Power to the people
Statnett har varsla at det frå 15. mars skal skiljast ut eit nytt marknadsområde for straum på Vestlandet (NO 5). Det er venta at straumprisen kan verte mykje høgare der enn på Austlandet.
Hordaland fylke er vasskraftfylke nr 1 i Norge. Det produserast meir kraft enn noen gong, og eksporten aukar, samstundes som produksjonskostnadane går ned.
Fylkesårsmøtet i Raudt Hordaland kan difor ikkje akseptere at det innførast pris- og nettordningar som påfører vanlege straumforbrukarar og industrien ei dramatisk auke på straumrekningane.
Vår gruppeleiar i Hordaland fylkesting, Dijana Milicevic Saga, tok denne saka opp i Hordaland fylkesting denne veka. Diverre fekk ho berre støtte frå Ap, SV og Sp.
Fylkesårsmøtet i Raudt Hordaland vil be vår partileiar Torstein Dahle ta eit initiativ overfor regjeringa for å få stoppa det nye prisregimet som vil gjelde frå 15. mars. Samstundes vil fylkesårsmøtet utfordre alle dei andre fylkespartia om å engasjere seg for å få stoppa ein folkefiendtleg kraftprispolitikk.
Det er berre dei store kraft- og nettselskapa med Statkraft og Statnett i spissen som tener på denne nye politikken.
Fråsegn frå fylkesårsmøtet i Raudt Hordaland 13. mars 2010.
Publisert: , oppdatert:







