Raudt

«Vårt arbeid – vår velferd»
Kart over Norge

Lokallag

Industrikraft no?

Foto: Rødt Hordaland
Navngivelse-Ikkekommersiell-Ingen Bearbeidelse (by-nc-nd)

Fredag 21. august kom meldinga frå Statministerens kontor om at regjeringa vil etablere ei statleg garantiording for kraftkrevande industri. AP-politikarar rykka raskt ut i media og forklarte at den kraftforedlande industrien i Norge dermed var sikra. Men om ein studerer nærare dette valkamputspelet, er det liten grunn til å heise flagget til topps.

Det vart heller ikkje gjort i industrisamfunna rundt om i landet. For det første varsla regjeringa berre at dei vil kome med eit forslag til Stortinget etter stortingsvalet, dvs. i statsbudsjettet for 2010. Og dette forslaget er ingen garantordning for industriarbeidsplassane. Det vil vere ei garantiordning  som skal forvaltast av Garanti-instituttet for Eksportkreditt (GIEK). Denne ordninga vil truleg ikkje koste staten anna enn 10 millionar i administrasjonskostnader.

Kraftforhandlingane vil skje bak lukka dører. Dette  kan etter regjeringa sitt syn gjere det lettare for kraftselskap i Norge og utlandet å inngå kraftavtalar på minst 7 år og 10 GWh med norske industribedrifter på reint forretningsmessige vilkår. Kraftleigeavtalar vil vere maks. 15 år, ikkje minumim 30 år som kravet var tidlegare (eller 50 år som Raudt går inn for).

AP, SV og SP vann stortingsvalet i 2005 med lovnadar om ei heilt ny industrikraftløysing som skulle sikre både produksjonen og nye store investeringar i den kraftforedlande industrien i heile landet. Bondevik II-regjeringa hadde jo ikkje fått til noe som helst. Eg deltok som Raudt -representant på store valmøter i Ålvik og på Husnes i 2005 då denne bodskapen vart spreidd. Innan eitt år skulle alt vere på plass, vart det sagt. Hadde Raudt og Torstein Dahle vore representert på Stortinget i denne perioden, hadde industrisamfunna sin frustrasjon vore representert på talarstolen i denne saka.No er  FSM-produksjonen i Ålvik i ferd med å bli avvikla. Halvparten er permitter på SØRAL. Boliden i Odda og Eramet i Tyssedal har inngått langsiktige kommersielle avtalar i mangel av ei politisk løysing frå regjeringa. CO2-avgift på all energi – også rein fornybar vasskraft – medfører auka kraftprisar på ca. 10 øre /kwh i Norge (omtrent like mykje som det kostar å produserte vasskrafta). Dette har heller ikkje regjeringa ei løysing på.

Stoltenberg-regjeringa har tatt eit endeleg brot med det som gjennom hundre år har vore fundamentet for den kraftintensive industrien: rein norsk vasskraft basert på  produksjonspris – ikkje internasjonal marknadspris. Denne industrien, som har vore ryggrada i utviklinga av Norge som industrinasjon og hjørnesteinar i samfunn som Odda og Tyssedal, er i dag verdas mest miljøvenlege. Vi treng industriutvikling – ikkje industriavvikling.  Raudt vil halde fast ved at den norske vasskrafta  framleis må vere eit industripolitisk verkemedel i Norge. I fjor var nettoeksporten frå Norge nær 14 milliardar kwh (14  TWh) elekstrisitet. Det er rikeleg å ta av.

Terje Kollbotn
stortingskandidat for Raudt

Publisert: , oppdatert: