Raudt

«Vårt arbeid – vår velferd»
Kart over Norge

Lokallag

Fleire læreplassar

Foto: INGAR HAUG STEINHOLT
Navngivelse-Ikkekommersiell-Ingen Bearbeidelse (by-nc-nd)
I sommar fikk vi høyre om Karen Fossheim som ikkje får læreplass som tømrar fordi ho er jente. Ho hadde søkt på seksti ulike jobbar utan hell, og ho er ikkje åleine som jente i hennar situasjon. Eg, som kommande tømrar, veit korleis det er å vere jente på leit etter læreplass.

Ikkje berre er det kjønnsdiskriminerande frå byggjebransjen si side å ikkje tilsette kvinnelege lærlingar, men det er også eit problem at det er ei krise i byggjebransjen og for få læreplassar generelt. Samstundes rustar og forfell offentlege og private bygg, og det er stort behov for sosial bustadbygging. Det er mykje arbeid som treng å bli gjort i samfunnet, likevel blir folk som er motiverte gåande utan arbeid. Med ein betre regulert økonomi kunne ein ha brukt folk sine evner på ein meir fornuftig måte enn det ein kan med dagens økonomiske system. Raudt sin draum for framtida er eit samfunn der folk jobbar saman for å få utført dei arbeidsoppgåvene som treng å gjerast. Vi i Raudt må likevel gjera andre ting enn å drøyma. Vi vil ikkje sitje og sjå på at krisa øydelegg for motiverte jenter. Raudt krev at staten motverkar kjønnsdiskriminering og gjer det meir attraktivt for bedrifter å ta inn lærlingar, då spesielt jenter, mellom anna gjennom desse tiltaka:

  • Å fjerne arbeidsgjevaravgifta for lærlingar
  • Å betale ut lærlingtilskotet til bedriftene på førehand
  • Å pålegge offentlege bedrifter å ta inn lærlingar
  • Å krevje at bedrifter som får offentlege anbod er godkjente lærebedrifter
  • Å tilføre meir pengar til kommunane slik at dei får råd til naudsynte byggjeprosjekt
  • Å pålegge kjønnskvotering i yrke med skeiv kjønnsmessig fordeling

Lone Lunemann Jørgensen
andrekandidat ved Stortingsvalet for Raudt Hordaland

Publisert: , oppdatert: