Raudt

«Vårt arbeid – vår velferd»
Kart over Norge

Lokallag

Heller død enn rød?

Foto: Rødt
Navngivelse-Ikkekommersiell-Ingen Bearbeidelse (by-nc-nd)

Etter skulevaldebatten på  Odda Vidaregåande Skule sist torsdag oppdaga eg at det hadde blitt delt ut buttons til elevane med teksten: HELLER DØD ENN RØD! frå Høgre sitt materiellbord.

Høgre var på møtet representert med ungdomskandidaten og 4.kandidaten på stortingslista til Hordaland Høgre, Eivind Nævdal-Bolstad frå Odda.  Som representant for partiet Raudt reagerer eg sterkt på ein slik bodskap frå Høgre i valkampen. Eg syns dette er langt over streken og langt under lågmål når det gjeld politisk aktivitet.

Dette slagordet frå Høgre / Unge Høgre er nok ikkje berre retta mot oss i partiet Raudt, men alle på venstresida. Skal Nævdal-Bolstad frå Odda og Høgre bli møtt med respekt i resten av valkampen, bør dei syte for at merket deira ”Heller død enn rød!” blir fjerna.  

Helsing Terje Kollbotn
Stortingskandidat Raudt Hordaland

Les og Elevene fikk "døds-button" av Høyre i NRK Hordaland.

Publisert: , oppdatert: