Krev stausrapport om kollektivtrafikken
Under fylkestingsmøtet i dag 13. oktober fekk Terje Kollbotn frå Raudt gjennomslag for begge forslaga vedrørande situasjonen for kollektivtrafikken i Hordaland etter anbodsutsettinga. Forslaga med følgjande ordlyd vart samrøystes vedteke:
1. Fylkestinget vil be Skyss om å leggje fram ein statusrapport på neste fylkestingsmøte (i desember) om
a) oversikt over avvik og årsaker til dette innan kollektivtrafikken i fylket
b) oversikt over tiltak som er gjort og vil bli gjort for å få slutt på avvika innan kollektivtrafikken i fylket.
2. Fylkestinget vil be Skyss og involverte buss-selskap om å få på
plass venterom med toalett ved Vektstasjonen på Seljestad
Raudt Hordaland vil no oppfordre alle busspassasjerar om å melde frå om sine problem og avvik til Skyss og gjerne sende kopi til Raudts partikontor, avsluttar Terje Kollbotn, fylkestingsrepresentant for Raudt.
For ytterligare kommentarar
Terje Kollbotn
971 94 073
Publisert: , oppdatert:







