Tilslutning for kabling
Under møtet i Miljø og Ressursutvalet 2.juni framma Terje Kollbotn frå Raudt følgjande endringsforslag til saka om BKK sine planar om 300 kV kraftline Mongstad - Modalen (Saksnr. 83/09):
Der traséen kjem i konflikt med omsynet til natur- og kulturlandsskap og friluftsliv, skal den nye 300 kV-lina leggjast som kabel.
«Om det er opprør de vil ha er det berre å røyste imot», sa Kollbotn, som etter debatten fekk eit samrøystes utval til å røyste for endringsforslaget. Saka vil bli vidare behandla i fylkesutvalet 18.juni.
Det er då frykta at BKK vil mobilisere hardt mot at dette blir vedteke, men om presset vårt er stort nok er dette ei sak vi kan vinne, seier Kollbotn.
Les meir om saka i BT.
Publisert: , oppdatert:







