardanger ynda frampå med "nye" vurderingar av kabel i deler av traseen. Likevel skal ein starte med "litt" utbygging i Samnager. Anar ein "liner i mosen" her? Det er den beste grunn til å ikkje ga på dette trikset. Med splitt og hersk kan ein som kjent oppnå mykje. Regjeringa og Statkraft vil truleg gjerne sjå at Hardanger vert splitta i kva som vert mest naturinngreip, kabel eller master. I tillegg kjem trugsmålet frå Statkraft om at nettleige for oss forbrukarar kan auke med så mykje som 3000 kroner årleg, om det vert kabling og presidens for slikt i heile landet.
Det ligg i spelekorta at vanlege brukarar skal betale gildet og
ikkje oljenæringa og statskassa, som vil tene på denne kraftauka. Ei
kraftauke som går til meir utvinning av olje og gass i Nordsjøen og
IKKJE avdi det er Bergensregionen som treng det for ikkje å verte
mørklagd. Det er allereie i dag omlag 20 prosent årleg av forbruket til
regionen som går til oljeidustrien. Difor ligg det også eit viktig
miljøaspekt i mastekampen. Ikkje i at elektrifisering av sokkelen er
Soria Moria, men kvifor me som land ikkje kan trappe ned olje og gass,
og satse for fullt på fornybar energi? Framtida vil truleg historisk
straffe oss for dette. Med andre ord, folk i by og grend: Stå på i
kampen mot monstermaster, også kabel. Kjemp for oppgradering av
eksisterande liner, straumsparing og lokal fornybar energi!
At kampen mot mastene er sterk viser dei omlag 700 menneska som gjekk ein planlagd mastetrasé i Kvam laurdag 14. august. Energieliten kan vente seg mykje moro i tida frametter med lenking og anna frå folk som bryr seg om si framtid!
Ivar Jørdre, medlem av Raudt Bergen, frå Granvin, og aktivist
Publisert: , oppdatert:







