Raudt

«Vårt arbeid – vår velferd»
Kart over Norge

Lokallag

Haukelibanen no!

Foto: www.norskbane.no
Navngivelse-Ikkekommersiell-Ingen Bearbeidelse (by-nc-nd)

Fylkesårsmøtet i Raudt Hordaland går inn for at prosjektering og bygging av Haukelibanen blir prioritert som det viktigaste samferdsleprosjektet i Hordaland dei komande åra.

Eit lyntog frå Bergen via Røldal austover mot Oslo, Grenland/Vestfold/Sørlandet og sørvestover til Sauda, Haugesund og Stavanger vil revolusjonere kollektivtrafikken i Sør-Noreg.

Både miljømessig, distriktspolitisk og transportøkonomisk er dette løysinga for det 21. århundret.

Raudt Hordaland vil ta initiativ til å få reist denne saka på nytt både i Hordaland fylkesting og i andre faglege og politiske fora. Samstundes vil fylkespartiet ta initiativ til eit breitt samarbeid med fagrørsla, miljøorganisasjonar og andre interesselag i Hordaland, Rogaland og Telemark og etterkvart på nasjonalt plan for å få gjennomslag for dette prosjektet.

Fråsegn frå fylkesårsmøtet i Raudt Hordaland 13. mars 2010.

Publisert: , oppdatert: