Raudt

«Vårt arbeid – vår velferd»
Kart over Norge

Lokallag

Uakseptabelt med dyrare straum i vasskraftfylket Hordaland

Dijana Milicevic Saga, Raudts gruppeleiar på fylkestinget

Foto: Rødt Hordaland
Navngivelse-Ikkekommersiell-Ingen Bearbeidelse (by-nc-nd)

Dijana M. Saga fremma 10. mars ein interpellasjon i fylkestinget mot Statnett sine planar om å skilje ut Vestlandet som eit eige marknadsområde.

– Det er uakseptabelt av næringsliv og forbrukarar i Noregs fremste vasskraftfylke Hordaland skal ha høgare straumpris enn i Oslo-området, seier Raudts gruppeleiar på fylkestinget.

Her er interpellasjonen:

Fylkestinget viser til at Statnett har varsla at det frå 15. mars skal skiljast ut eit nytt marknadsområde for straum på Vestlandet. Det er venta at straumprisen kan verte mykje høgare der enn på Austlandet.

Fylkestinget meiner at det er uakseptabelt at næringsliv og forbrukarar i Noregs fremste vasskraftfylke Hordaland skal ha vesentleg høgare straumpris enn til dømes Oslo-området. Fylketinget ber om at den varsla opprettinga av eit nytt marknadsområde Vest-Noreg (NO 5) ikkje vert sett ut i livet. Fylkestinget viser til røynslene frå Midt-Noreg (NO 3) der rekordhøge straumprisar har vore til stor skade for delar av næringslivet. Det er naudsynt å finne andre metodar for å få samsvar mellom trong for straum og tilgang på straum enn å lage særskilte høgprisområde - til alt overmål i det fylket som er størst i Noreg på produksjon av elektrisk straum.

Forslaget fekk støtte frå Ap, Sp og SV.

---

Kart over det nye marknadsområde frå 15. mars 2010:
Kjelde: www.statnett.no (pdf)


Publisert: , oppdatert: